26. februar 2018

Ragnar Hovland: Om noko skulle skje (2016)

Reiner og Ingrid er kjærastar. Ingrid døyr, og Reiner vil gjerne treffa ho att. Ho får tips om at Kapteinen, ein pensjonert kaptein i nabolaget, veit om ein veg til dødsriket. Saman med Gule Hund legg dei ut på ei reise dit. I dødsriket er det helst myrkt, dei møter mange mystiske personar og nokre farlege skapningar, og på merkeleg vis greier dei å finna Ingrid.

Romanen vert marknadsført som ei bok for ungdom. I ungdomsbøkene sine er gjerne ikkje Hovland like sprelsk som elles, men det er likevel ei bok ein kan humra litt av - Hovland er jo Hovland.

Inspirasjonen for denne boka, står det på baksida, er myten om Orfeus og Evrydike. Lite skulerte personar som meg kjenner ikkje den myten, men eg trur nok ikkje at det er ein føresetnad for å lika boka. Viss dette er ei bok for ungdom, er det ikkje mange i den målgruppa som har lese klassiske myter. Då fungerer det heller andre vegen - at denne boka kan vera ein veg inn i den myteverda.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Litt betyr det no likevel (2019)

25. februar 2018

Jostein Fet: Stemmer frå ei fjern tid (2014)

Jostein Fet. For ein mann. Han er ein av dei som verkeleg har endra forståinga vår av bondekulturen dei siste hundreåra fram mot 1850 eller 1900. Med storverka Lesande bønder og Skrivande bønder, som begge kom rundt tusenårsskiftet, viste han at bønder både las og skreiv langt meir enn det som var den vanlege oppfatninga. Han har ein suveren kunnskap om dette emnet, og har òg skrive ei bok om alt som vart trykt ved trykkeriet på Ekset i Volda.

Denne boka kom ut det året Fet fylte nitti år. Nokre av artiklane i boka har vore trykte før, medan andre ser ut til å vera nyskrivne, eller i alle fall utrykte. Det er jamt over fascinerande lesnad heile vegen. Han skriv om fleire hundre år gamle bøker som i dag er eller har vore i privat eige, og ved hjelp av innskrifter i bøkene fortel han heile historia deira. Han skriv om visetrykk, og får igjen fram at det var ei stor vilje til dikting hjå ålmugen. Han skriv om dagbøker, han skriv om teikn som er skore inn i husveggar.

Det er stas, i alle fall for ein som er så pass glad i bøker som eg er, å fylgja Fet gjennom desse artiklane. Det er òg lett å sjå at Fet sjølv har likt dette, fleire av artiklane er så velskrivne og flytande at lesinga nesten går av seg sjølv.

Guffen tilrår.

20. februar 2018

Merethe Lindstrøm: Borte, men savnet (1988)

Merethe Lindstrøm er ein av forfattarane eg smått om senn les meg gjennom heile forfattarskapen til. Debutboka hennar, som eg las for ein månad eller to sidan, var det lite positivt å seia om, men dette var eit langt, langt steg i rett retning. Omslaget er rett nok like forferdeleg som på fleire av dei tidlege bøkene hennar, men innhaldet er godt.

Det er ei samling på tolv noveller, alle er relativt korte. Den store skilnaden på denne og den føregåande boka er at mykje er tona ned. Der den fyrste boka av og til var i overkant streetwise, befolka av personar det var vanskeleg å bry seg om, er denne boka full av langt meir spanande personar. Dei me møtte i debutboka kan godt ha vore truverdige, men spesielt interessante var dei ikkje. Det er dei i denne.

Det er korte noveller, av og til heilt på grensa til å vera skisseaktige. Men på desse få sidene får Lindstrøm fram det vesentlege i kvar historie, ho får oss interesserte, ho set oss i den rette stemninga.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)

17. februar 2018

Vidar Kvalshaug: Alt på stell (2016)

I den tidlege forfattarskapen sin veksla Kvalshaug mellom romanar og noveller. Han ser no ut til å vera ein rein novellist; dei fem siste vaksenbøkene hans har alle vore novellesamlingar. Det merkast. I denne boka er det ti noveller, og dei er jamt over gode.

Novellene hans er godt oppbygde. Han er røynd nok til å vita kor tid han skal koma med heile sanninga. Det er ikkje alltid opplagt kva relasjon personane i novellene har, men det kjem fram etter kvart. Normalt veit dei sjølve kven dei snakkar med, men i ei av novellene er det slik at til og med hovudpersonen er usikker på kven han snakkar med. Han har møtt ei kvinne på nettet, har utveksla e-postar og tekstmeldingar med ho, og har avtalt eit møte i Lofoten. Han vert møtt av ein heilt annan person.

Det handlar heile tida om tilhøvet mellom personar. Mellom mann og kvinne, mellom foreldre og barn. Det er noveller utan den heilt store ytre dramatikken, men Kvalshaug får fint fram at det kan liggja mykje dramatikk og mange gode historier i det daglegdagse.

Guffen tilrår.

Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen
Ingen landevei tilbake (1996)
Nesten som på film (1998)
Juling og andre kjærtegn (2000)
Komme hjem og reparere hus (2005)
Den første av dine aller siste sjanser (2009)
Trampolineland (2012)
Blodbøksommer (2017)

13. februar 2018

Carl Frode Tiller: Begynnelser (2017)

Det er kjent Tiller-landskap, dette, og ikkje berre for oss som såg stykket framført som teater. Hovudpersonen i boka, Terje, har mykje godt i seg, men i møtet med andre personar har han lett for å sleppa ut det som ikkje er så godt. I ungdomen fekk han ein valdsdom mot seg, og sjølv om han ikkje er fysisk valdeleg som vaksen, er han hard mot sine nærmaste. Kona flyttar frå han, han vil ikkje ha kontakt med far sin, og han nærmast avskyr systera og mora.

Samstundes er han oppteken av og uroleg for kva me gjer med naturen. Han arbeider i miljøavdelinga i fylkeskommunen, og veit så godt som alt om verneverdige plantar og insekt og dyr. Det er der han deler ut omsorga si.

Boka vert fortalt omvendt kronologisk. Det heile opnar med at Terje tek livet sitt, og så går me stegvis tilbake i livet hans, heilt tilbake til den nervøse barndommen hans. Det er eit grep som fungerer godt. Tiller får òg godt fram kva krefter som dreg i Terje, og fleire av kapitla er små meisterverk. Det er ein fin bok, men eg må diverre dra fram den gamle kjepphesten min: Kvifor i alle dagar greier ikkje eit så stort forlag som Aschehoug å finna ein korrekturlesar som kan nynorsk?

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

11. februar 2018

John Steinbeck: Burning Bright (1950)

I introduksjonen til denne boka fortel Steinbeck kva tanken med denne boka var: Han hadde sett seg lei på at skodespel var så vanskelege å lesa - i tillegg til replikkane var det gjerne berre nokre knappe setningar om klede og scenografi. Han såg altså dette som eit skodespel, men har skrive det som om det var ein vanleg roman, med mykje tekst rundt replikkane. Han kalla denne forma play-novellette.

Og det er akkurat der problemet med boka ligg. Replikkane er uventa livlause, medan rammeforteljinga er uventa enkel. Me møter fire personar. Joe Saul, den noko yngre kona hans Mordeen, bestevenen Friend Ed, og Victor, ein litt meir perifer kar. Mordeen er gravid, og alle andre enn Joe anar at det truleg er Victor som er faren. Det vert òg stadfesta mot slutten av boka. I fyrste akt arbeider dei på sirkus, i andre akt er dei på ein liten gard, i tredje og siste akt er dei fyrst på havet, før ungen vert fødd på eit sjukehus.

Det heile snublar seg framover. Her er lite som engasjerer, og sjølv om eg ikkje har noko problem med at forfattarar eksperimenterer med form eller innhald, verkar det som om det er det einaste Steinbeck la mykje arbeid i her.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

10. februar 2018

Rolling Stone - Stories from the Edge (2017)

Eg har aldri vore nokon ivrig lesar av det amerikanske bladet Rolling Stone. Eg bladde ofte gjennom det når eg var innom lesesalen på biblioteket i Bergen, og nokre gonger dukka det sjølvsagt opp grundige og gode intervju med spanande folk. Det var vanlegare at dei skreiv om artistar eg såg (og ser) som keisame, eller om politikk eller samfunn i artiklar som berre interesserte meg sånn måteleg. Det var mainstream og vel så det.

Bladet fylte 50 år i fjor, og fekk laga denne miniserien. At det er bladet sjølv som står bak bør få det til å kima kraftig i klokkene. Kva tek dei med, kva kuttar dei ut? Det er ikkje ukritisk, men det er ofte mangelfullt. I serien vert det fortalt om ein artikkel der dei intervjua ein kvinneleg student som fortalde om ein gruppe-valdtekt på campus. Dette var rein bløff, viste det seg, og i serien snakkar fleire om korleis det fekk redaksjonen til å skjerpa arbeidsmåtane sine. Dei snakkar ikkje om at det kosta bladet millionar, og at bladet òg fekk ei uvanleg djup ripe i lakken sin.

Serien konsentrerer seg om relativt få hendingar, og fortel inngåande om desse. Mange av dei friskaste journalistane deira vert òg grundig presenterte. Fleire av desse fortel at dei måtte overtala utgjevar og redaktør om at dette var viktig stoff, og slik kom bladet til å skriva om punk og rap. Og om grunge, for så vidt. Dette viser at bladet var ope for musikk litt utanfor mainstreamen, men det viser òg at det tidvis måtte ein del overtaling til. Av og til svingar det svært av serien, alle scenene med Hunter Thompson er til dømes glimrande, men her er òg altfor mykje daudtid.

Guffen er lunken.

9. februar 2018

John Ingham: Spirit of 76 (2017)

John Ingham var journalist i Sounds midt i 1970-åra. Han fekk tidleg sansen for punk, og var ein av dei som skreiv mykje om den nye musikken og det nye miljøet. Han var sjølvsagt på ei rekkje konsertar, hadde ofte med seg kamera, og denne boka viser mange av fotoa han tok. Det er konsertbilete med the susal suspects (Sex Pistols, Clash, Damned og andre), og det er mange bilete av publikum.

Dette er så pass tidleg at det enno ikkje har festa seg eit nokolunde fast bilete av korleis punkarar skulle sjå ut, slik at det er stor variasjon i korleis dei ser ut, og dei fleste skapte enno sin eigen stil. Berre unntaksvis var det vellukka, i alle fall sett i ettertid.

I føreordet skriv Ingham at fleire har oppmoda han om å publisera desse fotoa, mellom anna av di han var ein av få som tok fargefoto frå denne tida. Dei fleste bileta er likevel i svart-kvitt. Her er mange flotte bilete, men eg sit vel att med ei kjensle av at det vert for likt, og at ein godt kunne redusert talet på bilete noko.

Guffen er lunken.

8. februar 2018

Siri Hustvedt: The Blindfold (1992)

Dette er debutboka til Siri Hustvedt. Romanen er firedelt, og viss eg hugsar rett, var (minst) to av delane publisert som eigne tekstar andre stader. Kvar tekst står godt på eigne bein. Hovudpersonen er Siri Vegan, ein student som ikkje lever i altfor stor velstand. Ho treng heile tida pengar, men kvir seg for å be foreldra om pengar. I staden tek ho strøjobbar, ho jobbar mellom anna for ein professor med ei omsetjing av ei obskur tysk bok.

Ho treffer mange menn, mellom anna den nemnde professoren. Ein gjennomgåande personer kunstkritikaren Paris, som verkar vanskeleg å lika, men som Vegan har glede av å snakka med. Andre menn kjem og går. Ho sit modell for ein fotograf, og vert overraska når alle kjenner ho att frå biletet. Ho vert innlagt på ein nerveheim. Og mykje meir.

Det er altså ei bok med mange små historier, og der det einaste fellestrekket er Vegan. Eit gjennomgåande tema er korleis kvinner/jenter vert behandla; Vegan er aldri den sterke i nokre av forholda sine.

Nokre av delane av boka er vellukka, andre er mindre gode. Den lange sistedelen er òg den seigaste å koma gjennom.

Guffen er lunken.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)
Memories of the Future (2019)

4. februar 2018

Bodil Stenseth: Quislings ran (2017)

At Vidkun Quisling ville bu i eit herskapleg hus under andre verdskrigen burde ikkje vera så overraskande. At han fann eit høveleg hus, og brukte enorme statlege summar på å setja det i stand, burde heller ikkje vera så overraskande. Og det burde heller ikkje vera overraskande at han fekk dekt interiøret på same måten. Likevel er det mykje som overraskar i denne boka.

Det er ei bok som fortel historia om Villa Grande på Bygdøy, frå det spede opptaket til Sam Eyde i 1917, til HL-senteret flytta inn der i 2005. Eyde fullførte aldri bygget, og etter at nokre andre hadde vore innom som eigarar overtok staten det i 1941. Quisling flytta inn der, fullførte bygget, og budde der. Som i ein festning. Det var vakter overalt, det vart bygd ein bunker, og heile eigedomen var sjølvsagt inngjerda.

Stenseth viser korleis Quisling tappa statskassa når han trong noko. Og korleis han, ved hjelp av antikvitetshandlarar, overtok møblar og sølvtøy og anna verdfullt frå husvære der jødar hadde budd. Ho nemner ofte kva dei einskilde prosjekta kosta, men kjem aldri med noko oversikt over kor mykje det kosta.

Det er ei god og interessant bok, sjølv om dei siste kapitla trekkjer ned. Hus-historia er ikkje like spanande dei siste tiåra, og ho legg altfor mykje vekt på prosessen som førte fram til at HL-senteret vart oppretta og fekk flytta inn der. Det trekkjer òg litt ned at ho av og til ikkje greier å presentera det omfattande kjeldematerialet på ein oversiktleg måte, og at språket ikkje flyt like godt heile tida.

Guffen tilrår.

3. februar 2018

Arno Vigmostad: Gründerår (2016)

Vigmostad og Bjørke er det store eventyret i norsk forlagsverd dei siste tjue åra. Forlaget vart skipa i 1990, og dei fyrste åra var alle utgjevingane retta mot skuleverket - mange eksamenshefte, mange lærebøker. Dei har kjøpt opp andre forlag, gjev ut bøker om alle emneområde (inkludert skjønnlitteratur), og er i dag det fjerde største forlagshuset i landet.

Forlaget vart grunnlagt av Arno Vigmostad og Arnstein Bjørke, medan begge studerte ved NHH i Bergen. I denne boka fortel Vigmostad om dei vanskelege og fargerike oppstartsåra, fram til ein personaltur der han innser at gründeråra er forbi. Han skriv godt, og boka har ei fin form: Boka er på 126 sider, men har likevel heile 40 kapittel. Kvart kapittel har sitt poeng eller si historie, og den knappe forma gjer at både poeng og historier kjem raskt fram.

Boka er likevel ikkje like interessant heile vegen. Det svingar mest når han fortel om korleis dei to prøver seg fram, korleis dei prøver å med seg forfattarar, korleis dei reiser til bokmesser utan å vita heilt kva som ventar dei. Vigmostad fortel godt om korleis dei lærer seg faget samstundes som dei greier å overleva som forlag. Ein stad etter midten av boka endrar tonen seg litt, og då er det ikkje like sjarmerande. Her vert Vigmostad meir ein besserwisser, som ser ut til å trivast litt for godt med å fortelja andre forlag at også nykomarar kan vita noko om korleis forlag skal drivast.

Guffen tilrår.

Meir Vigmostad på kulturguffebloggen
Forleggerliv (2019)