21. desember 2023

Jon Fosse: Morgon og kveld (2000)

Undervegs i lesinga av denne romanen tenkte eg på dei altfor, altfor mange som ikkje har lese denne boka. For ei ufatteleg oppleving dei går glipp av! Boka er så glitrande, så fabelaktig, så velskriven og så original at ho gjorde eit enormt inntrykk også denne gongen, rundt tjue år etter at eg las ho fyrste gong. Fram til Septologien heldt eg denne for å vera den beste Fosse-romanen, og det seier ikkje så lite.

Kva det handlar om? Vegen inn i livet, og vegen ut att. Etter eit kort kapittel som handlar om fødselen til fiskaren Johannes, vert me med han gjennom dagen han døyr. Det er dødsdagen som gjer sterkast inntrykk, der han gjer det han plar gjera, Han møter bestevenen Peter, men han forstår ikkje heilt kvifor Peter er så rar. Dei dreg inn til byen for å selja fisk, men får det ikkje heilt til. Dei reiser heim att, og då han litt seinare går for å vitja Peter møter han dottera Signe, som går fort mot heimen til Johannes. Sidene der dette møtet vert skildra er noko av det aller, aller beste Fosse har skrive. 

Etter at Fosse fekk Nobelprisen har eg møtt eller høyrt om fleire som har sagt at dei ikkje har lese Fosse, av di han er så vanskeleg. Eg trur denne romanen er ein god inngang til forfattarskapen hans. Boka er krystallklar.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar