11. november 2012

Motorpsycho og Ståle Storløkken (Den norske opera, Oslo 11.11.2012)

OK - no er det fare for at panegyri-alarmen går igjen. At eg er glad i Motorpsycho er ikkje noko nytt, og det er vel heller ikkje noko nytt at eg prøver å få med meg dei mest spesielle konsertane deira. Eg var relativt raskt ute med å kjøpa billett til denne konserten, og sat dermed ideelt plassert, midt i salen, på rekkje fem.

For ein konsert det var. Tidlegare i år gav dei saman med Ståle Storløkken ut det svært ambisiøse albumet The Death Defying Unicorn, ein slags rockeopera om ei sjøreise som gjekk heller galt. Dei fire framførte plata på ein turne i vår; den eine konserten eg såg på den turneen vart øydelagt av dårleg lyd. Dette var noko heilt anna. Her var lyden framifrå, og det var ikkje lenger berre fire på scena. Her var alle frå plata med - fiolinisten Ola Kvernberg, strykarane i Trondheimssolistene, og blåsarane i Trondheim Jazzorkester. I tillegg trylla lysmannen Pekka Stokke fram eit visuelt landskap som stod glimrande til musikken.

Det heile opna relativt forsiktig, men etter eit minutt eller to tek det av, og det kjem bortimot einogeinhalv time utan kvilepausar. Det er rolege parti, det er gnistrande fiolinsoloar, det er parti med berre strykarar, men det er fyrst og fremst massive og monumentale parti, der gitarar og trommer dominerer. Det er parti som er så sterke at eg rett som det er fekk klump i halsen; andre gonger merka eg at eg sat med eit stort smil.

Dei to vanlegaste ankepunkta mot Motorpsycho er at dei i improvisasjonspartia kan verta for introverte, og at dei slettes ikkje kan syngja. Slik var det berre delvis her. Dei song langt betre enn vanleg, spesielt bassisten Bent Sæther, men det er vel likevel lenge mellom det vert sunge såpass, eh, varierande frå scena i Operaen. Konserten (og plata) har nokre dødpunkt halvveges. Det var ikkje like mykje improvisasjon som vanleg her, naturleg nok, men dei kunne godt ha stramma inn noko av dette.

At dødpunkta kjem midt i konserten gjer forresten at heile konserten minner om heile Motorpsycho-historia: Den fyrste halvdelen er glimrande, så kjem det nokre år på eit langt lågare nivå, før det igjen har teke seg opp dei siste fem-seks åra. For slutten på plata er noko av det beste Motorpsycho har gjort på lenge, og på denne konserten toppa dei det. Dei siste ti-femten minutta var magiske, og er noko av det ypparste eg har høyrd frå dei.

Der er mange finfine prestasjonar. Det er vanskeleg å finna den største stjerna. Kvernberg var stor, gitaristen Snah er alltid stor, men eg merka at den eg såg mest på var trommeslagaren, Kenneth Kapstad. Fy fasan kor mykje energi det er i den spinkle kroppen. Likevel var det samspelet som gjorde denne kvelden så stor. Kor mange var det på scena? Ein stad mellom 25 og 30?

Så det var nok ein stor Motorpsycho-kveld, nok ein Motorpsycho-konsert for minneboka. Kven skulle trudd det, meir enn tjue år etter at eg såg dei saman med nokre titals andre på Hulen, at dei skulle få langvarig ståande applaus frå ein fullsett opera? Ei konsertmelding eg skreiv for ei uoffisiell Motorpsycho-nettside for femten år sidan slutta med setninga "We're not worthy indeed". Det gjeld framleis.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar