18. oktober 2009

Motorpsycho (USF, Bergen, 17.10.09)

Lenge sidan sist, eg trur det må vera seks eller sju år sidan sist eg var på konsert med Motorpsycho. I alle fall ein rein Motorpsycho-konsert - eg såg eit par Tussler-konsertar, og var òg på ein konsert der dei hadde med seg nokre blåsarar frå Jaga Jazzist. Men sist gong var altså i 2002 (eller 2003), og det var ikkje akkurat i glansdagane deira.

I åra før 2002 (eller 2003) var eg på Motorpsycho-konsertar fleire gonger i året, og eg trur eg har passert tretti totalt. Fyrste gong eg såg dei var i mars 1992, på Hulen i Bergen. Rundt 50-60 personar i salen, halvparten var vekke før det siste ekstranummeret, "California Dreamin'". På den tida levde eg utan stereoanlegg, alt eg hadde var ein klokkeradio, så eg såg dei på konsert minst fem-seks gonger før eg kjøpte ei av platene deira.

Eg budde i Bergen det meste av 90-åra, og USF var femte staden eg såg dei der i byen. Ein av dei mest minneverdige var på NHH, av alle stader, i mars 1994. Dei avslutta det vanlege settet med "Mountain"/"Home of the Brave"/"The Golden Core". Den fyrste og den siste av desse er noko av det ypparste dei har laga, nokon gong. Eg kunne ha teke med at dei rundspelte Seigmen den kvelden, men det ville sagt lite om kor bra konserten var.

"The Golden Core" var ikkje gitt ut på plate då. Songen kom med på Timothy's Monster, som ikkje kom ut før eit halvt år seinare, i september 1994. Då spelte dei på Garage, også i Bergen, nokre dagar før plata kom ut, og spelte like godt omtrent berre songar frå den plata. Publikum kjende desse dårleg - jubelen som møtte "Plan #1" kom i stor grad av rein lette. Eit anna høgdepunkt frå same konserten var då dei spelte "The Wheel", som har eit uvanleg fengande og monotont bassriff, som dei ikkje kvidde seg for å dra ut i timevis. Eg stod med augene igjen, vippa att og fram i mange minutt, før eg opna dei att, og såg to jenter framanfor meg sjå på meg, medan dei rista lett på hovudet, truleg ute av stand til å skjøna at nokon kunne lika dette. Etter konserten fortalde bror min at han hadde opplevd nøyaktig det same nokre meter unna.

Eg var fan, og er det nok enno. Eg kjøpte alle platene deira, også den høgst middelmådige pop-trilogien som kom rundt tusenårsskiftet (Let Them Eat Cake; Phanerothyme; It's a Love Cult), tre plater som dempa entusiasmen for bandet kraftig. Dei levde likevel godt på gamle minner, kvintalogien frå midten av 90-åra kjem ingen andre band til å kopiera - Demon Box; Timothy's Monster; Blissard; Angels And Daemons At Play; Trust Us. Spesielt dei to fyrste av desse heng ekstremt høgt. Entusiasmen min tok seg opp att med sideprosjektet The International Tussler Society, som eg vonar ikkje er lagt til sides for godt.

For nokre år sidan slutta Geb, trommeslagar, og etter ei plate der bassist Bent Sæther spelte trommer, og ein turné der dei hadde med ein hollandsk trommeslagar eg i farten har gløymt namnet på, fekk dei seg ein ny mann. Eg anar ikkje kva som kom fyrst her, men eg såg prosjektet Kanon på Moldejazz 2007, der fem-seks musikarar laga massive instrumentalversjonar av klassikarar frå rockehistoria. I alle fall hevda dei at det var det - eg kjende ikkje att nokon av songane. Konserten var likevel bra, og trommeslagaren der, Kenneth Kapstad, imponerte med stor energi og kraft, trass ein ekstremt pinglete kropp. Han vart med i Motorpsycho, og konserten i Bergen var fyrste gong eg såg dei med han bak trommene.

Han gjer framleis ein god jobb, men han er veikare enn Geb når det gjeld å byggja opp crescendoar, og òg når det gjeld desse lange improvisasjonane. Det siste er forståeleg, Geb var med i bandet i ei årrekkje, og improvisasjon er i stor grad bygd på musikalsk kommunikasjon mellom dei ulike musikantane. Om dette var grunnen til at det var få lange instrumentalparti, veit eg ikkje, men det kan ikkje ha vore mange songar som sneik seg over ti minutt.

Konserten var òg skjemd av dårleg lyd, det vart litt for tett av og til, slik at det var vanskeleg å få med alt. Og ein bør få med alt - Snah er ein fabelaktig gitarist, eg kjem ikkje på nokon her i landet som kan gjera alt det han kan. Han og Sæther vekslar på å syngja, ingen av dei er spesielt gode til det, men det har alltid vore litt av sjarmen deira. Det er litt skeivt og skakt, det er ikkje alltid dei får til det dei prøver på, men når det sit, og det gjer det ofte, er det altså heilt suverent. For den halv-offisielle Motorpsycho-nettsida skreiv eg ein gong ein konsertrapport der dei opna med ein halvtimes versjon av "Un Chien d'Space", og eg skreiv at dei kunne like godt gått av scena etter opningsnummeret. Det er framleis det aller, aller beste eg har høyrt frå ein scene nokon gong.

Kanskje med unntak av nokre versjonar av "The Golden Core". Dette er den beste songen deira, dei har ikkje spelt han for mange gonger dei siste åra, men henta han fram igjen i Stavanger, dagen før konserten på USF. Også her var det pikerten den songen som avslutta konserten, diverre utan at dei fekk full klaff. Eit mindre høgdepunkt kom då instrumental-partiet tek til. Både gitaristen og trommeslagaren stoppar å spela, medan Sæther spelar nokre takter åleine, der det skjer minimalt. Eit perfekt utgangspunkt for den massive avslutninga, sjølvsagt, men folk i salen snakkar og ropar. Slik er det jo alltid. Bak trommene ser Kapstad ut på publikum, litt overraska, litt irritert, og fører sakte eine peikefingeren opp til leppene sine, for å signalisera at dei bør halda kjeft. Andre i publikum hysja òg på dei som snakka, og merkeleg nok tok dei hintet.

Det var ein solid konsert. Ikkje det beste eg har sett med Motorpsycho, men det hadde eg heller ingen voner om, og det hadde òg vore i meste laget. Ein Motorpsycho-konsert over snittet har jo langt meir å by på enn andre konsertar, så eg stiller nok opp neste gong òg.

Guffen tilrår, vilkårslaust.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

1 kommentar:

  1. Var på samme konsert, på garage i 1994, og hadde vel samme opplevelse ja: http://motorpsycho.fix.no/dampsaba/gigs/view/?gig_ID=163&venue=Garage&town=Bergen&date=1994-09-23

    SvarSlett