18. februar 2012

Jon Fosse: Olavs draumar (2012)

Å skriva noko vitugt om bøkene til Jon Fosse er vanskeleg. Det er ein typisk ord vert fattige-situasjon - han har eit så totalt grep over språket sitt, at det meste anna vert puslete. Eg er ikkje Fosse-fantast, men eg las Bly og Vatn då ho kom i 1992, og har seinare lese dei fleste romanane hans, og sett nokre av skodespela. Høgast set eg den makelause Morgon og kveld, men også Andvake gjorde sterkt inntrykk.

Olavs draumar er eit slags framhald av Andvake. Olav hadde òg ei av hovudrollene der. Rett nok heitte han Asle i den boka, men av grunnar som etter kvart vert tydelege har han valt å skifta namn, og å skriva om heile livssoga si. Han skal inn til Bjørgvin for å kjøpa ringar til seg og Åsta (som heitte Alida i Andvake), men det går ikkje heilt etter planen.

Det verkar som om romanen går inn og ut av røynda, og som om noko av det me les om skjer i ei draumeverd. På tre-fire ulike stader møter han Gamlingen, til dømes, det verkar nesten som om det er ein innbilt person. Og medan Olav er i Bjørgvin ser han at Åsta er der, sjølv om han veit at ho ikkje er der. Både draumeverda og den reelle verda er utrygge stader, han er usikker overalt. Nokre vil han snakka med, andre går han rett forbi.

Det er ei fin bok, med ei solid oppbygging. Og sluttsida, der han tenkjer på Alida, og tenkjer på den blenkjande fjorden han såg i opninga av boka, er glitrande. Boka er likevel ikkje heilt oppe på nivå med Andvake.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar