20. april 2022

Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)

Dette er ei aldeles fabelaktig bok. Ho kom ut hausten 1945, og handlar om det alle var opptekne av då: Krigen som nett var over. Her er korkje skyting eller (direkte) vald, men Vesaas får likevel klart fram korleis krig kan påverka eit samfunn. Boka er evig aktuell, diverre.

Det står ingen stad at det handlar om Noreg, men det handlar om eit land som er okkupert av andre. I romanen vert landet omtala som huset, og det er mykje biletbruk i boka, men det er ein biletbruk som er svært grei å skjøna. 

Me møter personar som har litt ulike roller. Motstandsmannen Stig, som alle veit at er ein heiderskar. Den passive Martin, som berre sit med frimerkesamlinga si og vonar at det heile skal gå over. Pilpussaren, som arbeider for okkupantane, og som vert så skuffa over at Stig ikkje vil vera ven med han at han melder Stig til okkupantane. Medhjelparane til Stig tek hemn. Dei to borna til Pilpussaren vert i utgangspunktet frosne ut, men ein av medhjelparane til Stig går gjennom gatene saman med dei to borna, slik at alle skal skjøna at dei ikkje har noko skuld i det faren har gjort.

Handlinga, språket, framdrifta - alt er slik det skal vera. Det er ei av dei aller, aller beste Vesaas-bøkene.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar