14. juli 2021

Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)

Denne boka er ein oppfylgjar til Grindegard, og det er ei langt betre bok. Grindegard slutta med at Toremun vart dømd til fengsel for å ha drepe Vesle-Brit, den beste veninna si. Han var gal i gjerningsaugneblinken, men vart altså likevel dømd.

I den fyrste delen av denne boka sit Toremun i fengsel. Han er like mykje på sjukestova som på cella, og det vert klarare og klarare for alle at han er sjuk, og at han òg var sjuk då han drap Vesle-Brit. Denne delen av boka er finfin, og det kan godt vera det beste Vesaas hadde skrive til dess. Han får godt fram korleis Toremun slit med det han har gjort, og korleis han ikkje er frisk.

Den andre delen av boka er ikkje like vellukka. Toremun kjem heim til garden sin, og prøver å gå tilbake til det vanlege livet der. To frå fengselet kjem for å treffa han og for å slå seg til der - sjukesystera Lis og ein annan fange, Hauk. Utan Hauk ville nok Toremun og Lis fått det bra, i alle fall viss Toremun hadde greidd å fri seg frå tankane om Vesle-Brit, men Hauk går i vegen, og eggar dei litt opp mot kvarandre. 

Mot slutten kjem det eit dødsfall, slik det gjerne gjorde i dei tidlege Vesaas-bøkene, og det viser seg òg at Hauk er far til Vesle-Brit (noko ho ikkje er klar over). Begge dei hendingane senkar nivået på boka. Her er likevel mykje bra, språket vert betre og betre, og boka var langt betre enn eg hugsa ho.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar