27. oktober 2019

Ragnar Hovland: Litt betyr det no likevel (2019)

Eg les ikkje Klassekampen dagleg lenger, og veit ikkje om Hovland framleis skriv om bøker der. Men eg hadde stor glede av å lesa bok-essaya hans der for nokre år sidan, og det var òg stas å lesa dei 19 utvalde essaya han har teke med i denne boka. 14 av dei har vore trykt i Klassekampen.

Det er altså (stort sett) essay der Hovland skriv om bøker. Nokre av dei er favorittbøkene hans, andre er bøker han av ulike grunna har teke for seg. Fleire av bøkene er slike han las for lenge sidan, og som han har henta fram att. Han skriv om både kjende og mindre kjende forfattarar, og med nokre få unntak er det ikkje dei best kjende verka til forfattarane han skriv om. Tre av forfattarane han skriv om er norske, og to av dei kan godt vera døme på at det eg nett nemnde - han skriv om Garborgs Trætte mænd og Fløgstads Den hemmelege jubel.

Det er ei fin bok. Det er fint å lesa om bøker eg har lese sjølv, men det er like fint å verta introdusert for nye bøker. Etter å ha lese om indianarbøkene Hovland las då han var gut fekk eg lyst til å gå tilbake til dei same bøkene - eg las dei nokre år seinare. Og her står òg om bøker eg ikkje har merka meg med før, sjølv om eg må ha lese om dei, som Cold Comfort Farm av Stella Gibbons.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)

20. oktober 2019

Stephen Morris: Record Play Pause (2019)

Eg funderte litt på om eg skulle kjøpa denne eller ikkje. Morris var trommeslagar i Joy Division og er trommeslagar i New Order. Eg har lese fleire bøker om historia deira, spesielt Joy Division, og Morris vert gjerne sett på som den mest anonyme i det bandet. Begge dei to andre attlevande har skrive om tida si i bandet, og då var det kanskje nok?

Det var det ikkje. Morris fortel same historia som dei andre, men han ser det sjølvsagt frå ein litt annan vinkel, og han fortel det på ein langt betre og meir underhaldande måte. Begge dei to andre har streka under at medlemmane i Joy Division var langt meir lystige og glade enn musikken deira tyder på. Dette er den fyrste boka der det kjem tydeleg fram. Morris skriv godt, kreativt og morosamt - ved eit par høve lo eg høgt.

Boka vert presentert som "Volume 1", og det heile sluttar i overgangen mellom Joy Division og New Order. Han skriv litt for mykje om tida før han tek til i bandet, men mykje av det han tek med derfrå er relevant. Han var oppteken av musikk, han såg seg om etter alternativ til kontorjobben han hadde, og han var litt for glad i å rusa seg. Om bandet skriv han mest om eiga rolle - han var lenge ansvarleg for bookinga deira, og han var ein av dei som var mest open for å bruka trommemaskiner og synthar.

Kapitlet om den dagen Ian Curtis tok livet sitt er finfint. Biletmaterialet er suverent, og heilt annleis enn i dei aller, aller fleste rockebøker eg har lese. Her er det ikkje dyrking av eige ego, her er det i staden ei rekkje bilete som verkar malplasserte, men som likevel gjev meining under lesinga. Eg vonar det kjem ein del to av denne forteljinga.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

19. oktober 2019

Falskmynterne i Sachsenhausen (2007)

Ei sann historie frå krigen. I konsentrasjonsleiren Sachsenhausen dreg tyskarane i gang ein massiv produksjon av falske setlar. Målet er å påverka økonomiane i Storbritannia og USA, og fangar med særskilte talent får oppdraget med å produsera setlane. Dei har høgare status enn andre fangar, og får betre sengar og betre mat enn dei andre. Å laga pund-setlar går glimrande, men når dei skal laga dollar er det ein av dei som saboterer heile tida. Dei får ein frist - får dei ikkje skikk på det i løpet av seks veker vert fem av falskmyntarane drepne. Hovudpersonen i filmen greier det (utan hjelp frå sabotøren), men før det vert storproduksjon av dollar tek krigen slutt.

Det finst mange rare historier frå andre verdskrigen, og dette er definitivt ein av dei. Filmen er heilt grei, der nokre av falskmyntnarane har ulike haldningar til jobben. Hovudpersonen er ein røynd banditt, ein falskmyntar, og for han er samarbeid med tyskarane ein ny måte å overleva på. Ein annan, sabotøren, er politisk fange, og meiner at dei bør kjempa mot nazistane også her, sjølv om det kan føra til at dei misser livet.

Guffen tilrår.

15. oktober 2019

Agnes Ravatn: Dei sju dørene (2019)

Denne romanen har vore omtalt som ein krim, og det var kanskje ei litt uventa vending i forfattarskapen til Ravatn. Det kan godt vera at det er rett å kalla boka for krim, men det er i tilfelle ei uvanleg velskriven og godt komponert krimbok.

Nina Wisløff er professor i litteratur, og snublar over eit mysterium ho prøver å løysa. Alle rundt ho er ikkje overtydde om at det faktisk er eit mysterium, men ho finn små spor og tenkjer seg fram til kva som kan ha skjedd, og brått ser ho tydeleg kven som har gjort kva. Det viser seg at det ikkje var rett, men så finn ho ei anna løysing. Og endå ei løysing. Desse stadige retningsskifta minner om noko Hitchcock kunne ha filma.

Utgangspunktet er at Wisløff og mannen må flytta frå barndomsheimen hennar i Bergen, av di bybanen skal gå akkurat der. Dotter deira er òg på leit etter hus, og dei kjem på at ho og familien kan overta eit anna hus Wisløff og mannen eig. Ho som bur i det huset vert heilt sett ut då mor og dotter Wisløff kjem på døra, og nokre dagar seinare vert ho meldt sakna. Og det er omtrent her privatdetektiven Wisløff vaknar.

Det er altså velskrive og godt, dette her. Her er som vanleg mange gode observasjonar og gode replikkar, og det er ei bok vel verdt å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)

14. oktober 2019

El Camino (2019)

Litt skeptisk var eg, sjølvsagt. Breaking Bad er den beste fjernsynsserien eg har sett, og ein film som fortel om kva som skjedde etterpå kan fort verta eit antiklimaks. Slik var det ikkje her, men det var likevel ikkje heilt som i gamle dagar.

Veldig kort versjon: Breaking Bad handla om ein kjemilærar, Walter White, og ein slackar, Jesse Pinkman, som slo seg på på dealing. Serien slutta med at Pinkman var teken til fange av nokre lokale bandittar. White greidde å befri han, men døydde av skadene. Pinkman stal bilen til ein av bandittane, og køyrde vekk. Og det er akkurat der denne filmen tek til.

Det er stas å sjå Pinkman igjen. Det er stas å vera i BB-modus igjen, og det er stas med dei litt uventa vinklingane i historia. Det er ikkje mange av dei, det er i det heile ein kompakt historie. Grovt sett er det berre fem scener/episodar, med ein del tilbakeblikk innimellom. Som i serien går det ikkje alltid slik Pinkman vil, men som i serien finn han som regel ei løysing.

Det er ein heilt grei film, men truleg berre for dei som har sett heile serien. Det er noko som manglar. Noko av det som gjorde serien så glimrande var samspelet mellom Pinkman og White. White er med i eit tilbakeblikk her, men det går fort over. No må Pinkman bera alt åleine, og det er det berre så vidt han greier.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

13. oktober 2019

Sara Marcus: Girls to the Front (2010)

Tidleg i 1990-åra vaks det fram ei rørsle i USA eg sympatiserte sterkt med. Musikken deira fenga ikkje så mykje, men utgangspunktet var greitt: Jenter og kvinner ville stå på scena, dei ville stå ved scena, dei ville skriva og snakka som dei ville, og dei ville gjera det utan å verta trakassert og sett ned på berre av di dei var kvinner.

Rørsla, som etter kvart fekk namnet Riot Grrl, eller Riot Grrl Revolution, var ikkje spesielt godt organisert, og ville heller ikkje vera det. Ho vaks fram i område og byar der det var ein aktiv musikalsk undergrunn - i hovudsak på den nordlege stillehavskysten og i hovudstaden Washington DC. Mange spelte i bandet, fleire gav ut fanziner, og alle stader etablerte dei eigne møte der berre jenter/kvinner fekk vera med.

Marcus viser korleis dette var eit viktig miljø for mange; for nokre var det livsviktig. Her kunne dei møta likesinna, anten for å ha nokon å snakka med eller for å ha nokon å skapa med. Dei hadde eigne mini-festivalar, og omtalen av den eine av desse viser òg kvifor rørsla raskt dabba av. Denne festivalen var i Omaha, Nebraska, altså langt frå austkyst og vestkyst. Dei to arrangørane hadde arbeidd hardt for å organisera alt - konsertar, seminar, workshops, osb, men dei som kom var stort sett berre interessert i å få seg ein god fest. Det var sikkert vel unnt, men samstundes tok det heilt piffen frå dei to arrangørane. Marcus har invitert ei rekkje av dei som var involverte, og historia til dei to frå Omaha er ikkje spesiell. I staden for å stå samla vart òg rørsla prega av mange interne stridar, der tilhøvet til media var eit gjennomgåande problem. Skulle ein snakka med dei største avisene og fjernsynskanalane? Og kven skulle i tilfelle gjera det?

Guffen tilrår.

12. oktober 2019

Astrup. Flammen over Jølster (2019)

Dei siste åra har det kome fleire norske biografi-filmar. Det er som regel noko å utsetja på dei - det kan handla om lengd, det kan handla om at dei fortel historiene veldig tradisjonelt, det kan handla om at det er dei same skodespelarane som dukkar opp overalt, det kan vera andre grunnar. Difor er det svært befriande og gledeleg at det dukkar opp ein film som er heilt annleis, og som er svært vellukka.

Det handlar om kunstnaren Nikolai Astrup. Han vaks opp i Jølster, og budde det meste av livet sitt der. Han var kunstnar, han såg ting naboane ikkje såg, og levde livet sitt heilt ulikt dei. Han var godt likt i bygda, og hadde (minst) ein nabo som forstod han godt.

Filmen fortel ikkje alt om livet til Astrup, men han fortel nok. Han bryt med slektsrekkja, og vert ikkje prest. Han er ein leikande og teiknande mann. Han giftar seg med ei kvinne som er langt yngre enn han, og som berre var femten år då dei gifta seg. Han er litt skrøpeleg, og døyr 48 år gamal.

Han måla fantastiske bilete, og denne filmen er òg særs vakker. Dei finfine bileta står i kø, mykje naturbilete frå Jølster, men òg andre bilete er flotte.

Guffen tilrår.

10. oktober 2019

Mean Streets (1973)

Denne filmen har ikkje den mest originale historia. Me er i New York, og i dei mest lugubre delane av Manhattan. Gatene er dominerte av små og store gangsterar, og det handlar mest om to av dei. Den eine har ein mektig mafiaonkel; den andre er ein fersking som tøyer dei interne grensene litt for mykje. Han skuldar pengar overalt, og han er ikkje spesielt interessert i å betala gjelda si. Han fyrste prøver å hjelpa han, men det går ikkje, og filmen endar med at begge vert drepne.

Om ikkje historia er så original, så er det likevel mykje bra med filmen. Det aller meste skjer om kvelden eller natta, slik at det er myrkt nesten heile tida. Det skapar ei stemning som står godt til filmen elles. Det beste med filmen er likevel skodespelarane. Dei to hovudrollene vert spela av Harvey Keitel og Robert DeNiro, som begge er svært tidleg i karriera si. Spesielt DeNiro ser svært ung ut, men han leverer likevel ei overtydande rolle. Filmen er regissert av Martin Scorsese, som òg var tidleg i karriera her.

Guffen tilrår.

9. oktober 2019

Gunnhild Øyehaug: Presens maskin (2018)

Ein av dei to hovudpersonane i denne boka les ei diktbok, og slumpar til å lesa ordet trädgård feil. Ho byter om to bokstavar, og før ho veit ordet av det vert ho flytta til ei anna verd, ei verd som finst side om side med verda ho høyrde til i før. Ho vert riven vekk frå dotter si, og utover i boka handlar kapitla anten om mora eller
dottera.

Dei er både like og ulike. Begge spelar piano, og begge vert med på ei framføring av Vexations av Erik Satie, eit stykke der dei same to linene vert spelt 840 gonger. Ei framføring av dette verket tek lang tid, gjerne over tjue timar, og på framføringa dei vert med på er mange pianistar med. Dei to ser ikkje kvarandre, dei er framleis i ulike verder, men i kvar si verd sit dei seg ned samstundes. Og spelar.

Det er ei fin bok, det er ei leikande bok. Me møter sjølvsagt langt fleire enn mor og dotter, mora er gift, dottera er sambuar, men me møter òg andre. Far til dottera dukkar opp i begge verdene. Det gjer òg forteljaren, som kikar innom med ein kommentar av og til, og som ringjer på dører av og til. Boka er velskriven, forteljinga er god og original, og det heile er nok eit prov på at Øyehaug er ein forfattar heilt i toppsjiktet.

Guffen tilrår.

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)
Gunnhild, kona til Eirik Blodøks (2023)

8. oktober 2019

Cormac McCarthy: The Orchard Keeper (1965)

Eg har vel lese rundt halvparten av romanane til McCarthy. Nokre er glimrande, medan andre er litt seigare å koma gjennom. Denne høyrer til i den siste kategorien.

Det er debutromanen til McCarthy. Språket er tidvis glimrande, og dei som berre leitar etter fine setningar må gjerne kasta seg over boka. Handlinga i boka er det verre å få tak på. Me er i dei amerikanske sørstatane, ein gong mellom dei to verdskrigane. Her er tre hovudpersonar, frå tre ulike generasjonar. Yngstemann, John Wesley Rattner, har mist far sin. Han i midten, Marion Sylder, drap far til Rattner. Den eldste, Uncle Arthur Ownby, lever langt inne i skogen, og han vert litt ufriviljug blanda inn i drapet, då Sylder dumpar liket på eigedomen til Ownby. Liva til dei tre viklar seg inn i kvarande, og dei to yngste får ei stund eit nært forhold, sjølvsagt utan at dei veit at han eine drap far til den andre.

Det går seint, og det er ofte vanskeleg å vita kva som skjer. McCarthy har skrive tydelegare romanar enn denne. Noko av det som fascinerte med boka var kor mykje det minna om den siste romanen eg las av William Gay. Det skjer i det same landskapet, og språket er mykje likt. Men alt i alt var altså dette ikkje så altfor mykje å skryta av.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)