14. april 2013

Motorpsycho (Røkeriet, Bergen, 13.4.2013)

Ein av grunnane til at Motorpsycho heile tida verkar friske og aktuelle er at dei stadig finn nye folk å samarbeida med. Kjernen i bandet har heile tida vore gitarist Snah og bassist Bent Sæther, med Kenneth Kapstad bak trommene sidan 2007, men dei er sjeldan åleine. Dette var den sjuande Motorpsycho-konserten eg har sett sidan eg tok til med denne bloggen, og berre to gonger har dei spelt som trio.

På denne turneen har dei med seg Reine Fiske, ein finfin svensk gitarist. Dette var berre den andre konserten på turneen, og han verka ikkje heilt varm i trøya enno - kanskje mest av di han konsekvent tima feil når gitaren skulle i veret under STG. Men å ha to glimrande gitaristar på scena på ein gong gav tidvis bandet endå meir å spela på. Dei opna med to eller tre songar frå den siste plata, trur eg (eg har ikkje høyrt den plata enno), og spesielt i eitt parti, der begge gitaristane spelte soloar samstundes, var det glitrande.

Høgdepunkta var likevel stort sett henta frå 90-åra. Det har vore eit Blissard-år, dette - plata kom ut på ny, i ein boks med fire CD-ar, Johan Harstad gav ut ei omfattande bok om plata, og i august skal dei spela heile Blissard på Pstereo-festivalen i Trondheim. Dei spelte fem songar derfrå på denne konserten, og samtlege var solide. Det handlar kanskje om gleda over å høyra att songar eg høyrde jamleg på konsertar for sytten-atten år sidan, det handlar kanskje om at det er stas å høyra dei spelte av eit endå betre band, eller det handlar kanskje om at det rett og slett er gode songar. Best av dei fem var Manmower; mest uventa var Greener, som kom som siste ekstranummer.

Best av alt dei gjorde denne kvelden var likevel Un Chien d'espace. Eg sende inn nokre konsertmeldingar til den halvoffisielle Motorpsycho-nettsida midt i 90-åra, og fyrste gongen eg høyrde denne songen skreiv eg at dette kunne verta eit høgdepunkt på motorpsycho-konsertar i årevis. Ein annan gong samanlikna eg han med Götterdammerung. Lite visste eg at dei seinare ville ha konsertar i operaen, og like lite visste eg sjølvsagt om at eg mange år seinare ville vera vitne til ein endå meir fantastisk versjon. Songen er kanskje det beste dømet på dette Motorpsycho er heilt suverene på - å byggja opp ein song frå det heilt rolege til det monumentale. Kor lenge varte han? Ti minutt? Femten? Anar ikkje. Etter at han var over klappa folk i fleire minutt, verka det som. Fabelaktig.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.15
Røkeriet, Bergen, 9.4.16
Begynnelser, Trøndelag teater 7.9.16

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar