24. september 2018

Cape Fear (1991)

Denne gjekk på fjernsynet her om kvelden. Eg var litt usikker på om eg skulle sjå han - eg såg han då han kom ut for mange år sidan, og hadde ei kjensle av at det var sånn midt på treet. På den andre sida er jo Robert de Niro med, og då kan det vanskeleg verta heilt mislukka.

Utgangspunktet er ein vanskeleg situasjon for ein advokat: Han representerer ein mann som er anklaga for valdtekt. Han får laga ein rapport som seier at offeret var ein rundbrennar. Jobben hans er å få den tiltalte fri, men han vert overtydd om at han er skuldig, og han held difor rapporten skjult. Den tiltalte sonar fjorten år i fengsel, og filmen tek til når han slepp ut. Det einaste han tenkjer på er å hemna seg på advokaten. Dei neste dagane eller vekene vert rein terror for han og familien hans. Og for ei på kontoret hans.

Det er ein av desse filmane der det i grove trekk er vanskeleg å unngå å skjøna kva som skal skje. Filmen er prega av tida han var laga, og det er ikkje måte på kor strigla advokaten og kona er. Dottera er litt mindre strigla. Det går seint, det er utan humor, og det einaste som er verdt noko er skodespelet til de Niro.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. september 2018

Alan Smith: Heads Up (2018)

Det er ei stund sidan eg las sjølvbiografien til ein fotballspelar. Etter å ha lese denne kjenner eg ikkje akkurat at det hastar med å lesa fleire. Alan Smith spelte for Arsenal frå 1987 til 1995, omtrent, og var sentral i den tidlegaste delen av den nye glanstida til klubben. Han var heilt ulik andre spelarar - han kunne òg drikka ein skvett ved høve, men hadde langt meir interessante interesser. Han kunne både lesa og skriva, og var så vidt i gang med å studera moderne språk på eit universitet då han vart profesjonell fotballspelar. Han snakkar visstnok både tysk, fransk og spansk rimeleg flytande, sjølv om aldri har budd i dei landa.

Etter at han la opp har han dels arbeidd som fjernsynskommentator, dels om spaltist i Daily Telegraph. Her har han heile tida skrive spaltene sine sjølv, og det er òg uvant for fotballspelarar. Av desse grunnane - annleis, interesse for bøker, i stand til å skriva - tenkte eg at dette var bryet verdt.

Boka er ikkje utan verdi, av og til engasjerer ho stort. Men stort sett er boka slik Smith var sett på som spelar - litt for forsiktig, litt fantasilaus, og utan vilje til å ta altfor store sjansar. Han skriv greitt nok, men det er ikkje noko sprut over språket hans. Han har sikkert ein sans for humor, men det er ikkje mykje å le av - minst to gonger skriv han noko slikt som "but seriously", og det demrar for meg at avsnittet eg nett las var meint som ein vits.

Smith skåra to særs viktige mål for Arsenal - eitt på Anfield i mai 1989, og eitt i Cupvinnarcupfinala i København i 1994. Det er tydeleg at desse måla var viktige for han, og han skriv engasjert og levande om desse kampane. Det er òg positivt at han ikkje ramsar opp alt han har gjort, men konsentrerer seg om den eller dei viktigaste hendingane frå kvar sesong. Han skriv òg om korleis han vart mindre viktig etter at Arsenal kjøpte Ian Wright. Då skulle alt handla om Wright, og Smith fann ikkje si eiga rolle i laget. I ettertid såg han at han burde ha teke dette opp med Wright, og at dei saman burde funne ut korleis dei kunne gjera kvarandre betre. Han ikkje gjorde det, av di han var altfor forsiktig, og slik kjennest altså heile boka.

Guffen er lunken.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

22. september 2018

Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone. New Light on an Old Riddle (1968)

Eg repeterer litt igjen: I 1898 fann svensk-amerikanaren Olof Öhman ein stein med runeinnskrift då han rydda nytt land på farmen sin nær Kensington i Minnesota. Innskrifta vart avvist som falsk. Hjalmar Holand fekk høyra om steinen i 1907, og fram til han døydde i 1960-åra arbeidde han for å få folk til å tru på det innskrifta fortalde. Han skreiv mange artiklar om steinen, og gav ut ei bok i 1932. Han fekk svar, så hatten passa og vel så det, då professor Erik Wahlgren gav ut ei bok i 1958. Holand stod på sitt i ei bok som kom i 1962.

I 1968 gav Theodore Blegen ut denne boka. Blegen døydde året etter, 78 år gamal, og hadde arbeidd med det norske Amerika heile yrkeslivet. Blegen var professor i historie, og var involvert i Norwegian-American Historical Association, der han i 1925 vart den fyrste redaktøren, og i Minnesota Historical Society.

Til liks med Wahlgren slaktar også Blegen bøkene til Holand. Han gjer det på ein langt lunare måte, men viser i eit stillferdig språk at Holand ikkje har reint mjøl i posen. Holand motseier seg sjølv så mange gonger, og legg ikkje fram fakta som kan rokka ved korthuset hans. Blegen er langt meir profesjonell, han dokumenterer heile tida det han skriv om. Holand skriv at Öhman var ein heilt vanleg gardbrukar; Blegen viser at han las mykje, og hadde store kunnskapar. Holand skriv at ingen i Minnesota kunne lesa runer; Blegen viser at dei fyrste månadene etter at innskrifta vart gjort kjent i ei amerikansk avis kom det tre så godt som korrekte tolkingar av innskrifta, frå utvandra skandinavar som var heilt vanlege farmarar. Blegen bruker eit heilt kapittel på å plukka skrivinga til Holand frå kvarandre. Han går langt i å seia at Öhman var med på å laga innskrifta, truleg saman med Sven Fogelblad, ein prest/lærar som hadde mykje med Öhman å gjera.

Blegen oppsummerer det heile greitt: "It matters little what one individual's opinion is on the question of authenticity. What matters is the sum total of historical, runological, and archeological evidence. The total on the runological and historical side is, in my judgment, conclusive. The inscription is a fake. The evidence points to a hoax, with Olof Öhman as the principal originator".

Det har kome fleire bøker om steinen etter denne. Nokre er kuriøse, andre gjev seg ut for å vera meir seriøse. Det har likevel ikkje kome fram noko som gjer at fagfolk seier seg usamde med Blegen. Tvert imot - Blegen sluttar boka med å fortelja om nokre opptak han har høyrt om, men ikkje høyrt. Dei opptaka er i dag tilgjengelege, og der fortel son til John Gran, ein av naboane til Öhman, at faren fortalde at han og Öhman hadde hogd inn innskrifta. Det stemmer bra med at innskrifta er laga av to hoggarar - ein høgrehendt og ein venstrehendt.

Steinen er i dag stilt ut i eit museum i Kensington, og ved ein av vegane inn til den småbyen står det ein modell av steinen. I hovudgata i byen står det ei vikingstatue, med eit skjold der Kensington vert omtala som "Birthplace of America". Den korte teksten seier i grunnen alt om kvifor steinen var viktig for Holand, og kvifor han framleis er viktig for mange norsk-amerikanarar. Steinen fortel dei at dei var der fyrst.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

21. september 2018

Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)

Citizen Kane igjen. For ikkje lenge sidan las eg det lange Kane-essayet til Pauline Kael. Den store kampsaka hennar i det essayet var å få fram at Herman Mankiewicz var den som gjorde mest med manus til filmen, trass i at Orson Welles står som medforfattar. Kael meinte nærmast at Welles, som regisserte filmen, og som òg hadde hovudrolla, insisterte på å gjera seg sjølv også til forfattar. I ein kritikk av det essayet vart denne boka dregen fram, og vips etc.

Carringer går grundig og etterprøvbart gjennom heile skapinga av filmen. Han viser greitt at det mest rettferdige er at Welles og Mankiewicz deler på æra for manuset, han viser altså at Kael tek feil. Men han gjer mykje, mykje meir. Det er ikkje noko tjukk bok, men han er innom alt det viktigaste i filmen. Lyd. Filming. Redigering. Filmtriks. Og han skriv godt om kvifor Welles aldri nådde desse høgdene som regissør seinare. Carringer meiner at den viktigaste grunnen er at dette var einaste gongen Welles hadde så mange gode samarbeidspartar. Han meiner ikkje at det var dei andre som gjorde filmen god. Han er ikkje i tvil om at Welles var den viktigaste, men med så mange gode krefter rundt seg vart resultatet det det vart: Ein av dei aller, aller beste filmane som er laga.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

20. september 2018

The Man Who Knew Too much (1956)

Det er ikkje den beste Hitchcock-filmen eg har sett, men når han får med seg James Stewart er det jo automatisk ein film det er verd å sjå.

Stewart spelar ein dokter som ferierer i Marokko, saman med kona Jo og sonen Hank. Hank vert kidnappa, om lag samstundes som ein mann dei møtte dagen før vart drepen framfor augene deira. Før han døyr kviskrar han at nokon skal drepast, og at dei bør finna Ambrose Chapel i London. Dei dreg dit, og skjønar at ein ambassadør skal drepast under ein konsert i Royal Albert Hall. Saman greier dei å unngå at han vert drepen, og under ein fest i ambassaden same kveld avslører dei kven som prøvde å drepa han, før dei finn Hank i andre etasje.

Filmen er ei ny-innspeling av ein film Hitchcock laga tjue år tidlegare. Svært originalt er ikkje dette, den einaste scena som minner om dei store Hitchcock-filmane er konserten i Royal Albert Hall. Me veit at noko skal skje ved eit visst punkt i konserten, men veit ikkje når det kjem. Me ser dei tre aktørane - ambassadøren, den potensielle mordaren, og Jo - men veit altså ikkje når noko skjer, og korleis det vil gå.

Guffen er lunken.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
Vertigo (1958)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

17. september 2018

The Radical Story of Patty Hearst (2018)

William Randolph Hearst var ein av dei rikaste i heile Amerika. Livet hans var inspirasjon for filmen Citizen Kane. Patty Hearst var barnebarnet hans, og ho vart i 1974 kidnappa av den valdelege og radikale gruppa SLA, Symbionese Liberation Army. Det var ei kidnapping som dominerte amerikansk media, og dramaet vart ikkje mindre etter at det vart kjent at Hearst hadde skifta side, og gått over til SLA. Ho var med på bankran, ho var med på fleire biltjuveri (og liknande), ho laga bilbomber, og ho fyrte laus med eit automatvåpen på ei gate i Los Angeles, for å hjelpa ein annan i SLA.

Ho hadde mange sjansar til å rømma, men vart verande i gruppa heilt til dei vart tekne av politiet. Etter ei kort tid i fengsel skifta ho side att, og påstod at ho var tvinga til å vera med, at ho hadde vorte valdteken, og at ho måtte vera hjernevaska.

Det er dette denne serien handlar om. Det er ein fin serie, der det kan løna seg å vera kritisk til mykje av det som vert sagt. Mange av dei involverte vert intervjua, og spesielt William Harris, ein av leiarane i SLA, seier mykje rart. Han var ikkje med på det verste, han gjorde det han kunne for å opptre høvisk, og så bortetter. Han er òg ekstremt oppteken av at grunnen til at Hearst gjekk relativt fort fri etter at ho vart arrestert var at familien hennar trekte i ein del trådar, men akkurat der ser det ut til at han hadde rett.

Serien er godt laga, men fin veksling mellom nye intervju, gamle nyheitsinnslag og filmar, og dramatiserte hendingar frå 1974 og frametter.

Guffen tilrår.

16. september 2018

Paul Auster: The Book of Illusions (2002)

Eg les meg gjennom eldre Auster-bøker. Denne kjøpte eg den hausten ho kom ut. Fredagskvelden den veka var Marit ute, kanskje til og med vekkreist, og eg låg på sofaen heile kvelden, heilt til boka var ferdig. Det var som om dei mindre vellukka romanane Mr. Vertigo og Timbuktu ikkje fanst - denne boka var like fengande som dei tidlegaste Auster-romanane.

Frå midten av 90-åra arbeidde Auster mykje med film. Han skreiv manus til fire filmar, og regisserte éin av dei. Slik sett er det ikkje noko bombe at denne boka handlar om film. Ho har ein glitrande opningssetning - "Everyone thought he was dead" - og han alle trudde var død var ein ukjent og gløymt regissør frå stumfilmar, Hector Mann. Forteljaren i romanen, David Zimmer, er ein professor som har mist heile familien sin i ei flyulukke. Han burer seg inne, og er på veg mot ein tidleg død når han tilfeldigvis ser ein av filmane til Mann. Han ler for fyrste gong på lenge, og vil finna ut meir om Mann. Det fører han verda over, og etter at han har sett alle filmane Mann laga skriv han ei bok om desse filmane. Så får han eit brev frå ei som seier at ho er gift med Mann, og at Mann framleis lever. Mann vil gjerne treffa Zimmer, og han reiser (litt motvillig) til New Mexico for å møta Mann. På veg dit får han òg høyra at Mann forsvann av fri vilje femti år tidlegare, og at han heile tida har laga filmar. Desse har ingen sett.

Det er velskrive og fengande, det einaste som dreg litt ned er nokre altfor lange referat frå filmane hans. Her er fleire referansar til andre Auster-bøker, både tidlegare og komande. David Zimmer er òg namnet på ein person i Moon Palace, medan Auster seinare gav ut bøker med same titlar som to av filmane til Mann - Travels in the Scriptorium og The Inner Life of Martin Frost.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

15. september 2018

Team Ingebrigtsen, sesong 1 (2016)

Dette er serien for dei som meiner at Sopranos vert for valdeleg. Begge seriane handlar om ein familie der familiefaren bestemmer alt. (Skal ein vera pirkete er der rett nok eigentleg to familiar i Sopranos.) Dette er familien Ingebrigtsen, der det berre handlar om friidrett.

Far i huset, Gjert, er trenar. Knallhard trenar. Han trenar sine eigne ungar, tre gutar og etter kvart ei jente. Denne sesongen tek til alt i 2013, og dekkjer tida fram til 2016. Den eldste av dei tre gutane, Henrik, har alt vunne 1500 meter i EM, og her får han selskap av broren Filip i Europa- og verdstoppen. Jakob, bror nummer tre, er det største talentet, men er berre tolv år då sesongen tek til.

Dei vert altså køyrt knallhardt. Faren legg opp eit treningsprogram det ikkje skal avvikast frå. Viss nokon ikkje gjer alt, eller ting ikkje fungerer, vert han streng, eventuelt sur. Alle i familien er fritalande, og det er her mykje av sjarmen til serien ligg. Det kjem klare beskjedar når folk snakkar med kvarandre, men også når dei er åleine med kameraet. Ei slik flott scene er når dei tre gutane reiser på treningsopphald utan faren. Så fort dei får sjansen kjøper dei seg store burgerar, og ein av dei tek sjølvsagt eit bilete av måltidet og sender til faren. Han ringjer nokre sekund seinare og skjeller dei ut.

Og faren vil styra alt. Når Henrik fortel at han har fått seg kjæraste, er den fyrste reaksjonen til faren at dette skal ikkje gå ut over treninga. Han modererer seg rett nok etter nokre veker, men likevel. Og når Jakob tek ein imponerande topp ti-plass i junior-EM, der han som 16-åring konkurrerer mot 19-åringar, er ikkje faren i godlune: På telefon rett etter løpet er det ikkje viktig å gratulera Jakob, det er langt viktigare å snakka om kvifor Jakob valde eit så dumt løpsopplegg.

Guffen tilrår.

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2018)
Sesong 3 (2019)
Sesong 4 (2020)
Sesong 5 (2021)

14. september 2018

Alf van der Hagen: Kjell Askildsen. Et liv (2014)

Eg har ikkje lese mykje av Kjell Askildsen, men det eg har lese har eg likt godt. Eg likte òg godt samtaleboka van der Hagen laga med Dag Solstad, så då eg fann denne i eit boksal var det lett å slå til.

Det var eit godt kjøp. Det er ei god form van der Hagen har funne. Han har (over tid, i dette tilfellet) etablert eit godt forhold til han han skriv om, og her er det teke med intervju han har gjort med Askildsen for relativt lenge sidan. Askildsen snakkar fritt om alt mogeleg, og gjev van der Hagen svar når han spør. Alle spørsmål er ikkje like viktige for Askildsen, men når dei handlar om litteraturen hans er han heilt konsentrert, og det verkar som om han er meir oppteken av å formulera seg presist der. Og denne presise formuleringsemna er jo noko som kjenneteiknar han.

Det handlar òg mykje om det ikkje-skrivande livet hans, men ikkje for mykje. Han fortel om både kone og born, men mest fortel han om foreldra. Forholdet til faren ser ut til å ha prega han stort. Askildsen vaks opp i Mandal, men kom seg vekk så fort han kunne. Det vart for innestengt og religiøst for han. Dette skriv han gjerne om, og det vart ikkje alltid teke like godt opp av foreldra.

Guffen tilrår.

Meir Askildsen på kulturguffebloggen
Alt som før (1994)
Vennskapets pris (2015)

Meir van der Hagen på kulturguffebloggen
Dialoger (1993)
Dialoger II (1996)
Dag Solstad. Uskrevne memoarer (2013)

9. september 2018

Odd W. Surén: Den som skriver (2013)

Dette var merkeleg. Eg har sansen for Surén, og dette er i tillegg ei bok som har fått svært rosande omtalar. Eg gleda meg til å lesa ho, men vart skuffa heilt frå opninga. Det fenga ikkje, det var keisamt, og eg var på nippet til å leggja boka frå meg. Men det skjedde noko midt i boka, og derfrå og ut svinga det meir.

Eg-personen, Corr, er den som skriv. Han bur i Blokk, eit samfunn som minner litt om 1984, og som minner litt om eit fengsel. Ingen har reell fridom, og alle har respekt eller fryktar han som skriv. Han er den eine historieskrivaren deira, og skriv kvar dag ned alt som har hendt. Språket hans er avgrensa. Han bruker lang, lang tid på å presentera både seg og samfunnet, på å skriva om kva han driv med, og på folk han har kontakt med.

Det er seige saker, men det snur når ein framand brått dukkar opp. Han har eit langt rikare språk, og han er ikkje redd. Han snakkar fritt, og fortel om eit land som er meir spanande, meir fargerikt og betre på alle måtar. Alle i Blokk følgjer han til det andre landet. Den einaste som vert att er Corr. Fleire frå det nye landet vitjar han og prøver å få han til å flytta, men han vert verande i Blokk, heilt åleine.

Guffen er lunken.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

7. september 2018

Alice Munro: The Moons of Jupiter (1982)

Det finst bøker eg bruker lang tid på å lesa ferdig. Som regel er grunnen at bøkene er seige å koma gjennom, andre gonger kjem det av at bøkene er finfine. Då er det som regel novellesamlingar, der kvar novelle er så god at det kjennest rett å la den novella få synka litt inn før eg les den neste.

Dette er ei slik bok, og slik er mange av Munro-bøkene eg har lese. Det er flotte, flotte noveller. Det er vanskeleg å referera handling, og det er vanskeleg å peika på raude trådar i boka. Munro er ein meister, og byggjer opp novellene heilt rett. Ved fleire av novellene var det slik at dei fyrste sidene verka litt keisame, det skjedde litt for lite, og det var vanskeleg å sjå kva som skulle heva det heile. Men heilt umerkeleg skjer det noko, brått er eg langt inne i novellene, og når kvar novelle sluttar skulle eg gjerne vore der litt lenger.

Mange av novellene går føre seg på den canadiske landsbygda. Hovudpersonen er som regel ei kvinne, gjerne ei som skriv. Det er mange møte mellom slektningar, og det er ofte slik at hovudpersonen møter eldre slektningar. Slik er det i tittelnovella, som avsluttar boka, og som kanskje er den aller finaste. Far hennar er på sjukehus, og ho er i byen for å vera nær han. Av og til snakkar dei med kvarandre, av og til tenkjer ho attende på korleis ho sjølv har vore som forelder.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

6. september 2018

Bill Bryson: Notes from a Big Country (1998)

Bill Bryson er amerikansk. På ei av dei mange reisene sine møtte han ein britisk kvinne. Dei gifta seg, og etter eit par år der han fullførte utdanninga si i USA slo dei seg ned i England. Etter atten år, då han var vel etablert som forfattar, flytta familien til USA. Han fekk spørsmål frå ein tidlegare kollega om han ville verta spaltist i ei britisk sundagsavis, der han kunne skriva om korleis det var å koma attende til USA etter så mange år i England.

I introduksjonen skriv Bryson at han gjorde det han kunne for å unngå å verta spaltist, men at han ikkje greidde å få den tidlegare kollegaen til å forstå det. Litt motviljug tok han fatt på oppgåva, og i denne boka er 78 av kommentarane hans samla.

Det er stort sett fornøyeleg lesnad. Bryson er ikkje altfor glad i alt det amerikanske. Når han fyrst har fått for seg at han skal vera kritisk, tek han gjerne godt i, og det gjer det jo artigare. Kva han skriv om? Det er nesten lettare å ramsa opp det han ikkje skriv om. Service, naboskap, reklame, fjernsyn, datamaskiner, flyselskap, familieliv, osb.

Heilt på nivå med dei beste bøkene hans er nok ikkje dette. Bøkene er nok tekstar han arbeider meir med, desse tekstane var i utgangspunktet skrivne for eit kortare liv. Men her er altså mykje bra likevel.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
Notes from a Small Island (1995)
A Walk in the Woods (1998)
Down Under (2000)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)
The Body (2019)

2. september 2018

Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

The Beach Boys hadde femtiårsjubileum i 2012, og held vel på framleis. Dei er eitt av dei fremste døma på at det går an å vri mykje vatn ut av ei fille - det er mange år sidan sist dei gav ut musikk som kan kallast interessant. Alle dei tre Wilson-brørne er ute av gruppa no, og det er òg Al Jardine - det er altså berre Mike Love att av dei fem klassiske medlemmane i gruppa.

Dei slutta vel eigentleg å vera relevante mot slutten av 60-åra. Men midt i 60-åra var dei den einaste gruppa som kunne metsja The Beatles. Brian Wilson, før han miste grepet heilt, hadde slutta med turnear, og arbeidde heller i studio, der han sette saman dei to meisterverka Pet Sounds og Smile.

Det skjedde mykje rundt gruppa. I 60-åra var dei tidvis store musikalsk. Brian Wilson tørnar galen, kanskje mest på grunn av altfor mykje dop. Dennis Wilson, den einaste av dei fem som surfa, drukna i 1983. Far til dei tre Wilson-brørne meiner at han bør styra alt, inkludert skriving av nye songar. Alle vassa i damer, dei fleste var gifte fleire gonger, og dei fleste drakk og dopa seg for mykje. Mike Love, som vanlegvis vert rekna for den store skurken i BB-historia, styrer etter kvart alt, og kjem på kant med alle dei andre.

Steven Gaines er mest oppteken av det som skjer rundt gruppa. Det er ikkje musikken som er det viktige, han trivst betre når han kan skriva om damer eller drikk eller dop. Det er ei vinkling som er rar, og som gjer at boka slettes ikkje er så god og interessant som ho burde vera. Han skriv heller ikkje spesielt godt.

Guffen er lunken.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)