13. november 2010

Paul Auster: Sunset Park (2010)

Nokre av avsnitta i denne boka er heilt rette. Det verkar som om alt er som det skal vera, og det er ikkje så rart når dei er skrivne av ein så god forfattar som Paul Auster. Han skriv gode setningar og alt det der, men eg er likevel ikkje altfor nøgd med denne boka.

Eg har lese alle romanane hans. Eg opna med New York-trilogien ein gong tidleg i nittiåra, og suste gjennom dei neste romanane hans. Eg sette bøkene hans svært høgt, men vart skuffa over Mr. Vertigo (1994), og også den neste boka hans, Timbuktu (1999) var ein nedtur. Etter tusenårsskiftet har han av og til glimta til, men Sunset Park er ei bok heilt på det jamne.

At han skriv om tilhøva mellom fedre og søner er heilt greitt, det har han gjort ofte. At han skriv om folk som ikkje greier å forsona seg med at nokon som stod dei nær ikkje lever meir er òg heilt greitt, det har han gjort ofte. At han skriv om ting som har gått gale i det amerikanske samfunnet, og at fleire av personane i romanen er eller drøymer om å verta forfattar er òg heilt greitt, det har han gjort ofte. At han tidt og ofte refererer til baseball er òg heilt greitt, det har han gjort ofte. Det som manglar her er den heilt gode historia, det som gjer at han går eitt steg lengre. Sunset Park verkar nesten som noko han kunne skrive på autopilot.

Den sentrale personen i romanen er Miles Heller. Sju år tidlegare var han skuld i at halvbroren miste livet, og etter det har han ikkje hatt kontakt med foreldra sine, som begge er gift på nytt. Han bur i Florida, men må koma seg vekk, og då Bing Nathan, den einaste gamle venen han framleis har kontakt med, tilbyr han eit rom i eit okkupert hus i Sunset Park i Brooklyn, flyttar han dit. Der bur han saman med tre andre, og tek opp att kontakten med begge foreldra. Ting går ikkje heilt etter planen, og boka sluttar med at han er på veg til Florida igjen.

Det manglar noko overraskande. Eg las boka ut på nokre timar, og kjeda meg ikkje, men det er liksom noko uforløyst over det heile. Ei av husokkupantane jobbar deltid for PEN, og Auster bruker eit par sider på å forklara kva PEN er for noko, og kvifor det er ein viktig organisasjon. Den teksten hadde passa betre i ein brosjyre for PEN, her verkar det svært malplassert. Derimot er det imponerande at den saka ho jobbar mest med for PEN er ein kampanje for å frigjera Liu Xiaobo. Her kan det ikkje vera snakk om å kasta seg på ei Jagland-bølgje, boka kom ut under ein månad etter at fredspristildelinga vart gjort kjent, og då må Auster forlengst ha levert frå seg manus.

Guffen er lunken.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

3 kommentarer:

  1. Eg har også lese alle romanane til Auster. Han er ein favoritt. Eg likte no godt denne boka også - mykje betre and Franzens Freedom som alle jublar for. Eg liker Austerlandskapet og dei treffande bileta han skriv. Men dei store overraskingane får vi jo ikkje. Dreg han attende til Florida altså?

    SvarSlett
  2. Eg likte Freedom betre enn denne. Men dei beste Auster-bøkene ligg langt over Freedom.

    Og du har heilt rett - han er slettes ikkje på veg til Florida. Det må ha gått litt fort med lesinga på slutten.

    SvarSlett
  3. Sjå der er vi samde.

    SvarSlett