26. juni 2021

Alice Munro: Friend Of My Youth (1990)

Alice Munro skriv finfine noveller. Det er nokre år sidan fyrste gong eg las ei av samlingane hennar, og det kan godt ta eit år eller to før eg er ferdig. Eg trur eg har fire bøker att, og les vel omtrent ei i året. Vanlegvis tenkjer eg at eg må trappa opp tempoet, sidan novellene er så bra, men slik var det ikkje heile tida denne gongen.

Eit par av novellene fenga meg mindre enn vanleg, og eit par gonger følte eg at ho bomma heilt. Det er uvanleg med ein så låg treffprosent. 

Som vanleg er me i Canada, litt utanfor dei aller største byane. Som vanleg er hovudpersonane kvinner. Som vanleg står dei ved eit vegskilje, og gjennom hyppige tilbakeblikk får me vita meir og meir om ho og dei rundt ho. Slik er dei fleste av novellene hennar bygd opp, og som regel er det glimrande. I den fyrste delen av novella presenterer ho oss for alt og alle, før det skjer eit eller anna mot slutten, der ho viser klassen sin. Men slik var det altså ikkje denne gongen.

Guffen er lunken.   

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

25. juni 2021

Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)

 

Ein kjend historie, men presentert på ein ny måte, og med mange nye detaljar. Det handlar om Malcom McLaren og Sex Pistols, og boka går ekstremt kronologisk til verks: Forfattarane skriv kva dei viktigaste aktørane gjorde kvar månad fram til debutkonserten i november 1975, og deretter kjem innhaldet sortert på dato. I 1977 kan det ikkje vera mange datoar utan innhald.

Å skriva historien på dette viset får fram noko interessant ved historia til Sex Pistols: Det heile gjekk i eit absurd høgt tempo. Dei var i studio, dei var på turné, dei vart intervjua, dei krangla, dei sparka medlemmar, dei vart bannlyste, osb. Plateselskap kom og gjekk. Turnear vart planlagde, men vart avlyste omtrent før avisene skreiv om dei. Ikkje rart at dei fire i bandet var leie av kvarandre då slutten kom i januar 1978. Gjennom boka er det òg tydeleg at McLaren gjorde det han kunne for å tena mest mogleg pengar på bandet.

Her dukkar opp nye ting, i alle fall for meg: To historier handlar om Paul Weller i The Jam: Etter at Glen Matlock slutta i/vart sparka frå Sex Pistols, skal Weller ha spurt han om han ville vera med i Jam, som gitarist. Etter at Sex Pistols gav ut "Holidays In The Sun", med eit riff som heilt opplagt var kopiert frå Jam-songen "In The City", brukte Weller å vitsa med dette frå scena. Sid Vicious likte dette dårleg, og konfronterte Weller ein kveld han trefte han. Weller rundbanka han.

Så det meste her er underhaldande og interessant, men der er òg openberre manglar ved boka. Her burde vore kjeldetilvisingar, og her burde absolutt vore eit personregister. 

Guffen tilrår. 

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Pistol (fjernsynsserie, 2022)

23. juni 2021

Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)

Den tredje romanen til Vesaas, og han er framleis i kjent farvatn. Handlinga er henta frå ei fjellbygd, hovudpersonen driv med jordbruk, her er romantikk, men her er òg uhygge og død.

Hovudpersonen, guten Toremun, misser far sin tidleg i boka. Faren er driven av tanken på å dyrka meir jord, og arbeidet tek livet av han. Toremun og mora greier seg som best dei kan. Ei jente, Vesle-Brit, flyttar inn hjå dei, og dei to ungane vert bestevener. Vesle-Brit er den modigaste, og i eit kapittel som ikkje kan lesast utan å tenkja på Is-slottet reiser ho opp i den bratte lia tvers over dalen. Der vil ho øydeleggja ei is-fonn, det er sein vår og alle i bygda veit at det ikkje veks på åkrane før fonna er vekke. 

Toremun vaktar på Vesle-Brit, men ein gong er han uheldig og tek livet av henne. Han gjorde det ikkje med vilje, men boka sluttar med at han vert avhøyrt og seier at det var med vilje.

Boka er ikkje spesielt vellukka. Det minner kanskje mest om ein forfattar som prøver seg fram, som prøver å finna ut korleis han skal skriva. Visst er her gode kapittel og formuleringar, men alt i alt er det ikkje så mykje å skryta av.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

20. juni 2021

Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)

I denne boka er det langt meir entusiasme enn raseri. Smith skriv for Josimar, eit fotballtidsskrift, og størstedelen av denne boka har stått på trykk der før. Her er artiklar og essay, og Smith tek oss med til både inn- og utland. 

Han er kanskje mest entusiastisk når han skriv om grasrotfotballen. Han skriv òg varmt om nokre av heltane sine, her er til dømes artiklar om Erik Mykland, Arne Scheie og Jon Michelet. Og han er sjølvsagt entusiastisk når han skriv om Bryne, heimstaden sin. Eg har ei kjensle av at han fleire gonger i boka passar på å nemna kvar han kjem frå, ikkje berre når han skriv om Børre Meinseth eller Erling Braut Haaland.

Smith skriv godt, sjølv om dei lange setningane hans ofte kunne vore korta ned litt. Han er faktaorientert, og legg gjerne inn lange (og gode) omvegar i tekstane sine, der det passar seg slik. 

Guffen tilrår. 

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

18. juni 2021

Ragnar Hovland: Professor Moreaus løyndom (1985)

Hovudpersonen i denne boka, kaptein Margalo, vert på litt merkeleg vis blanda inn i nokre mystiske greier. Han vert oppsøkt av doktor Absens, som viser Margalo eit gamalt fotografi av ei polsk kvinne som forsvann rett etter krigen. Mange trur ho er daud, andre meiner at ho lever på ein hemmeleg stad. 

Margalo tek på seg å finna kvinna. Det vert ei reise som går gjennom fleire verdsdelar, og der han stadig møter nye og løyndomsfulle personar. Personar som seier at dei ikkje veit noko viser seg å vita svært så mykje, nokre personar dukkar opp fleire stader, og mange personar han møter kjenner godt til andre personar han har møtt.

Det er ikkje uvanleg at hovudpersonane i bøkene til Hovland er på farten, og det er heller ikkje heilt uvanleg at det er mysterium som skal løysast. Det tek likevel ikkje heilt av denne gongen. Her er mangt og mykje som fungerer, her er mange gode formuleringar ein kan smila av, men det vert aldri meir enn ei Hovland-bok på det jamne. 

Guffen er lunken.  

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

13. juni 2021

Motorpsycho (Grieghallen, Bergen, 12.6.2021)

Det var stas å vera på ein skikkeleg konsert igjen, både for publikum og musikantar. Eller - skikkeleg konsert, det er jo ikkje heilt det same når publikum sit, og i tillegg sit med ein meters avstand. Diverre var ikkje alt like bra med konserten, og det var ein litt overraskande ting som drog nivået ned: Grieghallen skal ha god akustikk, på nettsida si skriv dei at dei er verdskjende for den fantastiske akustikken. Der eg sat, to meter framfor miksebordet, var ikkje lyden god. Det var til og med vanskeleg å høyra kva som var sagt mellom songane. 

Det rare var at det fyrste halve minuttet var lyden perfekt. Dei opna med "The Transmutation of Cosmoctopus Lurker", lyden var klokkeklar, og eg tenkte at dette vart ein drøymekveld. Men med ein gong det litt rolege opningspartiet var over, vart det for tett lyd. Alt av nyansar i dei energiske partia forsvann, og slik vart det resten av kvelden. Kanskje lydmannen fann ut at han skulle skru alt opp til elleve.

Dei spelte mange lange songar, og det er vanlegvis stas. Kanskje dei var inspirerte av at Grieghallen ofte har konsertar med symfoniorkesteret Harmonien, dei henta i alle fram fleire av dei aller lengste suitane sine. Det aller meste på setlista var frå dei fire siste platene, i farten trur eg at LLM-suiten var den einaste frå ei tidlegare plate. 

Det var stas å vera på konsert igjen, og det var mange gode og flotte parti. Det som drog det heile ned var altså at det kunne vore langt betre med betre lyd.

Guffen er lunken.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

10. juni 2021

Richard Ford: The Sportswriter (1986)

 

Ford har skrive fire romanar om Frank Bascombe. Bascombe er ein spanande romankarakter, og eg har lese alle fire romanane før. Han er forteljar i bøkene, men han er ikkje spesielt truverdig. Slik er det kanskje når du er ein dritsekk - når han skal forklara kva som har gått gale i livet hans er det lettare å skulda på andre.

I denne boka er han nyskilt. Handlinga i boka strekkjer seg over ei påskehelg der det meste går gale, og i tillegg kjem det mange (og lange) tilbakeblikk. Han reiser frå New Jersey til Detroit for å intervjua ein tidlegare idrettshelt, og inviterer med seg ei dame han har vore saman med rimeleg kort tid. Når helga er over kan han sjå tilbake på eit intervju som var mislukka, ei romantisk helg (som var mislukka) med kjærasten, ein påskedagsmiddag (som var mislukka) hjå foreldra til kjærasten, eit avslutta forhold til kjærasten, krangling med eks-kona, osb. I tillegg har ein perifer kjenning teke livet sitt, med eit brev til Bascombe på nattbordet. 

Slik han fortel dette, har han ikkje noko skuld i dette - det var til dømes heilt tilfeldig at han, på hotellrommet i Detroit,  rota i handveska til kjærasten då han trudde ho sov.

Det er mykje bra her, men det er òg noko med skrivestilen til Ford som gjer det litt tungt. Det vert ordrikt, det vert omfattande, og mange av kapitla manglar framdrift. Boka var slettes ikkje så god som eg hugsa ho.

Guffen er lunken. 

Meir Richard Ford på kulturguffebloggen
A Piece of My Heart (1976)
Wildlife (1990)
Let Me Be Frank With You (2014)
Between Them (2017)

8. juni 2021

The Beatles: Anthology (2000)

Medan me ventar på band II av biografien Mark Lewisohn skriv: Eg fann fram denne. Eg veit om lag alt som skjer, men det er stas likevel. Boka er rein oral history, og det er i hovudsak dei fire i The Beatles som snakkar. Sjølv om dei tidvis er reserverte, og sjølv om det heile sjølvsagt er redigert, får me eit godt bilete av korleis tilhøva var i bandet.

Boka vart laga i samband med fjernsynsserien med det same namnet. Dei tre attlevande gjorde ei rekkje intervju, medan ein brukte arkivmateriale med John Lennon. Sitata hans i denne boka er altså utan etterpåklokskap, og dei framstår difor gjerne friskare enn dei andre. Der er det ei grei tredeling: 

Ringo Starr er litt som ein nisse på lasset - han er jamt over positiv til det meste som skjedde, men er òg kritisk der Harrison eller Lennon var kritiske. George Harrison er ekstremt kritisk, både til livet som superstjerne og utviklinga i bandet dei siste to-tre åra. Paul McCartney er den som verkeleg er oppteken av eige image, han kvir seg for å ta skulda for dei dårlege vala bandet tok etter at manageren Brian Epstein døydde. Han er òg den einaste som kunne tenkt seg at bandet heldt fram endå lenger. Dei andre var klar over at dei song på siste verset; McCartney kom heile tida med nye idear, idear han vona ville føra til at bandet fann att entusiasmen.

Mykje av det som står her hadde altså tent på meir kritisk tenking, men i store og heile er jo dette obligatorisk lesnad.

Guffen tilrår. 

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

6. juni 2021

Big (1988)

 

Eg hugsar ikkje heilt detaljane, men det må ha vore omtrent slik: Inge og eg og ein til (Håvard?) skulle på kino i Oslo. Inge ville absolutt sjå denne, men vart nedstemt. I ettertid såg han filmen åleine, og fortalde at filmen var aldeles suveren. Me fann aldri heilt ut om han meinte det alvorleg. Etter å ha sett filmen no, for fyrste gong, er eg framleis usikker.

Filmen har nokre verkeleg løgne scener, men det er òg mange andre scener som ikkje er så løgne. Filmen handlar om tretten år gamle Josh. Han puttar pengar på ein automat på eit tivoli, og får oppfylt ynsket sitt: Han vert stor/vaksen. Han lever i vaksenlivet ein månad eller to - han får jobb i eit leiketøyfirma, han får seg dame, han tener store pengar og får eiga leilegheit, og så bortetter. I mange av situasjonane er det sjarmerande å sjå ein ung gut i ein vaksen kropp, andre gonger er det altså noko seigare.

Tom Hanks er glimrande i hovudrolla. Med små gestar og blikk vert han tretten år gamle Josh. 

Guffen er lunken.  

5. juni 2021

Friends: The Reunion (2021)

 

Det er nesten rart å hevda det, men eg trur det er rimeleg sant: Dei to mest populære komiseriane på norsk fjernsyn i 90-åra var Seinfeld og Friends. Seinfeld er framleis rimeleg artig, medan det verkar uforståeleg at Friends var ein serie eg lo av. I denne nye filmen vert det sagt at serien trefte ei tidsånd, og det kan godt henda at det er forklaringa. Det kan sjølvsagt òg henda at eg i 90-åra var omtrent på det stadiet i livet der hovudpersonane var.

Serien vart sendt frå 1994 til 2004. Dette var andre gong dei seks skodespelarane var i same rom etter at innspelinga var over. Filmen opnar med at dei kjem inn på det gamle settet, ein etter ein. Nokre av dei har halde seg godt, andre har endra utsjånad kraftig. Monica har fått kirurgar til å stramma opp fjeset sitt. Chandler ber preg av å ha levd eit hardt liv. Joey har lagt seg ut, men samstundes er han den som er mest lik seg sjølv - han er like avslappa og sjarmerande som i gamle dagar. 

Filmen er stort sett mimring. På settet får dei seks besøk av skodespelarar som hadde biroller. Dei vert òg intervjua utandørs, framfor eit avgrensa publikum. Av og til er det sånn halv-triveleg, av og til er intervjuaren altfor keisam, stort sett heile tida er det kjedeleg. Det kjem òg korte innspel der folk over heile verda fortel kor viktig serien var for dei, og det kjem korte glimt der kjendisar fortel at dei likar Friends, og av og til glimtar det til i samtalane mellom dei seks, men det vert for lenge mellom godbitane.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

4. juni 2021

Joe Pernice: Meat is Murder (2003)

 

Denne bokserien er framleis ein god idé. Kvar bok handlar om ein LP (eller ein CD), og forfattaren står rimeleg fritt til å velja korleis boka skal leggjast opp. Eg har berre lese om plater eg kjenner litt til, men som regel vert resultatet rimeleg bra.

Fridomen forfattaren får kan rett nok verta for stor, slik tilfellet er her. Pernice har skrive ei forteljing der eg-personen er ein usikker ungdom, som ikkje veit heilt kva han vil. Han likar musikk, han likar ei jente på skulen, han har lyst til å spela i band, men det er omtrent alt. Til liks med mange andre ungdommar er musikk viktig, og han fortel om plater han har kjøpt og plater han deler med kameratane sine.

Er det ei original historie? Nix. Er det ei god historie? Nix. Er boka velskriven? Nix. Har det noko med Meat is Murder å gjera? Nesten nix. Plata vert nemnt nokre få gonger, men det er òg alt. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.