28. februar 2011

Paul Auster, Paul Karasik og David Mazzucchelli: City Of Glass (2004)

For rundt femten år sidan skreiv eg noko visvas om Auster for ei fanzine Kjartan gav ut. Han illustrerte den teksten med nokre teikningar frå ein Auster-teikneserie. Han hadde ikkje serien sjølv, han hadde berre klipt dei to bileta ut frå ei bokmelding han hadde kome over i ei avis, og eg gløymde heile serien. Heilt til eg kom på han igjen.

City Of Glass er den fyrste romanen til Auster, del ein i New York-trilogien, og det var det fyrste eg las av Auster. Eg visste det sjølvsagt ikkje då, men her vert dei fleste av dei faste ingrediensane i Auster-verda introduserte. Her er ein manglande far. Handlinga er lagt til New York. Hovudpersonen er forfattar. Spørsmålet om kven me er står sentralt. Og her er sjølvsagt tilfeldige hendingar - den mest tilfeldige kjem alt i opninga: It was a wrong number that started it. Daniel Quinn får ein telefon med spørsmål om han er privatdetektiven Paul Auster. Han svarar fyrst nei, men då han får same spørsmålet nokre kveldar seinare, svarar han ja.

Romanen er strålande, eg har lese trilogien fleire gonger. Overgangen til teikneserie er òg vellukka. Fleire sekvensar er imponerande, både den lange monologen til den unge Peter Stillman, refereringa frå boka til den eldre Peter Stillman, og sidene der Quinn sit pal utanfor huset der den unge Stillman bur, er svært fine. Og det er eit eller anna med teikningane som gjer at dei passar perfekt til teksten i romanen.

Quinn gjev seg altså ut for å vera privatdetektiven Auster. Der er ei rekkje ulike Paul Auster-ar i boka - han som har skrive boka, privatdetektiven Auster, og han forfattaren Quinn vitjar i boka. Det går an å sjå dette som ein rein leik, men det går òg an å sjå det som refleksjonar rundt spørsmålet om kven me er, og kor samansette me er.

Serien er ikkje utan humor. Eg har ikkje romanen føre meg her, men kan ikkje hugsa at det der stod noko om namna på dei andre ringjeklokkene i huset der forfattaren Auster bur. Her er derimot fleire namn synlege, og fleire av dei refererer til verkelege eller fiktive personar.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar