11. desember 2010

Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)

I den aldeles glimrande boka Lost in Music skriv Giles Smith om kor viktig musikken var for han i oppveksten. Han fortel mellom anna om korleis han, då han var student, var heilt fiksert på at dei rette platene stod fremst i platebunka, slik at det raskt vart tydeleg for dei som vitja han at han hadde god smak.

Eg har det ikkje heilt sånn, sidan huset me bur i er så lite at alle bøkene står i eit anna hus. Likevel tenkte eg på det då eg las denne boka - kva om folk ser kva eg les? Kva om folk ser at eg har lese denne? For dette er ikkje rare greiene.

Boka handlar om ein god skodespelar, og ein mindre god. Den gode er Toby Temple, den løgnaste komikaren i Hollywood, og ein som har makt nok til å gjera som han vil. Den mindre gode er Jill Castle, ei ung dame som drøymer om å verta stjerne, og som ser at Temple kan vera nøkkelen. Mot slutten av boka får dei (endeleg) eit forhold til kvarandre, men han vert sjuk og døyr, og ho tek like godt livet sitt, etter at den tidlegare agenten hennar har vist den komande ektemannen hennar ein pornofilm ho spelte inn for nokre år sidan.

Det er ein svært tynn historie, og boka er heller ikkje spesielt godt skriven. Ting vert veldig opplagde, når Temple heilt ut av det blå fortel Castle at han er livredd for å drukna, må det vera eit signal om at han faktisk kjem til å drukna om ikkje lenge. Der er òg så mange ting som skjer i siste liten at det berre vert latterleg.

Det var ein einaste grunn til at eg las denne boka. I Groucho fortalde Hector Arce om to romanar som var baserte på dei siste leveåra til Groucho Marx. Då levde Groucho saman med Erin Fleming, ei ustabil skodespelarinne, som meir eller mindre tvinga Groucho til å kutta banda til folk ho ikkje likte, mellom anna dei tre ungane hans. Det er ikkje vanskeleg å sjå parallellar i den siste delen av boka, men resten av boka var berre visvas. Det verste av alt er at eg, samstundes med at eg tinga denne boka, tinga den andre. Ein skal ikkje skua hunden på håra og alt det der, men den boka ser endå verre ut. Heldigvis var det ikkje mange kronene eg betalte for kvar.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar