28. mars 2024

Tormod Haugland: Om søvn og mørke (2019)

Del to i det som vel er ein trilogi. Haugland hentar stoffet frå eige liv, og tek opp eit tema som er eller har vore aktuelt for mange: Korleis er det å ha odel på ein gard, samstundes som ein helst vil gjera noko heilt anna?

Den unge forteljaren i boka er fascinert av naturen. Han gjer oppgåvene som skal gjerast, men legg òg merke til ting andre ikkje bryr seg om. Det er ei forståing av at han skal ta over garden, spesielt då faren vert sjuk og etter kvart døyr. Han tek òg over garden, men dei fyrste åra han driv garden går han òg på ein kunstskule i Bergen. Der har han, slik han fortel i boka, "ein gardbrukar sin mentalitet, på same tid som eg prøvde å drikka meg vekk frå han". Han lever studentlivet, og sel garden til broren.

Det er ei finfin bok. Haugland skriv som vanleg godt, og det er lett å leva seg inn i kreftene som slit i han. Frå slekta kjem det berre eit lett press; dei ser òg at det er andre ting forteljaren skal og bør driva med.

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)

27. mars 2024

J.D. Salinger: Nine Stories (1953)

På veg heim frå USA, tom for lesestoff, fann denne i ein bokhandel på veg til flyplassen. Av Salinger har eg berre den boka alle har lese - det er rett nok lenge sidan, men eg minnest boka som god. Sjølv om dette er ei samling noveller han (stort sett) skreiv før Catcher kom ut, plar det ofte vera bryet verdt å lesa dei likevel. Der er som regel eit eller anna som hintar fram mot større litteratur.

Det er det ikkje her. Absolutt ikkje. Eg las den fyrste novella, "A Perfect Day for Bananafish", og tenkte at dette var ekstremt tynne greier (bortsett frå tittelen, som jo er godkjent). Så svippa eg innom Wiki for å lesa litt om boka, og då stod det at "... Bananafish" var ein av dei beste og mest vidgjetne av novellene til Salinger. Eg hadde altså ikkje mykje tru på resten av boka, og det burde eg heller ikkje ha: Dette er det ikkje verdt å bruka tid på.

Personane han skriv om engasjerer ikkje, sjølve forteljingane er lite spesielle, språket er dårleg (med altfor mange adjektiv), og så bortetter.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. mars 2024

Ari Behn: Trist som faen (1999)

Av og til dukkar det opp debutantar som får ekstremt med stryk. Det vert gjerne sagt at dei står for noko nytt, at dei er svært talentfulle, og kanskje at her har me fått ein forfattar me kan gle oss over i mange år framover.

Det var omtrent slik då denne boka kom ut. Det var debutboka til Behn, og boka fekk terningkast seks i fleire aviser. Boka inneheld femten korte forteljingar; heile boka er på under hundre sider, og mange av dei sidene er blanke. 

Det går altså fort å lesa boka, og det går òg fort å gløyma boka. I alle fall for meg - det er vanskeleg å sjå kva som er så stort her. Kanskje boka råka ein eller annan tidsånde for 25 år sidan, kanskje eg ikkje er i målgruppa. Forteljingane viser oss augneblinkar i ulike liv. Viss me ser etter fellesnemnarar kan det vera at det handlar (mest) om menn, det handlar om mot, det handlar gjerne om folk som puslar med noko småkriminelt, det handlar litt om menn som er ute på eventyr. 

Det er ikkje spesielt fengande. Det dukkar opp ein og annan velskriven setning av og til, men det er ikkje mange av dei.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. mars 2024

Ibelin (2024)

Historia om Mats Steen er nesten ufatteleg sterk. Eg las ein artikkel om han på nettsidene til NRK for nokre år sidan, og ein skal vera rart skrudd saman om ein ikkje vart rørt av å lesa han. Steen hadde ein medfødd sjukdom som gjorde at han frå tidleg alder måtte bruka rullestol for å koma seg rundt. Han vart mindre og mindre sosial, og brukte all tid framfor dataskjermen. Han døydde då han var 25. 

Og det var då familien merka at dei hadde teke feil. Steen hadde eit svært sosialt liv i dataspelverda. Han var ein aktiv og omtykt medlem av eit lag i World of Warcraft, der han var den han var, utan at dei andre visste om sjukdomen hans. Han hadde vener over heile verda,. Etter at foreldra la ut melding på bloggen hans om at han var død, rann det inn med støttemeldingar frå medspelarane hans. Foreldra såg sonen i eit anna lys, og både dei og me andre vart påmint om at det er råd å vera sosial med folk via ein dataskjerm.

Foreldra hans filma heile tida, slik at i filmen ser me korleis Steen vert gradvis dårlegare. Desse delane av filmen er finfine, og det er sterkt å sjå korleis foreldra og systera samlar seg rundt dataskjermen og les støttande meldingar frå folk dei ikkje kjende. Resten av filmen er sett saman av autentiske dialogar frå spelet, sett saman med animasjonar som viser korleis dei ulike WoW-figurane kan ha oppført seg då ting var sagt. Desse delane er ikkje like fengande. Me har alt fått fortalt historia; animasjonane er mest med på å forsterka noko som alt er fortalt.

Guffen tilrår.

19. mars 2024

Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)

For ei flott bok. Jan H. Landro, ein av dei aller, aller finaste kulturjournalistane me har hatt, går grundig gjennom romanane og forteljingane til Jon Fosse. Han skildrar, analyserer og kommenterer, han dreg liner mellom ulike bøker i forfattarskapen, og det lyser kunnskap og innsikt av alt han gjer.

Alle bøkene får like seriøs handsaming, også dei som vert sette på som noko mindre vellukka. Av og til fortel han om korleis boka vart til, og han kan skriva noko om korleis boka vart motteken. Men han bruker mest tid på å finna moment som går att i kvar roman. I omtalen av debutromanen Raudt, svart skriv han om vekkjarklokka; i omtalen av Melancholia skriv han om lyset. 

Boka sluttar med eit bortimot seksti sider langt intervju med Fosse. Dette intervjuet er òg ein fryd å lesa - Fosse snakkar ope og alvorleg om skriving, om livet, og om dei ulike bøkene. Landro møter sjølvsagt godt førebudd, og stiller utfordrande spørsmål som Fosse ser ut til å lika. 

Det er eit storverk, slik Fosse fortener. Eg har nett lese meg gjennom alle desse bøkene, men fleire gonger under lesinga tenkte eg at akkurat den boka må eg lesa om att. Og omtalen av Septologien var så fin at eg nesten vart rørt igjen. 

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

17. mars 2024

Tarjei Vesaas: Brannen (1961)

Dette må vel vera ei av dei mørkaste bøkene i forfattarskapen til Vesaas. Det er dystert, og det vert dystrare rundt kvar sving. 

Me følgjer hovudpersonen, den relativt unge Jon, på ei ferd gjennom eit bygdelandskap. Han møter skremmande og uvenlege folk, han møter ei ung jente som viser han veg til ein stad med store mengder døde og døyande sauer, han møter ein manngard som leitar etter ei bortkomen jente, osb. Det er ikkje mykje von eller lys. Det ser rett nok ut til at boka skal få ei (uventa) happy ending då han finn den bortkomne jenta, men dei neste sidene vert ikkje spesielt lystige.

Boka vart skriven då den kalde krigen var på sitt kaldaste, og det er velkjent at Vesaas var ein av mange som undra seg over kor mykje vondskap menneska var i stand til å skapa for kvarandre. Det er nok verda han prøver å skildra, og typisk nok for Vesaas er det ein ungdom som skal prøva å finna ut av alt det vonde. Boka er velskriven, mange stader er setningane rein poesi. Likevel er det ikkje Vesaas på sitt beste, fleire av episodane fengar lite.

Guffen er lunken. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

12. mars 2024

Michael Scott-Baumann: The shortest History of Israel and Palestine (2021)

Ei bok som denne er diverre alltid aktuell. Boka fortel historia til dei to landa. Der har vore bråk og strid lenge, og det er ikkje noko som tyder på at det ordnar seg. Den politiske leiinga i Israel i dag ser vald som den einaste løysinga, og så lenge andre land i verda, fyrst og fremst USA, ikkje tek kraftig til motmæle, kjem Israel til å halda fram. 

Det er kortversjonen av historia, men det er ein grundig kortversjon. Scott-Baumann har vore historie-lærar i 35 år, og han har reist mykje i Midt-Austen. Han kjenner altså både området og historia, og sjølv om det nokre få stader nok skin gjennom kvar sympatien hans ligg, ser dette ut til å vera ei imponerande nøytral bok. Det i seg sjølv er jo ein prestasjon, all den tid dette er ein konflikt som vekkjer sterke kjensler.

Han går kronologisk til verks. Denne boka byrjar mot slutten av 1800-talet, og me ser kva som skjer når Storbritannia styrte, og ikkje minst kva som skjer når dei dreg seg ut. Staten Israel vart oppretta i 1948 og har vist seg som eit grådig land, som stadig legg under seg større og større område. Sjølv om det absolutt har vore leiarar i Israel som har prøvd å få til fredelege løysingar, er det ikkje tvil om at det er dei som er som den store stygge ulven her. 

Guffen tilrår. 

9. mars 2024

I, Tonya (2017)

Kunstlaup - der har du ein idrett eg ikkje veit mykje om. Men viss eg nokon gong får spørsmål om å nemna ein (eller to) som har drive med den idretten, er det fare for at namna Tonya Harding og Nancy Kerrigan dett ut av meg. Dei hadde hovudrollene i ein real life-såpeopera før OL på Lillehammer - dei var amerikanske, dei var medaljekandidatar, og dei skal ha hatt eit dårleg forhold. Nokre månader før OL vart Kerrigan angripen av ein mann som heilt opplagt prøvde å skada ho; seinare vart det klart at mannen til Harding hadde planlagt angrepet. Kerrigan vart frisk til OL, der ho tok medalje; Harding vart nummer åtte.

Det var mest til å le av, og denne filmen opnar vel òg opp for at ein kan smila litt. Det er ein god film. Det er ein liksomdokumentar, der skodespelarane vert intervjua kvar for seg, og der me ser ting som skjedde. Eller ting som kan ha skjedd - eg kjenner ikkje saka godt nok til å vita om dette er historisk korrekt.

Det er Harding det handlar om. Ho veks opp i ein heim der ingenting fungerer - det er vald, det er skriking. Mora tvingar ho til å gå på kunstlaup, og det viser seg at ho har eit talent. Det bryr ikkje mora seg om, ho ropar og kjeftar like mykje som før. Harding giftar seg tidleg, men den fyrste kjærasten sin, og der er det òg vald i lange banar. Det er vanskeleg å lika desse tre personane, men skodespelet er glitrande, og det er ein film det er lett å fylgja med på.

Guffen tilrår. 

7. mars 2024

The Virgin Suicides (1999)

Noko av det finaste med denne filmen er korleis han ikkje fortel alt. Det vert tidleg klart at alle dei fem tenåringsdøtrene i Lisbon-familien tek livet av seg, men det er ikkje like tydeleg kvifor dei gjer. Me ser at foreldra deira er strenge og vernande, spesielt etter det fyrste sjølvmordet, men ligg det noko meir bak? 

Det heile vert fortalt gjennom augene til nabogutane. Dei likar dei fem systrene, og vil verta betre kjende med dei. Men det er eit eller anna ved jentene - dei ser ut til å vita noko andre ikkje veit, og dei spelar heile tida på lag. Etter at Cecilia, den yngste dottera, tek livet sitt under ein (sjeldan) fest i heimen, vert reglane for dei andre fire endå strammare. Dei avtalar med nabogutane at dei skal hjelpa dei med å rømma, men planar deira er eigentleg heilt annleis: Den natta gutane kjem for å henta dei tek dei livet av seg, ei etter ei. 

Gjennom fjernsynsinnslag fortel filmen at folk veit lite om sjølvmord og endå mindre om korleis dei skal takla det. Det vert tydeleg mot slutten av filmen. Etter massesjølvmordet flyttar foreldra frå byen, og for dei attverande held livet fram som om ingenting har hendt.

Guffen tilrår.

5. mars 2024

Yesterday (2019)

Det finst nok filmar som kan by på større overraskingar enn denne. Er det noko som er opplagt heile vegen er det til dømes at han og ho finn kvarandre. Det vert òg etter kvart tydeleg at han kjem til å sleppa den musikalske katten ut av sekken. Og med unntak av dei to andre som hugsar The Beatles er det ikkje vanskeleg å sjå om folk er med han eller mot han.

"Han" er Jack Malik, ein visesongar utan altfor stor suksess. Han bestemmer seg for å leggja opp, sjølv om manageren hans, Ellie Appleton, vil han skal halda fram. På veg heim går straumen over heile verda, og det viser seg at The Beatles (og litt til) er fjerna frå historia. Platene finst ikkje, dei finst ikkje på internett, ingen kan songane. Bortsett frå Malik. Han framfører dei som om det var hans songar, han spelar litt på fjernsyn og vert ein sensasjon. Heilt til han ikkje orkar å leva på ei løgn meir. Og då vert Ellie så glad at ho vert saman med han likevel.

Eg ser ikkje altfor mange romantiske komediar, og det er vel ikkje slik at eg kjem til å kasta meg over den neste liknande filmen eg ser. Men her er likevel små og store lyspunkt, så heile bortkasta var det ikkje.

Guffen er lunken.

4. mars 2024

Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)

Ein dag slo det meg at eg har lese det meste som tre nobelprisvinnande forfattarar har gjeve ut. Hjå Fosse og Munro held det aller, aller meste eit skyhøgt nivå, men hjå Steinbeck er det ikkje heilt slik. Her er mange toppar, men det er òg mange mindre vellukka bøker. 

Denne biografien legg ikkje skjul på det. Der ligg kanskje eit slags forsvar i at Benson ofte kjem tilbake til at Steinbeck ville vidare, at han eksperimenterte med nye tema og former. Men han greier ikkje heilt å vera usamd i at det var 1930-åra som var det verkeleg store tiåret til Steinbeck. Og at det var litt rart at han fekk nobelprisen i 1962, lenge etter at han hadde gjeve ut noko stort.

Denne biografien er stor, boka er på noko over 1000 sider. Det er ei solid bok, der Benson bruker kjeldene godt. Han har hatt tilgang til fleire brevsamlingar, og bruker breva til Steinbeck flittig. Han skreiv brev heile tida, og kunne vera open om både personlege ting og om litteraturen sin. Han var nok ein vanskeleg person, mest av di han var ein slik som lett vart fornærma, og som aldri gløymde ein uvenskap.

Det var litt overraskande for meg at Steinbeck ikkje stod lengre ute på venstresida. Fleire av bøkene i 1930-åra tyder på det. Etter meisterverket The Grapes of Wrath, som kom i 1939, vart han så upopulær hjå dei han kritiserte at han nærmast gjekk i dekning. Han var redd for at dei anten skulle skada han, eller at dei skulle setja opp ei felle for han. 

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

2. mars 2024

Alice Doesn't Live Here Anymore (1974)

Nja. Ein ikkje altfor original film, og ein film der ting tidvis er altfor tydelege og for lite subtile, men likevel ein film som aldri vert så dårleg at det vert pinleg.

Det handlar om Alice Hyatt. Ho er gift med ein ikkje altfor sympatisk mann, og dei har ein fritalande son på 11 år. Mannen døyr i ei ulukke. Ho sel det meste av det dei eig, tek med seg resten og køyrer mot Monterey i California saman med sonen. Så langt kjem dei aldri - dei har lite pengar og stoppar to stadar for at ho skal tena pengar. Ho møter menn begge stadane, med vekslande hell. Han ho møter den fyrste staden viser seg å vera gift (og valdeleg); han ho møter den andre staden viser seg å vera perfekt, bortsett frå at han er så streng med son hennar at ho ikkje greier meir. Nesten.

Filmen er nok prega av at han er femti år gamal. Humoren er ikkje så artig, og det visuelle er heilt på det jamne. Det er godt skodespel, spesielt frå Kris Kristoffersen. Det er òg halvartig å sjå Harvey Keitel og Jodie Foster i veldig tidlege roller.

Guffen er lunken.