Viser innlegg med etiketten fjernsyn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjernsyn. Vis alle innlegg

26. juni 2026

Monsen og nasjonalparkene, sesong 1 (2025)

Ein enkel serie, der alle dei seks episodane har ei nokolunde sams inndeling, men som likevel fungerer godt. Kvar episode handlar om éin nasjonalpark, der Lars Monsen er på tur. Årstidene varierer, lengda på turane varierer, og dei han snakkar med varierer, men elles er det likt: Han går, anten åleine eller saman med hundar, han slår leir, han fiskar litt, han fortel om kor fint det er å vera på tur, og det heile gjev meg som vanleg lyst til å reisa til fjells.

Tre av dei seks parkane ligg langt nord i landet - Øvre Pasvik, Varangerhalvøya og Svalbard (der han forresten er innom to ulike parkar). I tillegg er det Gutulia (som eg ikkje har høyrt om før), Dovrefjell (der eg så vidt har gått litt), og Børgefjell (som eg har høyrt veldig mykje fint om, men der eg aldri har vore). Lars Monsen er jo eit funn for slike turar - han kan naturen, og han formidlar naturgleda på ein svært entusiastisk måte. 

Guffen tilrår. 

23. juni 2026

The American Revolution (2025)

Dette må vel reknast som ein grei og informativ serie, sjølv om han er laga i eit rart format. Serien er på seks episodar og fortel om hendingane i USA frå 1850-åra fram til 1883. Det var ei avgjerande fase i den amerikanske soga, der dei frigjorde seg frå Storbritannia, og slik sett er jo emnevalet greitt.

Det som er rart, er at ein heilt ny fjernsynsserie ikkje bruker film-mediet aktivt. Veldig store delar av serien er stillbilete, der ein litt for monoton forteljar teiknar og fortel. Ei lang rekkje historikarar kjem òg med sine innspel, men dei er berre talking heads. Det som er av filmar viser ikkje eit einaste fjes, det er soldatar som er filma bakfrå, det er anonyme soldatar som skyt, det er mykje naturbilete, osb. Det heile altså like godt vore ein radioserie, sjølv om det truleg ikkje hadde nådd fram til eit like stort publikum.

Lærte eg noko nytt? Absolutt. Det er ein serie som tek seg god tid, og det er jo bra. George Washington var militær kommandant for amerikanarane, og han var slettes ikkje den store krigshelten ein kan få inntrykk av - han gjorde mange feilvurderingar. At Storbritannia tapte krigen skuldast òg dårlege vurderingar frå deira side, det verkar som om dei kvar haust tok pause frå krigen i eit halvt år, og dette gjorde at amerikanarane greidde å mobilisera og byggja opp eigne styrkar. Dei greidde i tillegg å få støtte frå Frankrike og Spania, to land som rekna Storbritannia som den viktigaste fienden sin.

Guffen tilrår.

17. mai 2026

Cult Massacre. One Day in Jonestown (2024)

Historia bør vera kjent frå før: Jim Jones, ein karismatisk amerikanar, bygde opp ei sekt eller ein kult han kalla Peoples Temple. Han fekk mange følgjarar, og noko av det han la vekt på var fornuftig: Der var element av sosialisme, og rørsla var svært anti-rasistiske. Dei fann seg lite til rette i USA, og midt i 1970-åra grunnla han byen Jonestown i Guyana. Området var lite eigna for busetnad - jorda var ikkje spesielt fruktbar, og den næraste vasskjelda låg langt unna. Likevel emigrerte mange av fylgjarane hans, og i 1978 budde truleg mellom 900 og 1000 personar der.

Slektningar i USA var urolege over det dei fekk vita om Jonestown. I USA hadde sekta hatt størst aktivitet i California, og i november 1978 reiste kongressmannen Leo Ryan til Jonestown for å finna ut korleis tilhøva var der. Jones skrudde på sjarmen, men mange kontakta Ryan og reisefylgjet hans for å fortelja at dei ville tilbake til USA, men at Jones nekta dei. Ryan og dei andre forlot leiren, men på den vesle flystripa i nærleiken vart dei angripne av vaktene til Jones. Fem personar vart drepne, og fleire fekk skot-skader. I leiren samla Jones alle i den største paviljongen, der han tvinga dei til å drikka gift. 918 personar miste livet - opphavleg vart det kalla eit masse-sjølvmord, men etter kvart som meir vart kjent, vart det kalla eit massedrap.

Det som gjer denne mini-serien så bra, er at mange av dei som kom saman med Ryan var journalistar. Dei filma under heile opphaldet, og i serien står desse filmane sentralt. Me ser Jones snakka med Ryan. Me ser Ryan koma gåande frå leiren med blod på kleda - blodet er ikkje hans eige, men kom frå ein som prøvde å drepa han. På flyplassen vert dei fyrste skota filma (av ein kameramann som døydde der). Me ser film frå dagane etter massedrapet, mellom anna frå lufta. Det ligg døde kroppar overalt. I tillegg er her ei rekkje intervju med nokre av dei som kom med Ryan, og med nokre av dei som overlevde. Ein av dei fekk beskjed av Jones om å levera alle pengane til sekta til den russiske ambassaden; ein annan er son til Jones, som tilfeldigvis var ute av Jonestown den dagen.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Tim Reiterman: Raven (1982)

26. mars 2026

Golden vs. Zuckerberg (2026)

Dette var litt tilfeldig. Kort tid etter at eg las ei bok som var kritisk og vel så det til Facebook, såg eg denne serien. Her kjem kritikken utanfrå, men likevel: Facebook kjem ikkje spesielt godt ut av det, denne gongen heller. (Boka vert ikkje nemnt i serien, men ho låg på bordet framfor Johan Golden ved i alle fall to høve.)

På Facebook florerer det med falske annonsar. Det handlar gjerne om kjendisar som vert brukte utan lov, og dei som klikkar seg vidare til nettsidene der dei kan lesa meir om kjendisane, endar gjerne opp på noko Bitcoin-greier. Viss ein ser vekk frå det moralsk forkastelege i dette, er det rart at folk bit på, men det skjer visst. I serien møter me ei som gjekk fem på.

Men me skal ikkje sjå vekk frå det moralsk forkastelege. Johan Golden er ein av dei som vert brukt på denne måten. Golden engasjerer advokat, han prøver å få politi og departement engasjert i saka, men han møter stort sett ein vegg. Viss han ein sjeldan gong får kontakt med nokon hjå Meta/Facebook, får han beskjed om å senda e-post til ei adresse ingen ser ut til å sjekka. Til slutt reiser han til California for å prøva å treffa Mark Zuckerberg, og det er det jo ingen som trur at han greier å få til.

Det er ein passeleg underhaldande serie. Dei store overraskingane kjem aldri, men Golden får klart fram korleis Meta berre tenkjer på éin ting: Pengar. Dei håvar inn enorme summar på annonsar, både ekte og falske, og det har dei tenkt å halda fram med. 

Guffen tilrår.

7. januar 2026

Pluribus, sesong 1 (2025)

Science Fiction er vel ikkje det eg vanlegvis bruker mykje tid på. Men denne serien har fått mykje vellæte, og det er vel fare for at eg kjem til å sjå alle seriar Vince Gilligan lagar. I alle fall heilt til eg vert skuffa, og me er ikkje der endå. Langt ifrå.

Jorda vert ramma av eit virus frå verdsrommet. Alle menneske i verda vert som nokre godsnille luringar - alle er lukkelege, alle er ærlege, ingen kan luga. Eller - ikkje alle: Det viser seg at 13 personar har vore immune. Hovudpersonen i serien, forfattaren Carol Sturka, prøver å få dei tolv andre med på å gjera resten av verda frisk. Det går ikkje så altfor godt, og dei må òg kjempa mot fleirtalet, som prøver å få dei 13 over på si side.

Det er fleire ting som gjer serien god. Det eine er manus er velskrive. Det andre er at det er visuelt finfint. Det tredje, og viktigaste, er at Rhea Seehorn, som spelar Sturka og som difor er i om lag kvar einaste scene, spelar glimrande. Det er vel berre å sjå fram til neste sesong.

Guffen tilrår.

5. januar 2026

Live Aid. When Rock'n'Roll Took on the World (2025)

Live Aid var eit godt tiltak. Ikkje for musikken sin del; veldig mange av artistane som deltok er og var heilt uinteressante. Men dei samla inn mykje pengar, dei gjorde veldig mange folk merksame på svolt-katastrofen i Etiopia, og tjue år seinare fekk dei i-landa i verda med på å stryka mykje av gjelda u-land hadde. 

Bob Geldof såg eit fjernsynsinnslag frå Etiopia i 1984. Saman med Midge Ure skreiv han songen "Do They Know It's Christmas", og dei fekk med seg mange store britiske stjerner under innspelinga. I USA vart noko liknande gjort, og sommaren 1985 vart dei to Live Aid-konsertane, ein i London og ein i Philadelphia, arrangert. Tjue år seinare kom det nye konsertar, der endå meir pengar vart samla inn.

Denne serien på fire episodar fortel denne historia. Her er innslag frå 1985 og 2005, og her er nyare intervju. Mange musikarar vert intervjua, men òg politikarar som Tony Blair og George W. Bush. Det er ein heilt grei serie, som fungerte som tidtrøyte nokre dagar rundt nyttår.

Guffen tilrår. 

15. november 2025

A-laget, sesong 2 (2025)

Dette er framleis ein fin serie, men denne sesongen var ikkje like bra som den fyrste. Det trur eg det er to grunnar til: Det er ikkje like nytt, noko av nyhendeverdien er vekke. Det er likevel viktigare at dei ikkje har like spanande gjestar denne gongen. Eg veit ikkje korleis utveljinga vert gjort, men til dei neste sesongane er det fint om ein ikkje tenkjer på å hanka inn dei største kjendisane.

Det er flott at Erling Braut Haaland, som truleg er den best kjende nordmannen i dag, tek seg tid til å vera med på dette, men det vert fort tydeleg at han ikkje har så mykje spanande å seia. Verre vert det når Sophie Elise dukkar opp - den episoden gjekk så mykje på tomgang at eg berre såg halvparten. Også episoden med oppdrettsarvingen Gustav Witzøe var relativt livlaus. 

Då er det langt meir interessant å sjå og høyra Chirag Patel (frå Karpe) og Atle Antonsen. Dei har historier å koma med, og her fungerer alt betre. 

Men dei verkelege stjernene er jo dei som intervjuar. Nokre er meir ekstroverte enn andre, men det osar likevel sjarm av dei aller fleste. 

Guffen er lunken. 

8. oktober 2025

Stoltenberg i møte med krigen (2025)

Regissøren for denne miniserien, Tommy Gulliksen, fekk løyve til å fotfylgja Jens Stoltenberg dei to siste åra han var sjef for NATO. Det gjer at me kjem tett på Stoltenberg - me er med han på interne møte, me er med han på veg til og frå møte med topp-politikarar, og me er med på dei møta. Det burde altså liggja til rette for ein god og interessant serie, men slik er det ikkje. Det er meir interessant enn godt.

Det vert veldig mykje repetisjon. At dagane til Stoltenberg er rimeleg like har truleg vore ei utfordring for Gulliksen. Han et frukost og snakkar litt om at han saknar familien. Han har nokre førebuande møte med dei næraste medarbeidarane sine. Han møter topp-politikarar, anten på tomannshand eller i større forum. Her er det tydeleg at han er røynd - han snakkar lett og ledig med alle, og greier å veksla mellom uformelle kommentarar og løysinga på problem dei har.

Stoltenberg gjev altså eit godt inntrykk, og det er lett å skjøna at han sist veke vart kåra til den norske politikaren som er best likt. Samstundes er han reservert, han likar ikkje å sleppa kameraet for tett innpå seg. 

Guffen er lunken. 

29. august 2025

Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

Thomas Seltzer har tidlegare reist rundt i USA for å prøva å finna ut kva som har gått gale med det landet. No er turen komen til Noreg, der han reiser rundt for å snakka med folk som er eller har vore fattige. Det er ein god serie, og ein serie det er lett å verta trist av. Spesielt no, rett før eit stortingsval der storleiken på formueskatten er ei av dei viktige kampsakene. Når ein ser korleis dei mindre velståande i landet har det, er det jo både opplagt at dei som vassar i pengar må betalla meir, og det er opplagt kor pinleg det er å forsvara formueskatten.

Seltzer reiser frå nord til sør. Han vitjar eit ungt par som ikkje har råd til å få meir enn eit barn. Han vitjar unge kvinner som har gått på ein helsesmell og som ikkje har spesielt mange kroner å rutta med kvar månad. Han snakkar med ein som har teke klasseheisen frå topp til botn, og med ein som har reist den andre vegen. Han snakkar med forskarar og andre som prøver å forklara korleis det går an at eit så rikt land som vårt kan ha så mange fattige. 

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
UXA, sesong 3 (2024)

11. august 2025

Untamed, sesong 1 (2025)

 Dette var rimeleg spontant. Eg kjende ikkje til serien, men han vart presentert som ein serie der handlinga er lagt til den amerikanske nasjonalparken Yosemite. Det held i massevis for meg - eg trur eg kunne sett ein serie der me berre såg naturbilete frå Yosemite. Naturen er fabelaktig, og kjem til sin rett i serien. 

Så er vel handlinga sånn grei òg. Spaningskurva når rett nok toppen litt for tidleg, og alle personane er ikkje like godt teikna. Det verkar òg som om forfattarane har tenkt at absolutt alle som er med må ha noko myrkt i framtida si. Det myrke er som regel knytt til små born, vanskelege foreldre eller valdelege partnarar. Og det vert svært ofte snakka om kor viktig det er å halda familien saman. 

Kyle Turner er hovudetterforskar i det som såg ut som ei ulukke, men som godt kan vera eit mord. Naya Vasquez vert assistenten hans, og samspelet mellom dei to er svært godt. Han er den alvorlege surdeigen som veit alt, medan ho prøver å letta litt på stemninga. Dei finn spor, både gjennom godt politiarbeid og gjennom rein flaks, og etter kvart viser det seg at dei mange lause trådane passar godt saman.

Guffen tilrår. 

8. juli 2025

Twin Peaks, sesong 3 (2017)

Mot slutten av sesong 2 av Twin Peaks seier Laura Palmer noko slikt som "I'll see you in 25 years" til Dale Cooper. Det stemde nesten - det tok 26 år før denne tredje sesongen vart vist. Eg er usikker på kvifor eg ikkje har sett dette før no. Eg er jo positiv til Twin Peaks, og sesongen fekk gode omtalar. Kortversjonen er at det stemmer - han er langt betre enn den relativt misetable sesong 2.

Å gje eit samandrag av handlinga er ikkje lett. Det er ikkje alt som er like lett å skjøna, og det er òg veldig mange personar med. Men omtrent slik: FBI-agent Dale Cooper er stengt inne i The Black Lodge, ein stad som ligg utanfor den kjende verda. Dobbeltgjengaren hans er fri, og han lagar helvet overalt - det er i denne kroppen at Bob held til. Cooper kjem seg ut frå The Black Lodge, og tek bustad i kroppen til ein trippelgjengar, ein forsikringsagent frå Las Vegas (som, snedig nok, liknar på Cooper). Denne Cooperen er utan minne og går rundt som ein snill zombie. FBI kjem på sporet av både dobbeltgjengaren og trippelgjengaren, og etter kvart peikar alle spora mot Twin Peaks. Der møtest alle til det som i gamle dagar vart kalla eit endeleg oppgjer.

På veg dit har me òg vore innom mange andre og mindre historier. Nokre av desse ser ut til å vera nostalgiske, der me møter karakterar frå dei to fyrste sesongane. Fleire av desse har gjennomgåande roller, andre dukkar berre opp av og til. Og, snedig nok, sesongen sluttar med at Laura Palmer dukkar opp. 

Eg las ein stad at David Lynch og Mark Frost gjekk med planar om ein fjerde sesong, men at dette måtte leggjast vekk då Lynch døydde. Han har handa på rattet her, han har regissert alle episodane. Av og til får den altfor rare Lynch overtaket, men stort sett er det finfine greier. 

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

25. juni 2025

Kampen for tilværelsen, sesong 1 (2014)

Denne serien fekk mykje skryt då han gjekk på NRK for rundt ti år sidan. Det fekk eg (sjølvsagt) ikkje med meg, og han var òg lenge uråd å sjå i nettspelaren til NRK. No ligg denne fyrste sesongen der, men den andre er ikkje tilgjengeleg.

Utgangspunktet er at den polske lingvisten Tomasz slit økonomisk. Sambuaren hans overtalar han til å reisa frå Krakow til Noreg for å spora opp faren han aldri har møtt og be han betala det han skuldar. Sambuaren har rekna ut kor mykje ein far ville ha brukt på ein son, og dei pengane har Tomasz krav på.

Han finn ikkje faren, men han (og me andre) opplever mykje rart. Alle dei norske familiane i serien bur i Ullevål Hageby, som akkurat her vert eit slags Twin Peaks. Området er fullt av rare personar og historier. Ein eldre mann finn ut at den like eldre kona hans hadde ein elskar i mange år, og etter at ho får slag finn han ut at han skal herja litt med ho. Eit yngre og meir attraktivt par vil gjerne ha med eit nabopar på noko hankypanky-greier. Mannen i naboparet fingerer sitt eige sjølvmord før han flyktar i båten sin. Ein kvinneleg dokter kjøper ein Porsche som ho (kanskje) frys i hel i. Tomasz arbeider som handverkar, og bruker det han har for handa når det viser seg at dei har gløymt tommestokken. Han greier òg å gjera ei synsk kvinne gravid. 

Og så vidare. Manus er godt, skodespelet er godt, og castinga er strålande. Tomasz ser akkurat så naiv ut som han skal, der han på vegen ut av lingvistikk-bøkene sine møter mangt og mykje nytt.

Guffen tilrår.

18. mars 2025

Cunk on Life (2024)

Etter to seriar, der karakteren Philomena Cunk tok oss med gjennom høvesvis historia til Storbritannia og historia til verda, kom denne filmen. Her handlar det om meininga med livet. Cunk, glimrande spelt av Diane Morgan, strør om seg med gode kommentarar og spørsmål. Det handlar litt om religion og litt om filosofi, og underhaldningsverdien er stor heile vegen.

Som tidlegare snakkar ho med ulike fagfolk. Det er stort sett professorar, og dei svarar så godt dei kan på dei ikkje altfor oppegåande spørsmåla hennar. Cunk er ikkje så oppvakt, men ho har stor tru på ting ho har lese på internett, og ho fortel ofte små og store historier om venen Paul. Dette bryt litt med fagkunnskapane til professorane. Ein gong spør ho til dømes om det er samt at 40 % av alle menneske lever utan skjelett. 

Det er aldeles glimrande humor, dette. Det kan henda at ideen byrjar å verta oppbrukt, men det gjer ingenting: Så langt er det berre stas.

Guffen tilrår.

25. februar 2025

Zero Day (2025)

Nja. Ein serie på det jamne, som både verkar litt utruleg og litt relevant. Alle straumkjelder i USA vert hacka samstundes, slik at landet er utan straum i nøyaktig eit minutt. Det får katastrofale fylgjer; meir enn 3000 menneske misser livet. Presidenten må handla raskt, og den tidlegare presidenten George Mullen får oppdraget med å leia etterforskinga.

Mullen, spela av Robert De Niro, er knallhard og effektiv. Han kvir seg ikkje for å tøya grensene litt, til dømes under avhøyr. Dei fyrste spora peikar (ikkje uventa) mot Russland, men gradvis får dei mistanke om at det heile er gjennomført av amerikanarar i USA. Det handlar altså om at amerikanarar er med på å bryta ned sitt eige land, og då er jo parallelane til dagen USA rimeleg opplagde.

Det er altså ein heilt grei serie, og med seks episodar er lengda heilt fin. Midtveges i serien gjekk det litt trått, men det tok seg opp i dei to siste episodane. De Niro har gjort betre roller før, her er han heile tida formell og litt stiv, men han er jo alltid rimeleg solid. 

Guffen er lunken.

10. februar 2025

Cunk on Earth (2022)

Dette var artig. Det er ein slags mockumentary, der den fiktive journalisten Philomena Cunk tek oss med på ei reise gjennom historia. Ho smiler aldri, ho er dødsens alvorleg, same kor mange rare ting ho seier. Det vert ein slags lystig versjon av Richard Attenborough. 

For ho seier mange rare ting. Av og til er det berre glitrande formulerte setningar, av og til er det djupt originale samanlikningar, av og til er det det reine visvas. Ein vanleg vri er at ho opnar ei utsegn med velkjende (eller mindre kjende) fakta, før ho kjem med nokre setningar som absolutt ikkje er faktabaserte.

Så har ho med seg nokre ekspertar, som vert intervjua om eitt og hitt. Dette er verkelege professorar og andre fagfolk, og dei må svara på spørsmål som gjerne trekkjer etablerte sanningar frå fagfeltet deira i tvil. Dei ler heller ikkje, sjølv om dei truleg veit kva dei går til: Eg har ikkje sett den fyrste sesongen, der Cunk snakkar om britisk historie, men eg tippar den er bygd opp på same viset. Eg tippar altså at dei veit at dei kjem til å få uventa og fantasirike spørsmål, men likevel ser reaksjonane deira rimeleg ekte ut. 

Guffen tilrår.

29. januar 2025

American Primeval (2025)

Me er langt vest i den ville vesten, altså ein stad der det meste er rimeleg vilt, mot slutten av 1850-åra. Me møter fleire personar og grupper:

* Mormonarane i området vil at alle andre skal vekk, slik at dei kan halda på med mormon-ting utan å verta forstyrra.
* Shoshonane, som har budd i området lenge, likar dårleg at fleire har flytta inn.
* Jim Bridger eig og driv eit fort.
* Sara Holloway reiser vestover saman med sonen Devin, og seier at dei skal finna ektemannen/faren som er i Crooks Springs, på den andre sida av gjellet.

Så smell det. Det fyrste dramatiske som skjer er vel at mormonarane kler seg ut som indianarar og massakrerer ei gruppe pionerar, sjølv om fleire av desse er mormonar. Dei trur at alle er døde, men to overlever. Jacob Pratt vert skalpert, men står det over. Kona hans, Abish, greier å rømma og vert teken til fange av paiutane. Mormonarane skjønar at dei har latt to augevitne overleva massakren og prøver å drepa dei på diskret vis. I mellomtida har det kome fram at Sara Holloway faktisk er etterlyst. Dusøren er stor, så mange prøver å fanga ho. Ho får hjelp av supermannen Isaac Reed, som noko motviljug tek på seg å føra Sara og sonen til Crooks Springs.

Noko ordnar seg i løpet av serien, men ikkje alt. Det er ein hard serie, med mykje vald og slikt. Fargepaletten strekar under at dette var harde tider, det går mykje i brunt, grått og gult. Eg synest det meste fungerer bra, og med seks episodar har serien ei heilt høveleg lengd for historia som vert fortalt.

Guffen tilrår.

20. januar 2025

Familien Nerdrum (2024)

Denne serien handlar om kunstnaren Odd Nerdrum og alle rundt han. Han, kona og dei fire ungane deira bur på ein gard ved Stavern, der dei òg gjev husrom til elevane til Nerdrum. Elevane kjem frå heile verda, og bur der nokre månader. 

Den raude tråden er arbeidet for å få til eit Nerdrum-museum i Stavern. Men der er ei rekkje andre trådar. Nokre er interessante, andre irriterer meir. Det er ikkje måte på kor mykje det skal klagast over staten og samfunnet. Det kan gjerne klagast, sjølvsagt, men her handlar det stort sett om éin ting: Dei meiner at det norske samfunnet ikkje likar dei, dei meiner at det norske samfunnet ikkje set kunstnaren Odd Nerdrum godt nok, og dei meiner at det er ei stor skam at staten kan byggja eit museum over Edvard Munch, medan familien sjølv må opna eit museum over Nerdrum. Søknadsskjemaa for tilskot er altfor omfattande, seier dei, og då verkar det nesten som om dei meiner at namnet Nerdrum skal vera nok til å automatisk senda dei fremst i køen. Dei burde kanskje ha litt meir sjølvinnsikt.

Det er meir interessant når Nerdrum, eller kona Turid, eller sonen Øde, snakkar om livet og om kunsten. Dei tre er dei suverent mest interessante. Dei søkjer heile tida etter dei klassiske, det tidlause, og dei søkjer heile tida etter å skapa god kunst. Det er òg fascinerandre å sjå korleis elevane til Nerdrum ser opp til han. Dei har sjølvsagt kome til Stavern av di dei set han høgt, men likevel: Det minner mest om ein religiøs leiar som snakkar til læresveinane sine.

Guffen tilrår.

18. januar 2025

A-laget, sesong 1 (2024)

Eg kallar dette sesong 1. Eg har ikkje sett noko om at det kjem ein sesong til, men det må vera rimeleg opplagt. Eg har ikkje sett liknande program på fjernsyn nokon gong, men eg er samd med dei aller fleste andre: Dette er glimrande greier.

Rundt tretti personar med ulike diagnosar intervjuar ein kjent person. Det er alt. Det verkar så enkelt, og det er kanskje det som gjer at dette er så ekte og menneskeleg. Dei stiller spørsmål om kva som helst, også djupt personlege spørsmål, og det verkar som om dei som vert intervjua set pris på dette. Dei snakkar òg fritt og ope. Her er mykje kjensler, både på fjernsyn og i sofaen, og noko av det som gjer mest inntrykk er korleis intervjuarane reagerer på det som vert sagt. Dei kan le og vitsa, men dei merkar med ein gong at no vart intervjuobjektet rørt eller seriøs, og då vert dei òg alvorlege.

Det er fire episodar i denne sesongen. To av dei, episodane med Jonas Gahr Støre og Fredrik Solvang, er dei klart beste. Episoden med Herman Flesvig er fin, men ikkje på det same nivået, medan episoden med Else Kåss Furuseth er den veikaste av desse. Jamt over er likevel nivået svært høgt, og eg vonar altså på fleire slike intervju.

Guffen tilrår. 

2. november 2024

UXA, sesong 3 (2024)

Den tredje (og visstnok siste) sesongen av UXA minner om dei to fyrste. Thomas Seltzer reiser rundt i USA, der han oppsøkjer personar og miljø som spelar eit stykke frå midtstreken. Det er både lystig og trist: Seltzer er ein god og lun programleiar, som oftast ser det komiske i det han møter. Samstundes er det eit djupt alvor i det han fortel om. Det handlar om det fyrste heimlandet hans, og av og til handlar det om slekta hans: Episoden der han vitjar syskenbarnet sitt, Kim, og veit at det er siste gongen han ser ho i live, er rørande.

I minst ein av dei to fyrste sesongane handla det mykje om den amerikanske draumen. Det er trist å sjå korleis den ikkje er så lett å realisera, noko som òg kan illustrerast ved eit møte mellom Seltzer og slekta. I ein tidlegare sesong møtte me Bubba, som vel er barnebarnet til Kim. Då gjekk han på high school og drøymde om å studera ved MIT i Boston. Karakterane hans var ikkje gode nok til at han fekk stipend, slik at no arbeider han ved Taco Bell. Han bur saman med kjærasten, som er gravid, og som har ein unge frå før. Dei er begge tidleg i 20-åra, og sjølv om han framleis drøymer om MIT, slit eg med å sjå at det er den vegen det går.

Der det tidlegare handla om den amerikanske draumen, er håp eit stikkord i denne sesongen. Finst det eit håp for dette skakkøyrte landet? Det gjer det jo alltid, men det er lett å missa motet av ein serie som dette. Det er eit stort klasseskilje i USA, og for dei nedste klassane er det vanskeleg å klatra. Valet om nokre dagar vil ha mykje å seia, men det er jo fare for at det vert bråk uansett.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

23. september 2024

Historia om Sverige (2023)

For nokre år sidan byrja eg på ein liknande serie om Danmark. Eg likte absolutt det eg såg, men fekk berre med meg eit par episodar før serien var borte vekk frå nettspelaren til NRK. No er turen komen til historia om eit anna naboland, og denne gongen fekk eg heldigvis med meg alt.

Det handlar om historia til Sverige, frå dei fyrste busetnadene til i dag. Det seier seg sjølv at serien ikkje får med alt, men dei får (truleg) fram dei viktigaste hendingane og personane. I fleire av episodane handlar det rett nok om tida då Sverige var ei europeisk stormakt, og her vert det lagt mest vekt på kongar og knektar og krigar. I andre episodar kjem ålmugen meir til sin rett, og dei episodane var minst like interessante. 

Serien vert kommentert av skodespelaren Simon Berger. På same måte som i den danske varianten kjem han av og til gåande inn i ei scene der andre skodespelarar leikar at dei er frå steinalderen, osb. Det er eit grep som fungerer godt. Serien er lærerik, men eg la altså til ordet "truleg" i parentes over - eg trur ikkje oppløysinga av unionen med Noreg vert nemnt med eit ord.

Nokon burde laga ein liknande serie om Noreg.

Guffen tilrår.