13. november 2023

Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Denne plata kom ut i 2012, og var ulikt det Motorpsycho hadde gjort før. Dei hadde med seg Ståle Storløkken (og mange andre), og laga ein rockeopera. Songane fortalde ein historie, og musikken var mektig og magisk. Då dei turnerte etter at plata kom ut vart verket framført frå A til Å. Eg såg dei to gonger - konserten i Bergen vart øydelagt av dårleg lyd; konserten i Operaen i Oslo, der dei stilte med fullt mannskap, var aldeles glimrande.

Dei som skriv bøkene i denne serien (og i den engelsk-språklege som liknar) står rimeleg fritt til å vinkla teksten slik dei vil. I denne boka har Marius Lien teke eit godt grep: Etter ei innleiing der han skriv om ulike reisemåtar han finn i tekstane til Motorpsycho, konsentrerer han seg om båtreiser som kan minna om historien på plata. Det var ikkje heilt uvanleg at overlevande etter forlis brukte dei døde kameratane sine som mat, og den lengste historia handlar om forliset på skuta Essex i 1820. Når Lien fortel denne historia, vekslar han med kortare kapittel der han fortel om hendingane i tekstane på plata.

I tillegg til dette har han intervjua mange av dei som var med. Ingen av dei tre i Motorpsycho snakkar - Kenneth Kapstad takka nei, medan dei to andre ikkje var spurt, av di dei har kome til orde så ofte elles. Storløkken snakkar, Ola Kvernberg snakkar, fleire av Trondheimsolistene snakkar, Kjetil Mølster snakkar, Matias Eick snakkar, produsenten Kåre Vestrheim snakkar. Samla sett får dei fram nye og gamle sider ved plata. Boka gjorde òg det slike bøker ofte gjer: Eg måtte henta fram att plata for å friska ho opp att, og det svingar framleis av ho.

Guffen tilrår. 

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar