6. juli 2016

Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)

Den andre av to minnebøker Halldis Moren Vesaas skreiv om livet med Tarjei. Boka tek til i 1946, og er like finfin som den fyrste boka. Det er framleis eit liv der litteraturen er det sentrale, sjølvsagt, men det skjer òg ting på andre område. Halldis gjev seg sjølv meir plass i denne boka. Det er ein periode der ho skriv færre dikt, men der ho vert ein av dei store attdiktarane i landet, og der ho får fleire viktige verv i både det lokale og det nasjonale kulturlivet. Dei to har framleis Midtbø som base, men etter at dei to ungane deira flyttar heimefrå, får dei seg etter kvart husvære i Oslo.

Dei siste sidene, der ho skriv om den siste levetida til mannen hennar, er spesielt rørande. Han vert sjuk, reiser frå Midtbø til Oslo for å opererast, og kjem aldri attende til Midtbø. Det er likevel ikkje den einaste delen av boka som gjev meg klump i halsen; det er òg sterkt når ho fortel om korleis Tarjei fann Tor Jonsson i koma; eit koma han aldri vakna frå. Halldis skriv òg om den vanskelege tida midt i 1950-åra, der forholdet mellom dei to ikkje var spesielt godt. Desse kapitla les eg på ein ny måte etter å ha lese biografien Olav Vesaas skreiv om mor si.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Guds bustader - (1925)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
21 år (1953)
Fuglane (film, 1968)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar