29. juni 2013

Klokkene ringer for deg (1943)

Filmen er regissert av Sam Wood, som òg regisserte to Marx Brothers-filmar. Han var ikkje vidare imponert over skodespelareigenskapane til Groucho, og sa ein gong at "You can't make an actor out of clay". Groucho svara "Nor make a director out of wood". Skal ein døma ut frå denne filmen, hadde Groucho eit poeng. Det meste går galt her.

Filmen er basert på ein roman av Ernest Hemingway. Ein amerikanar kjempar i den spanske borgarkrigen, og har fått i oppdrag å sprengja ei bru i ein trong fjelldal. Han kjem i kontakt med nokre opprørarar der, og der vert konfliktar, kjærleik, motgang og medgang. Han greier til slutt å sprengja brua, men misser livet rett etterpå.

Filmen rører seg knapt. Eg har ikkje lese romanen, men det kunne sikkert gått an å laga ein god film ut av dette. Men den uendeleg seine framdrifta, dei ekstremt seige kjærleiksscenene, dei altfor falske bakgrunnane og den irriterande overspelinga gjer at det heile nesten vert vondt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Hemingway på kulturguffebloggen
The Old Man and the Sea (1952)

28. juni 2013

Motorpsycho (Ekstremsportveko, Voss 27.6.2013)

Det er andre tider. Midt i åttiåra arrangerte me i Voss rockeklubb ein festival på Prestegardslandet. Me snikra scenen sjølv, me booka banda sjølv, me selde billettar sjølv, me gjorde vel alt sjølv. Ekstremsportveko held til på omtrent same staden, i eit enormt telt, med mange barar, med skikkeleg matservering, og så vidare. Den einaste fellesnemnaren er at det burde vore fleire som såg på.

For det var eit rart skue. Det suverent beste bandet i Noreg, og eitt av dei beste banda i verda, gjorde seg klare til å gå på scena. Dei finpussa lyden, justerte mikrofonstativa og la fram handklede, og det var heilt tomt framfor scena. Heilt tomt. Då konserten starta ti minutt seinare kom der folk frå andre delar av området, men spesielt folksamt var det aldri framfor scena.

Setlista til Motorpsycho var tilpassa festivalpublikummet. Dei lange, til dels introverte improvisasjonspartia var lagt vekk, og hovudvekta låg i staden på kortare, raskare songar. I alle fall i utgangspunktet - Motorpsycho er jo Motorpsycho. Der kom litt improvisasjon, og det var merkbart korleis stemninga i publikum gjekk ned kvar gong.

Konserten opna med "Year Zero", ein song som er skreddarsydd som opningsnummer. Det startar litt slentrande, litt skeivt, men byggjer seg sakte opp med stadig meir solide gitarveggar. Før det heile stoppar igjen, og gitarist Snah syng med den sårbare stemma si. Bandet heldt fram med dei to fyrste songane frå den siste plata, Still Life With Eggplant, og det sat heilt perfekt. Lyden var til og med krystallklar. Men så gjekk det litt opp og ned. Mest opp - nedturane var eit par lite inspirerte instrumentalparti på "Cornucopia" og "Überwagner".

Dei gav seg etter rundt to timar, medrekna ein glitrande "Hogwash" som einaste ekstranummer. At den songen, som er henta frå debutplata Lobotomizer (1990), framleis fengar, er eit godt prov på korleis bandet greier å fornya seg. Det er den same songen, men i ein heilt, heilt annleis versjon. Eit anna døme på fornyinga er, slik eg har nemnt tidlegare, at dei stadig finn nye leikekameratar. Også denne gongen var Reine Fiske med på gitar, og det er eit godt val. Eg vonar han vert med lenge.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

24. juni 2013

The Man from Laramie (1955)

Det er sommar, det er sol og det er sundag, og på NRK2 kjem det, i år som i fjor, westernfilmar litt ut på kvelden. Eg slangar meg på sofaen, utan dei altfor store vonene. Her vart eg positivt overraska. Denne filmen har mange av dei typiske kjenneteikna til westernfilmar, men her er òg nokre uventa vriar. Vanlegvis tek det ikkje lang tid før ein skjønar kven som er the good guy og the bad guy; her tek det litt tid før det vert klart.

Will Lockhart kjem til ein isolert småby. Byen er kontrollert av farmaren Alec Waggoman, og Lockhart kjem snart på kant med sonen til Waggoman. Lockhart vert skulda for det eine og det andre, men greier å reinvaska seg, og vert òg godteken av Waggoman. Han ordnar òg indirekte opp i det som var den eigentlege grunnen til at han kom til denne byen - broren vart drepen av nokre apache-indianarar, og Lockhart ville finne ut kven som hadde selt våpen til desse indianarane.

Ein grei historie, og grei tidtrøyte seint på kvelden. Filmen er fint filma, i det vanlege storslegne landskapet. Og hovudrolla vert spela av James Stewart, og det er jo som regel grunn god nok til å sjå ein film.

Guffen tilrår.

22. juni 2013

Erik Bye: Spinn, mitt hjul (1971)

Lagar dei slike folk som Erik Bye i dag, veit eg ikkje kvar dei gøymer seg vekk. Han var djupt interessert i verda rundt seg, men mest av alt var han nyfiken på menneska i verda. I denne boka er der rundt ti tekstar, dei fleste er fine portrett frå ulike kantar av verda.

Bye var mykje på reis for NRK, og stykka frå Afrika ser ut til å vera frå nokre NRK-turar han hadde dit. Han er i farlege område, men har likevel augo meir opne for dei som bur der, enn for å tryggja sitt eige skinn. Han vil forstå dei, han vil prøva å tenkja som dei, og det gjer han, langt på veg. Det fører òg til at han ser på seg sjølv med nye auge.

Han er altså på mange kantar av verda, men dei to finaste portretta er likevel av nordmenn - rett nok nordmenn med reiselyst. Han skriv varmt om far sin, som også overførte si eiga eventyrlyst til sonen. Og han skriv svært fint om Orville Bakken frå Nord-Dakota, som for fyrste gong vitjar landet bestefaren utvandra frå, og som reknar med at han må betala overvekt på flyturen heim att, sidan han har teke med seg så mykje norsk stein som souvenirar.

Guffen tilrår.

Meir Bye på kulturguffebloggen
Munnspill under åpen himmel (1966)
Å skyte en teddybjørn (1987)
Arvid Bryne: Hildringstimer (2001)
Asbjørn Bakke: Erik Bye (2017)

16. juni 2013

Pete Townshend: Who I Am (2012)

Endå ein sjølvbiografi skriven av ein gamal rockar eg eigentleg ikkje har noko forhold til. Det er jo ein trend i tida at dei var ein slags rockepionerar i sekstiåra skriv om livet sitt. Eg har vore gjennom nokre av dei, og både boka til Keith Richards og boka til Neil Young var verdt å lesa.

Who I Am har mest til felles med boka til Richards, også denne boka er strengt kronologisk. For dei fleste er det tida Townshend var med i The Who som er interessant, og kanskje mest tida fram til midten av syttiåra. Townshend bryr seg lite om dette, han skriv like mykje og like detaljert om ting som skjedde i dei seinare tiåra. For han verkar det sikkert rett; for lesaren er det heilt feil. Eg gjekk i alle fall fort lei av å lesa om stadig nye oppsetjingar og variantar av Tommy og Quadrophenia, pluss å høyra om stadig fleire damer han var bortpå. Kvifor i alle dagar trur Townshend at me er interesserte i å lesa om akkurat det?

For meg burde han altså skrive langt meir om den fyrste halvdelen av livet sitt. Sidan han skal skriva om heile livet sitt, vert også dei viktige platene som kom i sekstiåra reduserte til nokre få avsnitt. Han skriv meir om korleis han slit med å få realisert prosjekt det knapt vert noko av i åttiåra, medan det altså står for lite om musikken og songane han vert hugsa for.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mystery Train (1989)

Ein tredelt film, der alle karakterane er innom eit lite hotell den same natta. Handlinga er lagt til Memphis, Tennessee.

Den fyrste delen handlar om eit ungt par frå Japan, som kjem med toget til Memphis. Ho vil sjå Graceland; han vil sjå Sun Studios. Dei får sett begge delar, og overnattar på hotellet. Ho snakkar heile tida; han er stor sett oppteken av å sjå bra ut.

I den andre delen møter me ei italiensk kvinne. Det ser ut til at ho har vore på ferie saman med mannen. Han har mist livet, og ho må vera i byen nokre dagar før liket kan sendast heim. Om natta vert ho plaga av to menn, og tek inn på hotellet. I lobbyen møter ho ei amerikansk kvinne, og dei vert einige om å dela eit dobbeltrom, for å spara litt pengar.

Til slutt møter me bror og eks-kjærasten til den amerikanske kvinna. Saman med ein tredje mann ranar dei ein butikk, og søkjer tilflukt på hotellet, der dei kjenner nattevakta.

Eks-kjærasten er engelsk, slik at eit gjennomgåande tema er utlendingar i Amerika. Det er den amerikanske popkulturen som fengjer både det japanske paret og den engelske eks-kjærasten. Samstundes er det eit Amerika i forfall dei er vitne til, det er ikkje måte på kor triste delar av Memphis dei er i.

Visuelt er filmen glimrande. Forteljingane vert fortalde i eit behageleg tempo, bortsett frå den fyrste delen, der det går for seint. Kombinert med at det unge paret er heller uinteressant vert dette den dårlegaste delen av filmen. Resten av filmen er derimot finfin.

Guffen tilrår.

14. juni 2013

Police Squad (1982)

Dei aller, aller fleste fjernsynsseriane held på altfor lenge. The Office får gjerne skryt for at dei gav seg etter tolv episodar, slik tilfellet òg var med Hotell i særklasse. Det vart berre laga seks episodar av Police Squad, men det var ikkje av eiga vilje - serien vart kansellert av ABC.

Det er vanskeleg å skjøna i dag. Serien er tidvis glimrande. Han er ein parodi på detektivseriar, og til å spela hovudrolla i ein slik parodi kan ein vanskeleg tenkja seg ein betre eigna skodespelar enn Leslie Nielsen, i rolla som Frank Drebin. Han ser ut til å vera rundt seksti, er kraftig hjulbeint, og har stort sett berre eit ansiktsuttrykk. Er han dum? Er han smart? Er han heldig? Det er høgst uklart.

Saman med ein annan politimann løyser han relativt enkle mysterie. Det er ikkje mysteria som er interessante, og det er heller aldri vanskeleg å finna ut kva som har skjedd. Rundt oppklaringane fløymer det av visuelle og verbale vitsar. Språklege misforståingar florerer det av, som i den fyrste episoden, der ein kar som heiter Twice vert skoten. I avhøyret skjønar ikkje Nielsen at Twice er eit namn, slik at utsegner som "and then he shot Twice" vert etterfulgt av noko slikt som "Twice? I thought you said he shot once?"

Drebin verkar altså relativt enkel, og mangelen på pålagt latter gjer at han verkar endå enklare. Her er mange repetisjonar frå episode til episode, her er tidvis solid overspeling, og her er altså meir enn nok å le av. Nokre av vitsane fell på steingrunn, men det skulle nesten berre mangla, såpass mange som det er av dei.

Guffen tilrår.

7. juni 2013

Christopher McDougall: Born to Run (2009)

Fy fasan for ei bok. Eg tippar det var i Tequiladagbøkene til Strøksnes at eg høyrde om denne boka. Han skriv òg litt om tarahumara-folket i Mexico, som truleg er dei sprekaste springarane i verda. McDougall er fascinert av dei, og reiser til Mexico for å spora opp ein amerikanar som skal leva med tarahumaraane, og som er omtrent like sprek som dei.

Det greier han, men før han kjem så langt tek han med oss på fleire lange løp. Skildringa av eit langløp i Leadville, Colorado, er fantastisk. Ein amerikanar har teke med seg nokre tarahumaraar, og dei gjer sjølvsagt som dei vil i løpet. Men dei trivst dårleg med alt oppstyret rundt løpet, og reiser heimatt til Mexico, utan planar om å returnera.

McDougall går òg til historia, og skriv mykje om den tsjekkiske løparen Emil Zapotek. Han verkar som ein djupt original og fargerik løpar. McDougall skriv òg om forskarar som meiner at det var springinga som redda menneska gjennom historia. Andre dyr var raskare, men menneska var langt seigare, og kunne utmatta dyra dei jakta på. Og han finn amerikanaren, som drøymer om å invitera dei beste amerikanarane til Mexico, for å konkurrera mot tarahumaraane. Også det løpet er godt skildra, og det er det som er det store ved denne boka. Ikkje berre skriv McDougall om fargerike folk, men teksten er bygd opp på ein glimrande måte.

Guffen tilrår.

Meir McDougall på kulturguffebloggen
Natural Born Heroes (2015)

Jo Gjerstad m.fl.: Rock & sprell mellom syv fjell (2009)

Boka har undertittelen Bergensrockens historie, og det er akkurat det det er. Frå dei fyrste famlande rockestega på slutten av 50-åra, til Bergensbølgja femti år seinare - her vert alle musikarar og band presenterte. Akkurat det er den store svakheiten med boka.

Når ein skriv historie treng ein ikkje ta med alt og alle. Boka hadde vore langt meir lesverdig om dei mange forfattarane hadde konsentrert seg om nokre få band frå kvar periode. Der har kome ei rekkje gode band frå Bergen, som eg gjerne kunne lese mykje om, men her vert det for sosialdemokratisk. Eit middels godt bluesband får like omfangsrik omtale som The Aller Værste!. Hadde forfattarane vore meir ambisiøse, og heller prøvd å skildra musikken til dei banda dei skriv om, i staden for å ta for gitt at desse er kjende, hadde det vorte meir stas å lesa denne.

Utan verdi er sjølvsagt ikkje boka. Her er mykje god dokumentasjon, og fleire av stykka er gode. Eit døme på det er når BT-journalist Finn Bjørn Tønder fortel om intervjuet han gjorde med Greven.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1. juni 2013

Dag Solstad: Spiraler (1965)

Der er mange forfattarar eg aldri har lese noko av. Nokre av desse har eg av og til tenkt at eg burde lese noko av, men ofte vert det berre med tanken. Dag Solstad er ein av desse, i alle fall trur eg det. Det kan henda at eg las noko på gymnaset, eg har truleg lese noko sakprosa han har skrive, og eg har lese eit par av fotballbøkene han skreiv saman med Jon Michelet. Men det er altså lite eller ingenting av skjønnlitteratur.

Så eg startar her, med debuten. Det er ei novellesamling, med sju noveller. Hovudpersonen i dei fleste novellene har mykje til felles. Dei har ikkje kontroll over eigen situasjon. Dei føler at alle andre veit mykje om meir enn dei om kva som skjer. Dei vil noko, men dei får aldri gjort det, og det verkar det som om alle rundt dei er klare over. Dei let seg plaga av andre.

Boka er tidvis fengande, men noko å ropa hurra for er det vel ikkje. Det er vanskeleg å forestilla seg at Solstad seinare fekk både heider og ære og alt det der.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Solstad på kulturguffebloggen
Alf van der Hagen: Dag Solstad. Uskrevne notater (2013)