Slutten av livet får svært stor plass i denne boka. Det er både forståeleg og uforståeleg. Groucho var 87 år gamal då han døydde i 1977, og dei siste fem-seks åra var han så redusert at både Arce og andre biografar burde ha skrive minst mogleg om desse åra. At Arce bruker mange sider på å skriva om det som skjedde desse siste åra, kjem dels av at han var augevitne til alt som skjedde, og dels av at det var noko som prega filmverda på den tida. Kort fortalt handla det om at Erin Fleming, ein ung skodespelar frå Canada, fekk så mykje makt over Groucho at han miste kontakten med dei tre ungane sine og med mange andre vener, medan ho gjorde sitt beste for å sko seg på heile affæra. Fleire av dei som heldt til i huset dei siste leveåra til Groucho har skrive bøker om det, og dei er mykje krassare mot Fleming enn Arce er.
Arce er grundig, og har funne fram avisklipp ingen andre biografar har brukt. Dette er tredje boka han skreiv om eller med Groucho, og han hadde så stor tillit at han vart spurt om å skriva ein autorisert biografi. Han spurde Groucho kva han skulle gjera med alt smusset han fann, og Groucho svara at han stod fritt til å trykkja det han ville. Det gjer han òg, og her kjem nokre detaljar og spekulasjonar om livet til Groucho som vert litt for nærgåande. Arce er likevel fleire gonger for forsiktig, han gøymer seg bak andre sine meiningar, og siterer heller meldingar av filmar eller radioprogram, enn å koma med si eiga meining.
Historia om Marx-brørne er flott, og er eit stjerneeksempel på folk som realiserer den amerikanske draumen. Dei veks opp i knallhard fattigdom i New York, har ei vaudeville-karriere som går opp og ned, før dei etter ti-femten år får eit gjennombrot med revyen I'll say she is! i 1924. Det kom teaterstykke, det kom filmar, dei flytta til Hollywood og levde godt der. Framdrifta deira var ei blanding av leik og alvor, og der er ei rekkje fabelaktige anekdotar knytt til dei. Nokre av desse er oppdikta, men dei fleste er sanne. Etter at dei slutta å laga filmar, greidde dei seg heller bra, kvar for seg, og det gjekk best med Groucho, som utover i 1950- og 60-åra hadde suksess både på radio og fjernsyn.
Arce fortel denne historia godt. Han prøver seg ikkje som komikar sjølv, men skriv godt og nøkternt om Groucho og dei andre. Han får overtydande fram korleis Groucho var usikker heilt frå barndommen, korleis han fekk seg ein psykisk knekk under børskrakket i 1929, korleis han sleit med å sjå kvinner som likeverdige, og korleis han heile livet bar på ein draum om å verta anerkjent som forfattar.
Guffen tilrår.
Mykje meir Marx på kulturguffebloggen
Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)
Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)

Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar