4. februar 2013

Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)

Både Paul Auster og Siri Hustvedt har gjeve meg gode leseopplevingar dei siste åra. Eg har lese det meste av det dei har gitt ut, og då det viste seg at dei var hovudattraksjonar under opninga av litteraturhuset i Bergen, vart det for freistande å ta turen. (Etter at me hadde kjøpt billett der, viste det seg at dei skal ha eit liknande arrangement i Oslo denne veka, og tilfeldigvis får eg med meg det òg.)

Me hadde billett til to av arrangementa, eitt der Pedro Calmano-Alvarez snakka med Auster, og eitt der Auster og Hustvedt intervjua kvarandre. Litteraturhuset var altså nyopna, og det bar det litt preg av. At det klokka fem om ettermiddagen var tomt for kaker i kafeen gjer ikkje så mykje, og dei kjem sikkert til å gjera noko med den manglande skiltinga i huset. Verre er det at huset ikkje har noko myldreområde ved inngangen. Til dette arrangementet var det selt eit par hundre billettar, og når mange møter opp lenge før dørene vart opna, slik det ofte er, var det trongt i gangen der me venta.

Programmet vart vist på storskjerm i to salar i andre etasjar, der dei av oss som var litt seine med å kjøpa billett fekk plass. Det fungerte heilt greitt, sjølv om det likevel er ei litt rar oppleving. Det var litt som å sjå eit fjernsynsprogram, bortsett frå at me visste at dette skjer akkurat no, i naborommet.

Begge samtalane var fine, med samtalen mellom Calmano-Alvarez og Auster som den hårfint beste. Dei tok utgangspunkt i Winter Journal, den nyaste boka til Auster, men samtalen handla i hovudsak om korleis Auster vart forfattar, og om korleis han arbeider som forfattar. Han fortalde mellom anna om at papira hans var gjevne til byarkivet i New York, og at han, då han nyleg var innom der, fann mange tekstar han hadde skrive om tjueåring. Utdrag av nokre av desse tekstane kjem med i ei bok ein dansk akademikar snart gjev ut om Auster. Han snakka òg litt om andre forfattarar og kunstnarar, og såg ut til å vera i kjempehumør. Calmano-Alvarez er ein glimrande samtalepartnar, han kan verka litt forsiktig i starten, men han hadde førebudd seg svært grundig, og hadde gode og innsiktsfulle spørsmål.

Samtalen mellom dei to ektefellane vart av og til, men berre av og til, litt for intim, som då Hustvedt tiltalar Auster som "honey". Dei stilte kvarandre annakvart spørsmål. Dei visste nok ikkje kva spørsmål dei skulle få, men den som stilte spørsmålet visste likevel ofte kva svar som kom. Hustvedt fekk mellom anna spørsmål om korleis ho greidde å lesa og skriva så mykje - etter sju-åtte timar lesing kunne ho setja seg ned med Husserl, ein heller krevjande filosof. Auster lurte òg på kvifor ho delte skrivinga si mellom sakprosa og skjønnlitteratur, og ho svara at for ho var ikkje skiljet så stort. Begge delar handla om det ho såg som det store prosjektet sitt - "I want to know what it means to be a human. I'm really curious". Auster rosa Hustvedt for biletkunsten hennar, og snakka mykje om kor glimrande essay ho skreiv om enkeltbilete. Auster fekk også her mest spørsmål om skrivinga, og det kan henda at det var i denne samtalen han sa det om byarkivet. Han snakka om det einsame i skrivinga, og om korleis han, mykje på grunn av den einsemda, sette stor pris på å samarbeida med filmskaparar, teikneserieteikar, og andre.

Kort oppdatering etter kvelden i Oslo: Her vart dei intervjua av Finn Skårderud, før dei begge las tre korte tekstar. Det var ein ny fin kveld. I Bergen snakka Auster om korleis The Invention of Solitude, den fyrste minneboka hans, var skriven i tredjeperson, medan Winter Journal er skriven i andreperson. Eg sa til Marit etterpå at Calmano-Alvarez burde spurt om Auster, viss han nokon gong skriv ei tredje minnebok, vil gå til fyrsteperson. Då hadde han fått fram det Skårderud greidde å få fram, at Auster alt har skrive ei tredje minnebok (i andreperson), og at denne kjem i haust. Men alt i vår kjem det ei bok Auster òg snakka om i Bergen, ei samling brev mellom Auster og J.M Coetzee.

I Oslo snakka dei mykje om psykologi, og her vart etter kvart Auster sett litt på sida. Skårderud er psykiater, og Hustvedt har lese mykje psykologi. Auster var med på desse drøftingane ei stund, men mot slutten verka det nesten som han kjeda seg og vart utolmodig, han ville truleg heller snakka om bøkene dei to har gjeve ut, eller om korleis det er å vera forfattar. For dei var innom det temaet også her. Det var likevel svært få repetisjonar.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)


Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
The Blazing World (2014)
Memories of the Future (2019)

2 kommentarer:

  1. Hva? Var det ikke utsolgt?! Fikk inntrykk av å lese BT at et fullstendig kaotisk billettsalg hadde endt med utsolgt til alle arrangementene med de to stjernene - så jeg holdt meg unna!

    SvarSlett
  2. Det var nok utselt, ja. Kanskje eg var litt upresis, men me kjøpte billett den dagen billettane vart lagt ut, men var for seine til å få billett til salen der Auster/Hustvedt sat.

    Men dei la ut nokre billettar klokka fire laurdag ettermiddag. Om dette var uhenta billettar, eller om dei berre hadde trylla fram fleire plassar, veit eg ikkje.

    SvarSlett