25. mai 2024

Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)

Det var fire medlemmer i The Beatles. Produsenten deira, George Martin, vart omtala som den femte beatlen. Viss ein skulle halda fram med nummereringa, ville Mal Evans og Neil Aspinall vore nummer seks og sju (eller omvendt). Begge var med heile vegen, og begge hadde sentrale roller.

Denne boka handlar om Evans. Han var frå Liverpool, der han arbeidde som elektrikar. Han likte og rock'n'roll, og såg ofte The Beatles på The Cavern. Han var stor og kraftig, bortimot to meter høg, og vart fyrst dørvakt på den klubben. Frå våren 1963 var han livvakt og roadie for bandet, og han var med dei overalt. Han stortreivst - han fekk sett verda, han møtte mange kjendisar, og han vassa i damer. Det ville (kanskje) ha vore greitt dersom han var fri og frank, men han var gift småbarnsfar. Eit gjennomgåande tema i boka er korleis han prøver å skjula alt for kona, korleis han greier å overtyda ho om at alt ho har høyrt og sett er feil, og at ho tek han tilbake. Så reiser han ut att og held fram som før.

Bortsett frå den kraftige ripa i lakken får han mykje skryt. Alle seier at han var ei myndig livvakt, som med eit smil eller to greidde å gjera jobben sin. Etter at bandet vart oppløyst gjekk òg livet hans i feil retning. Han var involvert i musikk framleis, og han greidde å få fram nokre gode band, men etter at kona omsider gav opp og sparka han ut, vart det for mykje for han. Han budde saman med ei ny kvinne i California, krangla så mykje med ho at ho ringde politiet, og då dei kom lyfta han eit våpen mot dei. Dei svara med å skyta han.

Hovudhistoria er kjent for meg frå før, men her vert det altså fortalt gjennom Evans. Det fungerer godt. Boka er velskriven, men eg kunne nok tenkt meg at Womack la litt mindre vekt på alle damehistoriene. Akkurat det poenget tek me ganske raskt.

Guffen tilrår.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar