29. mars 2023

Benjamin Berton: Dreamworld (2022)

Dette er soga om Daniel Treacy. Han var den einaste som heile tida var med i det fabelaktige bandet Television Personalities, der han skreiv så godt som alle songane. Dei låg i grenselandet mellom pop og psykedelia, og dei trefte midt i blinken svært ofte. Debut-LPen deira, And Don't the Kids Just Love It, er full av perfekte songar. 

Ein av dei songane, "I Know Where Syd Barrett Lives", fekk litt anna meining etter å ha lese denne boka. I utgangspunktet handlar songen om at eg-personen i songen av og til vitjar Barret, og at dei går godt overeins. Boka fortel om rusmisbruket, depresjonane og dei psykiske problema til Treacy, og det er lett å dra parallellar til Barrett. Treacy brukte altfor mykje dop, og han var tidvis så ustabil at bandet gjekk glipp av det som kunne ha vorte noko stort.

Så det er trist soge, men her er òg mykje å smila av. Midt i 1980-åra vert TVP inviterte til å varma opp for David Gilmour, som jo erstatta Barrett i Pink Floyd. Sjølvsagt spelar TVP songen om Barrett, men akkurat her dreg dei han litt lengre: Framfor ein konsertsal full av Pink Floyd-fans legg Treacy like godt inn ei ekstra tekstline i songen, der han nemner den verkelege adressa Barrett bur på.

Slike impulsive påfunn måtte dei andre i bandet finna seg i. Det var Treacy sitt band. Han laga aldri spelelister før konsertar, han begynte berre på ein song, og så fekk dei andre koma inn når dei var klare. Bassisten som var med lengst, Jowe Head, sa seinare at i dei ti åra han var med øvde bandet berre to gonger.

Forfattaren av boka er fransk. Omsetjinga til engelsk er ikkje god i det heile - språket er litt stivt, pluss at mange sitat (både frå TVP og frå songar av andre artistar) er heilt feil. Likevel var dette verdt bryet.

Guffen tilrår. 

Meir TVP på kulturguffebloggen
Christina Crimari: Jowe's House (2021)

26. mars 2023

John Steinbeck: America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

John Steinbeck skreiv visst omtrent heile tida. Han hadde ein stor og omfattande skjønnlitterær produksjon, men skreiv òg sakprosa. Midt i 1960-åra skreiv han nokre essay om heimlandet sitt, og desse vart samla i ei bok i 1966. Det var den siste Steinbeck-boka som kom ut medan han levde - han døydde to år seinare. Dei essaya kjem til slutt i denne boka, og her har dei fått selskap av ei rekkje andre tekstar Steinbeck skreiv. Det er ei uventa ujamn samling.

Tekstane er samla under overskriftene "Places of the Heart", "Engaged Artist", "Occasional Pieces", "On Writing", "Friends", "Journalist Abroad" og "War Correspondent". Her er godbitar dei fleste stadene, kanskje spesielt i dei to fyrste og i "On Writing". Andre er mindre gode, i vene-delen står det til dømes eit altfor langt utdrag frå "About Ed Ricketts". 

I bolken om den engasjerte kunstnaren står fleire av artiklane han skreiv om klimaflyktningane i USA i 1930-åra, altså dei mange som flykta frå Oklahoma til California. Der står han trygt og godt på venstresida, og det er overraskande å lesa artiklane han tretti år seinare skreiv frå Vietnam. Han var kanskje prega av at son hans kjempa i den krigen, men dei artiklane kunne vore brukte som rein amerikansk propaganda. Steinbeck var der i fleire veker, og ser ut til å ha kjøpt alt han vart servert av dei som passa på han. Dette var rett nok tidleg i krigen, men likevel.

Den siste bolken i boka, altså den om Amerika og amerikanarar, er litt for langdryg og livlaus. Han skildra landet sitt langt betre i Travels With Charley, som kom ut fire år tidlegare. Kanskje han vart mykje eldre på dei åra.

Guffen er lunken. 

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

20. mars 2023

Jon Fosse: Stengd gitar (1985)

Forteljaren i denne boka, Liv, er ein person utan altfor mykje tiltakslyst. Kanskje det skuldast at ho er litt for glad i rus; meir truleg er det at det skuldast nokre psykiske problem. 

Ho har ikkje hatt noko godt liv. Ho har store brannskader etter eit uhell då ho var lita. Ho fell litt utanfor og kjem inn i eit noko usunt miljø. Ho vert gravid med ein kar som ikkje er mykje å samla på. Ho flyttar saman med han i byen, men det går så pass dårleg at ho tek med seg sonen og flyttar for seg sjølv. Og det er om lag her boka til - ho greier å låsa seg sjølv ute frå leilegheita si. Sonen ligg inne og grin, og ho veit ikkje kvar ho skal få tak i reservenøkkel. I staden reiser ho til sentrum for å treffa bror sin, og derfrå går det berre nedover. 

Gjennom mange tilbakeblikk får me høyra om heile livet hennar. Ho har mange planar ho ikkje greier å gjennomføra, ho vil mykje ho ikkje får til, og det verkar nesten som om ho driv gjennom livet utan å vita kva ho vil. Andre kan gjera kva dei vil med ho; ho finn seg i det meste.

Det er eit intenst og fengande portrett Fosse teiknar for oss. Dette er den andre romanen hans, og sjølv om det er langt til toppnivået i dei ferskaste bøkene hans, byrjar språket å verta hans.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

19. mars 2023

Garrett N. Graff: Watergate. A New History (2022)

Under den amerikanske valkampen i 1972 braut nokon seg inn i hovudkvarteret til demokratane. Dei vart tekne på fersken, og gradvis viste det seg at dei som braut seg inn var betalte av folk i Det Kvite Hus. Presidenten, Richard M. Nixon, nekta for at han hadde kjennskap til dette, men det var blank løgn. Han avslørte seg like godt sjølv - nokre år før hadde han funne ut at han ville gjera (hemmelege) opptak av alle samtalar på kontoret sitt, og då dei opptaka vart kjende, viste det seg at han var djupt involvert. Det var på nippet til at han vart stilt for riksrett, men han valde å gå av rett før det ville ha skjedd. 

Eg kjende litt til Watergate, men denne boka gjorde meg langt klokare. Boka kom ut til femtiårsjubileet for innbrotet, og Graff har brukt ei lang, lang rekkje kjelder. Han fortel historia ekstremt grundig og detaljert, og biletet mitt vart altså endra.

Det biletet var nok mykje prega av filmen All The President's Men. Den fortel om korleis dei to journalistane Bod Woodward og Carl Bernstein grev seg fram til at Nixon var ein banditt. Boka til Graff viser at dei slettes ikkje var dei einaste journalistane som fann nye opplysningar, og boka femner òg vidare. Graff viser at det gradvis kom fram meir og meir grums, både knytt til Nixon og til dei rundt han. Nixon snylta på skatten, visepresident Spiro Agnew var korrupt, osb. 

Det er ei glitrande bok. Det einaste som gjer lesinga vanskeleg er detaljrikdommen og persongalleriet. Det er ikkje alltid like lett å hugsa kva lag han eller han advokaten var på. 

Då Nixon gjekk av, sommaren 1974, sa nokre senatorar at dette var ein svart dag for amerikansk politikk. Det var det sjølvsagt, men det er lettare å vera samd med dei senatorane som sa at dette var ein god dag for amerikansk politikk - at Nixon gjekk av viste jo at systemet deira fungerte. Ingen veit sikkert kor mange senatorar som ville røysta for at han skulle gå av, men det ser ut til å vera vanleg å tru at det var under ti (av hundre). Dei som var senatorar for femti år sidan heva seg altså over partigrensene - viss presidenten var ein banditt, måtte han avsetjast. Spol femti år fram - då sat det òg ein banditt i Det Kvite Hus. Han gjekk ikkje av før riksrettsakene mot han, men der var senatorane lojale mot eige parti, sjølv om det må ha vore minst like opplagt at han ikkje høvde til jobben.

Guffen tilrår. 

17. mars 2023

Ragnar Hovland: Over Bali og Hawaii (1992)

Boka inneheld tre korte skodespel som handlar om heilt ulike ting, men dei har likevel mykje til felles. 

I Vegen fram er handlinga lagt til ein kafé, der verten får besøk av tre ungdomar som er ute og rek, to gutar og ei jente. Gutane kjenner kvarandre godt; jenta har dei plukka opp same dagen. Dei har òg køyrt ned ein kar, og dei har fått noko trøbbel med bilen dei køyrer.

I Opptaksprøven er handlinga lagt til eit venterom, som etter kvart viser seg å vera eit venterom for dei som nett er døde. Vert dei sende til himmel eller helvete? Også her har to unge menn og ei ung kvinne sentrale roller, men det er ikkje dei same som i det fyrste stykket.

I tittelstykket, Over Bali og Hawaii, er handlinga lagt til ei bygd. Ein ung mann kjem heim etter å ha vore på sjøen eit par år, og prøver å finna att gamlekjærasten sin. Han finn henne ikkje, og dessutan slit med at så godt som ingen av dei han møter veit kven han er.

Det fyrste stykket vart framført på Den Nationale Scene; dei to andre vart sende i radio. Alle stykka er gode, og eg kunne godt tenkt meg å ha sett (eller høyrt) dei. Det er gode replikkar, lystige tema og det er ikkje vanskeleg å sjå at det er Hovland som har skrive dei. Og det er jo som regel eit godt teikn. 

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

15. mars 2023

Arne Bjørndal: Ola Mosafinn (1922)

Ola Mosafinn (1828-1912) var ein av dei største spelemennene frå Voss. Andre spelemenn seier det, og då må me gå ut frå at det er sant. Det finst eit opptak av Mosafinn frå 1911, men det fortel ikkje kor god han var - ein ting er at han var ein gamal mann, ein annan er at han var noko redusert etter eit fall i 1893.

Han var spelemann, men han hadde òg inntekter frå å vera skreddar og dreng. Etter at faren døydde i 1867 hadde han ikkje fast bustad før i 1892, då han kjøpte seg kår på Saue. Pengane til den avtalen hadde han tent på to speleferder i USA, og på å halda seg vekke frå alkohol i tretti bryllaup. Eg tolkar den utsegna slik at vanlegvis fekk spelemenn noko av betalinga i alkohol, og når han ikkje drakk måtte han få meir pengar.

Han var mykje i Hardanger, også for å arbeida som dreng. I 1879 var han slåttekar hjå presten i Ullensvang, og det året var Edvard Grieg og Ole Bull der. Han møtte dei, og dei møtte han med respekt. 

Arne Bjørndal kjende Mosafinn, og han skriv i føreordet at Mosafinn er den viktigaste kjelda hans. Heldigvis skriv han òg at han sjølvsagt ikkje veit kva Mosafinn ikkje har fortalt - me må gå ut frå at han har halde noko tilbake. Bjørndal har ikkje noko negativt å seia om Mosafinn, og sidan dette er den einaste boka om Mosafinn har Bjørndal vore med på å forma biletet me har av Mosafinn i dag. Då er det dumt at han er så upresis - ein stad skriv han at far til Mosafinn døydde i 1864, ein annan stad skriv han 1866, og ein tredje stad skriv han (truleg) at faren døydde i 1874. Det rette er altså 1867. Det kan altså vera greitt å vera litt kritisk til det som står her, men samstundes skal ingen ta frå Bjørndal at han her gjorde viktig arbeid. 

Guffen tilrår.

14. mars 2023

The Show Must Go On (2019)

Eg var aldri spesielt begeistra for bandet Queen, men det er ikkje vanskeleg å vera samd i at Freddie Mercury var ein glimrande frontperson på scena. Han døydde i 1991, og bandet gjekk i oppløysing. Av og til heldt dei tre attlevande medlemmene konsertar. Bassisten gav seg mot slutten av 90-åra, men dei to andre heldt fram, ei tid saman med vokalisten Paul Rodgers.

Denne filmen handlar om samarbeidet med ein annan vokalist, Adam Lambert. Han minner langt meir om Mercury, både i oppførsel og songkraft. Fleire historier vert fortalde parallelt - Mercury snakkar om livet sitt i Queen. Dei to frå Queen snakkar om tida etter at Mercury døydde og om korleis dei framleis har stor glede av å stå på scena. Og det handlar om Lambert, som fyrst vart kjent gjennom fjernsynsserien American Idol. Der backa Queen han i eit program, og det var tydeleg for alle partar at dei passa saman.

Siste delen av filmen handlar om turnear dei gjer saman. For Lambert er det sjølvsagt noko nytt, men dei to gamle Queen-medlemmene, Roger Taylor og Brian May, meiner at dette er noko nytt for dei òg. Dei kjem til land Queen aldri vitja, og nokre stader er dei nesten større stjerner enn dei var før.

Ein heilt grei film, som rett nok hadde vore betre dersom musikken hadde vore betre.

Guffen tilrår.

13. mars 2023

Margunn Vikingstad: Rapportar frå randsonene (2021)

Margunn Vikingstad er litteraturkritikar. Eg kjenner namnet hennar frå dei åra eg tinga Dag og Tid; det ser ut til at ho også har skrive mykje for Morgenbladet. I denne boka er det essay om sju samtidsforfattarar - fem norske, ein svensk og ein dansk. Eg har lese det meste tre av dei har gjeve ut (merkeleg nok er det dei tre nynorskforfattarane), og kjenner litt til ein av dei andre. 

Vikingstad bruker ikkje tid på dei aller djupaste analysane, men det gjer ingen ting. Ho skriv godt og konsist om bøkene til forfattarane. Eg kjenner meg godt igjen i det ho skriv om Jan Roar Leikvoll og Jon Fosse, og spesielt essayet om Leikvoll er finfint. Ho skriv sjølvsagt mykje om dei dystraste av bøkene hans, men boka som får mest plass er Forkynnaren, den noko lysare boka som kom ut etter at han var død. Her peikar ho på den litterære slektskapen mellom Leikvoll og Fosse, og det er noko ho gjer ofte: Peikar på samanhengar mellom forfattaren ho skriv om og andre forfattarar i boka.

Forfattarane ho skriv om er Leikvoll, Fosse, Inger Bråtveit, Geir Gulliksen, Anne Oterholm, Helle Helle og Sara Stridberg.

Guffen tilrår. 

12. mars 2023

Allan Kozinn og Adrian Sinclair: The McCartney Legacy. Volume 1, 1969-73 (2022)

Den grundigaste og beste Beatles-boka eg har lese så langt er det fyrste bandet i trilogien til Mark Lewisohn, Tune In. Han har ekstreme kunnskapar om bandet, og har eit suverent auge for detaljar som kan verta viktige seinare i soga. Denne boka tek føre seg livet og karrieren til Paul McCartney etter The Beatles. Også her er detaljnivået høgt, og sjølv om det er ei god bok er ho ikkje på nivå med Tune In

Forteljinga tek til i 1969, altså medan The Beatles framleis held saman (til ei viss grad). Det er eit godt val av Kozinn og Sinclair, mykje av det som skjer fram mot Beatles offentleg vert oppløyst er vesentleg for det som kjem vidare i boka. Det handlar om kranglar og venskap med dei tre i Beatles, det handlar om korleis han stablar Wings på beina, det handlar om korleis dei fleste platene han gjev ut vert slakta, det handlar om korleis Wings fungerer (eller ikkje fungerer) som band, og det handlar litt om privatliv.

For ein som er under middels interessert i musikken til McCartney etter Beatles vert dei mange og grundige referata frå studio-innspelingar for mange og grundige. Det som fengar gjennom heile boka er at McCartney, medvite eller umedvite, heile tida kjempar mot si eiga fortid. Alt han gjev ut vert målt mot Beatles, og i studio er det alltid han som skal ha siste ordet. Mange som møter han vert (sjølvsagt) heilt fjetra når dei møter han. Dei andre i bandet vert godt kjende med han, sjølvsagt, men han behandlar dei meir som tilsette enn kollegaer. Dei har ei fast, låg vekeløn. 

Boka sluttar med at dei gjev ut Band on the Run, ei plate som får betre meldingar enn dei som går før. Rett før dei skulle til Nigeria for å spela inn plata slutta to av medlemmene i bandet, i protest mot måten dei vart handsama på og at dei tente så lite. Den siste av desse sluttingane får Linda McCartney til å tilta heilt - ho ringjer tilbake og seier "How dare you inconvenience us?" Ho får til svar at det faktisk er heilt omvendt, men reaksjonen til Linda viser at ho òg såg seg sjølv som kongeleg: Ho var med i Wings, men vart som regel dregen fram som eit veikt, veikt punkt.

Her er mykje interessant, men her er òg noko å trekkja for. Eg nemnde alt at det ofte vert for detaljert - platene McCartney gav ut i desse åra er ikkje spanande nok til å forsvara ei så detaljert oppramsing. Dessutan er her to rare ting med typografien - merka dei bruker for fotnotar er så små at dei nesten er usynlege. Kvar studioøkt opnar med nokre fakta i ein innramma tekstboks, før dei neste fem-seks linene også står i den boksen. Og så har dei, merkeleg nok, gjeve ut ei bok på 700 sider utan namneregister.

Guffen tilrår.  

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)

8. mars 2023

Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)

Denne boka kom fyrste gong ut i 1991. Dette er den fjerde utgåva av boka, og innheld mellom anna to etterord der dei to fortel om turen slik dei hugsar han mange år seinare, og der dei kjem med tips til andre som vil gå same turen. 

Monsen og Strømdahl gjekk turen i 1989, og på den tida var dette ein lite gått tur. Berre rundt 25 personar hadde gått frå Lindesnes til Nordkapp (eller omvendt, eller omtrent den distansen). Den fyrste og andre som gjorde det var Bjørn Amrud i 1966, og seks år seinare vart han like godt den fyrste som gjekk om vinteren òg. 

Monsen og Strømdahl vart kjende på lærarskulen. Begge var glade i turlivet, og vert samde om å gjera noko stort og langt saman. Dei vil gå langs norskegrensa, frå Pasvikdalen til Halden. Det gjer dei òg, med nokre avstikkarar frå ruta. Dei har med seg hundar og (litt for) mykje utstyr, og har det stort sett finfint. Dei overnattar ute, dei fiskar mykje og jaktar litt, og finn den naturopplevinga dei var på leit etter. Dei bruker eit år på turen.

Dei går òg på nokre smellar. Fleire gonger vert dei stoppa av dårleg vêr, og dei må halda seg i ro fleire dagar i strekk. Desse dagane slit på dei to, og ein stad litt over halvveges på turen skjønar dei at dei må endra planane litt. Eit par dagar kvar veke går dei kvar for seg, før dei kjem saman att. Med ein slik rytme går alt betre.

Guffen tilrår. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

6. mars 2023

The Power of the Dog (2021)

Nja. Ein sånn litt over middels film. Det er litt western, og det er litt Brokeback Mountain

To brør, den knallharde Phil og den litt meir kjenslevare George eig og driv ein ranch saman. Phil er den eigentlege sjefen; George er med på kjøt og flesk. Phil er tøff i kjeften, og då George giftar seg med ei enkje er han sterkt kritisk - både mot enkja og mot den noko feminine son hennar, Peter. I fyrsten er Phil direkte uvenleg mot Peter, men etter kvart oppfører han seg finare mot han.

Det er det fleire grunnar til. Phil var, merkeleg nok, ein glitrande student på Yale i ungdommen, og han er kanskje trekt mot den bokglade Peter. Like viktig er det nok at Phil vert tiltrekt av Peter. Peter er ikkje interessert, han er tvert imot rimeleg forbanna på Phil, som handsamar mor til Peter dårleg. Filmen sluttar med at Phil vert sjuk og døyr, og hinta me får fortel oss at Peter har drepe han.

Det er vel feil å seia at filmen tek av, men det er heilt greitt. Det heile skjer i Montana, og her er meir enn nok av smakfulle bilete. Det er òg bra med dei uventa vendingane, men det er òg alt.

Guffen er lunken.