29. desember 2020

Stephen Morris: Fast Forward (2020)

 

Denne boka er den andre delen av ein sjølvbiografi. Del ein, som kom i fjor, var finfint, så eg hadde store voner til denne. Diverre er ikkje boka like god. Det er freistande å skulda på det han skriv om - i den fyrste boka skreiv han om tida si i det suverene bandet Joy Division; her handlar det om tida i det langt mindre interessante New Order. 

Han skriv heller ikkje like godt her. I det fyrste bandet kom humoren av seg sjølv, her verkar det som han prøver altfor hardt på å vera morosam. Det er, som alle veit, ein svært dårleg strategi. Han skriv òg altfor, altfor detaljert om dei ulike rytmeboksane og keyboarda og datamaskinene han skaffar seg. 

Det vert òg tydeleg utover i boka at han (og sambuaren, seinare kona) Gillian Gilbert verkeleg var dei to andre i New Order. Det er Hook og Sumner som tek dei verkelege avgjerdene, og det verkar som om Morris har altfor stor respekt for dei. Han kvir seg for å kritisera dei, og når han gjer det legg han gjerne til ei setning om at alle kan ha dårlege dagar, osb. Her er mykje dop og drikking (i alle fall ei stund), her er mange og dyre plateinnspelingar, her er litt om Hacienda-klubben (som var eit stort pengesluk), og så bortetter. Her er mykje interessant, men det tek liksom aldri heilt av.

Guffen er lunken. 

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

28. desember 2020

Deadwood. The Movie (2019)

 

Det var heilt greitt å sjå dette igjen, men likevel: Eg sat med ei kjensle av at a) dei ville få på plass dei lause trådane etter den tredje (og siste) seongen, og b) dei ville samla alle saman ein gong til. Det er ikkje mykje utvikling å spora, anna enn at aldre er eldre. 

Den siste sesongen vart laga i 2006, så me har hoppa litt fram i tid også i historien. Det har gått ti år sidan sist. Mykje er likt, mykje har endra seg. Nokre har fått ungar, andre får det i løpet av filmen. Filmen opnar med at byen feirar at South Dakota er teken opp som stat i USA, og på programmet står mellom anna ei helsing frå George Hearst, som no er vorten senator i California. Han er like roten som før, og prøver det han kan for å kjøpa land hjå George Utter, ein av dei mest sympatiske personane i Deadwood. Han nektar, han vert drepen, og sjølv om Hearst gjer det han kan for å skjula skulda si, vert han fengsla mot slutten. 

Så det ver ein happy ending. Det er eit godt samhald i byen, og også sheriff Seth Bullock, den lysande stjerna frå tidlegare, skjønar at ein må tøya reglane litt for å verta kvitt Hearst.

Men det vert likevel aldri noko anna enn heilt greitt. Det var meir fart i dette enn i den tredje sesongen, truleg av di det i ein film ikkje er rom for å springa alt for langt vekk frå hovudplotet.

Guffen er lunken.  

Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2004)
Sesong 2 (2005)
Sesong 3 (2006)

25. desember 2020

Cormac McCarthy: Outer Dark (1968)

Slik tittelen hintar om er dette rimeleg myrke saker. Boka er fabelaktig, både av di ho er bra, men òg av di det minner om ein fabel. 

Me er (truleg) i dei amerikanske sørstatane, kanskje mot slutten av 1800-talet. Boka opnar med at ei kvinne føder eit barn. Ho bur saman med bror sin, som òg er far til barnet. Han seier at barnet er dødfødt, og tek det med seg ut i skogen for å grava det ned. Ho trur ikkje på han, finn ikkje grava der han seier at ho skulle vera, og skjønar at barnet er i live. Resten av boka er dei begge, kvar for seg, på leit etter barnet og han omreisande seljaren som truleg har teke det. 

Det er ei myrk reise. Dei møter mange folk, men omtrent ingen av dei er til å stola på. Spesielt broren har det hardt - han vert heile tida skulda for brotsverk han (stort sett) ikkje har gjort, og han møter gong etter gong, på dei mest uventa stader, tre skumle og farlege menn. Mange i boka misser livet; fleire av dei er drepne av desse tre. 

Boka er uvanleg fengande. Det er den andre romanen til McCarthy, og det er eit langt, langt steg opp frå debutromanen hans. Språket er stramt og knapt, og han ropar ikkje ut det som skjer - les ein for fort kan ein godt gå glipp av viktige hendingar. 

Guffen tilrår. 

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

23. desember 2020

Nils Henrik Smith: Se ilden lyse over jord (2014)

Hovudpersonen, ein 61 år gamal mann, er i Kviterussland. Han har ramla inn på ei kontaktside på nettet, fått kontakt med ei kvinne, og har lagt ut på ei reise frå heimstaden i Noreg. Me følgjer han gjennom nokre dagar i Minsk, både på hotellet han bur på fyrste natta, og når han er på besøk hjå kvinna (og mor hennar).

Romanen er full av tilbakeblikk, der mannen tenkjer tilbake på livet sitt - det han har gjort, og det han ikkje har gjort. Desse tilbakeblikka tek meir plass enn hendingane i Minsk (trur eg). Der er to store vendepunkt - den eldste sonen hans døyr under langrennstafetten under OL på Lillehammer, og han skil seg frå kona si. Han kjem tilbake til desse fleire gonger, og han tenkjer like mykje på stafetten som den døde sonen. 

Det er ei klok og god bok. Smith skildrar det heile på imponerande vis, og har total kontroll på stoffet. Den eine gongen det glipp litt er når han er på veg ned til frukost på hotellet, og korkje han eller ein annan gjest finn ut kvar heisen går frå. Elles var dette svært, svært bra.

Guffen tilrår. 

Meir Smith på kulturguffebloggen
Manhattan Skyline (2007)
Austerrike (2009)
11 meter (2020)
Entusiasme og raseri (2021)

22. desember 2020

Frode Grytten: 80 ° aust for Birdland (1993)

Me er komne fram til den tredje novellesamlinga til Grytten. Han er framleis ikkje heilt i toppform, men det nærmar seg. 

Novellene i denne boka er relativt korte. Hovudpersonane er framleis heller unge, og det går gjerne føre seg i eit fjordlandskap som kan minna om Hardanger. Eller det kan vera eit fotballag frå Hardanger som skal spela kamp i Oslo.

Her er to verkeleg fine noveller. Den eine, "2CV", vert fortalt om ein ung mann som tenkjer tilbake på noko som skjedde ti år tidlegare. Han hadde vore med kjærasten sin heim til foreldra for fyrste gong, og på veg heim i 2CV-en hennar høyrde dei ein kasset med Lloyd Cole. Etter ei stund kom den songen alle har høyrt. Ho stoppa bilen, men lot framlysa stå på, og gjekk ut på vegen framfor bilen for å dansa til musikken. Den andre, tittelnovella, fortel om eit jazzband som køyrer seg vill i tjukk skodde, og endar opp på eit avsides tun hjå ein eldre mann. Dei vert der ei stund, og han får dei til å spela litt før dei reiser vidare. Det vert ein fin konsert, men òg den siste konserten deira. 

Så eit anna av kjennemerka ved forfattarskapen til Grytten er altså på plass: Det handlar mykje om musikk.

Guffen tilrår. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

21. desember 2020

The Office, sesong 2 (2002)

 

Igjen: Dette er ein aldeles glimrande serie. Det vart berre laga to sesongar, kvar på seks episodar, og det er noko av det store med serien. Dei gjev seg medan leiken er god, og vel så det. Det kom to jole-episodar etter dette, kanskje mest for å få ei avklaring på romantikken i serien, altså forholdet mellom Tim og Dawn. Denne sesongen sluttar med at Dawn og Lee flyttar til Florida. 

Det meste er som i sesong 1. David Brent er sjef for kontoret, men gjer minimalt. Jobben hans heng heile tida i ein tynn tråd. Tim og Gareth kranglar heile tida. Kontoret i Slough er slått saman med kontoret i Swindon, slik at det er litt fleire karakterar å spela på, men det er dei tre nemnde (pluss Dawn) det handlar om. 

Det er hylande morosamt, og svært ofte er det òg ekstremt pinleg. Alle skodespelarane ser heilt perfekt ut for rollene dei har, og det gjeld òg mange av birollene. Serien køddar med absolutt alt, og eg lo minst like mykje no som sist eg såg det. 

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
The Office, sesong 1 (2001)
David Brent: Life on the Road (2016)

20. desember 2020

Art Spiegelman: Maus (1992)

 

Aslak (15) brukte denne teikneserien i ei skuleoppgåve nyleg. Eg kom med gode råd der eg kunne, men merka òg at det var svært lenge sidan eg hadde lese Maus. Når han var ferdig sette eg meg til med boka. Det var eit godt gjensyn.

Maus kom ut i band; her er begge samla i eitt. Boka har to hovudforteljingar - den eine handlar om tilhøvet mellom far og son, den andre handlar om korleis jødane hadde det i Europa under andre verdskrigen. Spiegelman fortel si eiga familiehistorie, der det dels handlar om han sjølv og far hans. Under desse samkomene handlar det litt om notida, men det meste av tida vert brukt på at faren fortel om korleis han hadde det i oppveksten.

Akkurat den delen av historia har vore fortald før. Det som gjer det heile nytt her er måten det vert fortalt på. Det var slettes ikkje vanleg at teikneseriar tok opp så alvorlege tema som dette, og det gjorde at boka fekk mykje (og fortent) merksemd då ho kom ut. 

I møta mellom far og son er det tydeleg at det er to generasjonar som møtest. Faren sløsar ikkje med noko og vil ta vare på alt; sonen kjøper nytt når han treng. Dette irriterer sonen, men samstundes ser han at denne emna til å ta vare på alt som kan koma til nytte var ein av grunnane til at faren overlevde krigen. 

Guffen tilrår. 

19. desember 2020

John Steinbeck: The Grapes of Wrath (1939)

Dette er ein fabelaktig roman. Boka gjorde kanskje større inntrykk på amerikanarane då ho vart utgitt, men det er framleis sterk lesnad. Boka vert òg, diverre, meir og meir aktuell.

Familien Joad har drive gard i Oklahoma, men fleire år med dårleg avling har ført til at dei har måtta selja garden. Dei har sett flygeblad som lovar alle arbeid i California, og til liks med mange, mange andre familiar frå Oklahoma og Kansas (og nokre andre statar) reiser Joad-familien vestover. Den reisa er ikkje spesielt lystig.

Dei har nesten ikkje pengar. Dei har ein dårleg bil, der dei fleste av dei tretten som legg ut på turen må sitja på lasteplanet. Berre ni av dei kjem fram til California, i alle fall i samla tropp. Dei to eldste døyr. Den nitten år gamle mannen til den gravide Joad-dottera stikk av. Den eldste sonen forlet dei andre, av di han trur han lettare kan få det til på eiga hand.

Dei kjem til California, som ikkje er det lova landet. Det er fattigdom, dei fattige vert utnytta, og nedturane kjem tett. Dei bur dårleg, og då vinteren kjem går det frå vondt til verre. Staden dei bur vert overfløymd, og dei søkjer tilflukt i ei dårleg løe, utan mat og utan von.

Romanen var dagsaktuell då han kom ut. Steinbeck legg all sympatien hjå dei fattige. Dei får ikkje hjelp då naturen slår seg vrang - tvert imot: Dei rike ser at dei kan dei tena endå meir pengar, på å betala klimaflyktningane så låge løner som råd. I dag stig temperaturen over heile verda, slik at det kan godt koma liknande flytterørsler dei neste åra. Og USA er alt eit splitta land - flytterørsker kan auka den splittinga.

Guffen tilrår. 

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

14. desember 2020

Sam Inglis: Harvest (2003)

Denne bokserien er jamt over finfin. Ulike forfattarar skriv om éin LP (evt. album), og står fritt til å velja innfallsvinkel sjølv. Det er både ein styrke og ein veikskap - er vinklinga god vert gjerne boka god, medan ei mindre god vinkling ikkje er like interessant. Denne boka bommar diverre litt.

Det kan rett nok skuldast at det ikkje er lenge sidan eg las den fine Young-biografien til Jimmy McDonough, men det var ikkje så mykje nytt i denne boka. Inglis brukar lang tid på å fortelja om karriera til Young fram til Harvest kom i 1972, og fortel òg litt om dei neste åra (då dei beste platene til Young kom). Så skriv han om dei ulike songane på plata, og det er det. Han har ikkje snakka med Neil Young sjølv, slik tilfellet er i fleire av dei andre bøkene, og han kjem heller ikkje med så mange nye innsikter eller fakta. 

Han skriv rett nok at Harvest er den eine Young-plata du kan finna i kva platesamling som helst, mest grunna "Heart of Gold", den einaste Young-singelen som har toppa hitlistene. For dei som berre kjenner Young frå denne plata kan det vera ei grei bok. Inglis legg ikkje skjul på at det finst langt meir interessante Young-plater, og det kan jo vera med på å senda nye lyttarar i endå meir spanande retningar. For Young var dette ei plate han sleit med å verta ferdig med, det tok tjue år før det kom ein verkeleg oppfølgjar. Det var òg om denne plata han kom med det mest vidgjetne sitatet sitt - "Heart of Gold" var "the song that put me in the middle of the road. Traveling there soon became a bore, so I headed for the ditch. A rougher ride, but I saw more interesting people there".

Guffen er lunken.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Jimmy McDonough: 
Shakey (2002)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

12. desember 2020

Mank (2020)

 

Citizen Kane er framleis den aller beste filmen. Denne filmen handlar om Herman Mankiewicz, som skreiv manus til filmen, saman med Orson Welles. For det var akkurat det han gjorde. Dei drøfta prosjektet, Mankiewicz reiste vekk frå Los Angeles og skreiv eit utkast, som deretter vart endra av Welles. Mankiewicz sa i utgangspunktet frå seg all kreditering, men angra seinare på det. Welles likte det nok dårleg, men gjekk med på at dei delte krediteringa i rulletekstane.

Mankiewicz skriv manus i Victorcille, der han ligg til sengs etter eit beinbrot. Store delar av filmen er tilbakeblikk, der me ser korleis han drikk altfor mykje, og korleis alkoholforbruket hans bryt ned all velvilje folk har mot han. Han vert ein favoritt hjå den mektige William Randolph Hearst, og spesielt hjå kjærasten hans, Marion Davies. Manuset er inspirert av livet deira, men begge er rimeleg høflege mot Mankiewicz etter at dei har lese det og sett filmen, sjølv om det er opplagt at dei likte filmen dårleg.

Filmen er solid. Det er filma i svart-kvitt, slik Kane var, og filmen har i det heile ei stemning som minner om Kane. Her er nokre scener som minner om Kane, som glaset som fell mot golvet, og skiltet som svingar seg i vinden. 

Guffen tilrår. 

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)

6. desember 2020

Tim Madigan: The Burning (2001)

 

Viss du bruker orda "terror" og "Oklahoma" i same setning, er det stor sjanse for at folk trur du snakkar om eksplosjonen i 1995. Det er ikkje så rart, bomba tok livet av 168 personar, og det heile var nyheitsstoff i vekevis etterpå. Denne boka fortel om ei liknande hending - dette skjedde òg i Oklahoma, og denne terroren tok truleg livet av bortimot 300 personar. Der stoppar likskapen - etter at dette var over vart det heile taust om det, i altfor mange tiår.

 Det heile gjekk føre seg i byen Tulsa i Oklahoma, i 1921. Byen var velståande, på grunn av store oljefunn. Byen var delt i to, ein del for kvite og ein for svarte, men begge var rike. At dei svarte også var velståande var vondt for mange av dei kvite. Lynsjing var ikkje direkte uvanleg på denne tida, og det var ei nesten-lynsjing som starta det heile. Ein svart mann vart skulda for å prøvd seg på ei ung kvit kvinne. Han vart sett i varetekt. Ei avis hadde like godt skrive i ettermiddagsutgåva si at ein svart mann skulle lynsjast den kvelden, og det samla seg ei stor folkemengd utanfor fengselet. Fleire svarte kom til for å roa gemyttane. Ein eldre kvit mann kom i handgemeng med ein av dei svarte, ein pistol gjekk av, og så braut helvete laus.

Dei kvite var flest, og dei var ivrigast. Dei skaut, dei torturerte, dei sette hus i brann, dei fekk til og med hjelp frå fly - kanskje vart det berre skote frå flya, kanskje sleppte dei ned eksplosivar. Då dei heile var over var 35 kvartal jamna med jorda. Mange svarte hadde flykta, og dei kvite køyrde vekk dei fleste lika, så ingen veit heilt kor mange som vart drepne. Men det verkar som om det er semje om desse tala: 1115 hus brann ned. 314 andre hus vart rana. 5 hotell, 31 restaurantar, 8 dokter-kontor, 24 butikkar, eitt sjukehus, eit bibliotek, ei kyrkje - heile bydelen til dei svarte vart forsvann. 

Det er ei fantastisk bok. Madigan fortel denne sjokkerande historia på ein eksemplarisk måte. Dei siste kapitla, der han fortel om korleis dette gradvis vart kjent att, er av dei beste. Det er nesten hårreisande å lesa om korleis mange svarte vart buande i byen, og korleis det verka som om alle var samde om at dette skulle det ikkje snakkast om. Dei svarte var redde for at det kunne skje igjen; dei kvite ville sjølvsagt ikkje ha snakk om dette massemordet. For den neste generasjonen Tusla-buarar var dette ei gløymt historie, noko dei ikkje visste om.

Guffen tilrår. 

5. desember 2020

The Queen's Gambit (2020)

 

Livet til Beth Harmon var ikkje så veldig harmonisk. Ho vaks opp med ei åleinemor som det gradvis tippa over for. Mora prøvde å ta livet deira i ei bilulukke, men Beth overlevde og vart plassert på ein barneheim. Ho vart seinare adoptert av eit par som heller ikkje hadde det så harmonisk, der mannen etter kort tid flytta ut, og der kona stort sett drakk seg i hel. 

Det som redda Beth var sjakk. Ho lærte sjakk av vaktmeisteren på barneheimen, og vart raskt ein meister i spelet. Ho var med i turneringar, vann stort sett alle partia, slo rutinerte storspelarar, og møtte etter kvart internasjonal motstand. Serien sluttar med at ho triumferer i ei stor turnering i Moskva. 

Det er ikkje noko godt teikn når serien misser piffen halvveges. Etter at ho går i gang med turneringar, er det ganske opplagt at ho kjem til å møta dei heilt store spelarane, og at ho kjem til å få revansje mot den store Vasily Borgov. Andre gong dei møtest går ho i ei felle ho har gått i før - ho er altfor glad i å rusa seg, men tredje gong, under turneringa i Moskva, går det vegen. Men når me kjem så langt har eg altså mist interessa.

Guffen kan ikkje tilrå rette.