13. oktober 2010

Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)

Duck Soup kan òg vera ein av dei filmane eg har sett flest gonger. Eg har ledd mykje av Marx Brothers dei siste tjue åra, og dette er filmen eg ler mest av. Det er òg den einaste filmen der eg omtrent ler heile tida, det er den einaste filmen der dei har droppa soloane på piano og harpe. I denne boka er der fleire Woody Allen-sitat, det beste er truleg det der han seier at Duck Soup er den einaste komedien utan "a dead spot".

Det er altså ein suveren film. Han vart laga i 1933, og førte, uventa nok, til at Marx-brørne ikkje fekk fornya kontrakta med Paramount. Korkje publikum eller kritikarar likte filmen. Seinare har han fått uoffisiell status som den beste Marx-filmen, og vert ofte omtala som ein av dei beste antikrigsfilmane som er laga. Det er det lett å vera samd i, sidan han viser kor meiningslaust krig er. Samstundes går det an å vera samd med Blount, som seier at det òg går an å sjå filmen som ein pro-krigsfilm. Her har alle lyst til å gå til krig, og når det endeleg vert erklært krig mellom dei to fiktive nabolanda, jublar og dansar alle.

I utgangspunktet handlar denne boka om denne eine filmen. Det fungerer glimrande, mest av di Blount leikar seg gjennom filmen. Etter nokre innleiande sider, der han kort fortel litt om brørne, og kva som fascinerer med dei, går han gjennom filmen scene for scene. Her viser han stor detaljkunnskap, han viser til liknande scener i andre filmar, han kjem inn på Marx-anekdotar, han skriv om korleis filmen er heilt ulik det fyrste manusutkastet, osb. Han skriv seg ofte vekk frå filmen, men også det gjer han med myndig hand, og han kjem alltid tilbake til filmen før det vert for seint.

Det er ikkje lett å skriva morosamt om humor. Blount gjer det. Eg koste meg med boka, og vonar at han gjer noko liknande med eit par andre av dei beste filmane deira.

Og sjølv om eg eigentleg berre har interne peikarar på desse sidene: Her er den morosamaste scena i Duck Soup. Den som ikkje ler av dette er ein trist, trist person.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar