26. februar 2020

Ole O. Moen: USAs presidenter (2008)

Moen er ikkje den einaste som har skrive om alle dei amerikanske presidentane, heller ikkje i Noreg. Denne boka kom ut i 2008, det same året som Hans Olav Lahlum gav ut ei bok om det same emnet. Den las eg det året ho kom ut (omtrent), og eg hugsar det som ei litt meir fartsfylt bok enn denne.

Moen har skrive og snakka om USA i mange år. Han vert gjerne henta inn som ekspert ved viktige hendingar i USA, som t.d. presidentval, og det er det ein god grunn til. Han veit mykje om landet, han veit mykje om historia til USA, og han veit mykje om presidentane. Det svingar likevel aldri heilt av denne boka, og eg trur mykje av grunnen er skrivestilen til Moen. Det er litt for formelt, litt for stivt, og litt for lite leikande,

Kvar president vert presentert på lik måte. Bakgrunnen til foreldra, oppvekst, skulegang, ekteskap og familie, politikk, valkamp, president-tida, og ettermæle. Det er ein heilt grei måte å byggja opp boka på, og det er for så vidt ein grei måte å presentera heile historia til USA på. Dei viktige sakene for presidenten var jo ofte dei viktige sakene for landet. Men det skulle altså gjerne vore meir fart i skrivinga.

Guffen er lunken.

23. februar 2020

The Remains of the Day (1993)

Me er på eit britisk gods, i 1950-åra. Ein amerikansk politikar har nett kjøpt det, og han har fått den rutinerte butleren Mr. Stevens på kjøpet. Dei møttest der òg midt i 1930-åra, og mykje av filmen handlar om hendigane då.

Eigaren av godset før krigen, Lord Darlington, sympatiserte med tyskarane. Han er vert for fleire konferansar og møte der toppfolk er til stades - både den britiske statsministeren og den tyske ambassadøren er innom. Stevens er vitne til mange av samtalane, men reagerer ikkje på noko, ikkje eingong då nokre av gjestane bruker han som døme på at dei lågare klassane ikkje burde ha røysterett. Han har eit merkeleg forhold til husmora, han slepper ho ikkje så langt inn som både ho og truleg han vil. Han ordnar jobb til far sin, men reagerer knapt når han mister livet midt under eit av dei mange toppmøta. Han er lojal mot sjefen, han vil vera profesjonell, og stengjer alt ute. Samtalane med amerikanaren etter krigen, og eit møte med husmora i 1950-åra, gjer at han omsider vert klar over at han vart altfor lojal.

Det er ei fin historie, men det som gjer filmen så god er Anthony Hopkins, som spelar Stevens. Han er ekstremt formell heile tida, der han går rundt med det same uttrykket, berre avløyst av nokre høflege smil der det høver seg slik. Med små nyansar og variasjonar får han likevel fram det som rører seg i han, og han er ein fryd å sjå på. Butleren er vanskeleg å lika, der han omtrent ikkje viser kjensler, men Hopkins er glimrande. Det same er Emma Thompson, i rolla som husmora.

Guffen tilrår. 

22. februar 2020

Johan Borgen: Lillelord (1955)

Lillelord, som eigentleg heiter Wilfred Sagen, er ein bortskjemt gut frå beste vestkant i Kristiania. Han er skuleflink (når han orkar), og han er ein habil pianist. Han lærer mykje kunsthistorie, og veit meir enn dei andre ungane på skulen. Han veks opp tidleg på 1900-talet, og er einebarn og farlaus. Mora og andre slektningar gjer omtrent det han vil, og det veit han å gjera seg nytte av. Han manipulerer dei, han lyg og diktar, men kjem (stort sett) ned på beina. Av og til reiser han til austkanten for å lura ungane der med på midnre brotsverk, og han er i det heile ein unge det er vanskeleg å lika.

Boka har tre delar, som grovt sett ser slik ut: I den fyrste delen vert me kjende med livet hans i Kristiania. I den andre delen er me stort sett på sommarferie på ei øy, der Wilfred reddar livet til ein annan gut, og der han etter å ha vore i Kristiania reiser tilbake til øya, der han nesten frys i hel. I siste del er han stum og veik, men etter eit besøk hjå ein psykolog i Wien (som er namnlaus, men som truleg er basert på Freud) kviknar han til att.

Det er ei fin bok. Borgen skriv godt, og romanen er fint oppbygd. Wilfred er på leit etter eigen identitet, han tenkjer mykje på kven den avdøde faren var og korleis det ville vore å kjenna han. Han går òg gjennom puberteten, med alt det fører med seg av lengting, liv og song.

Guffen tilrår.

19. februar 2020

Herbjørg Wassmo: Huset med den blinde glassveranda (1981)

Tora veks opp i eit fiskever i Lofoten, midt i 1950-åra. Ho er tidleg i tenåra, og har ikkje ein god oppvekst. Ho er usikker på og uroleg over det som skjer med kroppen hennar i puberteten, men det er det minste av problema hennar. Dei andre rundt ho kjem jamleg med små merknader om at far hennar var tysk soldat, og det er eit større problem. Det største problemet hennar er at stefaren misbruker ho seksuelt.

Ho kjem seg frå denne verda på to måtar. Ho har god fantasi, og når ho er for seg sjølv drøymer ho gjerne om ei anna og betre verd. Ho trivst òg svært godt saman med tanta si, som hjelper ho på ein langt betre måte enn mora gjer.

Det er ein fin roman. Det er ikkje berre Tora som vert portrettert, boka gjev òg eit fint bilete av fiskeveret - dei som bur der, det som opptek dei, det som skil dei og bind dei saman. Dette var den fyrste romanen til Wassmo, og ut frå det fine og poetiske språket i boka er det lett å lesa at dei to fyrste bøkene hennar var diktsamlingar.

Guffen tilrår.

15. februar 2020

Ragnar Hovland: Mercedes (1989)

Denne boka vert gjerne omtalt som ei ungdomsbok, men i dei beste ungdomsbøkene er det jo mykje å gle seg over også for oss som er noko eldre. I denne boka finn me mykje av det som kjenneteiknar bøkene til Hovland - spanande personar, fine vriar i historia, uventa og treffsikre metaforar, ei kråke eller to, osb.

Forteljaren, Pål, er 14 år då foreldra går frå kvarandre. Han vert buande med faren, men har god kontakt med mora. Faren driv antikvariat der han sel gamle bøker; mora driv bokhandel der ho sel nye bøker. Pål hjelper faren i butikken, men går òg mykje for seg sjølv, og vert kjend med den jamgamle Mercedes (som eigentleg heiter Ingunn). Ho kjem frå ein heim som er endå meir oppbroten, og sjølv om ho i fyrsten verkar uinteressert i Pål, vert dei kjærastar.

Det er ei fin bok. Rundt dei fire hovudpersonane krinsar det andre personar, fyrst og fremst den litt mystiske Larsen, som rett som det er kjem med nye leveransar av gamle bøker til antikvariatet.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

10. februar 2020

Watergate (2018)

True crime-seriar vert meir og meir populære. Denne er fin, og viser tydeleg korleis og kvifor Nixon var ein av dei verste amerikanske presidentane.

Serien baserer seg på tre typar kjelder. Her er mange samtidige fjernsynsinnslag. Her er mange nye intervju med mange av dei som stod sentralt. Og her er mange utdrag frå opptaka Nixon gjorde av alle samtalar i det ovale kontoret. Desse utdraga vert gjerne dramatiserte. Kvifor i alle dagar Nixon gjorde desse opptaka veit eg ikkje, men utan dei kunne han nok ha vridd seg unna. Etter at innhaldet på lydbanda vart kjent var det uråd for han å halda fram, og han gjekk av før senatet fekk køyrd han gjennom riksrettprosessen.

Den siste av dei seks episodane handlar om akkurat det, altså dei siste avgjerande månadene. Etter kvart står demokratar og mange nok republikanarar samla, og det er opplagt kva veg det går. Måten dei alle omtalar presidenten er heilt lik måten demokratane omtala den noverande presidenten i riksrettsaka som nett vart avslutta - den store skilnaden er at republikanarane var vaksne nok til å sjå at det var viktigare og rettare ting enn kven som sit som president. I 1974 var dette ei oppfatning store delar av dei republikanske politikarane i senatet hadde; i år stod Mitt Romney åleine.

Guffen tilrår.

8. februar 2020

Emily Brontë: Wuthering Heights (1847)

Nok ei bok frå klassikar-serien til Skald forlag, og nok ei fin leseoppleving. Eg las denne då eg tok engelsk grunnfag for mange år sidan. Eg hugsa boka som rimeleg seig - kanskje av di eg las heilt andre bøker då, kanskje det hadde noko med feil førelesar å gjera. Ikkje veit eg, men dette var i alle fall bra.

Det er den einaste romanen Brontë gav ut. Ho var 29 år då boka kom ut, og ho døydde året etter.

I 1801, langt ute på den engelske landsbygda, leiger herr Lockwood huset Thrushcross Grange. Huseigaren, Heathcliff, bur litt unna, på Wuthering Heights. Lockwood vert nyfiken på historia til huset og dei som har budd der. Ein kveld han vitjar Wuthering Heights vert veret så gale at han ikkje vågar seg heimatt, og i staden fortel hushjelpa han kva som har skjedd dei siste tretti-førti åra.

Kortversjonen er om lag slik: Herr Earnshaw, som eig Wuthering Heights, adopterer den fattige ungen Heathcliff. Han er dårleg likt av dei fleste, med unntak av Catherine, dotter til Earnshaw. Dei har eit godt forhold gjennom heile boka, men ho vil ikkje gifta seg nedover og giftar seg i staden med Edgar Linton, frå familien som eig Thrushcross Grange. Heathcliff flyttar, men kjem attende som ein velståande mann, og giftar seg med Isabella Linton, syster til Edgar. Etter litt sjukdom og dødsfall vert Heathcliff, som gradvis vert meir og meir vanskeleg å ha med å gjera, eigar av begge husa.

Det er ei finfin bok. Av og til er det litt omstendeleg, men komposisjonen er god, og eg koste meg tidvis stort. Boka er framifrå omsett av Ragnar Hovland og Øystein Vidnes.

Guffen tilrår.


4. februar 2020

22. juli (2020)

Det er snart ti år sidan den vondaste dagen. Det har vore skriva bøker, det har vore laga filmar, det har vore laga fjernsynsseriar. Denne er laga av NRK, og er både respektfull og smakfull.

Det handlar om nokre av dei som vart ramma av noko heilt anna enn bomber og kuler. Det handlar om to journalistar i Aftenposten, om ein politimann frå Hønefoss, om tilsette ved akuttavdelinga på Rikshospitalet, om ein høgreekstrem bloggar, om dei som var på campingplassen ved Utøya. Dei er innblanda i dette på kvar sine måte, og taklar det på kvar sin måte. Politimannen må slita med at han og dei andre kunne gjort meir. Journalistane grev og grev for å finna ut kva som skjedde. Dei tilsette på sjukehuset står som nokre pålar, og reddar mange liv den natta mange av oss knapt nok sov.

Me ser lite til terroristen. Det vert brukt nokre arkivopptak, men elles er han lite synleg. Frå skytinga på Utøya er det ikkje filma i det heile, me høyrer berre lyden av skota frå campingplassen. Der er likevel nok av vonde scener i serien, og for meg var den verste då leitemannskapa på Utøya kjem saman midt på natta for å fortelja kor mange døde dei har sett langs stiane og vegane dei gjekk.

Javisst er det vondt å sjå dette. Men det er ein viktig serie, som er svært godt laga. Det er brukt ukjende skodespelarar heile vegen, som alle spelar såg godt at me trur på figurane dei skapar, me trur at dette er dei som kunne ha opplevd dette.

Guffen tilrår.

2. februar 2020

Ingvar Ambjørnsen: Hvite niggere (1986)

Eg har ikkje lese mykje av Ambjørnsen. Denne las eg då ho kom ut, og var eigentleg positivt overraska då eg henta ho fram att no. Handlinga var omtrent som eg hugsa ho, men språket var langt meir sprekt og fengande enn eg trudde.

Boka kan lesast på (minst) to måtar. Den mest opplagte og dominerande er at det er eit portrett av nokon som fall litt utanfor, stort sett av di dei brukte dop. Den andre handlar om to unge menn som begge vil verta forfattarar, og som etter kvart finn ut at skriving av bøker er hardt arbeid, ikkje berre noko ein puslar med når ein har ei ledig stund.

Slik sett er det freistande å tru at det er ein sjølvbiografisk roman. Ambjørnsen har nekta for dette, men har òg sagt at han har henta mykje av stoffet frå eigen oppvekst. Forteljaren i boka, Erling, veks opp i småbyen Lillevik, saman med Charly og Rita. (Ambjørnsen vaks opp i Larvik.) Dei les mykje, dei røyker (etter kvart) mykje hasj. Erling kjem inn på ein gartnarskule like ved Voss (Ambjørnsen gjekk på gartnarskule i Ulvik), men sluttar og flyttar til Bergen, der Rita alt bur og Charly snart bur. Opningkapittelet er det kronologisk siste - her kjem Erling attende til Oslo etter eit lengre utanlandsopphald, og får vita av Charly at Rita har dødeleg kreft. Det er dette som får han til å skriva denne boka - han reiser i gravferda hennar i Lillevik, og tenkjer attende på tida dei har hatt.

Guffen tilrår.

Meir Ambjørnsen på kulturguffebloggen
Den siste revejakta (film, 2008)

1. februar 2020

Parasitt (2019)

Denne filmen har fått toppkarakterar overalt. Det får han her òg.

Handlinga føregår i Seoul. Kim-familien bur lengst nede, i ein kjellar i den lågastliggjande delen av Seoul. Dei drøymer om eit rikare liv, der dei har meir pengar og meir stabil wifi, og anar ei løysing då sonen i huset vert hyra inn som privatlærar for dottera i ein rik familie som bur på toppen. I løpet av nokre veker har familien triksa og miksa slik at alle fire arbeider for denne familien. Det er altså berre velstand, og dei er alle godt nøgde. Ei helg reiser rikmannsfamilien på camping, og mora i Kim-familien, som har flytta inn i rikmannshuset som hushjelp, inviterer resten av familien på fest i det huset. Dei er i godt slag, dei drikk godt, og har det heller triveleg.

Akkurat her er det opplagt at rikmannsfamilien kjem heim tidlegare enn planlagt. Så langt har filmen vore svært god, dei fire har lagt gode planar for korleis dei skal tena pengar. Men herfrå og ut er filmen endå betre. Det kjem endå ei vending denne kvelden, som er langt vanskelegare å sjå at kjem, og som òg får langt større følgjer for det som skjer.

Så filmen får toppkarakter. Han er original, han er flott (rikmannshuset er delikat), skodespelet er godt, osb. Og poenget med at nokon bur på toppen og nokon på botnen kjem godt fram då Kim-familien endeleg kjem seg ut frå rikmannshuset etter festen sin - det er ikkje måte på kor mange trappetrinn det er på vegen heim.

Guffen tilrår.