4. oktober 2026

Knut Hamsun: Pan (1984)

"I de siste dager har jeg tænkt og tænkt på Nordlandssommerens evige dag." Alt i opningssetninga i denne romanen signaliserer Hamsun to ting: Der dei siste romanane hans hadde henta handling frå byen Kristiania, går turen no ut i naturen, og meir spesifikt naturen i Nordland. Det var absolutt ein god idé; Hamsun er ein stor naturskildrar.

Så godt som heile boka vert fortalt av løytnant Thomas Glahn, som ikkje er den mest truverdige forteljaren i litteraturverda. Han finn ut at han skal ta ein sommar i Nordland, der han leiger ei lita hytte. Han går stort sett på jakt, men han møter òg dei fastbuande. Han har kontakt med den rike vær-eigaren Mack, og han har lenge eit godt auge til dottera hans, Edvarda. Men det skjer seg mellom dei, og etter kvart vert Glahn ein mindre likt person i bygda. Den delen av romanen sluttar med at han reiser vekk, og i eit etterord vert det fortalt om korleis han døydde nokre år seinare.

Det er ei fin bok. Det verkar nesten som om Hamsun fekk eit nytt overskot gjennom å leggja historia til Nordland. Han briljerer altså med naturskildringane sine, og den litt mystiske Glahn er òg ein spanande karakter. Han kan minna litt om Nagel i Mysterier, der ein ukjend og løyndomsfull mann lagar liv og røre i eit lokalsamfunn.

Guffen tilrår.

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Redaktør Lynge (1893)
Ny jord (1893)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)

3. oktober 2026

Frode Grytten: Vinter, vinter, vinter, vår (2026)

Denne romanen kan vel karakteriserast som ei krimbok, der handlinga (ikkje uventa) er lagt til Odda. Før tittelbladet i boka står det ei melding om at landskapet er ekte, medan personane er oppdikta. Det er likevel ikkje vanskeleg å sjå at Jack Danielsen er lettare inspirert av Lothepus. Det kan òg henda at lokalkjende kan kjenna att fleire av karakterane.

Utgangspunktet for historia er òg inspirert av verkelege hendingar: Nokre i Odda har kome på at dei absolutt må byggja ein gondolbane inst i Buardalen, opp til Folgefonna. I Buardalen er nokon tilhengarar, men ikkje alle: Ekteparet Olga og Martin er motstandarar av tiltaket; dei meiner at naturen er viktigare enn at nokon få skal tena pengar. Ein dag forsvinn Martin, og Olga er overtydd om at han er drepen av gondol-tilhengarane. Ho prøver å finna han att, og på vegen dit vert ho upopulær i heile bygda.

Det er ein fin roman. Olga Buer er ein karakter det er lett å lika - ho er rimeleg fritalande, ho har sympatiske haldningar, og ho kjempar mot den kapitalsterke overmakta. Det er rett nok litt lett å sjå kva lag dei ulike karakterane er på - nokre er gode, nokre er mindre gode. At ein av dei to nabogutane viser uventa menneskelege trekk mot slutten av romanen endrar ikkje på akkurat det.

Guffen tilrår. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

1. oktober 2026

Jon Fosse: Bad Moon Rising. Kjærast (2026)

Eg såg filmen Kjærast (saman med kjærasten min) for nokre dagar sidan. Det er ei filmatisering av eit tretti år gamalt manus, som Jon Fosse skreiv på oppmoding frå Tom Remlov. Alle likte manuset, men det vart ikkje filmatisert før no. I denne boka er originalmanuset trykt, saman med retningslinene til Fosse og artiklar av Remlov og Erik Poppe, som regisserte filmen. 

Manuset fyrst: Her er små endringar i høve til filmen, sjølvsagt, men det aller meste er attkjenneleg. Poppe må ha fått frie hender når det gjaldt endringar i manus, og nokre stadar må han berre leggja til litt for å skapa miljø og rom i filmen. Endringane er småe - som at i boka er det songen "Bad Moon Rising" som går igjen, medan i filmen er det "This Is the Sea", eller at Asle får besøk av politiet. 

Artiklane av Remlov og Poppe er vel verdt å lesa, der dei forklarar bakgrunnen for at manuset vart skrive, og for at det vart film. Begge skriv, direkte eller indirekte, om korleis det er å samarbeida med Fosse, og dei skriv om styrken i litteraturen hans.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)
Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.2026)
Vaim hotell (2026)
Kjærast (film, 2026)

30. september 2026

Olav Duun: Hilderøya (1912)

Me er igjen på kysten av Trøndelag. Handlinga krinsar rundt Svein. Han kjenner at han høyrer til her, men samstundes passar han ikkje heilt inn. Det vert mest tydeleg då Etvart Jørgen kjem til øya. Han kan alt, han får til alt, medan Svein berre prøver så godt han kan. Svein har i utgangspunktet har eit godt forhold til nabojenta Hanna, medan Etvart Jørgen likar syster hennar, Herborg, best. Svein tek etter Etvart Jørgen i det meste, og snart gløymer han Hanna og går for Herborg, han òg.

Boka får ein litt for harmonisk slutt, men før me kjem dit er der konfliktar og dramatikk. Korkje Etvart Jørgen eller Herborg overlever romanen, og det endar med at Svein og Hanna finn tilbake til kvarandre. Fyrst bur dei på ein gard noko lengre inne i landet, men dei flyttar tilbake til Hilderøya.

I boka vert Svein dregen i mange retningar. Han vil vera på Hilderøya. samstundes som han ikkje kjenner seg flink nok til å vera der. Han vert dregen mellom dei to systrene. Der er òg ein indre kamp, der han kjempar for å meistra livet og dei krava som vert stilte til han.

Guffen er lunken.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)


29. september 2026

Nordahl Grieg: Skibet går videre (1924)

Dette er ei tidleg Grieg-Bok. Han hadde vore nokre år til sjøs, og boka skal ha vore meint som ei hylling av sjøfolk. Eg ser på nettet at mange sjøfolk reagerte på korleis dei vart framstilte, og det er vel eigentleg lett å skjøna kvifor dei reagerte.

Benjamin Hall, ein ung mann, har si fyrste reise som lettmatros. Skipet hans, Mignon, reiser fyrst frå Noreg til England, før det går vidare til Sør-Afrika. Han finn seg ikkje heilt til rette i det harde, maskuline miljøet, men det går seg til etter kvart. 

Om bord er det eit klart klasseskiloje, og det er aldri tvil om kven som bestemmer. Det er mykje krangling, det er mykje lengting, og det skjer nokre ulukker. Når dei nærmar seg land tenkjer dei fleste berre på éin ting, og i Cape Town skjer det òg ting som ikkje burde ha skjedd.

Det er ei heilt grei bok, der sjøfolka, og spesielt dei lengst nede på rangstigen, vert presentert med ein stor dose kjærleik og respekt. Grieg får fram at det er eit krevjande liv, men at det òg er eit liv som er til nytte for mange fleire enn dei som er om bord på båten.

Guffen tilrår.

28. september 2026

Ragnar Hovland og Steffen Kverneland: Astrup (2026)

Frekvensen på nye Ragnar Hovland-bøker har gått noko ned dei siste åra. Det gjer at kvar ny bok er ei storhending, og når han denne gongen har alliert seg med Steffen Kverneland, er forventingane skyhøge. Likevel vart eg imponert.

Dei to reiser på ein tre-dagars tur til Jølster, for å samla inn stoff til ein biografi om kunstnaren Nikolai Astrup. Boka har undertittelen "Ein gonzobiografi", og den sit som eit skot: Det er fantasirikt, det er ein slags roadtrip, det er mykje drikking, og det er hylande artig. 

Det handlar like mykje om Kverneland og Hovland, som det gjer om  Astrup. Her er ein del biografiske fakta, men dei snakkar mest om episoden der Astrup feira bryllaupet sitt på hotellet i Vassenden. Han hadde med seg så mange unge kvinner og andre vener, og dei drakk så mykje at det vart rapportert til styresmaktene, som trekte tilbake halvparten av reisestipendet han hadde fått. 

Men det som vert sagt om Astrup, er gjennomgåande positivt. Kverneland skriv varmt om bileta hans, både dei han ser i Astruptunet og dei han har sett før, og Hovland, som dels vaks opp i Jølster, fortel om slekt og andre som kjende Astrup. Og han fortel at, viss han hadde visst at han og Kverneland mange år seinare skulle skriva bok om Astrup, ville han ha intervju enkja i 1966. "1966? Då va' eg tri og et halvt og du fjorten?", svara Kverneland. Teikningane frå den intervjuseansen fekk meg til å le høgt.

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

27. september 2026

Kjærast (2026)

Frå midten av 1990-åra og femten år framover var dramatikken den sentrale delen av forfattarskapen til Jon Fosse. I 1997 vart han spurd av Tom Remlov om han ville skriva eit film-manus. Fosse takka ja, og leverte eit manus med tittelen Bad Moon Rising. Det tok nesten tretti år før det vart filmatisert. Det er gledeleg at det vart film av det, og det er ein film det var verdt å venta på.

Det er lett å sjå at dette er eit Fosse-manus. Han seier ein stad at han har lært seg å leggja vekt på pausane mellom replikkane, og slik er det òg her. Ein annan forfattar kunne fortalt denne historia på langt kortare tid, men Fosse tek seg tid, han gjev historia den tida ho treng, og det tener ho på. Det er ein film med mykje nerve og spaning.

Det handlar om Asle (sjølvsagt) og Gerd. Han spelar i band, ho går på ein konsert med han, dei kjem i snakk, dei vert eit par, og dei vert etter kvart foreldre til ein gut me ikkje får vita kva heiter. Asle jobbar på sjøen og er lenge vekke, og dette slit på forholdet deira. Det er kanskje der filmen er best, når dei to ikkje greier å snakka med kvarandre. Etter kvart får ho nok av dette.

Det er altså ein fin film. Han er spelt inn ulike stadar på Vestlandet, ein landsdel der det visst regnar heile tida. Her er mykje Fosse, i tillegg til det som alt er nemnt verkar det som om bandet til Asle heiter Rocking Chair, det same som eit band Fosse sjølv spelte i i ungdommen. (Det står i alle fall Rocking Chair på plakaten ved inngangsdøra til puben der Asle og Gerd møter kvarandre). Det er òg kjekt å sjå Stein Torleif Bjella i ei birolle som bartender, ei birolle som er så lita at når han snakkar ser me han berre bakfrå.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)
Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.2026)
Vaim hotell (2026)
Bad Moon Rising. Kjærleik (2026)

23. september 2026

Knut Hamsun: Ny jord (1893)

I 1893 gav Knut Hamsun ut to romanar. Den fyrste, Redaktør Lynge, var vel fyrst og fremst meint som eit portrett av ein litt for ambisiøs redaktør. I denne romanen, som òg går føre seg i ein by som minner sterkt om Kristiania, handlar det meir om ei samling kunstnarar. Dei fleste skriv, ein av dei målar. Dei bakkar kvarandre opp, men kan òg vera konkurrentar, t.d. når det skal delast ut stipend. Det er ei lita overlapping mellom dei to romanane, også i denne boka er Gazetten ei avis alle les. Og i bakgrunnen lurar den litt mystiske læraren Coldevin, ein karakter som minner litt om Nagel frå Mysterier.

Det var ei rar oppleving, dette. Opninga av romanen er finfin, der me gradvis vert (litt) kjende med kunstnarane. Dei slit med sitt, anten det er pengar, kvinner, eller framdrifta som kunstnarar. Men det vert aldri så mykje meir enn ei skildring. Det som finst av potensielle kriser eller vendepunkt, vert aldri noko større. 

Med i denne forsamlinga er òg to forretningsmann, og då den eine av dei vil gambla på at prisen på rug kjem til å stiga i framtida, tenkte eg at her kjem det endeleg eit dramatisk høgdepunkt. Men det gjorde det heller ikkje. Handelen gjekk ikkje etter planen, men forretningsmannen var flink nok til å unngå eit kritisk tap.

Så det tok aldri hav. Her er, som vanleg, fine skildringar og setningar, men ikkje så mykje meir enn det.

Guffen er lunken.

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Redaktør Lynge (1893)
Pan (1894)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)

19. september 2026

Anders Heger: Wanda. En familiehistorie (2025)

Av og til er det greitt at ein forfattar skriv om korleis foreldra hans møtte kvarandre. I dei fleste tilfella vil det vera ein historie som er viktig for berre den næraste slekta, men slik er det absolutt ikkje her: Historia om korleis Wanda Hjort og Bjørn Heger møtte kvarandre er noko av det mest utrulege eg har lese. Både historia og boka er fantastiske. Det kjem så mange uventa hendingar og vendingar at det er nærliggjande å tru at viss dette hadde vore eit skjønnlitterært manus hadde det vorte avvist. 

Kortversjonen er at Wanda Hjort under andre verdskrigen budde i eit ope fangenskap i Tyskland. Ho vitja mange konsentrasjonsleirar og greidde å byggja opp eit oversyn over kva norske fangar som budde der. Undervegs i dette arbeidet vert ho kjend med medisinstudenten Bjørn Heger, ein heimefrontsoldat som var send i tysk konsentrasjonsleir, men slapp ut for å hjelpa til på sjukehus der. Saman er dei heilt sentrale då dei kvite bussane henta ut mange skandinavar frå tysk fangenskap våren 1945.

At dei viste eit sånt mot er imponerande i seg sjølv, men det er ikkje alt. Wanda var sendt til Tyskland av di faren, Johan Bernhard Hjort,  var fengsla. Han var lova ei litt friare soning viss familien fylgde etter. Hjort var medstiftar av NS, han hadde vore nestleiar der, før han kom på kant med Quisling og trekte seg ut av partiet. Denne fortida kan ha vore med på å redda han. At Bjørn fekk betre soningsforhold i Tyskland skuldast òg at han hadde slekt på feil side - onkelen hans, Johan Lippestad, var sosialminister i regjeringa til Quisling, og har nok trekt i nokre trådar for at Bjørn skulle koma ut. Boka har i det heile ei lang, lang rekkje døme på at Wanda og Bjørn var tett på kjende personar. Den korte historia om då Bjørn Heger rundt 1970 møtte statsminister Trygve Bratteli er gripande, og er eit flott døme på kor sentrale Wanda og Bjørn var.

At historia er god, er ikkje det same som at boka er god. Då krevst det òg ein god forfattar, ein forfattar som kan disponera stoffet godt, og som kan skriva godt. Heger har full kontroll over stoffet sitt. Han bruker kjeldemateriale, også brev og dagbøker, og han snakkar mykje med mora. Ho bur på aldersheim når han snakkar med ho, men ho er klar i toppen og snakkar fritt om både eitt og hitt.

Guffen tilrår. 

18. september 2026

Oasis: Don't Look Back in Anger (2026)

Musikk kan vera veldig viktig for oss. Me likar sjølvsagt ikkje den same musikken, men likevel. Det er kanskje det viktigaste poenget i denne filmen - enormt mange var enormt opptekne av og glade i musikken til Manchester-bandet Oasis. Dei vart oppløyst midt under ein turné i 2009, og dei to brørne i bandet, Liam og Noel Gallagher, har halde fram med kranglinga i åra etterpå. Heilt til 2024, då dei fortalde at dei i 2025 skulle ut på reunion-turné. Og det er det denne filmen handlar om.

For meg var aldri musikken deira spesielt interessant. Det var alltid stas å lesa intervju med dei to brørne, dei var fritalande og artige. Kranglinga mellom dei to tok det heile til nye høgder. Og det er kanskje det som er det mest skuffande med denne filmen: Dei to er heile tida høflege mot kvarandre, dei smiler og ler og går hand i hand inn på scena. Kvar einaste gong. 

Altså: Her er nokre arkiv-klipp. Her er litt frå øvingane før turneen. Her er litt frå lydsjekkar og mykje frå konsertar. Her er intervju med ein del fans. Her er altså ingenting å ropa stort hurra for. Dei i bandet som ikkje heiter Gallagher kjem knapt nok til orde. Unntaket er Bonehead, som var med i Oasis fram til 1999 - han er synleg. Men dei tre andre? To av dei var til og med med i bandet i ti år, men dei vert ikkje snakka om før heilt på slutten, då Liam presenterer bandet, og då er det nok med førenamna deira. Det same gjeld trommeslagaren dei har hyra inn for denne  turneen. Alt i alt - ein film der eg byrja å kjeda meg relativt tidleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Oasis på kulturguffebloggen

15. september 2026

Sylvie Simmons: Neil Young. Reflections in Broken Glass (2026)

Den fyrste utgåva av denne boka kom i 2001. Det eksemplariske britiske musikk-magasinet Mojo gav ut nokre bøker under felles-nemnaren "Mojo Heroes", og dette var ei av dei. At boka var skriven av Sylvie Simmons var kanskje ikkje opplagt, men ho var i alle fall eit nærliggjande val: Ho er britisk, men har budd og arbeidd som journalist i California i mange år. Ho har mellom anna skrive for Mojo heilt sidan bladet tok til å koma ut i 1994.

Denne utgåva er utvida med fire intervju Simmons gjorde med Neil Young mellom 1997 og 2021. Å lesa intervju med Young er jamt over verdt bryet, men her kjem dei berre som eit lite tillegg til ein glimrande tekst. For nokre av oss er biografien til Young nokolunde godt kjend, men ho kjem med kommentarar og konklusjonar og innsikter. Ho peikar på korleis han (nesten) heile tida ser framover, og korleis han heile tida er kompromisslaus. Han har såra mange gjennom livet, men han har òg bygd mange gode venskap. Og han har laga mykje god musikk.

Guffen tilrår. 

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Jimmy McDonough:
Shakey (2002)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

12. september 2026

Siri Hustvedt - Dance Around the Self (2026)

Denne filmen handlar om livet og skrivinga til Siri Hustvedt. Her er ei rekkje intervju med Hustvedt, med ektemannen Paul Auster, med dei tre systrene hennar, og med andre som står ho nær. Det er ein fabelaktig fin film, og halvveges i filmen slo det meg at denne filmen må eg sjå fleire gonger. Her er så mykje å fordøya, så mykje å ta inn over seg.

Hustvedt vaks opp i Northfield, Minnesota. Mora var norsk; faren var norskamerikansk. Familien budde eit år i Bergen då Siri var tolv; seinare gjekk ho eit år på gymnas same stad. Ho flytta til New York for å studera og å skriva, og skrivinga held ho heldigvis på med framleis. Foreldra var begge glade i litteratur, men dei kan neppe ha hatt like mange bøker som Hustvedt og Auster - mange av opptaka er frå heimen deira, og der er bokhyller overalt. Det verkar nesten som eit brooklynsk Midtbø, der to store forfattarar skapar ein heim der bøkene er det sentrale.

Hustvedt er reflektert, og av og til snakkar ho så fort og innhaldsrikt at det vert vanskeleg å halda fylgje. Det er lettare når dei andre snakkar, og spesielt Auster er klar og tydeleg. Filmen har mange arkivklipp frå oppveksten hennar i Northfield, og her er mange animerte snuttar, basert på teikningane hennar. I tillegg er der dramatiserte scener som skal illudera dei tidlege åra hennar i New York. Eg sat fengsla heile tida, og det er fint at ein så stor forfattar får eit kino-portrett som òg held veldig, veldig høg klasse.

Guffen tilrår.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
Yonder (1998)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)
Memories of the Future (2019)
Ghost Stories. A Memoir (2026)

11. september 2026

Knut Johansen (red.): Tankar om dikting. Til Olav H. Hauge (1978)

I 1978 fylte diktaren Olav H. Hauge 70 år, og det vart markert med to bøker. I føreordet skriv Johansen at to ulike miljø hadde planlagt eit heidersskrift, og at dei, då dei vart klare over kvarandre, fann ut at arbeidet var kome så langt at det var vanskeleg å slå dei saman til éi. Den andre boka hadde artiklar av store Hauge-kjennarar som Idar Stegane, Bjarte Birkeland og Atle Kittang, men denne boka er ikkje utan store forfattarnamn, den heller. Her er artiklar av Reidar Djupedal, Olav Dalgard og Willy Dahl, i tillegg til mange andre.

Boka handlar mest om dikting, og litt mindre om Hauge. Her er nokre artiklar om Hauge, men den einaste av desse som imponerer er Anders M. Andersen, som skriv om korleis det var å vera på vitjing hjå Hauge. Eg fekk meir ut av artiklane som handlar om andre diktarar. Dahl skriv godt om Ivar Aasen, i ein artikkel som tidlegare hadde stått i Syn og Segn, medan Djupedal skriv glimrande og innsiktsfullt om Aasmund Olavsson Vinje. Også den artikkelen har vore prenta ein annan stad før.

Elles er det litt opp og ned, slik det ofte er. I alt er her femten artiklar, pluss ein artikkel med Hauge-dikt, både eigne og omsette.

Guffen er lunken. 

Meir Olav H. Hauge på kulturguffebloggen
Kjære Olav. Kjære Bodil (Ulvik, 18.4.2012)
Knut Olav Åmås: Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge (2004)
Den andre mannen i meg (2014)
Brev (Kongressen, Ulvik, 24.8.2024)

7. september 2026

Harila - nådeløse fjell (2026)

Det er fascinerande med folk som reiser til dei mest ekstreme delane av kloden for å setja rekordar. Det er òg ofte noko egoistisk over det, men det fascinerer likevel. For Kristin Harila handla det ikkje berre om å koma seg til topps på dei 14 fjella som er høgare enn 8000 meter - ho ville gjera det raskare enn nokon annan. Det fyrste forsøket, i 2022, måtte avlysast av di ho ikkje fekk visum til Tibet, der dei to fjella ho mangla ligg. Ho prøvde igjen året etter, og no gjekk det betre: På berre 92 dagar greidde ho alle 14 toppane, saman med sherpaen Tenjen "Lama" Sherpa. Det var ein fabelaktig prestasjon.

Filmen om denne prestasjonen er ikkje like fabelaktig. Her er nok av flotte bilete, sjølvsagt, men filmen manglar dramatikken som gjer det verkeleg fengslande. Det vert noko oppramsande over det heile - nokre av toppturane vert presentert omtrent likt; andre toppturar vert så vidt nemnde i det heile. Det er ikkje før ho kjem til den fjortande toppen, K2, at det verkeleg skjer noko: Her fekk Harila i ettertid kritikk for å ha gått over lik for å ta rekorden sin. Ho vart reinvaska i ettertid, men ei stund var det ho (av dei mange, mange som gjekk til topps den dagen) som fekk kritikk.

Naturbileta frå flaksehalsen på K2 er noko av det mest fantastiske i filmen. Eg har lese nokre bøker om K2, men ikkje forstått kor skummelt det partiet er før no. 

Guffen er lunken.

6. september 2026

Jon Fosse: Vaim Hotell (2026)

Den andre av tre romanar om den oppdikta tettstaden Vaim. Denne gongen er det ei meir klaustrofobisk forteljing - eg fekk litt assosiasjonar til den meir enn tretti år gamle Fosse-romanen Bly og vatn. 

Forteljaren tek inn på Vaim Hotell. Der er det mykje som ikkje er slik det vanlegvis er på hotell. Han er den einaste gjesten. Fleire av dei han møter ser ut til å kjenna han att frå før. Vertinna på hotellet er ikkje til å stola på. Handelsmannen på nabobutikken er heller ikkje til å stola på; han og vertinna har eit eller anna lugubert opplegg på gang. Ein sjømann som ofte sit og drikk i Vaim prøver å fortelja forteljaren kva som skjer. Forteljaren veit ikkje kva rommet og maten han kjøper kostar. Han lét seg overtala til å hjelpa til med litt førefallande arbeid på hotellet.

Det er denne passiviteten som gjer at eg tenkjer tilbake på Bly og vatn. Hovudpersonane i dei to bøkene gjer ikkje det dei eigentleg vil, dei verkar nærmast handlingslamma. Kva slags hotell han eigentleg har teke inn på er ikkje godt å vita, men det er altså ikkje eit vanleg hotell.

Det er alltid kjekt å lesa ein ny roman av Fosse, men for fyrste gong på lenge fekk eg ei kjensle av at dette ikkje er Fosse i toppform. Det heile vert ikkje like fengslande som det vanlegvis er. 

Guffen er lunken.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)
Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.2026)
Kjærast (film, 2026)
Bad Moon Rising. Kjærleik (2026)

5. september 2026

Maria Parr: Sjå, der går ein barndom (2026)

Maria Parr er ei av dei mest lyssterke stjernene på den norske barnebokhimmelen. Dei to fyrste bøkene hennar gjorde stor lukke her i heimen, og me har vel både lese dei og sett dramatiserte versjonar av dei. Dei seinare bøkene har me ikkje lese like nøye; det kjem vel mest av at borna har vorte eldre.

I denne boka har ho samla artiklar ho har skrive til ulike publikasjonar. Ein gjennomgåande tråd er litteratur, gjerne barnelitteratur, og dei gode poenga står i kø. Ho skriv om gledene ved å lesa og å verta lesen for, om gledene ved å skriva, om gledene ved å møte engasjerte lesarar, osb. Det handlar altså mykje om kor fin og viktig litteratur kan vera, men samstundes er ikkje alt berre velstand: Parr ser sjølvsagt at det ikkje vert lese like mykje i norske heimar no, jamført med berre nokre tiår sidan.

Guffen tilrår.

Meir Parr på kulturguffebloggen
Tonje Glimmerdal (2009)
Vaffelhjarte (DNS, Bergen, 18.10.2014)
Tonje Glimmerdal (DNS, Bergen, 9.4.16)
Keeperen og havet (2017)

31. august 2026

Hans Seland: Hetlesaka. Noregs raraste rettssak (1947)

Noregs raraste rettssak? Kanskje. Men det kan òg henda at dette er den raraste boka om ei rar rettssak.

Me skal til Sunnfjord. Dei to naboane Mikal Hetle og Henrik Hetle hadde krangla med kvarandre i nokre år, slik nokre naboar gjer. Dei to gardsbrukarane krangla om ein skogteig, og i 1901 gjekk saka til forliksretten. Der vart det slått fast at teigen tilhøyrde Mikal. Men vedtaket vart anka, og i neste instans, så mange år seinare som 1905, vann Henrik. I desse åra hadde dei hatt eit rimeleg greitt forhold, og hjulpe kvarandre med små og store oppgåver.

Ein dag i august 1906 kom ikkje Henrik heim frå arbeidet i utmarka. Han vart funnen død. Korkje dokter eller lensmann fann prov på noko gale, men bygdedyret fann litt av kvart: Dei kontakta "ei spåkjerring i Bergen", og ho kunne fortelja at det var Mikal og sonen Ole som hadde drepe Henrik. Det vart ny rettssak, og der endra mange forklaringa si, med det resultatet at både far og son vart dømd til fengsel. Sonen fekk ti år; faren fekk livstidsdom, men begge vart sleppte fri i 1914.

Hans Seland arbeidde tidleg for frifinning. Det var likevel ikkje før i 1943 at dei vart frikjende. Dommen vart stadfesta av Høgsterett i 1947. Mikal Hetle døydde alt i 1930, Ole levde til 1968. 

Seland skal ha mykje av æra for denne oppreisinga. Denne boka er ikkje like prisverdig. Det heile er litt rotete, og han kunne godt ha kosta på seg nokre oppsummeringar av og til. Det er òg tidvis litt vanskeleg å halda styr på kva for ein Hetle-person han skriv om. Men boka er likevel informativ, og eg fekk meir innsikt i ei sak eg berre kjende av omtale frå før.

Guffen tilrår. 

30. august 2026

Eivind Sæther: Den store flukten (2025)

Boka handlar om då 76 fangar rømde frå ein tysk fangeleir under krigen. Berre tre av dei kom seg trygt til eit anna land, og av dei 73 som vart tekne vart 50 henretta. Fire av dei som flykta var norske, og to av dei som overlevde var òg norske. 

Det er ein utruleg historie, men det er ikkje sjølve flukta som er mest utruleg. Fangane var alle flygarar, og dei var plasserte i fangeleiren Stalag Luft III. Her hadde dei det merkeleg fritt, og dei vart handsama langt snillare enn fangar i andre leirar. Viss du vart teken under eit fluktforsøk vart du berre returnert til leiren, der du rett nok fyrst sat nokre veker i isolat. Vaktene i leiren visste at det var vanleg at fangane prøvde å grava seg ut, men tok ikkje leitinga etter gangar alvorleg nok til at dei oppdaga gangen som vart brukt under rømminga. Det skuldast nok litt at fangane hadde gode dekkoperasjonar, men likevel. Det verkar av og til som om sjefen for leiren, Friedrich Wilhelm von Lindeiner, er på fangane si side.

Under flukta grov dei ein tunnel på rundt 100 meter, åtte meter under bakken. Dei hadde sydd sivile klede, dei hadde laga falsk legitimasjon, dei hadde med seg mykje pengar, osb. Dei to nordmennene som greidde seg snakka begge godt tysk, og reiste med tog til Stettin og vidare til Sverige. 

Guffen tilrår. 

29. august 2026

Keith Cameron: 168 Songs of Hatred and Failure. A History of Manic Street Preachers (2025)

Det walisiske bandet Manic Street Preachers dukka opp seint i 1980-åra. Eg fekk aldri sansen for dei - dels av di dei kom med ei rekkje utsegner som opplagt berre handla om å provosera, dels av di musikken ikkje gav meg noko som helst. Det einaste eg likte var å lesa intervju med dei - dei var opplagt langt meir oppegåande enn mange andre band på den tida. Dei hadde lese mykje - eit par av dei hadde til og med studert på universitet, og dei framstod rimeleg sympatiske i desse intervjua.

Denne boka er ein bandbiografi, der Cameron skriv om litt over helvta av songane bandet har spelt inn. Han stoppa på 168 av di bandet meinte at den perfekte popsongen vara i 168 sekund. Denne vinklinga er god, men òg litt krevjande for oss som ikkje kjenner songane han skriv om. 

Nokre songar, stort sett i den fyrste halvdelen av boka, får lang omtale. Det handlar om ting som skjedde rundt bandet, men etter kvart går song-omtalane over til å handla mest om akkurat den songen. Den vanlege arbeidsmåten var at Nicky Wire og/eller Richey Edwards skreiv tekstar som James Dean Bradfield og/eller Sean Moore sette musikk til. Det er interessant å lesa om korleis dei fann inspirasjon til songane, anten det var politiske hendingar eller litterære referansar, og det strekar under at dei er eit oppegåande band. Utdraga frå tekstar er likevel ikkje så imponerande - mange av desse er berre middels og vel så det. 

Guffen tilrår.

26. august 2026

Olav Duun: Sigyn (1913)

Denne romanen er eit framhald av Nøkksjølia, som kom tre år tidlegare. Den boka slutta med at Sigyn og Elias kjøpte garden Nøkksjølia, sjølv om han hadde odel til storgarden Brønnes. Dei to er gifte, og frå før har ho sonen Kristian.

Sigyn og Elias har vel ikkje det beste forholdet. Dei går nokolunde godt overeins, men det er tydeleg at ho har eit langt betre auge til tannlækjaren Rosendal. Ho er fleire gonger til byen for å få behandling hjå han, og han er òg av og til på vitjing i bygda deira. Ho har òg mykje kontakt med Thekla, som ho gjekk på skule med for nokre år sidan. Gjennom boka er Sigyn tettare knytt til andre enn ektemannen. Boka sluttar likevel med eit stor vending - dei to flyttar likevel til Brønnes, og brått er tilhøvet deira langt betre.

Denne vendinga kjem litt uventa. Det er jo eigentleg heilt greitt, men det verkar lite truverdig. Andre delar av boka er òg seige og lite spanande, og fleire av karakterane er lite engasjerande. Dette er nok ikkje den sterkaste av romanane til Duun.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

17. august 2026

Harper Lee: The Land of sweet Forever (2025)

Harper Lee gav eigentleg berre ut éi bok medan ho levde. To Kill a Mockingbird vart ein stor suksess. Lee var 34 år då boka kom ut, og sjølv om ho levde til ho vart 90, var den einaste andre boka som kom ut i levetida hennar, Go Set a Watchman, nærmast ei tidlegare utgåve av Mockingbird. 

I denne boka er det samla åtte noveller og åtte andre tekstar. Nokre av dei har vore publisert tidlegare, men her kjem dei i bokform for fyrste gong. 

Boka har eit informativt og vesentleg føreord, skrive av Casey Cep. Cep fortel om arbeidet for å finna desse tekstane. Novellene er grupperte etter tema - fyrst kjem tre som handlar om oppvekst, så kjem det tre med handling frå New York. Av og til ber dei preg av å vera tidlegare arbeid, men jamt over er det fine noveller. Dei er skrivne i det same lågmælte språket som Mockingbird, også når dei tek opp store og viktige tema.

Dei andre tekstane er kortare sakprosatekstar. Lee fortel mellom anna om når ho er på filmsettet til Mockingbird, og ho skriv varmt om den gode venen Truman Capote. 

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
To Kill a Mockingbird (film, 1962)
Go Set a Watchman (2015)

13. august 2026

Merethe Lindstrøm: Om tingenes natur (2025)

Eg-forteljaren, Julie, er forfattar. Ho skriv rimeleg gode bøker, men det ber seg ikkje økonomisk: For å overleva vaskar ho heime hjå ein del folk, samstundes som sambuaren hennar noko motvillig køyrer buss. Det er ikkje mykje velstand å snakka om - dei bur i dårlege hus, dei kan ikkje betala rekningane sine i tide, og dei har ikkje alltid nok mat.

Mykje av romanen handlar om dei formative åra i oppveksten hennar. Ho reiste mykje, ofte saman med ein tysk kjæraste. Han var frå ein velståande familie, men hoppa av legestudiet av di han ville verta pianist. 

Merethe Lindstrøm skriv fantastisk. Her er (som vanleg) eit godt og flytande språk, fullt av fine metaforar og stillferdige påfunn. Det er ikkje lett å referera handlinga i ein slik roman, men det er kanskje heller ikkje meininga. Det er ei bok om sakn, om kunst, om det å høyra til ein stad. Og det er kanskje ei bok om å vera forfattar.

Guffen tilrår. 

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)

12. august 2026

Johannes Gjerdåker: Levande landskap (1999)

Johannes Gjerdåker var ein av dei store lokalhistorikarane frå Voss. Han skreiv mange bøker om jubilerande lag og verksemder, han var med på skriva gards- og ættesoger, og han skreiv ei glimrande ålmennsoge i to band. Denne boka var òg ei slags jubileumsbok, men her var det jubilanten som kom med gåva: Vekselbanken fylte 100 år, og fekk laga ei bok som handla om korleis vossabygda hadde endra seg i den perioden. 

Det opnar med eit kapittel om Vossavangen, før dalføra som går ut frå Vangen får sitt eige kapittel. Det handlar ikkje berre om Voss kommune, rutene går til Granvin (som då var eige herad) og til Gudvangen (som ligg i Aurland). 

Det er heller korte tekstar; Gjerdåker er innom mange emne. Men det er gode tekstar, og dei inneheld mykje verdfull informasjon. Med litt godvilje kan ein kalla denne boka ei ålmennsoge i miniatyr, og her finst fleire døme på at to-tre setningar i denne boka seinare er vorte heile artiklar i den lokalhistoriske årboka Gamalt frå Voss. 

Så det er ei flott bok, og noko av det mest gledelege er at boka er så rikt og flott illustrert. Slik er det vanlegvis ikkje i dei lokalhistoriske bøkene til Gjerdåker, men her er det altså illustrasjonar - både nye, gamle og sjeldne.

Guffen tilrår. 

10. august 2026

Nonnas (2025)

Dette var vel den eine gongen i året at heile hushaldet samla seg om ein film. Smakane sprikar, slik at dette vart eit kompromiss ingen var heilt nøgde med.

Filmen er basert på ei sann soge: Italiensk-amerikanske Joe Scaravella har nett mist mor si. Han arvar ein del pengar, og finn ut at den beste (og mest optimistiske) måten å heidra mora på er å opna ein restaurant. Han har ikkje noko røynsle med dette, korkje å driva ei verksemd eller å jobba på restaurant, men løysinga hans er sjarmerande: Han inviterer bestemødrer, nonnas, til å laga heimelaga mat på kjøkkenet. Han tilset fire nonnas. 

Det heile går til pises. Bortsett frå slekt og vener får dei ingen gjestar, og Joe får heller ikkje napp hjå matjournalistar. Han vert motarbeidd av lokale folk på Staten Island, og til slutt må han innsjå at han må stengja dørene. Men sidan dei har mykje ferdiglaga mat inviterer han kreti og pleti til eit siste ope hus. Og - under over alle under - ei av dei som kjem er ein matjournalist, og ho skriv så varmt om maten og restauranten at alt likevel ordnar seg.

Grei tidtrøyte framfor skjermen. Nja, for så vidt, sjølv om du neppe får lettare underhaldning enn dette. Og eg er stor tilhengar av å sjå filmar fleire gonger, men her trur eg ikkje det vert aktuelt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

9. august 2026

Iain Key (red.): Billy Bragg. A People's History (2025)

Billy Bragg er vel ein av desse artistane eg likar godt, utan at eg kjenner musikken hans i detalj. Dei tre-fire fyrste platene hans var finfine, og eg var på konsert med han to gonger seint i 1980-åra, men eg datt litt av utover 1990-åra. I gamle dagar var det stort sett berre han og gitaren, seinare har han òg hatt med seg fleire på scena. Han er sosialist, og mange av songane hans er sterkt politiske. Men han skriv òg varme songar om kjærleik og nærleik. Konsertane hans er ein blanding av musikk, politikk og humor - han er ein god forteljar, og han kan vera hylande morosam.

Han har mange trugne fans, og i denne boka kjem meir enn 700 av dei til orde. Boka er kronologisk lagt opp, slik at desse 700+ tekstane oftast er knytte til konsertar. Av og til kjem Bragg sjølv inn med forklaringar og opplysningar, men stort sett er det altså fansen som skriv. Og dei skriv godt - fabelaktig godt. 

Nokre få av desse stykka er rett nok enkle, av typen "eg har likt Bragg i mange år, eg har alle platene og har vore på mange konsertar, og eg synest at han er flink". Men stort sett er dei gode, og mange av dei er både varme og rørande. Svært mange nemner songen "Tank Park Salute", ein song Bragg skreiv etter at far hans døydde, og dei fortel om korleis tårene strøymer når den songen vert framført live. Ein annan song som ofte vert nemnt er "A New England", med refrenget "I don't want to change the world/I'm not looking for a new England/I'm just looking for another girl". Ei kvinne fortel om ein konsert ho var på saman med eks-mannen. Han song med på alle songane, men ikkje denne. Ho spurde kvifor, og han sa at "he was not looking for a new girl". Ho skriv vidare at "That was probably the most romantic thing he ever said to me in the 16 years I wasted with that motherfucker".

Men det som verkeleg gjer desse tekstane gode, er at dei viser korleis Bragg er. Han snakkar med alle, og han gjer det av di han likar det. Han kjem alltid ut i salen etter konsertar og snakkar med dei som vil. Han gjev gode råd, han kjem med gode replikkar, og han gjev gjerne ein raus klem til dei som treng det. Han framstår svært folkeleg, og det er jo òg gledeleg at han står fast ved dei politiske ideane som prega han i ungdommen. Eg fekk lyst til å gå på ein Bragg-konsert igjen ein gong, og eg vonar at det let seg gjera.

Guffen tilrår. 

8. august 2026

On the Waterfront (1954)

Sommaren 1988 budde eg i Breckenridge, Colorado. Der var det ein filmfestival. Dei viste stort sett nyare filmar, men dei viste òg denne filmen, og sjølvaste Karl Malden var der for å snakka litt, både før og etter filmen. 

Eg hugsar filmen som eitt av høgdepunkta under festivalen, og eg likte filmen også no, men det er kanskje ikkje så altfor originalt. Det handlar om hamna i Hoboken, New Jersey, der ei sterk fagforeining styrer alt som skjer, omtrent slik mafiaen ville gjort det. Hovudpersonen, Terry Malloy (spelt av Marlon Brando), er på lag med leiaren for fagforeininga, men han passar berre delvis inn. Då han vert lurt til å vera med på mordet av ein potensiell tystar, leiar han i staden eit opprør mot foreininga, assistert av Edie Doyle (dotter til han som vart drepen) og presten Barry (spelt av Karl Malden). Så kjem det litt vald og slåsting, før det kjem ein passeleg happy ending.

Det er altså ein fin film, men det vert litt lite originalt, av og til vert det nesten klisjefullt. Måten Malloy stavrar seg fram mot slutten er nesten pinleg. Det er òg ein film der det omtrent berre er menn - Edie Doyle er den einaste kvinna med ei nokolunde stor rolle. På den andre sida er Brando rimeleg stor i denne filmen, som vel var ein av dei fyrste filmane hans.

Guffen tilrår.

4. august 2026

Knut Hamsun: Redaktør Lynge (1893)

Etter to glimrande Hamsun-romanar fell nivået litt her, men ikkje verre enn at boka er vel verdt å lesa. Her er rett nok ikkje så mykje av blodets hvisken eller benpipenes bønn her, men likevel.

Det handlar i hovudsak om, Alexander Lynge, redaktøren i venstre-avisa Gazetten. Han ser seg sjølv som viktigare enn han er. Han vil gjerne setja dagsorden, men er eigentleg mest oppteken av å selja aviser og å tena pengar. Han har mykje makt som redaktør, men er like lite populær, og han er slettes ikkje så sjarmerande som han trur han er. 

Det handlar òg om den nokre meir høgre-orienterte familien Ihlen, og folk i omgangskrinsen deira. Det er ei viss overlapping med redaktøren, og denne overlappinga opnar med at sonen i familien får trykt ein artikkel i Gazetten, før han får fast jobb. Han er ikkje godt eigna for avisarbeid, men det er ikkje det viktige for Lynge - det handlar meir om at han her kan få kontakt med ei av døtrene i Ihlen-familien.

Hamsun nytta minst éin levande modell i boka, ser eg på nettet, og det kan henda at dei som las boka då ho var fersk fann fleire spark og stikk til samtida. Uansett - det er ei heilt grei bok.

Guffen tilrår.

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Ny jord (1893)
Pan (1894)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)