9. august 2023

Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)

Tarjei Vesaas sa ein gong at han sjølv stod i bøkene i alle slags forkledningar. I denne boka er det opplagt at han har henta mykje av stoffet frå eige liv. Som Per Bufast, hovudpersonen i Det store spelet, var Tarjei Vesaas odelsgut, og me må gå ut frå at han sleit med dei same tankane som Per Bufast. Skulle han ta over garden, eller skulle han bryta den lange ætterekkja? Vesaas valde å seia frå seg odelen; Bufast tok garden.

Det er ei fin bok. Alt vert sett gjennom augene til Per Bufast, frå han er liten gut til ung mann. Han ser andre hjelpa til på garden. På skulen må han finna seg ein plass blant dei andre elevane. Han drøymer om jenter, men får ikkje ho han vil ha. (Mellom linene verkar det òg som om han drøymer om ein gut, som han heller ikkje får.) Han ser korleis foreldra og mostera har klare roller på garden, og ser korleis han sjølv skal overta rolla til faren.

Sjølv om den unge Per ofte ynskte seg vekk, vert han altså verande. I oppveksten har han lenge undra seg over kor glad faren er i jord, og korleis det heile tida luktar jord av han. Gradvis går det opp for Per at garden er viktig, og at det nærmast var garden som bestemte. Han må gløyma seg sjølv, for å føra gardsdrifta. "Ein var med i eit stort spel av mange ting og mange krefter, dem som var med i ein gard. Ein var liten sjølv, den som var med i ein gard". 

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar