18. februar 2023

Jon Fosse: Raudt, svart (1983)

Debutboka til Jon Fosse. Nokre av kjenneteikna ved den seinare forfattarskapen hans er synlege her, men det er òg tydeleg at han har eit stykke å gå før han er den store forfattaren me kjenner i dag. Her er òg mykje å dra kjensel på for dei av oss som har ørlite innsikt i oppveksten til Fosse, utan at det tyder at boka skal lesast sjølvbiografisk.

Det handlar om ein ung mann. Han går på gymnaset, og bur på hybel. Han har ikkje nokon omgangskrins å snakka om, han har lite kontakt med dei andre i klassen og er heller sjeldan på skulen. Han spelar i eit halvgodt danseband, men får ikkje så mykje ut av det. Ein dag finn han ein lapp frå hybelvertinna, der det står at han må ringja heim. Det gjer han ikkje, han finn ut at han heller kan ta bussen heim for å snakka med mora - han har likevel tenkt på å reisa dit for å melda seg ut av statskyrkja. På ferja (for me er sjølvsagt i eit fjordlandskap ikkje langt frå Bergen) småkjeklar han litt med ei kristen jente i klassen. Vel heime hjå mora får han høyra at faren ligg på Haukeland. Han storkjeklar litt med mora, før han reiser til Bergen. Der skal bandet hans spela. Han vitjar faren før han spelar halve spelejobben. Han vert med ei jente heim, reiser attende til hybelen og prøver å ta livet sitt.

Det skjer nesten uventa mykje til å vera ein Fosse-roman. Den unge mannen er glitrande framstilt. Det er lett å skjøna at han slit med noko, mest psykisk og sosialt. Han har resignert, han vil eigentleg ikkje meir, slik at det er ei bok prega av den svartaste av dei to fargane i tittelen. 

Guffen tilrår.  

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar