4. januar 2022

The Beatles. Get Back (2021)

Det meste er sagt om The Beatles, men slettes ikkje alt. Det massive bokprosjektet til Mark Lewisohn kjem med detaljar ingen har visst om, og denne film-trilogien gjer det same. 

I januar 1969 fann The Beatles ut at dei ville laga ein ny film. Filmen skulle handla om at dei øvde inn nye songar, før dei framførte dei på ein konsert som skulle gjevast ut på plate. Det var ein ambisiøs plan, ikkje minst av di dei i november hadde gjeve ut dobbelt-albumet The Beatles, slik at dei ikkje hadde så mange songar å ta av. Planen vart endra undervegs, slik det går fram av filmen Let It Be. Den viser eit band i oppløysing, der dei fire medlemmene ikkje trivst i lag.

Denne trilogien er sett saman av det same film-materialet, og fortel ei heilt anna soge. Peter Jackson har gått gjennom alt av film og alle lydopptaka, og viser eit heilt anna band. Javisst er det tung stemning av og til, og javisst er det litt ubehageleg når Lennon og Harrison snakkar om Allan Klein, men stort sett er humøret på topp. Dei skriv songar, dei øver dei inn, dei spelar andre songar, og smiler og ler. Yoko Ono er der nesten heile tida, men er slettes ikkje eit problem. 

Get Back gjev eit godt bilete av korleis bandet arbeidde saman, og dei fire har heilt ulike roller. Det er Lennon og McCartney som er sjefane, og dei har ufatteleg stor respekt for kvarandre. Harrison er litt lengre nede på rangstigen, og vert ikkje snakka til på same måten. Mot slutten av den fyrste delen sluttar han i bandet, etter altfor mykje mas frå McCartney om korleis Harrison skal spela. Ringo Starr ser ut som om han kjedar seg absolutt heile tida, og er den eigentlege silent Beatle. Spelegleda er stor hjå alle, og det tek seg opp då Billy Preston, ein gamal kjenning frå Hamburg, vert med på keyboard. 

Det heile er fabelaktig. Det varer i meir enn åtte timar, men eg ser gjerne dette om att. 

Guffen tilrår. 

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar