23. februar 2013

Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)

John Lennon likte å leika med språket. Midt i 60-åra gav han ut to bøker med korte tekstar, der ordspela florerte, og der han viste at han var ein svært habil forfattar. Å lesa dei samla breva hans burde difor vera ei stor oppleving, men slik er det slettes ikkje.

Hunter Davies har levd med The Beatles lenge. Han gav ut ein autorisert band-biografi i 1968, og har til ei viss grad halde kontakten med beatlesane. Han har difor spora opp mange brev, men dei er sjeldan interessante. Han bruker mykje plass på å introdusera kvart brev, og når han er ferdig med det, er ofte brevet (som som regel er langt kortare enn introduksjon) forklart og analysert.

Dessutan har han med faksimilar av alle breva. Det verkar unødvendig. Og han rotar grovt med kronologien. Han tidfestar eit postkort frå John/Yoko/Sean til 1971, og meiner dermed at mottakaren (Julian) var for ung til å forstå motivet på postkortet - det kjende biletet der Lennon poserer med ein gris, ein parodi på eit bilete av Paul McCartney og ein sau. Sean Lennon var fødd i 1975, slik at Julian må ha vore minst tolv år då han fekk kortet, altså truleg gamal nok til å sjå kva fotoet var inspirert av. Davies slit òg med å lesa handskrifta til Lennon. Det er ikkje berre brev som er tekne med, han har òg med lister med oppgåver til assistenten til Lennon frå tida han budde i Dakota-bygningen i New York. Når det i handleliste står ei rekkje plater, og der det i nokre parentesar står LP, er det vanskeleg å skjøna korleis i andre parentesar er vorte "singer". Spesielt når det er lett å sjå at det står "single".

Så det var litt skuffande, dette. Medrekna handlelappar og inskripsjonar og korte postkort er her 284 innførsler. Berre rundt ti prosent av desse kan seiast å tilføra Beatles-historia noko nytt. Av og til skriv Lennom om forholdet til dei andre i bandet, og av og til skriv han litt om korleis han skreiv songar. Andre brev fortel òg om livet til Lennon i New York, men det er langt mellom dei verkelege godbitane.

Guffen er lunken.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar