27. august 2020

After Life, sesong 2 (2020)

Det er kanskje ikkje den heilt store utviklinga frå sesong 1, men det er framleis finfint. Hovudpersonen, Tony Johnson, arbeider som journalist i  byenTambury. Han har nyleg mist kona si, og får ikkje heilt skikk på livet sitt. Dagane hans er heller like - han står opp, går på jobb, snakkar med folk på jobb, går til grava til kona der han snakkar med ei eldre kvinne som har mist mannen sin, vitjar den demente far sin på gamleheimen, går heim og drikk og ser på gamle filmar av kona.

Det som gjer det finfint er den enorme varmen i serien. Javisst kan det komande bitande kommentarar, javisst kan det vera vondt å sjå korleis Johnson har det, men det er ein varme over det heile. Det er kanskje der serien er ulik den fyrste sesongen. Tony vert mindre og mindre bitter, og er snill mot langt fleire enn hunden. Det ligg litt i lufta at det kjem til å verta noko mellom Tony og ho som passar på far hans på sjukeheimen.

Manus er skrive av Ricky Gervais, som òg spelar hovudrolla. Han spelar på eit langt større register enn elles, og er overtydande også når han er lengst nede. Fleire av dei andre rundt han er òg glimrande framstilt - det er vanskeleg å ikkje lika postmannen, og det er òg like stas kvar gong fotografen i avisa skal ta bilete av eitt av dei håplause intervjuobjekta deira.

Guffen tilrår.

Meir After Life på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2019)
Sesong 3 (2022)

23. august 2020

Legs McNeil og Gillian McCain: Please Kill me (1996)

Eg har omsider somla meg til å lesa denne. Boka vert gjerne omtala som ei av dei viktigaste bøkene om tidleg punk, og eg har kjent til ho i fleire år.

Boka har undertittelen "The uncensored oral history of punk". At det er munnleg historie er heilt fint, det gjer boka lett å lesa, og det gjer òg at alle får koma til orde. Dei to forfattarane har snakka med hundrevis av personar, som sjølvsagt ofte er usamde. Det er òg forfriskande at det er mykje krangling og ned-snakking - Patti Smith er ei av dei som får mest kritikk.

Det som dreg nivået ned er kva dei snakkar om. I ei bok som dette vil det gjerne verta snakk om både sex og drugs og rocknroll, men musikken burde vera det viktigaste. Slik er det ikkje her, det er vel det forfattarane tenkjer på når dei kallar det ei usensurert bok. Det handlar altfor mykje om kven som har vore bortpå kven, og det handlar altfor mykje om kor mykje gale folk finn på når dei har rusa seg. For meg hadde det vore langt meir spanande å lesa meir om musikken deira.

Det handlar om den tidlege punkehistoria sett frå New York. Det tek rett nok til i og rundt Detroit, med MC5 og Iggy, før det heile flyttar seg til New York. Her er det miljøet rundt CBGBs og Max's det handlar om. Når det handlar om andre delar av USA er det av di grupper frå New York er på turne dit, når det handlar om britisk punk er det av di grupper frå New York er der. (Pluss eit kapittel om USA-turneen til Sex Pistols, og eitt om det siste leveåret til Sid Vicious i New York.) NY-punken var viktig, historisk sett, men musikalsk sett var England langt meir spanande, og det same var punken som vaks fram i California og i Washington D.C. 

Guffen tilrår.

19. august 2020

Runa Fjellanger: På motorveiene (2017)

Anna er på bilferie gjennom Europa med kjærasten Ida. Det er ein tur inn i det ukjende, det verkar ikkje som om dei kjenner kvarandre så altfor godt frå før. For Anna er det til ei viss grad ein tur inn i det kjende, det kjem heile tida kapittel der me får høyra om då ho som lita jente var på bilferie gjennom Europa med foreldra.

Det ligg ei uro over begge desse reiseskildringane. I ferieturen med foreldra luktar det heile tida at foreldra ikkje greier meir. Der kjem òg frampeik til det som gradvis vert tydelegare i skildringa av ferien med Ida. Anna er ikkje heilt stabil, ho er valdeleg både som barn og vaksen. Som liten gøymer ho seg ein gong i ein liten skog; som vaksen toler ho ikkje at Ida tilfeldigvis møter veninna Silje, og det endar med Anna køyrer frå dei to andre utan å seia frå.

Det er ei svært fin bok. Fjellanger sløser ikkje med orda, men fortel det heile i presist og poetisk språk. Ho fortel oss ikkje meir enn ho må, og boka er svært fint bygd opp.

Guffen tilrår. 

16. august 2020

Gertrude Stein: Alice B. Toklas' sjølvbiografi (1933)

Gertrude Stein var amerikansk. Ho flytta til Paris i 1903, 29 år gamal, og budde i Frankrike til ho døydde i 1946. Ho var kunstsamlar, skribent, og hadde mange, enormt mange, kontaktar i kulturlivet, både i Frankrike og elles.

Skald forlag kallar boka ein roman, medan boka i utlandet vart kåra til ein av dei tjue beste engelskspråklege sakprosabøkene frå 1900-talet. Det er ein slags sjølvbiografi, men Stein skriv altså ikkje sin eigen sjølvbiografi: Stein og Tokla var kjærastar dei siste førti åra Stein levde. Så både tittel og forteljarstemme tyder på at det handlar om Tokla, men det gjer det berre i liten grad: Boka handlar i hovudsak om livet til Stein.

Grovt sett handlar boka om dette: Dei fyrste åra i Paris kjøper Gertrude Stein enormt mykje kunst, saman med broren Leo. Dei kjøpte av kunst av unge, lovande kunstnarar, og det vert fortalt mykje om møte og middagar med desse. Det handlar litt om livet til Stein før ho flytta til Frankrike. Det handlar om skrivinga hennar. Det handlar om reising. Det handlar om fyrste verdskrigen.

Det vert litt i meste laget. Dei to kvinnene møter kunstnar etter kunstnar, forfattar etter forfattar. Dei er velståande nok til å reisa dit dei vil, og til å ha hushjelper som lagar mat for dei. Dei møter litt fleire kunstnarar. Det er noko leikent over boka, over måten det er skrive på, men halvvegs gjennom boka ventar eg på at noko skal skje, at noko skal endra seg. Det gjer det ikkje, slik at piffen gjekk litt ut av det heile mot slutten.

Guffen er lunken.


13. august 2020

Ragnar Hovland: Utanfor sesongen (1988)

"Det er meg igjen, folkens. Visst er det meg. Med mi typiske t-skjorte. Med mine minne. Med mine tomme pilsflasker. Og som vanleg er eg på reisefot".

Dette var den femte romanen til Hovland, og opningssetningane viser at han er klar over det som etter kvart vert eit tydelegare mønster i forfattarskapen hans. Setningane over kunne vore brukt om mange av hovudpersonane hans. (Det kunne rett nok ha vore på sin plass å skriva inn ei kråke òg, men slik vart det ikkje. Den semi-obligatoriske kråka dukkar opp relativt langt ute i boka, på side 146.)

Hovudpersonen er på leit etter kona si, som nyleg har flytta frå han. Han reiser til Bergen, og vert på merkeleg vis innblanda i nokre kriminelle greier. Han tek på seg å køyra ein bil til Stavanger, og undervegs oppdagar at han det ligg eit lik i bagasjerommet. Han får aldri heilt oversikt over kva som skjer og kva som har skjedd. Same kvar han er får han telefon frå nokon som overvakar han, og sjølv om han greier å lura seg unna det meste, kjem det sjølvsagteit endeleg oppgjer mot slutten.

Hovland er i god form i denne boka. Også her aular det av spreke setningar og minnerike metaforar. Hovudpersonen refererer ofte til forfedrane sine, ikkje minst den mystiske faren, som han ikkje heilt veit kva dreiv med.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

12. august 2020

Michael Stewart Foley: Fresh Fruit for Rotting Vegetables (2015)

Dead Kennedys var eit av dei tøffaste banda. Dei kom frå San Francisco i California, og vart raskt det viktigaste punkbandet på den amerikanske vestkysten, og gradvis det viktigaste i USA (og kanskje òg elles i verda). Dei vart oppløyst i 1986. (Og ja, eg veit at tre av medlemmane sidan 2001 har spelt under namnet Dead Kennedys, men det vert feil å rekna eit DK utan vokalisten Jello Biafra som eit DK.)

Denne boka fortel om debut-LPen deira, som kom i 1980. Det er ei imponerande bok. Foley skriv mykje og godt om tilhøva i San Francisco i andre halvdel av 1970-åra, og viser korleis Dead Kennedys vart påverka av byen dei budde i. Frå 1978 var det stadige oppør i byen, dels grunna eit altfor brutalt politi, upopulær skattepolitikk, vanskelege leigetilhøve ("Let's Lynch the Landlord"), kampanjar mot homofile, osb. Det var òg den sommaren Jim Jones emigrerte frå San Francisco til Jonestown i Guyana.

Foley har snakka med medlemmane i bandet, og viser korleis dei alle kom frå ressurssterke familiar. Alle var politisk medvitne og politisk aktive, og det prega musikken deira. Han skriv òg godt om tekstane til Biafra, der han gjerne let eg-personen stå for noko heilt anna enn det han sjølv stod for, som i songen "I Kill Children". Foley framhevar at bandet var gode musikarar, at dei heldt gode konsertar, og at Biafra var ein fantastisk frontfigur på scena.

Guffen tilrår.

Meir Dead Kennedys på kulturguffebloggen
Alex Ogg: Dead Kennedys. Fresh Fruit for Rotting Vegetables (2014)

8. august 2020

Vertigo (1958)

Denne filmen har eg sett før, men fekk lyst til å sjå han igjen etter at eg las at filmen for nokre år sidan vart kåra til den beste gjennom tidene. Slike kåringar er det mange filmar som har vunne, men det overraska meg likevel at denne gjekk heilt til topps. Det er ein fin film, men det finst mange filmar som er betre.

Hovudpersonen, John Ferguson, har slutta i politiet etter at han har utvikla ei slitsam form for svimling. Ein skulekamerat han ikkje har sett på mange tiår tek kontakt, og seier at kona hans oppfører seg rart. Ho trur at ho levde for meir enn hundre år sidan, og han bed Ferguson spionera på ho, for å finna ut kva ho gjer dagen lang. Det gjer Ferguson, og han vert overtydd om at det faktisk stemmer. Kona til skulekameraten trur at ho er Carlotta Valdes, kler seg som ho, vitjar stadar ho budde, og prøver å ta livet av seg der Valdes gjorde det. Ferguson får stoppa det ein gong, men neste gong går det gale.

Filmen er laga av Alfred Hitchcock, slik at det kjem sjølvsagt nokre uventa vendingar. Filmen kan kanskje verka stilleståande av og til, men er her heile tida ei nerve, noko som ikkje minst skuldast James Stewart. Han spelar Ferguson, og leverer som vanleg ein svært sterk prestasjon.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

7. august 2020

Anders Totland: Vintertonar (2019)

Isak er forfattar, busett i Bergen. Han får ein telefon frå svogeren, som seier at han bør koma heim - faren er alvorleg sjuk. Isak er ikkje så lysten på det, han har ikkje snakka med far sin på mange år, men kjenner likevel at han må reisa. Det går ikkje så bra, og han reiser attende til Bergen før han hadde tenkt. I Bergen får han tenkt seg om, reiser heim til faren og familien likevel, og denne gongen går det betre.

Mor hans lever ikkje meir. Ho flytta frå faren då Isak var midt i tenåra, og ho tok med seg Isak. Han har funne dagbøkene hennar, og dei fortel om det Isak lenge har visst: Faren var valdeleg. Desse såra har aldri grodd, og er grunnen til at Isak har brote heilt med faren.

Totland skriv fram denne historia på eksemplarisk vis. Han viser oss gradvis meir av kva som har skjedd, og me forstår betre kvifor Isak ikkje har hatt kontakt med faren. Samstundes er det mora sin versjon me får fortalt, gjennom Isak, og etter at eg var ferdig med boka var eg slettes ikkje sikker på at hennar versjon var den rette. Og gode bøker kan godt vera så opne som det.

Guffen tilrår.

6. august 2020

Born on the Fourth of July (1989)

Det er no så mangt. Filmen har ein veldig fin bodskap, men det vert litt for tydeleg. Kontrastane vert for store, og det manglar både små og store overraskingar.

Filmen er basert på sjølvbiografien til Ron Kovic. Han vart patriot, han var konservativ, han hadde ein far som hadde kjempa i andre verdskrigen, og han melde seg difor til teneste i Vietnam som nitten-åring, i 1965. Der fekk han så store skader at han framleis sit i rullestol.

Filmen handlar mest om tida etter at han kjem heim. Han slit med mykje, men det som gneg han mest er alle som protesterer mot krigen. Dei protesterer òg indirekte mot han, og han meiner at dei må jo skjøna at han og dei andre soldatane har vore i Vietnam for å kjempa for landet sitt. Gradvis går det opp for han at krigen i Vietnam er feil, og han vert ein fredsaktivist.

Igjen - det er fint med filmar som har gode intensjonar, og det er fint med filmar som vil noko. Men det vert i meste laget. Før han reiser til Vietnamn står dei amerikanske klisjeane i kø, og seinare i filmen, spesielt i scenene frå Vietnam, er det filmklisjear som dukkar opp.

Guffen er lunken.

4. august 2020

Steffen (2020)

Ein kort fotballdokumentar medan eg ventar på at alle andre skal stå opp. Filmen fortel om fotballkarriera til Steffen Iversen, men her er òg to andre viktige historie-liner: Karriera til faren Odd Iversen, og tilhøvet mellom dei to.

Odd Iversen var ein ekstrem fotballspelar. Han var sterk, rask, og var aldeles fryktlaus. Han spelte for Rosenborg, der han skåra mål som han ville. Ein sesong skåra han 30 mål på 18 kampar. Mange store klubbar i utlandet ville kjøpa han, men han gjekk i staden til den belgiske andredivisjonsklubben Mechelen. Der vart han skada, og vart aldri den same att.

Steffen Iversen var god, men han var aldri like god som faren. Han vart likevel heile tida samanlikna med han, noko som må ha gjort vondt: Han fortel at faren aldri var til stades. Steffen vaks opp hjå mora; faren var stort sett oppteken med å drikka. Når dei to møttest var det meir som kompisar, seier Steffen, og det er tydeleg at minnet om å veksa opp utan ein far framleis er vondt. Han seier at han vil verta noko anna for borna sine, men det kjem ikkje fram kor godt han greier det. Det vert òg hinta om at også han drikk for mykje.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)