2. februar 2019

Paul Auster: Travels in the Scriptorium (2006)

Hovudpersonen er ein eldre mann. Han ligg på eit rom på ein sjukeheim eller eit sjukehus. Han slit med minnet, men får jamleg besøk av folk som har treft han før. Dei refererer òg til andre han har møtt, eller andre han burde ha høyrt om. På skrivebordet hans ligg det utskrift av ei forteljing - han likar ikkje denne, men ein dokter som vitjar han bed han dikta vidare på forteljinga.

Det gjer han, og det fell lett for han. Det er nærliggjande å tru at hovudpersonen er Auster sjølv, ikkje minst av di mange av folka som kjem innom eller som vert omtala er karakterer frå bøkene hans. Det er hovudpersonen som har ansvar for det som har skjedd i liva deira; Quinn, som var hovudpersonen i City of Glass, opningsboka i New York-trilogien, vert omtala som "den fyrste" (eller noko slikt), osb. Så skriverommet han reiser rundt i er hans eige.

Det er jo eit artig grep, men det vert ikkje så mykje meir enn det. Ei stund går det litt sport i det - når eit nytt namn dukkar opp leitar eg i minnet for å finna ut kva bok den personen kan vera henta frå. Auster-lesarar som debuterer med denne boka får ikkje det grepet med seg, og då er det ikkje mykje å henta her. Det er langt frå noko høgdepunkt i bibliografien til Auster, og er ei av bøkene hans som er fort lesen og fort gløymd.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar