28. september 2010

Butch Cassidy and the Sundance Kid (1969)

Det som bergar denne filmen er dialogen. Historia er kjapt referert - dei to røvarane ranar nokre tog, etter eit ran vert dei forfylgde av nokre politifolk, dei kjem seg unna, og reiser til Bolivia saman med kjærasten til ein av dei. Der ranar dei nokre bankar, før dei vert attkjende, og misser livet i ei heftig skotveksling med politiet.

Historia er altså ikkje altfor original, men det er likevel ein god film. I hovudrollene møter me Paul Newman og Robert Redford, som begge er solide skodespelarar, og som står godt til kvarandre. I store delar av filmen er dei to saman åleine, og dialogane deira er tidvis strålande, gjerne med uventa replikkar.

Filmen er òg godt filma, og historia driv godt framover. Før dei reiser til Bolivia er dei stort sett i dei sørvestlege delane av USA, langt unna folk, og det skal godt gjerast å unngå å få flotte bilete i det landskapet.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Thom Hatch: The Last Outlaws (2013)

27. september 2010

Mad Men, sesong 1 (2007)

Det snudde vel omtrent med Twin Peaks. Også amerikanske fjernsynskanalar innsåg brått at det gjekk an å laga gode seriar, i tillegg til dei endelause seriane om ingenting. Eg har ikkje sett så mange av dei, eg ser visst for lite på fjernsyn, men seriar som Sopranos eller Five Feet Under får i alle fall mykje skryt.

Det var visst Ragnhild som tilrådde denne serien, og det var det bra at ho gjorde. Serien er god. Handlinga er lagt til miljøet i og rundt eit reklamebyrå i New York, i 1960. Dette var ein periode med enorm vekst i det personlege forbruket i USA, og ein periode der det jamt dukka opp nye ting alle skulle ha. For eit reklamebyrå var det gylne tider, og det viser att i korleis dei har det på jobb. Dei ser alle ut til å tena rimeleg bra, og det ser ut som om dei har god tid. Alle har til dømes eit lite barskap på kontoret.

"Dei" tyder her mennene. Det er berre femti år sidan 1960, men likevel er her heilt andre kjønnsroller, og heilt andre måtar å omtala kvinner på, enn det er i dag, også i det amerikanske samfunnet. Mennene har ansvar for å tena pengar, kvinnene har ansvar for å stella heimen, laga mat og passa ungar. For mennene i reklamebyrået ligg det òg prestisje i å ha seg med sekretærane, og det er fritt fram for å koma med slibrige merknader, også når desse sekretærane er til stades.

Hovudpersonen er Don Draper, ein ettertrakta og dyktig reklamemann. Han siglar under falsk flagg, på fleire måtar. Han bytte identitet med ein annan soldat i Koreakrigen, og måten dette vert fortalt på er glimrande. Eit hint her, eit anna hint her, før det heile vert oppklara mot slutten av denne fyrste sesongen. Han har òg fleire elskerinner, medan trofékona går rundt heime i forstaden og slit med eigne nerver og eige sjølvbilete.

Ein annan sentral person er Peggy Olson. Serien opnar med at ho får jobb i firmaet, og ho vert sekretæren til Draper. Ein av dei unge ambisiøse sprettane i selskapet lokkar ho til sengs, og heilt mot slutten av sesongen vert det brått klart at ho vart gravid då, og at ho fekk ein liten unge. Olson har òg ambisjonar, har skrive fleire tekstar til reklamar, og serien sluttar med at ho får stilling som tekstforfattar.

Tidsbiletet ser ut til å vera glimrande. Kjønnsrollemønsteret er ein ting, den store auken i forbruk er ein annan, men der er fleire ting. Alle røykjer til dømes, heile tida. Kostymar og frisyrar ser rimeleg tidsautentiske ut, og det gjer språket òg. Den neste sesongen vert nok kjøpt inn rimeleg raskt.

Guffen tilrår.

Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)

26. september 2010

Ottar Grepstad: Avisene som endra Noreg (2010)

Eg er kanskje ugild her. Eg er nemnt i takkelista bak i boka, truleg av di eg kom med framlegg til ein illustrasjon, og av di eg skanna ei rekkje illustrasjonar. Eg kan òg ha vore med på diskusjonar om noko av det som her står, eg arbeidde saman med Grepstad i Aasen-tunet i ni år. Så eg er kanskje ugild, men det får så vera. Det er ei viktig bok.

Grepstad skriv om historia til dei nynorske avisene. Sjølvsagt er det ikkje like detaljert om alle, dei fem som får breiast omtale er Dølen (som var den fyrste i 1858), Fedraheimen, Den 17de Mai, Gula Tidend og Dag og Tid. I tillegg vert ei rekkje andre aviser omtalt. Grepstad har tidlegare skrive godt om den nynorske kulturhistoria, og det er eit stort gode at han skriv bøker som denne. Ingen andre har den kunnskapen han har, både når det gjeld dei store linene og dei mindre detaljane.

I boka skriv Grepstad både om indre og ytre faktorar som påverka avisene. Rammevilkåra vart betra i andre halvdel av 1900-talet, med betre tilskotsordningar, og med betre kommunikasjonar som opna for samarbeid. For meg er dei indre vilkåra meir interessante, det er meir spanande å lesa om personane som dreiv avisene fram. Dei som gav ut nynorske aviser på 1800-talet hadde langt mindre føresetnader for å lukkast, men dei ville noko, og denne kampen dei førte gjer at historiene rundt desse avisene gjev meg meir enn dei nyare avisene. Det har vore kjempa mange avisslag òg på 1900-talet, men likevel er dei ikkje like gjevande for meg.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

23. september 2010

This is Spinal Tap (1984)

Denne filmen avsluttar ein rockebandparoditrilogi her på bloggen, og sjølv om både Paperback Writer og The Rutles er solide, vert det stigning i programmet når Spinal Tap vert vist. Filmen er ein klassikar, og går noko gale for eit band, vert det gjerne omtala som ein Spinal Tap-augneblink.

Filmen leikar at han er ein dokumentar, eller, viss du vil, ein rockumentar, om bandet Spinal Tap. Dei er rutinerte, dei har drive på i rundt femten år, men karriera er på hell og vel så det. Her vert me med dei på turné gjennom USA, der nokre konsertar vert avlyste, der andre konsertar vert flytta til lokale der publikum slett ikkje er interesserte i musikken deira, der den siste plata deira stadig vert forseinka, der kjærasten til vokalisten kjem og øydelegg ei stemning som alt var dårleg, der sologitaristen sluttar, og der alt ser ut til å gå til pisis før dei heilt uventa får ein hit i Japan.

Det heile er altså noko mange kan kjenna seg att i, både dei som sjølve er musikarar, eller me som berre kjenner denne kulturen frå utsida. Bandet er eit band heilt på det jamne, det som utmerkar dei er at så godt som alle songane handlar om sex, pakka inn i meir eller mindre subtile vendingar. Bandet har eit forelda kvinnesyn, og er heller ikkje spesielt oppvakte. Grunnen til at plata deira vert forseinka er at plateselskapet meiner at biletet på plateomslaget er sexist. Svaret frå sologitaristen er kort og greitt "what's wrong with being sexy"?

Så musikken og alt rundt bandet er komisk, men det beste er likevel intervjua med musikarane. Dei er stokk dumme, men prøver å framstå som skarpare enn dei er, og strør om seg med kvasiintellektuelt svada. Eitt av dei beste svara kjem då vokalisten, etter at sologitaristen har slutta i bandet, får spørsmål om dette er slutten for bandet. Han snakkar litt om kva ein slutt er for noko, og kjem med nokre setningar om korleis universet er uendeleg og utan slutt, og kva det vil seia.

Guffen tilrår. Denne går til elleve.

21. september 2010

Tor Marcussen: "We want the world and we want it now ..." Boka om a-ha (1985)

Kuriøse greier. Eg plukka opp eit presseeksemplar av boka då eg var journalist i Horda Tidend, og her ein dag dukka ho opp att, komplett med ei brannskadd framside. Eg anar ikkje kvar og når boka fekk desse skadene, men det hadde ikkje vore noko stort tap for boksamlinga om ho hadde brunne opp.

Boka vart svidd medan jarnet var varmt. Legg ein godviljen til, kan ein seia at ho får godt fram korleis det var då a-ha slo gjennom i 1985, men då skal ein lesa mellom linene. Marcussen reiser saman med gruppa i fleire månader, er med dei i USA, England og Australia, og skapar nesten inntrykk av at han er med i bandet. Alt er berre velstand, alt dei gjer er korrekt, dei tre i bandet er dei beste venene i heile verda, og alle rundt dei er toppfolk, som kan det dei driv med.

Boka fortel meir om korleis a-ha vart oppfatta i Noreg. Her hadde landet endeleg fått nokre internasjonale popstjerner, og det var nok til at Marcussen la all kritisk tenking til side, og skreiv denne boka. Boka er nok retta inn mot yngre lesarar, her er mange bilete og heller lite tekst, men det er ingenting i vegen for at yngre lesarar får litt motstand i tekstane dei les. At boka har undertittelen "Boka om a-ha" var kanskje rett i 1985, tjuefem år seinare vert det sjølvsagt ein vits.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir a-ha på kulturguffebloggen
Jan Omdahl: a-ha. The Swing of Things (2010)
Ørjan Nilsson: Tårer fra en stein (2017)

The Rutles / All You Need is Cash (1978)

Parodiar er ein farleg sjanger. Det skal lite til før det vert platt og pinleg, men når det sit, så er det oftast verdt bryet. Dette er den andre Beatles-parodien denne månaden, og til liks med Paperback Writer er dette lystige saker.

Her er det ikkje berre historia som vert lett endra. Filmen er full av Beatles-liknande musikk. Lyden er den same, stemninga er den same, nokre songar opnar òg heilt likt, før det dukkar opp ein litt uventa akkord. Dei fire i Rutles, "the pre-fab four", liknar òg nok på The Beatles til at det fungerer. Kroppssråket er til tider skremmande likt.

Nokre poeng er nesten dei same i dei to parodiane. Begge stader vert "bigger than Jesus"-utsegna forklart med at Lennon eigentleg hadde meint noko anna. I Paperback Writer prøvde han å få fram at dei var høgare enn Jesus; i filmen, der Lennon seier at dei er "bigger than God", er forklaringa hans at journalisten hadde høyrt feil - han sa eigentleg at dei var "bigger than Rod", ein referanse til Rod Stewart.

Filmen har sjølvsagt respekt for Beatles, men kvir seg ikkje for å peika på det reint idiotiske. Lennon og Ono har til dømes ein pressekonferanse i dusjen, fullt påkledde under rennande vatn, for at folk skal få augene opp for alt som er urettvist i verda. Dette er ein flott kommentar til alt det vaset Lennon og Ono dreiv med rundt 1970. At Ono går i naziuniform i filmen verkar heller ikkje heilt malplassert.

Filmen vert fortalt av ein journalist, som reiser verda rundt for å få folk i tale. Her flettar dei like gjerne inn ein parodi på andre dokumentar, der forteljaren går rundt i all slags miljø for å få fram eit eller anna poeng. Journalisten vert spela av Eric Idle, som òg spelar McCartney, og som har skrive manus til filmen. Fleire kjende fjes er med i filmen, Mick Jagger og Paul Simon spelar seg sjølv, medan George Harrison dukkar opp som journalist.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

19. september 2010

Wise Blood (1979)

Flannery O'Connor var ein svært solid forfattar. Aller best var ho i novellene sine, der ho boltra seg i komiske situasjonar, og der ho brukte eit suverent språk, ikkje minst i dialogane. Ho skreiv òg to romanar, som òg er bra, men som altså ikkje er like gode som novellene.

Denne filmen er basert på ein av dei to romanane, og er diverre ikkje så mykje å skryta av. Hovudpersonen, Hazel Motes, har vore i krigen. Han kjem attende til heimgarden, der ingen lever lenger, og dreg inn til den nærmaste byen, som er prega av religion. Der er store JESUS SAVES-skilt på veggane, og fleire predikantar går gatelangs for å få fram bodskapen sin, og for å lura nokre dollar ut av dei som høyrer på. Motes ser at dette er falske predikantar, og vert like godt predikant sjølv, i Church without Christ. Det går dårleg. Han leiger rom hjå ei som òg leiger ut til ein falsk predikant, som bur saman med dotter si. Denne falske predikanten påstår at han har blinda seg sjølv, men Motes finn fort ut at han framleis ser godt. Etter at han feilar som predikant, øydelegg Motes augene sine.

Alt som finst av humor i romanen er fjerna frå filmen. At Motes strir med å forstå religionen han vart fostra opp med, var òg langt meir tydeleg der. Eitt av dei finaste bileta i romanen er då O'Connor omtalar Motes som ein som ikkje greidde å flykta frå han Jesusen han hadde med seg langt inne i hovudet, noko liknande finst ikkje i romanen.

Det vert sjølvsagt feil å kritisera ein film for at han ikkje er det boka er. Ein film vert laga for å stå på eigne bein, men det gjer altså ikkje denne filmen. Det heile er ganske kjedeleg, og det er nesten utenkjeleg at ein såpass omtykt regissør som John Huston har laga dette. Kvifor han har bede skodespelarane anten overspela eller underspela greier eg ikkje å forstå, det heile verkar uventa lite profesjonelt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

Meir Huston på kulturguffebloggen
Malteserfalken (1941)
The African Queen (1951)
Misfits (1961)

Sigmund Løvåsen: Brakk (2006)

Eg var omvisar ved Voss folkemuseum rundt femten somrar. Noko av det fyrste me gjorde når sommarsesongen opna, var å friska opp att ei bok av Johannes Gjerdåker, Arbeidet i bygdene. Boka did exactly what it said on the tin - det var ein detaljert gjennomgang av arbeidsåret ved gardar på Vestlandet.

Brakk minner mest av alt om Arbeidet i bygdene i romanform. Nitten år gamle Geir har teke over eit småbruk. Han gjer dette dels av di han vil heidra faren, som ikkje lever meir. Korkje mora eller den yngre broren hans skjønar kvifor han gjer dette, men han er sta, og gjer det han kan for å gjera bruket levedyktig. Faren ligg heile tida som ein skugge bak Geir; når Løvåsen skildrar ei av dei mange arbeidsoppgåvene til Geir, tenkjer Geir på korleis det var då han og faren gjorde det same.

Altfor mange av desse arbeidsoppgåvene vert skildra i detalj. Til og med for ein som meg, som voks opp på ein liten gard der hamskiftet berre var ein framtidsdraum, og som altså arbeidde som omvisar i ei årrekkje, vert det for mykje jordbruk og for lite roman. Det skjer for lite; boka skrik etter at det må skje noko som driv historia framover, eit lite vendepunkt, rett og slett. Det kjem ikkje, det einaste mindre dramaet er då mora prøver å få Geir til å ta eit år på folkehøgskule, slik at han kan finna ut om det verkeleg er småbrukar han vil verta. Han vert verande på bruket. Det heile vert altså noko som minner om ei hylling av småbrukarar rundt i landet, og det er berre sånn middels interessant.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Løvåsen på kulturguffebloggen
Mamsell Iversen (2009)

13. september 2010

Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)

Sex Pistols spelte to gonger i Noreg sommaren 1977, i Oslo 20. juli og i Trondheim dagen etter. Konserten i Oslo er legendarisk. Mange har hevda at dei var til stades der, medan det i røynda berre var snakk om godt og vel to hundre personar. Mathisen skreiv i 2007 ei fin bok om punken i Noreg 1977-80, og konserten fekk godt med plass der. Han er i gang med ein oppfølgar til den boka, men i mellomtida har han samla det han veit om denne eine konserten i ei bok.

Det er ei spanande vinkling, og prosjektet står fjellstøtt. For min del kunne han ha tona ned kapitla der han drøftar stil og ideologi i punken, og heller reindyrka omtalen av konserten. Her har han intervjua mange av dei som var på konserten, og har òg brukt sitat frå avisomtalar før og etter konserten. Han viser kva fleire aviser skreiv etter pressekonferansen, og tek med det eine store intervjuet dei gav i Oslo, til Gateavisa. Han har òg med litt om kva som skjedde i timane etter konserten, der dei fyrst reiser på jazzkonsert på Club 7, der bandet deretter vert invitert med på ein fest på Høvik, og frå morgonen etter, då dei får gratis Levis-bukser av ein Levis-mann.

Boka kjem ut 33 år etter konserten, så det er ikkje rart at boka er full av motseiingar. Nokre meiner at det var mellom 400 og 500 personar til stades, andre meiner at det vart selt 200 billettar. Boka sluttar med ei liste på 214 namn som truleg var til stades. Nokre er sikre, andre er ikkje stadfesta, medan ein person vert lista som "the person believes he was there, and it's very likely, but he can't recall it". Denne lista var uventa interessant, og det hadde vore greitt om denne stod alfabetisk. På lista er bandet rekna med, alle som jobba på Pingvin Club er rekna med, så det skulle framleis vera råd å dikta opp at ein var til stades. Konserten var utselt, slik at det framleis må mangla nokre titals personar.

Boka er rikt illustrert. Både bileta av band og publikum fortel mykje om at dette var ei tidleg fase av punken. Berre halve bandet ser punk ut, medan så godt som ingen i publikum har teke seg bryet med å punka seg opp. Dette er verkeleg år null.

Guffen tilrår.

Meir Mathiesen på kulturguffebloggen
Norsk postpunk 1980-1985. Fra hardcore til a-ha (2011)
Sid's Norwegian Romance. Sex Pistols Exiled to Trondheim (2011)

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (fjernsynsserie, 2022)

Agnes Ravatn: Stillstand (2009)

Denne boka er god, og viser igjen at Svein Gjerdåker i Dag og Tid greier å plukka dei rette forfattarane til føljetongar i avisa. Eg har tidlegare nemnt den flotte serien med reisebrev frå Morten Strøksnes. Utgangspunktet kunne ikkje vore meir ulikt - der Strøksnes reiser tvers over Amerika for å leita etter den amerikanske folkesjela, vitjar Ravatn stader i Noreg der det skjer minst mogleg.

Ravatn framstår som ei som minst av alt vil ha kontakt med andre. Ho gjer òg sitt for å framstå som ei som ikkje heilt veit kva ho vil, noko som vert tydeleg alt i føreordet. Ho fortel at Gjerdåker vil ha ho til å skriva for Dag og Tid, og når ho etter mykje mas litt motviljug leverer den fyrste teksten, ringjer han til ho og seier at ho må flytta til Oslo for å verta journalist hjå han. "Dette hadde eg iallfall ikkje lyst til, men heller ikkje denne gongen torde eg å seie nei."

Slik held det fram. Det er morosamt og seriøst, det er slentrande og leikande, slik gode essay skal vera, og der er heile tida noko å le av. Dei gongene ho kjem i snakk med andre, verkar ho mest av alt redd for at dei skal finna ut kva ho eigentleg meiner, slik at ho berre jattar med dei. Det vert det stor litteratur av, møtet med ein Afghanistan-veteran på Rorbua i Tromsø er eit strålande døme på det.

Ho er innom kafear, rettsalar, kloster, kjøpesenter, førelesingar, Syden, Lillehammar, og mykje anna. Ho skil seg ut alle stadene, dels av di ho ikkje kjenner alle kodane, men mest av di ho har så god tid. Og kanskje av di det svært ofte skin gjennom at ho helst ville vore ein heilt annan stad.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

Carl Frode Tiller: Folkehelsa (2009)

Å lesa skodespel er ikkje det same som å sjå dei framførte, sjølvsagt. Teksten vert flatare, og det går òg raskare. Alle pausar forsvinn i lesinga, alle nyansar skodespelarane legg inn i replikkane sine kjem ikkje med, osb.

Eit skodespel i trykt utgåve gjev likevel eit godt inntrykk av korleis stykket vil vera. Det er eit stykke der all handling er lagt til heimen til Silje og Egil, som har eit litt skrantande forhold. Dei har nokre ungar som me aldri ser, derimot møter me mødrene deira, og bror til Egil. Han er til stades på ein middag, der det viktigaste han gjer er å provosera fram reaksjonar frå dei andre, etter at han pirkar i dei dårlege sidene deira. Mot slutten ser det ut til at Silje og Egil er på veg inn i noko godt igjen, men sikkert er det ikkje. Her er altså ein open slutt, og det er bra.

Stykket er ein svært nær slektning av ein scene i Innsirkling. Namna er endra, og litt anna òg, men eg merka ofte at dette er noko eg har lese før. Det er ikkje mange vekene sidan eg las Innsirkling; dei som ikkje har den like friskt i minnet vil ikkje tenkja på det. Det er eit solid stykke, som eg gjerne skulle ha sett framført.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ivar Handagard: Ivar Aasen (1956)

Eg kan min Aasen, av openberre grunnar. Han er truleg den største nordmannen som har levd, og me har vel ein halvmeter med bøker av eller om han. Dette heftet var ukjent for meg, så då eg fann det på ein bruktbutikk for tjue kroner, var det fort gjort å bestemma seg for å kjøpa det.

Det var òg fort gjort å lesa det. Her står ingenting som er nytt i dag, men ting var annleis i 1956. Timinga til Handagard var litt uheldig, året etter kom det fyrste av tre bandsverket med breva og dagbøkene til Aasen, og merknadene til Reidar Djupedal der gjev uendeleg mykje meir informasjon om Aasen. Det Handagard skriv er ikkje feil, men det vert altfor lite og puslete. Tek ein vekk føreordet og eit Handagard-dikt heilt til slutt, står me att med tretti luftige sider med tekst, og med alt som er skrive om Aasen i ettertid, er det ikkje rart at dette heftet er lite brukt og mindre kjend i dag.

Det mest interessante med heftet er å sjå kor varme tankar Handagard har om Aasen, sjølv om det òg vert altfor prega av tida det er skrive i. Tidvis høyrest han ut som ein tekst i eit gamalt jolehefte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Symra (2013)
Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)
Ottar Grepstad: Den bortkomne Aasen-visa (2023)

10. september 2010

Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)

Eg las nett ei humorbok om Beatles, og i kjølvatnet av den skumma eg like godt gjennom ei humorbok om Elvis òg. Der er rett nok ein stor skilnad på desse bøkene - i boka om Beatles er humoren tilsikta.

Brewer-Giorgio meiner at der er mykje som er uklart rundt dødsfallet til Elvis. Ho skriv det ikkje rett ut, men det er opplagt at ho meiner at Elvis er i live. Det einaste handfaste ho legg fram som kan tyda på dette, er at mellomnamnet hans er stava med ein A for mykje på gravsteinen hans.

Bortsett frå det er alt saman basert på lause rykte, vage påstandar, og rein svada. Ho viser til at ei rekkje personar hevdar at dei har sett Elvis etter at han døydde. Ho meiner at den Elvis-en som låg på lit de parade berre var ein voksfigur. Ho fortel at ein person som likna på Elvis kjøpte flybillett til Buenos Aires på flyplassen i Memphis, dagen etter at Elvis døydde. Ho listar opp tekstliner frå songane til Elvis, og meiner at dette er hemmelege meldingar om at han snart skulle faka sin eigen død. Og ho legg ved ein kassett der ein mann fortel om kvar han har vore dei siste åra - det kan vera Elvis, det kan ha vore nokon med ei stemme som likna.

Rett etter at Elvis døydde, skreiv Brewer-Giorgio romanen Orion. Den handlar om ein popsongar som gjekk lei av å vera verdskjend, slik at han faka sin eigen død. I ettertid las Brewer-Giorgio fleire biografiar om Elvis, og vart overraska over kor mykje som samsvara med romanen hennar. Ho meiner at ho har vore eit medium, og at det ho eigentleg skreiv om hadde hendt med Elvis. Ho fortel vidare at sjølv om romanen kom ut, forsvann han frå alle bokhandlar. Dette meiner ho berre provar poenget hennar, altså at Elvis faktisk lever, og at han ikkje vil at nokon skal skjøna det, slik at han har sendt folk rundt til alle bokhandlar for å kjøpa opp bøkene som finst.

Det heile vert så dumt at du skal vera rimeleg positivt innstilt til konspirasjonsteoriar for å tru på det. Apparatet rundt ei så stor forsvinning må ha involvert så mange folk at det er heilt utenkjeleg at ingen hadde sladra. Det er heller ikkje slik at berre av di noko er uklart eller mangelfullt, ligg det noko mystisk bak. Folk gjer feil heile tida.

Det går an å le av denne boka. Utover i boka er det ei heilt anna kjensle som melder seg. Eg merka at eg gradvis tykte meir og meir synd på Brewer-Giorgio, der ho prøver å skrapa saman nok indikasjonar på at hypotesen hennar held. Ho skriv ikkje spesielt godt, ho tenkjer ikkje spesielt godt, og ho minner mest av alt om nokon som burde finna seg noko anna å halda på med. Ho tek alle kjelder for god fisk. Det seier litt at ho støttar seg på to rimeleg kontroversielle Elvis-bøker - Elvis: What happened?, skrive av tre vener Elvis skilde lag med midt i 70-åra, og Elvis, av Albert Goldman. Ho burde lært seg ørlite om kjeldekritikk.

Guffen er lunken.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Elvis (2022)
Priscilla (2023)

8. september 2010

Mark Shipper: Paperback Writer (1978)

Eg skulle ein snartur til Jotunheimen, og nappa med meg ei av dei lettaste bøkene eg fann i hylla. Planen var å gå eit stykke før eg slo opp teltet, men sidan det var halvmyrkt då eg var framme ved Leirvassbu, slo eg heller opp teltet like ved vegen der. Eg kunne altså ha teke med ei tyngre bok, men eg greidde meg svært godt med denne.

Eg har lese boka eit par gonger før. Det er for ein gongs skuld ein vellukka parodi - romanen er laust basert på historia om The Beatles. Parodiar kan vera så mangt, men denne bergar seg trygt i land. Humoren er god, her er til dømes ei rekkje glimrande bilettekstar, og Shipper bruker òg det gode knepet med å la nokre vitsar dukka opp att gjennom heile boka. Ringo Starr spelar berre biljard. George Harrison er sterkt religiøs heile tida. Alle som har hatt kontakt med Beatles skriv bok om det. Brian Epstein var eigentleg ein røyrleggjar. Alt som ein Beatle har teke i kan seljast for millionar. Her florerer òg med ordspel og leik med språk.

Historia i romanen skil seg frå den verkelege på fleire område. I denne boka kjem bandet saman igjen i 1978, for å spela inn plate og leggja ut på turné. Plata er så horribel, viser det seg, at for å selja billettar til turneen må dei få med seg Peter Frampton, og han står i tillegg øvst på plakaten. Nedst på plakaten står Sex Pistols. Men der er òg andre vriar, Harrison sluttar til dømes i bandet i 1965, i protest mot Lennon-kommentaren om at Beatles er større enn Jesus.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

6. september 2010

Toy Story 3 (2010)

Er eg i målgruppa for denne filmen? Truleg meir enn eg var klar over. Eg såg den fyrste filmen då han kom på kino, og koste meg stort. Fin historie, fine figurar, godt språk, og godt laga. Film nummer to gjekk meg hus forbi. Aslak og Ivar har filmen på DVD; eg trur ikkje eg har sett heile enno. I alle fall ikkje samanhengande.

Dei to har gleda seg til denne filmen lenge. Dei har sett bilete i avisene, og sett ein smakebit på nettet. Det fyrste Aslak sa då han vakna i går var at me skulle på kino - juhu! Den gleda tok fort slutt.

Andy, som eig alle leikene, skal på college. Mor hans vil at han skal tømma rommet sitt, og han veit ikkje heilt kvar han skal gjera av leikene sine. Han finn ut at han vil leggja dei på loftet, men mor hans finn sekken med leikene, og plasserer han ved sida av resten av boset. Før bosbilen hentar dei, kjem dei seg vekk, og dei vert gjevne til barnehagen frå Helvete. Ungane herjar med dei, og dei andre leikene har etablert eit naziregime, slik at Andy-leikene vil vekk så fort dei kan. Det greier dei, sjølvsagt, men på vegen til fridomen har dei hatt mange nær døden-opplevingar.

Det vart for mykje for Aslak, som syntest det var i skumlaste laget. Ivar, som braut lova då han gjekk og såg filmen, syntest det var heilt greitt. Eg koste meg òg, sjølv med ein livredd unge på fanget. Det er framleis kreativt og fantasifullt, det er glimrande laga, og der er referansar til andre filmar. Dialogen reknar eg med at er friskare i originalversjon, slik det var med den fyrste filmen. Det får eg kanskje sjansen til å sjekka eingong, i alle fall viss Aslak løyser litt på forbodet mot å kjøpa filmen når han kjem på DVD.

Guffen tilrår.

Meir Toy Story på kulturguffebloggen
Toy Story 4 (2019)