5. mai 2022

Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)

Endå eit foredrag i serien til Nasjonalbiblioteket. Dei inviterte forfattarar til å lesa ein forfattarskap som ikkje vert så mykje lesen no som før. Nilssen skriv om Vestly, og boka opnar med noko heilt ukjent: Bestefar til Nilssen hadde vore kjærast Anne-Cath. Vestly. I alle fall var det det ho hadde høyrt då ho var ung.

Nilssen bruker bøkene til Vestly, spesielt bøkene om mormora og dei åtte ungane, til å snakka om likestilling og kjønnsroller. Litt i litteraturen, mest i samfunnet. I åttebarnsfamilien er faren lastebilsjåfør, medan mora er heimeverande. Då den trygge mormora må hentast inn som ekstrahjelp, er ho aldeles hjelpelaus når ho kjem til byen. Ingen av delane er heilt greitt i dag, men det er ikkje uvanleg: Me har konfirmant i huset neste helg, og mormora må hentast på Flesland - ho greier ikkje å ta seg vidare til Voss åleine.

Andre tema Nilssen finn i bøkene til Vestly er økonomi og sjølvstendige born. Familien har lite å rutta med, men dei ruttar så godt dei kan. Ungane hjelper kvarandre, og får eit ansvar Nilssen kjenner att frå eigen barndom, men som ho ikkje ville gjeve til eigne ungar.

Det er ei fin bok/eit fint foredrag. Det er den tredje boka eg les i denne serien, og sjølv om forfattarane/foredragshaldarane legg det opp ulikt, er det absolutt verdt bryet.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Ikkje tenk på det (2019)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Uønska åtferd (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar