31. august 2023

Tormod Haugland: Inkarnasjon (2004)

Forteljaren i denne boka er forfattar. Han bur på landet, og dei siste åra har han gravd seg ned i eit bokprosjekt han ikkje finn vegen ut av. Han vil skriva noko om bestefaren og boksamlinga hans. Han har nesten isolert seg heilt, han har minimal kontakt med andre enn familien, men dette endrar seg i boka. Han snakkar med naboar, og vert overraska over kor mange av dei som les og kor mange av dei som skriv. Han er ute og drikk. Han vert med ei dame heim. Han vert heidra med ein fest der forlaget og kommunen er med. 

Eller skjer alt dette? Det er noko draumeaktig over mykje av boka, der det som skjer verkar altfor dramatisk eller altfor tilfeldig. Han møter folk han kjenner over alt. Han gjer ting som verkar ulikt han. Han har òg ein solid blackout, der han vaknar i senga nokre dagar etter at han har lagt seg, og der det viser seg at han har gjort relativt mykje han ikkje hugsar noko av.

Det er ei finfin bok. Haugland er i toppform, han leikar med språk og historier, og både rettleiar og forvirrar lesaren. Mange stader skriv han om forfattarar og tekstane deira, og det verkar som om det er eit av dei viktigaste temaa i boka.

Guffen tilrår. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)

28. august 2023

Don DeLillo: Great Jones Street (1973)

I den tidlege forfattarskapen sin (og kanskje seinare òg) skreiv Don DeLillo mykje om populærkultur. Debutromanen henta handlinga frå fjernsynsverda; bok nummer to gjekk føre seg i sportsmiljø, og i denne tredje boka driv hovudpersonen med rock. Han har rett nok teke ein pause - midt under ein turné forlot Bucky Wunderlick det populære bandet sitt og gjekk meir eller mindre i dekning.

Dei to tydelegaste handlingslinene i boka handlar om at manageren hans (og nokre andre) gjerne vil ha Wunderlick tilbake til rampelyset. Dei vil gje ut nokre songar han nyleg spelte inn, og dei vil senda han på turné. Manageren har òg ein annan plan - han prøver å få Wunderlick til å forstå at viss han tek livet sitt rett før plata kjem ut vil plata automatisk verta ein bestseljar.

Den delen av romanen les eg som harsellering med kjendisdyrkinga. Den andre handlingslina som dominerer er ikkje like krass. Her handlar det om at nokon har funne opp eit nytt narkotisk stoff, som på merkeleg vis vart lagra i husveret til Wunderlick i New York. Ein som var innom stal det med seg, og Wunderlick vert (litt) innblanda i leitinga etter det.

Det er ein roman som slit med å halda på interessa mi. Nokre stader engasjerer, andre kapittel er seige å koma gjennom. 

Guffen er lunken. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
The Silence (2020)

27. august 2023

Slomosa (Hedleberget, Voss, 25.8.2023)

Hedleberget ligg sånn omtrent rett i nabolaget. Ein flittig dugnadsgjeng har laga ei utescene der, og har nokre få arrangement i året. Vanlegvis ligg artistane litt på sida av det eg bryr meg med, men denne gongen tok eg turen. Det var absolutt verdt bryet.

Slomosa vert gjerne omtala som eit vossaband, og det er nokolunde rett - to av dei fire i bandet er herfrå. Dei bur ikkje her lenger, så det er ikkje så ofte dei har spelt her. Eg har litt kontakt med eit par av dei før, i litt ulike samanhengar, men dette var fyrste gong eg var på konsert med dei.

Det er tungt, og det er svært solid. Musikken er ikkje altfor variert, men der er nok synkoperingar og uventa rytmiske vendingar til at det fungerte fint gjennom heile konserten. Og, i mangel på eit betre ord - det er tøft og vel så det. Det svingar, og sjølv om det var langt meir rørsle hjå ungdommane nærmast scena, var det lett rørsle også hjå oss veteranane lengst bak. Lyden var uventa god, og eg trur dette er endå betre i eit vanleg konsertlokale.

Guffen tilrår. 

26. august 2023

Inger Bråtveit: Vassarv (2023)

Den førre romanen til Bråtveit hadde ordet vatn i tittelen. Denne gongen dukkar ordet opp i halve tittelen, i halve namnet på planten vassarv. Det er ein dekkjande tittel. Det renn mykje vatn i denne boka, og det kjem mange våte referansar.Det handlar òg mykje om arv - eit gjennomgåande tema er forholda forteljaren har til dotter si og til mor si. Det handlar òg mykje om odel, og sidan ein annan av romanane til Bråtveit er kalla opp etter to Vesaas-karakterar, er det freistande å kalla dette Suldal-versjonen av Det store spelet.

Det er ei finfin bok. Bråtveit snakkar med innestemme, men får likevel klart fram det ho skriv om. Forteljaren i boka har levd eit liv som minner om livet til forfattaren, ho har hatt odel på ein vestlandsgard, men fann ut at å driva gard ikkje var det rette for ho. Boka opnar og sluttar med at mor og dotter køyrer frå Oslo til Vestlandet og tilbake, og av og til vert det tydeleg at mora har dårleg samvit for at ho ikkje tok garden. Andre gonger er det meir forståeleg, som når ho skildrar korleis foreldra (indirekte) krangla om kva som var viktigast av å få ein hest til dyrlækjar og å passa på eit eige barn. 

Språket er noko av det flottaste ved boka. Det er knapt og stramt, fullt av elegante bokstavrim, og Bråtveit viser at ho meistrar faget sitt godt.

Guffen tilrår.

Meir Bråtveit på kulturguffebloggen
Munn mot ein frosen fjord (2002)
Alice A4 (2015)
Dette er også vatn (2018)

17. august 2023

Bruno Schulz: Kanelbutikkane og andre forteljingar (1933)

 Denne serien, Skalds klassikarar, er eit glitrande godt tiltak. Bøkene i serien kjem frå mange land, men får her ei ny form, både fysisk og språkleg. Det har kome ut litt over tjue bøker så langt, og eg har lese dei fleste med stor glede. Diverre er ikkje dette ei av dei beste bøkene i serien.

Schulz var frå Polen. Han gav ut ikkje ut mange bøker - nokre manuskript gjekk truleg tapt under andre verdskrigen. Han vart skoten av tyskarane i 1942. Denne boka vert kalla ei novellesamling, men forma minner like mykje om ein roman. Dei femten novellene handlar om dei same personane, og ser ut til å vera rimeleg kronologiske. Det handlar om det jødiske miljøet i ein ukrainsk by. Mange av novellene er fortalde av ein gut, og det er gjennomgåande at faren hans er dårleg. 

Språket er det beste ved boka. Her er mange flotte setningar og fine stemningar (og det er alltid gledeleg når ordet "fnokkballar" vert brukt). Mange gonger er det ei fantastisk eller uverkeleg stemning over det som skildra, det er som om me er i ein draum. Men likevel - desse gode periodane varar ikkje så lenge. Nokre av kapitla var litt for livlause og for lite engasjerande.

Guffen er lunken. 

15. august 2023

Peter Brown og Steven Gaines: The Love You Make (1983)

Peter Brown var tett på The Beatles i 1960-åra. Han var den personlege assistenten til manageren deira, Brian Epstein, og var med på dei fleste av utanlandsturneane deira. Etter at Epstein døydde i 1967 overtok Brown mange av oppgåvene hans. Det er førti år sidan denne boka kom ut - då var det ikkje skrive så mange bøker om bandet, og Brown skriv i føreordet at han har hatt gode samtalar med alle i bandet og med svært mange i den inste krinsen deira. 

Med eit slikt utgangspunkt burde dette vore ei langt betre bok, men Brown og Gaines legg diverre vekta på heilt feil plass. Det handlar altfor mykje om privatliv og intime detaljar, og det handlar altfor mykje om økonomi og business. I privatlivdelen vert det mest sladder, i businessdelen vert det mest snakk om pengar og kontraktar. Det hadde vore langt meir spanande om Brown brukte kunnskapen sin til å fortelja meir om korleis dei fire musikantane var, om korleis dei arbeidde, osb. 

Det er òg høgst uventa at Brown legg sympatien hjå to personar: Cynthia Lennon og Brian Epstein. Han finn mykje å kritisera dei fire i bandet for, men viss Cynthia Lennon eller Brian Epstein gjer noko gale, vert det ikkje laga noko stort nummer av det.

Guffen er lunken.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

13. august 2023

Carl Frode Tiller: Bipersonar (2003)

Dette var den andre boka Tiller gav ut, og eg hugsar at det var ein liten nedtur. No, tjue år seinare, er det framleis litt som skurrar. 

Tiller bruker eit grep han også har brukt ved seinare høve. Boka har fleire forteljarar, som alle har ein relasjon til Thomas. Han må reknast for å vera hovudpersonen i boka, men det er altså alle andre som snakkar om han. Sonen Kjell er skeptisk til den nye kjærasten til Thomas. Ivar, bror til Thomas, vil helst at Thomas skal flytta heim att og verta kristen. Den andre sonen til Thomas, Peter, får ikkje skikk på nokon ting, sjølv om han ofte bed foreldra om hjelp til litt av kvart. Nokre kapittel vert fortalde av Marselius, verfar til Thomas.

Alt dette er vel og bra. Det heile fungerer godt, og me sirklar oss inn mot kven Thomas er. Men den siste tredelen av boka vert berre fortald av to personar - Peter og Arnt. Arnt er forfattaren av boka, og kapitla hans verkar nesten malplasserte og dreg nivået ned. Kanskje er avsnitta der Arnt får besøk av Thomas meinte som humor; spesielt vellukka er det uansett ikkje. 

Guffen er lunken. 

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

12. august 2023

Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Det dukka visst opp ein sesong til av denne serien. Kvar sesong har berre fire episodar, så det er fort gjort å sjå gjennom. Denne sesongen sluttar for rundt ti år sidan, så det kjem nok (minst) ein sesong til ein gong.  

Serien held fram som sist: Kvar episode har eitt tema, og det vekslar mellom bilete frå kampar, og nye og gamle intervju med spelarar, managerar, eigarar og supporterar, Intervjua dominerer (heldigvis). Nokre framstår som sympatiske, andre er det verre med.

Ein av episodane tek opp den svært ambisiøse satsinga til Leeds. Dei var på veg opp, og budsjetterte med meisterliga-fotball kvart år. Slik gjekk det ikkje, og spelarane vart bedne om å godta kutt i lønningane. Dominic Matteo fortel at han med ein gong sa at det var greitt, og at dei andre på laget likte svaret hans dårleg. Som Danny Mills, som seier rett ut at han sjølvsagt ikkje ville kutta i løna si - karriera hans ville jo vera over då han var 35 år. Her burde det sjølvsagt kome eit oppfølgingsspørsmål: Mills tente (truleg) så godt at han i løpet av nokre få år hadde tenkt meir enn andre tener gjennom heile livet. Og kanskje eit spørsmål om kvifor han ikkje kunne finna seg ein annan jobb etter at han var 35.

Ein annan episode handlar om korleis klubbar tok seg av dei heilt unge spelarane. Arsenal svikta då dei kjøpte 16 år gamle Jermaine Pennant - han sleit med alkohol og andre ting, og vart aldri den spelaren alle trudde. Manchester United kjøpte Wayne Rooney då han var 18, og tok seg av han på ein eksemplarisk måte. 

Den siste episoden handlar i hovudsak om alle rikfolka som kom inn som eigarar i Premier League. Det var altså då alt gjekk gale. Ikkje uventa meiner fans frå Chelsea og Manchester City at desse oppkjøpa var heilt greie.

Guffen tilrår. 

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

10. august 2023

Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Oberst Hans Christian Heg (1829-63) fall under den amerikanske borgarkrigen. Han leia regiment 15 frå Wisconsin, eit regiment der så godt som alle soldatane var norskamerikanarar. Han fekk heltestatus etterpå, og denne ser ut til å ha vore fortent. Han vart på merkeleg vis aktuell igjen for nokre år sidan: I 1925 vart ein statue av Heg avduka framfor stats-parlamentet i Madison, Wisconsin. Under Black Lives Matter-demonstrasjonar i 1920 vart statuen velta og kasta i ein innsjø like ved. Det må ha handla om anten vankunne eller reint hærverk: Heg var ein stor motstandar av slaveriet, og det var nok ein av grunnane til at han verva seg i krigen. 

Eg har sett denne boka omtala som den fyrste full-length biografien om Heg. Det er å ta litt hardt i. Det er ikkje lengda det står på, boka er på rundt 200 sider, men relativt få av dei sidene handlar om Heg. Og det er, kanskje litt uventa, ei løysing som fungerer finfint. 

Når Lovoll skriv om bakgrunnen for at familien Heg utvandra i 1840 skriv han mykje og godt om dei sosiale tilhøva i Lier, der familien budde. Når han skriv om korleis dei hadde det i Muskego, Wisconsin, skriv han mest om dei generelle tilhøva for innvandrarar der. Når han skriv om at Heg leitte etter gull i California rundt 1850 skriv han mest om sjølve gullrushet. Og så bortetter. Han bruker historia til Heg for å fortelja om korleis tilhøva var i midtvesten midt på 1800-talet. Han vert meir konkret når me kjem til den amerikanske borgarkrigen, men også her kjem det mykje bakgrunnsstoff om krigen. 

Guffen tilrår. 

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)

9. august 2023

Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)

Tarjei Vesaas sa ein gong at han sjølv stod i bøkene i alle slags forkledningar. I denne boka er det opplagt at han har henta mykje av stoffet frå eige liv. Som Per Bufast, hovudpersonen i Det store spelet, var Tarjei Vesaas odelsgut, og me må gå ut frå at han sleit med dei same tankane som Per Bufast. Skulle han ta over garden, eller skulle han bryta den lange ætterekkja? Vesaas valde å seia frå seg odelen; Bufast tok garden.

Det er ei fin bok. Alt vert sett gjennom augene til Per Bufast, frå han er liten gut til ung mann. Han ser andre hjelpa til på garden. På skulen må han finna seg ein plass blant dei andre elevane. Han drøymer om jenter, men får ikkje ho han vil ha. (Mellom linene verkar det òg som om han drøymer om ein gut, som han heller ikkje får.) Han ser korleis foreldra og mostera har klare roller på garden, og ser korleis han sjølv skal overta rolla til faren.

Sjølv om den unge Per ofte ynskte seg vekk, vert han altså verande. I oppveksten har han lenge undra seg over kor glad faren er i jord, og korleis det heile tida luktar jord av han. Gradvis går det opp for Per at garden er viktig, og at det nærmast var garden som bestemte. Han må gløyma seg sjølv, for å føra gardsdrifta. "Ein var med i eit stort spel av mange ting og mange krefter, dem som var med i ein gard. Ein var liten sjølv, den som var med i ein gard". 

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

7. august 2023

Jonathan Eig: King (2023)

Martin Luther King jr. vart fødd i 1929 og vart drepen i 1968. Han vart altså berre 39 år, men han fekk gjort mykje på dei åra. Denne boka fortel livshistoria hans på ein eksemplarisk måte, mellom anna av di Eig har hatt tilgang til store mengder kjelder. Nokre av desse er han den fyrste biografen som får sjå. 

King utdanna seg til teolog. Han vaks opp i Georgia, ein av sørstatane, og vart dermed kjend med rasisme alt som liten. Det meste i samfunnet var segregert, og etter at King var ferdig utdanna var det kampen mot raseskiljet som tok det aller meste av tida hans. Han var sterkt involvert i buss-boikotten i Montgomery, Alabama, og var sentral i mange av dei seinare aksjonane. Han var pasifist, påverka av ikkjevald-haldninga til Gandhi, men vart sjølv offer for vald fleire gonger. Han vart òg fengsla ei rekkje gonger, men slapp ut att etter kort tid. 

Dei pasifistiske haldningane hans skapte konfliktar blant dei svarte. Nokre, som Malcolm X, var til dømes djupt usamd, og mange meinte at når dei vart angripne av kvite under aksjonar, måtte dei få forsvara seg. King stod på sitt, sjølv om han visste og merka at USA var eit valdeleg samfunn. Han merka òg at rasismen i USA ikkje var avgrensa til sørstatane, slik han opphavleg trudde. Då han sette i gang aksjonar i Chicago var motstande frå dei kvite like sterk som i sør.

Det er ei fin bok, som gjorde at eg no veit langt meir om King enn før. Eig er sympatisk innstilt til King, men er likevel klar på at King hadde mange dårlege sider. 

Guffen tilrår. 

5. august 2023

Olaug Nilssen: Ikkje tenk på det (2019)

I dette skodespelet møter me mellom anna forfattaren Oddlaug Nilstun, som slit med skrivesperre og som difor har teke seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag. Namnet er ikkje heilt ulikt namnet til forfattaren av denne boka, men innhaldet tyder ikkje på at Nilssen slit med skrivesperre. 

Handlinga er henta frå forlags- og forfattarmiljø. Forlaget til Nilstun er rimeleg opptekne av at forfattaren Michel Sørbrøt kjem ut med si fyrste bok på ti år. Me vert med på boklansering og bokbad. Ingen av delane går spesielt godt, og meldingane av boka er heller ikkje spesielt lystige. For forlaget vert dette ei utfordring dei kastar seg over - korleis skal dei få selt ei bok som er slakta.

Stykket har heilt sikkert mange referansar forlagstilsette plukkar opp fortare enn oss andre. Det gjer ingenting. Det er rimeleg artig lesing likevel, der ingen er interesserte i at Nilstun snakkar om manuset til den komande boka si, der det går synlege og usynlege trådar mellom aktørane i boka, og der alle er på sosiale medium heile tida.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)
Uønska åtferd (2023)

2. august 2023

Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)

Dette heftet er ein del av ein skriftserie med portrett av personar frå Skien. Det er eit glimrande tiltak, som fleire andre stader har gjort (og som resten av stadane burde gjera). Det er ikkje det mest djuptgåande heftet, men det er interessant nok.

Ein veikskap med heftet er at Østvedt går ut frå at dei som les heftet kjenner historia til Johansen frå før. Nokre stader skriv han at denne hendinga treng han ikkje skriva mykje om, sidan mange andre har skrive om det. Det er ein litt defensiv strategi; han må vera optimistisk nok til å tru at heftet kan introdusera Johansen til nokre lesarar. Ein annan veikskap er at han nok er litt for positiv til Johansen. Han skriv ikkje nok om grunnane til at Johansen sleit økonomisk; andre stader har eg lese at han drakk litt for mykje. 

Når han kjem til brotet mellom Johansen og Amundsen på Framheim, er det greitt at Amundsen får skulda. Han viste dårlege leiar-eigenskapar der, og viste at han ikkje takla kritikk. Så langt er alt vel, men omtrent her går heftet over til å verta ein kampskrift mot Amundsen. Østvedt samanliknar Amundsen og Scott, og legg seg svært tett opp til haldninga som var dominerande i Storbritannia etter at Scott døydde: Amundsen hadde laga leir tett opp til Scott, og han ville aldri ha greidd seg utan hundar. Avstanden mellom Framheim og McMurdo Sound var nesten 650 kilometer, som jo slett ikkje er tett opp til Scott. Amundsen fann ei heilt ny rute sørover. Og Amundsen brukte hundar av di han visste at dei ville gjera nytte for seg; Scott på si side prøvde med hestar, som jo ikkje er tilpassa polare strøk. Så her bommar Østvedt, men det er interessant å sjå at ein norsk forfattar stiller seg på britisk side mot Amundsen.

Her er altså litt rart i heftet, men det er òg mykje bra. Østvedt får godt fram kvifor Johansen var nyttig for både Nansen og Amundsen, og at han var både ein god idrettsmann og ein god arbeidar. 

Guffen tilrår. 

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)