7. juni 2017

Paul Auster: The New York Trilogy (1987)

Eg veit ikkje kvar eg fyrste gong høyrde om Paul Auster, men eg hugsar at Brynjulv og eg snakka om han fleire gonger tidleg i 90-åra. Me kasta oss ikkje over bøkene hans med ein gong, men eg kjøpte denne boka tidleg i 1994, og dei neste åra las eg alt av Auster eg kom over. Slik er det til ei viss grad framleis, eg kjøper og les bøkene hans etter kvart som dei kjem ut. Entusiasmen er ikkje like stor for kvar bok no, men den ferskaste boka hans, 4 3 2 1, var god nok til at eg fekk lyst til å gå tilbake til utgangspunktet mitt.

Denne trilogien fengar framleis. Boka er sett saman av tre relativt korte romanar - City of Glass (1985), Ghosts (1986) og The Locked Room (1986). Opninga på den fyrste romanen set tonen for heile forfattarskapen til Auster. Han skriv mykje om korleis tilfeldigheiter pregar liva våre, og romanen opnar med noko som er det mes tilfeldige av alt: "It was a wrong number that started it". Han som får telefonen heiter Daniel Quinn; han i andre enden spør etter privatdetektiven Paul Auster. Quinn forklarar at det er feil nummer, men då han får det same spørsmålet nokre kveldar seinare, svarar han stadfestande.

Quinn går altså gjennom romanen som ein annan enn han er, og dette er eit gjennomgåande tema i dei tre romanane. I Ghosts, som gjorde eit langt betre inntrykk no enn før, sit to menn og overvakar kvarandre, tvers over ei gate i New York. Etter kvart byter dei plass. I den siste romanen, den glimrande The Locked Room, vert ein journalist kontakta av enkja til Fanshawe, barndomskameraten hans. Han har forsvunne, truleg død, og han hadde sagt til kona at viss han forsvann, skulle journalisten gå gjennom alle dei upubliserte verka hans. Utover i romanen vert journalisten gradvis Fanshawe, han giftar seg med enkja, og vert mistenkt for å ha skrive bøkene sjølv.

Der er òg andre ting i boka som er typisk for Auster, som at ein karakter er fødd 3. februar 1947, same dag som Auster, og at Fanshawe var fleire år i Frankrike, som òg Auster var. Det er òg noko leikent i korleis namn dukkar opp att i dei tre romanane. I The Locked Room har enkja fått privatdetektiven Quinn til å leita etter den sakna mannen sin. Både i den fyrste og den siste av dei tre romanane dukkar det opp ein biperson som heiter Henry Dark. Og i opningsromanen er det mange Paul Auster-ar - privatdetektiven som vert omtalt, ein forfattar med kona Siri og sonen Daniel (og som "behaved badly throughout"), kanskje eg-personen (som dukkar opp på nest siste side av boka), og den Auster som Daniel Quinn leikar at han er. Quinn/Auster er hyra inn av Peter Stillman for å overvaka far hans, som òg heiter Peter Stillman. Quinn/Auster tek kontakt med Stillman sr., og presenterer seg som Peter Stillman.

Så dette var eit fint gjensyn. Kanskje eg held fram med dei andre store Auster-romanane frå 1980- og 90-åra, kanskje ikkje.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar