27. september 2022

Cowboyen og kongen (2022)

Dette var ein rimeleg underhaldande serie. Hovudpersonen, jærbuen Arvid Mæland, har mange planar og lite tolmod. Han set i gang ei endelaus rekkje med prosjekt - nokre realistiske, andre svært sympatiske. Felles for dei fleste av desse prosjekta er ei haldning om at alt går an.

Dei udelt sympatiske sidene hans er at han lagar til sommarleir for ungdommar, og at han samlar inn pengar til ein barneheim i Afrika. Dei litt mindre sympatiske sidene er at han gjev ein god ein i alt av lover og reglar, slik at han gjerne kontaktar kommunen etter at noko er gjennomført, eller ikkje i det heile. 

To prosjekt er gjennomgåande: I den fyrste episoden får me høyra at han skal hogga ut hovudet til kong Harald i fjellet over garden hans. Det prosjektet skjer det ikkje så mykje med. I den same episoden får me òg høyra at han har invitert 250 gjester til bryllaupsfest neste sommar - det einaste han manglar er ei kvinne som kan gifta seg med han. Det prosjektet skjer det litt med, men heldigvis er ho som vert kjærasten hans sterk nok til å forklara han at det er for tidleg å gifta seg. 

Undervegs møter me mange fargerike påfunn og personar. Ein favoritt i den siste kategorien er ein kunstnar som sel mykje kunst (der handverket er langt betre enn alt det andre) - han vert presentert som "min faste forlovar" (eller noko slikt). Nokre arkivklipp viser òg at han har hatt halvgode påfunn gjennom heile livet, og det er noko å smila av i kvar einaste episode.

Guffen tilrår.

24. september 2022

Annie Ernaux: Hendelsen (2000)

Denne boka kom på norsk i 2020, og det tok ikkje lang tid før ho vart dagsaktuell. I boka fortel Ernaux om då ho 23 år gamal vart gravid. Ho ville ta abort, sjølv om det var forbode i Frankrike på den tida, noko som sjølvsagt gjorde det heile vanskeleg. Faren var ein perifer kjenning, som berre trekte seg meir ut etter at han fekk vita at ho var gravid. Ho vitjar fleire dokterar, ho snakkar med vener av vener som har vore gjennom det same, og får til slutt tips om ei kvinne som kan hjelpa ho. Det gjekk ikkje heilt etter planen, ho blødde så mykje at ho måtte på sjukehus.

Det er ei bok som gjer inntrykk. Ernaux snakkar med små bokstavar, men får godt fram kor fortvila ho var då det skjedde. Av og til er det den seksti år gamle Ernaux som får ordet, og då er det både tydeleg at ting har endra seg i samfunnet, men òg at dette var ei hending som sette djupe spor. Abort er ikkje lett, og skal ikkje vera det. 

Bøkene til Ernaux er sjølvbiografiske romanar, der ho hentar stoffet frå eige liv. I denne boka bruker ho minne og dagbøker, og av det vert det stor litteratur.

Guffen tilrår. 

Meir Ernaux på kulturguffebloggen
Årene (2008)
Sommeren 58 (2016)
Far. En kvinne (2021)

20. september 2022

Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.2022)

Det har regna ein del før dette stykket tek til. All handlinga går føre seg i heimen til familien Svendsen. Elva i nabolaget har gått over breiddene sine. Vatnet har gått inn i stova til Svendsen, og dei vassar i nokre centimeter regn når dei går rundt i stova. 

Det er ikkje berre naturen som går til pises. Det er ikkje akkurat noko harmonisk familieliv som gradvis viser seg fram. Dei to foreldra har ikkje alltid hatt det like godt med kvarandre, og kona Ruth har ein svart boks med brev frå ein elskar ho hadde. Mannen Olav er arbeidarpartimann, og er oppgitt over at den eine av sønene plaskar ute på høgresida. Dei tre sønene har ikkje noko direkte godt forhold - dei er ulike kvarandre, og kranglar stort sett heile tida. Dei kranglar òg med foreldra, slik at det vert ein del krangling i stykket.

Det er berre sånn middels vellukka. Stykket er skrive av Frode Grytten, og eg sat heile tida med ei kjensle av at dette er tema han har skrive om før. Sjølvsagt er her nokre gode replikkar, sjølvsagt er her ting å smila av, men det vart ei framsyning som nok vert fort gløymt.

Guffen er lunken.  

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

19. september 2022

Tormod Haugland: Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)

Hm. Dette var nok ikkje Haugland i toppform. Her er mykje bra, mange uventa og originale påhitt og vendingar, men likevel.

Dei to brørne Patrick og Paal Romberg er (litt) profilerte foredragshaldarar. Paal er den som skriv det som skal seiast, begge framfører det. Dei er i slekt med den litt mystiske Martin Romberg, som forsvann for nokre år sidan. Kanskje han er død, kanskje ikkje. Dei er ikkje dei einaste som leiter, men dei har eit lite forsprang på dei andre. Leitinga tek dei nordover frå Bergen, i eit landskap der noko er reelt og noko er fantasi. Dei finn små hint fleire stader - i private bustadhus, på emigrantmuseet på Radøy, på Island, osb. Konene deira dukkar opp fleire stader, via organisasjonen "Frie kvinner", men dei har heile tida biroller.

Det tek altså ikkje heilt av. Eg trur dette er fyrste gongen eg har mist interessa i ei Haugland-bok, så me får tru at det var eit lite kvileskjer.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)

15. september 2022

Gunnhild Øyehaug: Vonde blomar (2020)

Gunnhild Øyehaug held framleis på med noko fornuftig. Novellene i denne boka er ulikt alt anna eg har lese. Her er humor, her er fantasi, her er djupe tankar og uventa vendingar, her er gode observasjonar. Nokre av novellene snakkar med og kommenterer kvarandre. Rett som det er, bryt ei anna forteljarstemme inn og prøver å finna ut kva som eigentleg skjer. Her er eit djupt alvor og stor humor, gjerne i ei og same novelle.

Det heile er klokt skrive, og vitnar om ein forfattar som har full kontroll på stoffet sitt. Ho refererer ofte til andre forfattar - av og til er det opplagt, andre gonger reknar eg med at det går meg hus forbi. 

Guffen tilrår. 

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)

13. september 2022

Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)

Andreas Backer var den fyrste heiltidstilsette sekretæren i Den Norske Turistforening. I denne boka skriv han om turar frå ulike tur- og fjellområde i Noreg, og det er ei bok som er litt vanskeleg å vurdera. I dag finst det enorme mengder av bøker om desse og andre fjellområde, og desse bøkene er langt betre illustrerte. Her er mange foto i denne boka òg, men dei er i svart-kvitt og ofte heller ordinære.

Boka er i tillegg skriven på eit språk som eignar seg for høgtlesing i filmavisa. Det viser seg at han skriv mest for byfolk - det er i alle fall eit ord som dukkar opp gong etter gong. Så det er litt å trekkja for.

Men andre ting dreg òg verdien av boka opp. Dette er turområde som ikkje var godt kjende på den tida, og Backer var såleis med på å inspirera folk til fjells. Det mest gledelege mot boka er dei gongene han vert inspirert, språkleg sett. Då lever teksten, og den store kjærleiken hans til naturen skin godt gjennom.

Guffen er lunken. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

12. september 2022

Pistol (2022)

Eg kom til å tenkja på gamle dagar, då eg var ein ung wannabe-punkar. Me likte musikken, men ville gjerne vita meir om dei meir sentrale banda. Ein av oss fekk tak i ei bok om Sex Pistols (The Sex Pistols File?), og me las boka om att og om att. Denne dramatiseringa av historia deira kan kanskje ha same effekt på dei som oppdagar bandet no, men truleg ikkje: Dei finn jo alt dei vil på internett. Og då er det litt vanskeleg å skjøna kven serien er laga for. 

Her er sjølvsagt bra musikk, og det er nokre strålande skodespelarpresentasjonar, men innvendingane mot serien vert så mange at det som er bra druknar. Det er ikkje heilt greitt at dei juksar med kronologien, og at dei spelar "Bodies" medan Glen Matlock er med i bandet. Det vert litt for mykje svart/kvitt - Matlock snakkar om Beatles heile tida, Paul Cook har omtrent ikkje eigne meiningar, Johnny Rotten er forbanna på alle alltid, Steve Jones kan ikkje lesa, osb. Ingen andre punkeband vert nemnde. Chrissie Hynde får derimot ei altfor stor rolle. I røynda jobba ho på Sex, men bortsett frå det var ho perifer. Her vert ho kjærasten til Steve Jones, og vert den eine personen han verkeleg prøver å koma innpå. Det er aldeles uforståeleg at serien sluttar med at ho og The Pretenders skal spela konsert.

Boka er basert på sjølvbiografien til Steve Jones. I serien er han med så godt som heile tida. Det hadde vore meir stas dersom det var den verkeleg Jones som var med - han har langt meir sjarm enn slik han vert presentert her.

Men musikken er sjølvsagt bra. Og Anson Boon, som spelar Johnny Rotten, er finfin - han snakkar til og med slik Rotten gjorde. Det veit alle me som har sett intervju med Rotten, eller sett og høyrt han i det som framleis er den beste filmen om Sex Pistols - The Filth and the Fury.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)

10. september 2022

Arthur Marx: Life With Groucho (1954)

Arthur Marx er son til Groucho, og han har gjeve ut fleire bøker om faren. Dette er den fyrste av dei, og det er ei litt rar bok. Det verkar som om han ikkje veit heilt kvar han vil med alt saman. Av og til er det veldig detaljert, av og til er det noko heilt anna. Han skriv ikkje spesielt godt, og han prøver diverre å vera morosam. Det er heilt greitt, sjølvsagt, bortsett frå når det ikkje er morosamt. Og slik er det som regel her.

Boka skapte visstnok litt friksjon mellom far og son. Groucho hadde lest og godkjent eit manus, men der vart gjort endringar etterpå. Ei av desse endringane var at det vart sett inn ein haug med fotnotar. Desse var signert Groucho, og på omslaget vert det hevda at grunnen er at biografien var så uautorisert at Groucho brukte fotnotane til å forsvara seg.

Det er ein relativt kronologisk gang gjennom livet til Groucho. Her er mange gode og halvgode anekdotar, og mange av desse stod på trykk her for fyrste gong. Boka fortel òg litt om privatpersonen Groucho - han vert stort sett presentert som ein varm og god far, men ikkje alltid. Også i denne boka står det mykje om kor gjerrig han var, til dømes. Me kjem likevel aldri heilt innpå han, heldigvis har sonen vit til å halda litt avstand.

Guffen er lunken. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

6. september 2022

Better Call Saul, sesong 2 (2016)

Den sjette og siste sesongen av Better Call Saul vart nett fullført, og nokre stader stod det om at serien sett under eitt var betre enn Breaking Bad. Eg er berre komen til sesong to, men så langt plasserer serien seg på eit noko lågare nivå. Eit par av episodane i denne sesongen var ikkje spesielt pirrande.

Her er, grovt sett, to separate handlingar. Me veit at dei kjem til å smelta saman, serien fortel om hendingar som skjedde før Breaking Bad. Jimmy McGill kjempar det han kan for å verta akseptert som advokat, og for å få det til tøyer han dei etiske advokat-grensene. Han har eigentleg berre ein alliert i advokat-miljøet, kjærasten Kim Wexler. McGill er på nikk med Mike Ehrmantraut, ein tidlegare politimann som òg stort sett er i eit etisk grenseland. Historia hans er langt meir spanande enn historia til McGill. Han triksar og miksar med den mektige og farlege Salamanco-familien, og greier seg godt. Sesongen sluttar med at han prøver å ta livet av sjølvaste Hector Salamanco. Han vert avbroten på ein fiffig måte, truleg av ein gamal kjenning frå Breaking Bad.

Det er finfine bilete, og sjølv om det var litt å trekkja nokre stader er serien eit godt prov på at Vince Gilligan er ein glimrande historieforteljar. Rykta seier at serien vert betre og betre, så me held nok fram i kjent stil.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

3. september 2022

Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

Per Sivle levde eit innhaldsrikt liv. Han gjorde mykje, men han burde og kunne ha gjort mykje meir. Han gjorde fleire dårlege val, han nytta ikkje ut potensialet litt, kanskje mest grunna at han drakk altfor mykje. Slik sett er tittelen på denne boka presis, og han vert endå meir presis når me veit at Sivle var 47 år gamal då han tok livet sitt.

Der var nok av dramatiske hendingar og vendingar i livet hans. Mora prøvde å ta livet sitt eit par månader før Sivle vart fødd. Han vaks opp i ulike fosterheimar. Han vingla mellom fleire utdanningar, før han av helsegrunnar måtte gje opp studia. Han skreiv nokre gode dikt, men òg mange dårlege, og den einaste romanen han skreiv er nærmast uleseleg. Han var redaktør i Kristianiaposten, og kom då på kant med folk han eigentleg var på lag med. Han hadde eit høgst anstrengt forhold til faren. Han greidde aldri å skapa ein god heim for familien. Og då han tok livet sitt i 1904 hadde han varsla det i fleire månader.

Fidjestøl fortel dette og meir til på ein eksemplarisk måte. Han har gravd fram ei rekkje kjelder, og han bruker desse godt. Han er sympatisk innstilt til Sivle, men kvir seg ikkje for å kritisera der det høver seg slik. Boka er òg flott bygd opp - Fidjestøl opnar med å fortelja lågmælt om sjølvmordet til Sivle, før resten av boka kjem kronologisk. Slutten er gripande, der kona Wenche reiser inn til Kristiania og finn Sivle på eit hotellrom. Ho veit ikkje det han veit: Om nokre timar skal han ta livet sitt. Boka sluttar med at ho kviskrar "Bli med heim til Drammen! Bli med heim til Sussi og meg! Bli med meg heim!"

Guffen tilrår.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)