30. november 2010

The Cocoanuts (1929)

Det siste året har eg lese åtte bøker om Marx-brørne. Det slo meg at det er lenge sidan eg har sett filmane, og då kan eg jo like godt køyra gjennom dei, i kronologisk rekkjefølgje, i alle fall dei eg har liggjande.

Dette er altså debutfilmen deira. Marx-brørne slo for alvor gjennom i 1924, då framsyninga I'll Say She Is gjorde furore på Broadway. Denne filmen er basert på det andre Broadway-stykket deira, som hadde premiere i 1925. Dei spelte inn filmen på dagtid i 1929, på kveldstid var dei attende på Broadway og framførte Animal Crackers. Det kan forklara at filmen ser ut som eit hastverksarbeid, det er ikkje mykje meir enn eit filma scenestykke.

Det er òg ein tidleg lydfilm, han hadde premiere berre eit og eit halvt år etter den aller fyrste lydfilmen, og det er tydeleg at filmbransjen ikkje hadde full kontroll over dette nye mediet. Eit par gonger i filmen brettar Groucho ut eit kart. Det skapte problem for lydfolka, papiret knitra så mykje at all dialog forsvann. Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis dei løyste dette problemet - kartet er kliss vått.

Diverre er det ikkje så mykje anna å le av her. Eller - her er ein del bra, men det er svært mykje som dreg nivået ned. Her er fleire songar, her er tre-fire dansenummer, og både Harpo og Chico har dei obligatoriske soloane sine, på høvesvis harpe og piano. Bortsett frå pianospelinga til Chico er dette traurige greier. Rundt ein fjerdedel av filmen går med til dette, slik at det vert for lite Marx-brør. Og når dei er på skjermene, er dei ikkje Marx nok. Det kjem langt betre filmar seinare.

Filmen etablerer likevel eit mønster for korleis dei skal vera på film. Groucho snakkar fort og mykje, har ein fin jobb han ikkje passar i, og han prøver å få napp hjå Margaret Dumont. Harpo snakkar ikkje i det heile, men har heile tida små påfunn som er meir eller mindre vellukka. Chico har ein sterk italiensk dialekt, og spelar ein enkel person som kan snakka seg ut av alle situasjonar. Zeppo er med på kjøt og flesk.

Handlinga er lagt til Florida, der Groucho er direktør for eit hotell som går dårleg. Han har kjøpt opp eit landområde ved hotellet, der han vil leggja ut tomter, men han slit med å finna kjøparar. Margaret Dumont vert fråstole eit verdifullt halsband frå hotellrommet sitt, og Harpo og Chico hjelper til med å oppklara det tjuveriet. Og så er her ei romantisk historie som berre går i vegen for komedien, slik det har lett for å verta i Marx-filmar.

Høgdepunkt? Samtalen mellom Groucho og Chico, der sistnemnde tolkar viaduct som Why a duck?.

Guffen er lunken.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar