20. mars 2018

David Roberts: Alone on the Ice (2013)

Ei bok som har undertittelen "The greatest survival story in the history of exploration" legg lista rimeleg høgt. Det er eit Edmund Hillary-sitat, men likevel.

Boka fortel om ein ekspedisjon til Antarktis i 1911-14. Ekspedisjonen vart leia av Douglas Mawson frå Australia, og målet var å kartleggja store delar av den antarktiske kysten. Dei kom altså til Antarktis med ei litt anna målsetjing enn Amundsen og Scott, som hadde det vidgjetne kappløpet mot Sydpolen samstundes som Mawson og dei andre var der.

Alt gjekk ikkje etter planen. Frå basehytta gjekk fleire ekspedisjonar ut. Mawson gjekk saman med to andre, og begge dei miste livet. Den fyrste forsvann i ein bresprekk, saman med teltet, det meste av maten, og dei beste hundane. Den andre vart sjuk og døydde. Mawson gjekk åleine i tretti dagar, gjekk gjennom fleire snøbruer, men kom seg heilt fram til basehytta. Fem timar for seint til å nå båten som skulle henta dei. Seks menn var att for å venta på han (og dei to andre, sjølvsagt), og desse sju måtte vera der vinteren gjennom.

Det er omtrent her boka går på ein smell. Så langt har det vore fart i forteljinga, og Roberts både skriv godt og byggjer det heile opp godt. Men det siste året skjer det ingenting, bortsett frå at ein av dei tørnar galen. Det verkar som om Roberts kvir seg for å gjera dei openberre kutta som burde gjerast, og tværar dette ut altfor langt.

Og så var det denne undertittelen. Held me oss til Antarktis er jo prestasjonen til Shackleton langt større, då han saman med seks andre reiste i open båt frå Elephant Island til Sør-Georgia, for så å kryssa ei lita fjellkjede for å koma fram til folk. Det var òg ein tur der alle overlevde, også dei som venta på Elephant Island. Turen til Nansen og Johansen er jo òg større enn dette.

Guffen er lunken.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Amundsen (2019)

18. mars 2018

Utøya 22. juli (2018)

Det har kome mange bøker om terroren på Utøya (og i Oslo). Eg trur dette er den fyrste filmen, men mange fleire er på veg. Det er ein film som er vond å sjå på, men det er ein god film.

Filmen handlar om Kaja, som er på leir saman med syster si. Då terroristen kjem til Utøya er dei på kvar sin kant, og under skytinga er Kaja på leit etter systera. Ho gøymer seg i skogen saman med andre, ho leitar i teltet deira, ho sit nokre minutt saman med ei som er skoten, ho gøymer seg nede ved vasskanten, men tenkjer heile tida på kvar systera er.

Filmen er filma i eitt langt opptak, og alt som er av skyting skal vera så ekte som råd. Av og til høyrer me skota langt vekke, av og til er dei rett i nærleiken av der Kaja er. Av og til kjem dei tett, nokre gonger kjem det lange pausar. Det lange opptaket, det (så godt som) alltid springande kameraet - alt dette gjer at me kjem tett innpå ungdommane. Det gjer at me kan nærma oss ei forståing av korleis det var - me kan ikkje skjøna det, men biletet vert klarare.

At me omtrent ikkje ser terroristen er òg ei god løysing. Eg er redd for at dei andre filmane som kjem kan vera mindre kloke der.

Guffen tilrår.

17. mars 2018

Paul Auster: Leviathan (1992)

Fyrste gong eg las Paul Auster var i 1994. Me var fleire som raskt vart opptekne av bøkene hans, og me las det me kom over. Denne var den ferskaste boka hans då. Det hadde (jamt over) vore stigning i programmet, og me gjekk og gleda oss til den neste boka. Lite visste me då at det skulle gå mange år før det kom ei bok som var på nivå med dette. Like høgt som dette har han kanskje aldri kome.

For dette er ei finfin bok. Dei vanlege kjenneteikna ved ei Auster-bok er til stader - eg har nemnt dei før: Hovudpersonen er forfattar, han bur i New York, alt som er tilfeldig er bra, osb. Men boka er glimrande oppbygd, og har ei fin rammeforteljing rundt den eigentlege historia. Og den er i seg sjølv meir enn god nok, med mange overraskingar.

Boka opnar med eit smell: "Six days ago, a man blew himself up by the side of a road in northern Wisconsin." Forteljaren i boka, forfattaren Peter Aaron, skjønar fort at det må vera Benjamin Sachs, bestevenen hans. Han hadde gått under jorda og vore på loffen i fleire år, men då dei to overraskande trefte kvarandre hadde Sachs fortalt heile historia si, og fått Aaron til å lova å skriva henne ned dersom noko hende med han. Det gjer han, og skriv så fort han kan medan han ventar på at FBI-agentane som vitja han tidleg i boka finn ut at Aaron faktisk visste kven bombemannen var. Dei hadde funne telefonnummeret hans i lommeboka til Sachs, men Aaron forstod ikkje korleis, og greidde å vinna tid nok til å skriva boka.

Det glir av seg sjølv. Auster er i toppform, og både setningar og kapittel er velskrivne og velkomponerte. Me vert godt kjende med begge to, både Sachs og Aaron, og med fleire av kvinnene deira. (Peter Aaron har fine førebokstavar, og er gift med Iris.) Livet til Sachs vert snudd på hovudet to gonger, og begge gongene er relativt tilfeldige - den eine gongen fell han fire etasjar ned frå ei branntrapp; den andre gongen går han seg vill i skogen, får haik heimatt med ein kar, og endar opp med å ta livet av ein vilt framand kar, i sjølvforsvar.

Eg har lese boka to gonger før, men det er så pass lenge sidan at dette igjen var ei stor oppleving. Eg les meg visst gjennom heile forfattarskapen til Auster igjen, men veit at ingen av dei resterande bøkene kan måla seg med denne.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

16. mars 2018

The Post (2017)

Eg las nett All the President's Men, og har sett filmen fleire gonger. Den handlar om den gongen The Washington Post verkeleg sette dagsorden, ved å avsløra at den republikanske presidenten Nixon var involvert i avlyttinga av kontoret til demokratane i Watergate.

Denne filmen handlar om hendingar nokre år før, om då avisa valde å publisera utdrag av The Pentagon Papers. Det var ei omfattande dokumentsamling laga av det amerikanske forsvarsdepartementet, som analyserte det alt som hadde skjedd i Vietnam, og som viste at USA ikkje hadde sjanse til å vinna krigen der. Presidenten prøvde å stoppa publiseringa, men den amerikanske høgsteretten vedtok at publiseringa var lovleg, og at ei fri presse var noko av det som var grunnleggjande i eit demokrati.

Det er ei god historie, og ei historie som sikkert kunne vore grunnlaget for ein fin film. Denne filmen vert likevel litt sånn midt på treet. Det er for mange scener me har sett før, det er litt for opplagt at ho litt usikre utgjevaren av avisa kjem til å verta ein sikker utgjevar, scena der heile avishuset stoppar opp medan ei av journalistane får vita resultatet på telefonen er om lag som ein klisje, osb. Når ein film viser nokon som har det travelt, eller nokon som kjem til ein storby for fyrste gong, er det ikkje uvanleg at dei går over gata utan å sjå på trafikken, slik at ein bil må bråbremsa. I denne filmen skjer akkurat det like godt to gonger.

Guffen er lunken.

13. mars 2018

Robert Musil: Tre kvinner (1924)

Hovudpersonen i kvar av dei tre novellene i denne boka er menn, slik at boka gjerne kunne heitt Tre menn. Men det gjer ho jo ikkje, og det må koma av at det som styrer handlinga til mennene er kvinnene dei er glade i. Novellene handlar om forholdet mellom tre par, som levde i ulike land til ulike tider. Kvinnene høyrer òg til i ulike sosiale lag - me møter ei bondejente, ei adelskvinne og ei kvinne frå arbeidarklassen.

Den sistnemnde av desse er Tonka, som me møter i den lengste og beste av dei tre novellene. Dei to andre er ikkje like engasjerande, dei er tidvis seige, men novella om Tonka er som ein leik. Ein gut frå overklassen forelskar seg i ho, ho vert gravid, han reknar seg fram til at han kan slettes ikkje vera faren, ho får syfilis. Det er ei flott forteljing, der språket står mindre i vegen enn i dei to andre. For dei er ikkje like bra.

Denne boka kom ut i serien Skalds klassikarar. Det er ein serie dei skal ha ros for, ikkje berre av di dei omset klassiske litterære verk på ny, men òg av dei bøkene er visuelt vellukka.

Guffen tilrår.

12. mars 2018

A. J. Jacobs: The Year of Living Biblically (2007)

A. J. Jacobs likar å gå langt inn i emna han skriv om. I 2004 gav han ut ei bok om den gongen han las heile Encyclopedia Britannica. Denne gongen handlar det om Bibelen, men vinklinga er litt annleis. Han les heile Bibelen, skriv ned alle reglane og pålegga som finst der, og prøver å leva i tråd med dei i eit heilt år. Omtrent. Han tek det steg for steg, og det verkar fornuftig - det er ekstremt mange reglar i Bibelen.

Parallelt med dette prøver han å gjera seg betre kjend med ulike religionar, og kanskje mest dei små og rare. Jacobs omtalar seg som ein agnostikar, og sjølv om han merkar at han likar å vera religiøs, i alle fall litt, er det ingenting som tyder på at han får varige mein av dette året. Og parallelt med det igjen fortel han om sitt eige liv, der han og den gravide kona tidleg i boka får vita at dei ventar tvillingar.

Skal ei bok som dette fungera, føreset det at forfattaren ser det morosame i prosjektet, og det komiske i livsstilen han går inn i. I Markus-evangeliet står det "they shall pick up serpents", og Jacobs sporar opp eit lite trussamfunn i Tennessee som tek dette på alvor. Kvar gudsteneste vert avslutta med at presten tek opp ein giftslange og kjæler litt med han. Han møter fleire som meiner at Bibelen ikkje skal tolkast, det som står der er regelen som gjeld.

Jacobs får fram det komiske. Her er mykje å smila litt av, også når han skriv om korleis kona Julie vert meir og meir lei av dei bibelske påfunna hans. Etter at tvillingane er fødde, medan dei ligg på fødestova, seier ho "Hold my hand". Han har lese Bibelen, og svarar "Well, you're impure for a week after the birth, so I can only hold it before the birth". Ho svarar "Please don't ..." - eit klart signal om at det er i ferd med å ta overhand.

Guffen tilrår.

Meir Jacobs på kulturguffebloggen
The Know-It-All (2004)
The Puzzler (2022)

11. mars 2018

München (2005)

Det kom heim ein del filmar som skulle kastast på arbeidsplassen til Marit. Eg valde ut denne ein kveld, utan å vita mykje anna enn at filmen er regissert av Steven Spielberg.

Eg trudde òg at filmen handla om terrorhandlingane under OL i München i 1972. Det gjer han jo, men berre litt. Det handlar lite om sjølve dramaet der, og meir om det som skjer etterpå. Under OL drap den palestinske terrororganisasjonen Svart september elleve personar i den israelske OL-troppa. Israel vil ha hemn, og filmen handlar om han Mossad-agenten som leiar denne hemngruppa. Dei reiser Europa rundt, på leiting etter dei som stod bak terroren.

Det går ikkje lang tid før filmen vert keisam. Dei reiser til ein ny by, dei legg litt planar, dei et litt, dei finn ut korleis dei skal ta livet av han dei ser etter. Av og til går alt etter planen, av og til slit dei. Slit gjer filmen òg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Richard Lloyd: Everything Is Combustible (2018)

Av dei banda som var sentrale i miljøet rundt klubben CBGB i New York midt i 1970-åra var Television det mest interessante. Eg høyrde ikkje noko på dei då, det tok mange år før eg kjøpte Marquee Moon, som er ei glimrande plate. Til liks med mange andre band kom dei saman etter mange år, og då dei spelte i Bergen for tre-fire år sidan vurderte eg sterkt å reisa. Eg droppa det, og angra nok litt då det viste seg at dei var på turné for å spela Marquee Moon-plata.

På den turneen var ikkje Richard Lloyd med. Han var ein av dei to gitaristane i bandet, og det var samspelet mellom desse to som var den store styrken til bandet. Bandet vart oppløyst i 1978, men kom saman igjen i 1992, og Lloyd var med fram til 2007.

Etter at Lloyd er ferdig med å fortelja om oppveksten sin, handlar boka stort sett om tre ting - sex, dop og rock'n'roll. Pluss ein liten dose galskap - Lloyd var innlagt ved fleire høve i oppveksten. Han flyttar til New York, der han lever av dei tre nemnde emna. Han gjer det han kan for å verta betre på gitar, og har ei merkverdig evne til å verta kjend med kjende musikarar, som Hendrix, litt med Jimmy Page, litt med John Lee Hooker. Så kjem han saman med gitaristen Tom Verlaine, og dei går saman med to andre i Television.

Verlaine er heile tida leiaren i bandet, og Lloyd har både godt og gale å seia om han. Mot slutten vert det mest gale, han meiner at viss Verlaine hadde lært seg å seia ja litt oftare, kunne Television vorte eit langt større band. Etter at dei vert oppløyst er det framleis musikk Lloyd lever av, men han drikk altfor mykje, og dopar seg altfor mykje.

Det er ei god bok. Lloyd framstår rett nok som heller ustabil, og han teiknar eit svært imponerande bilete av seg sjølv - han meiner at han har så godt minne at han kan hugsa sin eigen fødsel. Men han kan mange gode historier, og han er ein god forteljar.

Guffen tilrår.

10. mars 2018

Eivind Hasle: Olav Gullvåg. Bladmann og bokmann (2015)

Olav Gullvåg var ein av dei synlege nynorskjournalistane dei fyrste tiåra av 1900-talet. Han var fyrst redaktør i Søndmøre Folkeblad eitt års tid, før han i ni år var redaktør i Norig, som kom ut i Skien, og om lag like lenge i Gula Tidend. Han skreiv mykje, og han skreiv tydeleg - han hadde klare meiningar som var med på å polarisera synet på han. Han slutta som redaktør i Gula i 1929, og deretter var det mest skjønnlitteratur han skreiv. Ei kantate han skreiv til 900-årsjubileeet i Trondheim fekk fyrsteprisen, han skreiv fleire romanar og diktsamlingar, og han skreiv manus til spelet på Stiklestad. Han var trønder, og engasjerte seg sterkt i kampen for å endra namnet på Trondheim frå Trondhjem til Nidaros.

Det var altså nok av dramatikk i livet hans, slik at alt skulle liggja til rette for ein fin biografi om han. Slik gjekk det diverre ikkje denne gongen. Det er nærliggjande å skulda mest på forlaget. Boka kom ut på det vesle forlaget Snøfugl, og her er mykje som kunne vore annleis. Ein ting er formgjeving, ein anna ting er at det ikkje står utgjevingsår i boka, ein tredje ting er at ein tydelegare redaktør kunne ha stramma inn teksten mykje. No verkar boka ustrukturert, med mange kapittel som ikkje veit heilt kvar dei vil. Informasjonen og historia om Gullvåg ligg der nok, men ho burde vore fortalt på ein mykje betre måte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

3. mars 2018

Carl Bernstein og Bob Woodward: All the President's Men (1974)

Dette er bokversjonen av ein film eg har sett mange gonger. Eller - eigentleg er det vel filmen som er ein versjon av boka. I alle fall, det er ein film eg gjerne kan sjå om igjen. Det handlar stort sett berre om folk som snakkar, men likevel er det spanande og alt det der.

Både boka og filmen handlar om korleis amerikanske media avslørte av presidenten i USA, Richard nixon, dreiv med avlytting av politiske motstandarar. Det opnar med at innbrotstjuvar vert tekne på fersken i Watergate-bygget i 1972, og så ballar det på seg. Carl Bernstein og Bob Woodward, som begge var unge og relativt ferske journalistar, stod sentralt i opprullinga av saka, og dette er deira versjon. Det er ingen grunn til å tru at dei har endra mykje, svært mykje av det som står her er jo etterprøvbart - det enda opp som artiklar i avisa deira, Washington Post.

Det er fascinerande lesnad. Gradvis, gradvis vert det klart at nokon i Det kvite hus er innblanda, og så går det like gradvis mot toppen der. Og det heile endar med at presidenten går av i 1974.

Anten eg vil eller ikkje er det nærliggjande å samanlikna film og bok. Filmen er nok hakket betre, der har dei kutta ut mange av daudperiodane. Her er det månader utan framgang i saka; i filmen verkar det som om det heile går samnhengande, i ein relativt frist fart. Men det er bra, dette òg.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
All the President's Men (film, 1976)
Bob Woodward: The Secret Man (2005)