28. mars 2012

Stig Sæterbakken: Gjennom natten (2011)

Tannlegen Karl Meyer feirar jol saman med kona si og dei to borna deira. Dei lever i sin eigen tidssyklus, den einaste månaden som finst er desember, slik at så snart jola er over, er dei i gang med å laga ein ny adventskalender, og i gang med å planleggja ei ny jolefeiring. I desse jolemånadene er det ingen konfliktar, alt er harmomi. Det er så harmonisk at det vert i meste laget. Det gjer faktisk vondt å lesa det. Det er berre noko Meyer innbiller seg. Det er eit harmonisk liv der han i gitte situasjonar ikkje reagerer slik han reagerte i det verkelege livet.

Desse jolefeiringane kjem mot slutten av romanen. Den fyrste delen handlar om eit samlivsbrot. Meyer finn seg ei elskarinne, og flyttar ut frå familien. Etter ei tid flyttar han attende, men då er skaden alt gjort. Det vert aldri det same, og spesielt forholdet til sonen er heilt øydelagt. Han tek livet sitt, og dei tre attlevande kjem ikkje heilt over det. Det er kanskje difor det er vondt å lesa om dei harmoniske desembermånadene - Meyer veit inderleg godt at det er hans feil at all harmoni forsvann frå familien hans.

I den andre halvdelen av boka reiser Meyer gjennom Europa. Det vert gradvis myrkare stemning i boka. Det toppar seg då han oppsøkjer eit hus i Slovakia, eit hus han har nemnt fleire gonger tidlegare i boka. Det kostar pengar å gå inn i huset, og dei som kjem inn der vert konfrontert med det verste dei kan tenkja seg. Meyer går rundt i huset, vert litt skremt, men verkar litt overraska over at det ikkje er meir skremmande. Heilt til han ser dei tre familiemedlemmane sine sitja rundt kjøkenbordet.

Fleire har sagt det før meg: Det siste korte avsnittet i romanen endrar alt saman. For meg var det eit glimrande grep, og gjev meg lyst til å lesa boka ein gong til. Kor mange signal har Sæterbakken lagt ut om dette? Dei finst heilt sikkert - det kjem eit klart hint då han går gjennom huset i Slovakia, men det kan ha vore fleire, som eg ikkje festa meg ved.

Guffen tilrår.

Meir Sæterbakken på kulturguffebloggen
Ikke forlat meg (2009)
De Press. Block to Block (2011)
Ikke noe av dette handler om meg (2016)

27. mars 2012

Halvor Folgerø og Finn Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)

Det var fleire fine tilbod i butikken då 60-årsdagen til Ragnar Hovland vart feira i Bergen i helga. Eg raska med meg ein CD, der så godt som alle tekstane var av Hovland, eit Sveve over vatna-krus, og denne boka.

Det er vel helst ei fin og underfundig bok. Folgerø, Tokvam og Hovland er nokre dagar i Berlin, der dei stort sett på ei kneipe og drikk, medan Hovland svarar på spørsmåla han får frå dei to. Etter ein opningsdel der Hovland fortel om oppvekst og ungdomstid, og korleis det gjekk til at han vart forfattar, går dei gjennom forfattarskapen til Hovland, bok for bok. Nokre bøker har han så godt som ingenting å seia om, andre får meir omfattande omtale.

Det kan nok vera lurt å ta det Hovland seier med ei lita klype salt. Likevel verkar det som om han svarar ope og ærleg på spørsmåla han får. Det er lite å le høgt av i desse intervjua, men det er lett å lesa dei med ein smil om munnen. Det er ein god tone heile vegen, og det skadar jo ikkje at dei to intervjuarane også kan ordleggja seg godt. Innimellom slepp også andre til, dei snakkar med nokre av dei som har samarbeidd med Hovland.

Boka er ikkje utan manglar. Det burde vore skilt langt klarare mellom dei ulike tekstelementa. Det er ofte vanskeleg å sjå kvar eit sitat sluttar og kvar den andre teksten tek til. I boka er det òg mange Hovland-tekstar. Det er vel og bra, men det vert litt misvisande når desse tekstane både i og utanpå boka vert omtalte som upubliserte tekstar. Viss eg hugsar rett, stod teksten om då Hovland og Einar Økland var i Havanna i festskriftet til Økland som kom for nokre år sidan, og det var òg noko kjent med teksten "Siste båt til Vadheim". I slike tilfelle bør det sjølvsagt stå kvar tekstane har vore brukte før, og dei andre Hovland-tekstane burde òg vore daterte, så godt det let seg gjera.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

25. mars 2012

Motorpsycho (Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.12)

Treng eg å minna om at eg set Motorpsycho enormt høgt? Det trur eg ikkje. Eg har vore på rundt 35 Motorpsycho-konsertar, sånn omtrent, og dette var så godt som på dagen tjue år etter at eg fyrste gong såg dei, på Hulen.

Dei er eit heilt anna band i dag, sjølvsagt. Noko av det fine med bandet er at dei heile tida prøver nye ting. For nokre månader sidan gav dei ut plata The Death Defying Unicorn saman med Ståle Storløkken. Her er det i tillegg blåsarar og strykarar, og tekstane på plata fortel om ei sjøreise som går rimeleg galt. Det er ei aldeles glimrande plate, og så langt reknar eg ho som den beste dei har gitt ut etter tusenårsskiftet.

På turneen i vår framfører dei plata frå a til å. Her er rett nok ingen blåsarar og strykarar, så det vert ikkje heilt likt, men her skulle likevel vera nok å gle seg over. I alle fall på ein konsert der lydmannen har ein betre dag på jobben. Denne konserten vart altfor skjemd av dårleg lyd, i alle fall der eg stod. I dei rolegare partia var det greitt, men så fort det vart litt meir intenst, og det vert det jo gjerne rett som det er, glei alt over i ein salig lydgraut. Det som kunne vorte monumentalt, majestetisk og magisk, vart i staden ei sur suppe av lyd. Av og til var det ikkje eingong råd å skilja ut trommene.

Det verste med dette var at nokre få gonger gnistra det. Lokalet verka ikkje spesielt godt eigna til konsertar, men av og til var lyden klar nok, eller ugrautete nok, til at det kom fram kor flott denne plata er, og kor godt dei fire musikantane står til kvarandre. Som på plata var dei to fyrste og dei to siste songane høgdepunkta i det ordinære settet.

Me fekk to ekstranummer - sjølvaste Mountain, som diverre også vart skjemd av lyden (og av ein ikkje altfor imponerande Snah på vokal), og Taifun. Den siste var den rolegaste songen dei spelte, og det var truleg grunnen til at det vart høgdepunktet denne kvelden.

I alt var det altså heller ujamnt. Men eg vart sjølvsagt ikkje skremd - i eit lokale med betre akustikk vil dette vera aldeles glimrande. I Operaen, til dømes.

Guffen er lunken.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

23. mars 2012

Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Logen, Bergen, 22.3.12)

Eg likar Hovland, eg òg. Det er ikkje spesielt originalt å gjera det, og den viktigaste grunnen er vel at han er ein rimeleg original forfattar. Eg har lese mykje av han, og eg har høyrt han lesa opp fleire gonger.

For ti år sidan, då han fylte femti, arrangerte me ein femtiårsfest for han i Aasen-tunet. Sekstiårsdagen vart markert med eit langt større arrangement i Bergen. Det vart ein fin kveld, der dei fleste av innslaga var verdt å få med seg.

Det ein kunne ha ynskt seg, var litt meir av Hovland sjølv. Fleire framførte tekstar av han, sjølvsagt, og han vart hylla med talar og blomar, men det hadde vore fint om han las noko sjølv. Han ville sikkert halda seg litt i bakgrunnen, men han var då opp på scena fleire gonger. Bortsett frå det var det ikkje noko i vegen med programmet, kanskje bortsett frå at det var litt få overraskingar - det var henta inn namn frå øvste hylle og slik, men det kunne godt vore noko meir uventa.

Det opna rett nok relativt labert. Dag Helleve og Per Olav Kaldestad har skrive fleire reisebøker saman med Hovland, og snakka litt om korleis det hadde vore. Det vart mest pludring, og det vart litt for internt. Men så tok det seg opp. Det var ei fin blanding av musikalske og andre innslag. Agnes Ravatn var beden om å intervjua han, men nytta heller høvet til å få Hovland til å ta ein test som skulle måla den mentale alderen hans. Spesielt truverdige var ikkje spørsmåla, slik at ho både fekk fram kor meiningslause slike testar er, og at ho meinte at den mentale alderen hans var 47 år. Maria Parr las ein finfin tekst frå Sjølvmord i skilpaddekafeen, og Brit Bildøen snakka varmt om korleis Hovland var som kollega. Dei Nye Kapellanane var gode; Finn-Erix hakket meir føreseielege.

Det var ein kveld i hovlandsk ånd. Litt å le av, mykje å smila eller humra av, og passeleg mykje alvor oppi det heile.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

20. mars 2012

The Invention of Lying (2009)

Eg er usikker, men trur dette er fyrste gong korkje Runar eller eg har hatt med oss film på tur. I mangel på noko anna lasta han ned denne.

The Office må vera den komiserien som har høgst nivå heile vegen. Dei gav seg etter berre tolv episodar. Ricky Gervais var den suverent viktigaste grunnen til at den serien var bra, han var medforfattar, og hadde òg hovudrolla. Slik er det òg her, men denne filmen er langt frå det nivået The Office heldt. Gervais er god her òg - han er ikkje den største skodespelaren verda har sett, men det er få som kan stotra og snakka usamanhengande like bra som han, og han gjer òg fantastiske rørsler med hendene når han snakkar.

Problemet med denne filmen er heller den store mangelen på interessante personar. Handlinga er lagt til ei tid der ingen lyg. Og det er ikkje berre det at alle snakkar sant; dei seier òg alt dei tenkjer. Ideen er god, og i starten er det heilt greitt: Alle seier det dei tenkjer om alle, fyrst og fremst om Mark Bellison, spelt av Gervais. Det er ikkje så mykje godt å seia om han, og det vert heller ikkje sagt så mykje godt om han.

Ein dag slumpar han til å koma på at han kan snakka usant. Det verkar bra, men ingen andre forstår kor genialt dette er, før han lyg for mor si på dødsleiet hennar. Alle sjukehustilsette som høyrde han vil vita meir, dei er ute av stand til å forstå at han berre dikta opp alt. Dagen etter har alle i byen høyrt om dette, og mange samlar seg utanfor huset hans, og krev å få vita meir om dette etterlivet han veit så mykje om. Han gjev etter for presset, skriv ned ti viktige punkt, openberrer seg for dei, og fortel dei mellom anna at det er ein mann i himmelen som styrer alt som skjer.

Og så tek det heile av, med samfunnskritikk og religionskritikk og kritikk av dyrkinga av det visuelt attraktive. Eller - det er vel nett det det ikkje gjer. Filmen tek slettes ikkje av. At alle snakkar sant er ikkje nok, filmen treng litt meir. Det kjem ikkje, og etter kvart sit me berre att med ei historie der det er tydeleg at Gervais likevel kjem til å få drøymedama, som gjennom heile filmen har avvist han fordi ho ikkje vil ha ungar som er skapte i hans bilete.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. mars 2012

Babel (2006)

Dette er ein film der mykje går galt. Handlinga er lagt til fire land, og det heile kan verka uskuldig nok. To unge marokkanske gutar får med seg det nye geværet til far sin, for å forsvara geiteflokken deira mot sjakalar. Eit amerikansk ektepar er på bussferie i Marokko. Den meksikanske hushjelpa deira i San Diego skal i bryllaup til son sin i Mexico, og sidan ho ikkje finn nokon som kan ta seg av dei to ungane til det ferierande ekteparet, tek ho dei med seg over grensa. Og ei japansk døvstum og pubertal jente er ute på byen med veninnene sine.

Men så går det galt. Dei to gjetarane prøver å finna ut om det er sant at geværet kan treffa mål fleire kilometer unna, og siktar på ein buss på ein veg nede i dalen. Dei treffer uventa godt, og råkar den amerikanske ferierande dama i halsen. Mannen hennar gjer det han kan for at ho skal få kontakt med ein dokter. Den meksikanske hushjelpa får problem då ho skal attende til USA igjen. Og den japanske jenta prøver dop, får likevel ikkje napp hjå ein gut ho hadde sett seg ut, og får det generelt ikkje slik ho vil.

Det er ein finfin film, med eit like fint manus. Dei tre forteljingane er fint vevde inn i kvarandre, mellom anna av di den eine forteljinga er (umerkeleg) lagt til dagen etter dei andre. Forteljingane heng alle saman - korleis hendingane i Japan passar inn vert fyrst diskret fortalt gjennom eit foto hjå ein marokkanar, deretter meir open openlyst. Det er i det heile ein film der bakgrunnen for forteljingane gradvis vert avdekka, der me fyrst mot slutten av filmen får vita kvifor folk handla som dei gjorde tidlegare.

Forholdet mellom foreldre og ungar er ein gjengangar. Det er utenkjeleg for den meksikanske hushjelpa å ikkje vera med då sonen gifta seg. At det ferierande paret ikkje er heilt på talefot heilt i filmen kjem av han flytta frå ho, etter ein episode med ein baby. Far til dei to marokkanske gutane opplever skytinga deira som eit enormt svik. Og den japanske jenta har ein far som arbeider altfor mykje, og fann sjølv mor si etter at mora hadde teke livet sitt.

Guffen tilrår.

15. mars 2012

Pete Frame: Even More Rock Trees (2011)

Det var mange høgdepunkt i Nye Takter i gamle dagar, men ei halvfast spalte slutta aldri å fascinera meg. Willy B. laga av og til stamtre over norske grupper, tre der han fekk fram alle skifte av medlemmar, der han skreiv om banda, og der det gjerne var ein diskografi eller to. Dei retteleg gode stamtrea fletta saman fleire grupper.

Nokre år seinare forstod eg kvar han henta inspirasjonen frå. Midt i 90-åra kjøpte eg den aldeles fabelaktige boka The Complete Rock Family Trees, der britiske Pete Frame hadde samla dei stamtrea han hadde laga. Han var knytt til fleire britiske musikkaviser, men laga dei fyrste (og kanskje dei fleste, kva veit eg) for Zigzag. Det fyrste stod på trykk i 1971, og så balla det på seg.

Boka over, altså The Complete ..., er, trass i den misvisande tittelen, så innhaldsrik at det nærmar seg ei komplett historie over rocken. Der er sjølvsagt manglar, det seier seg sjølv, men han er innom alle moglege musikksjangrar. Der er nær 60 stamtre, og det er ei bok eg rett som det er hentar fram igjen.

I 1998 kom oppfølgjaren More Rock Family Trees, med 32 nye tre, og i fjor kom altså den tredje samlinga. Desse to siste er ikkje like gode som The Complete ..., men dei held likevel mål i massevis. Her er mindre tekst, diverre, men dei alltid like fascinerande stamtrea er, ehm, alltid like fascinerande. Her er tre om dei store og etablerte, og om dei litt mindre etablerte, som Suede eller plateselskapet Creation eller miljøet i Seattle rundt 1990. Dei lange vinterkveldane berre flyr av stad.

Guffen tilrår.

10. mars 2012

Det hvite båndet (2009)

Tyskland, rett før fyrste verdskrigen. I ein liten landsby skjer det fleire mystiske valdelege hendingar. Dokteren rir rett inn i ein tynn vaier som er spent over vegen, to gutar vert kvar for seg mishandla, og eit hus vert påtent. Ingen veit kven som står bak. I staden for å henta inn politi og fagfolk, prøver innbyggjarane halvhjerta å finna ut av det sjølv. Det heile vert fortalt av ein lærar som mange år seinare tenkjer tilbake på det som hadde hendt. Då rekna han med at det heile var gjort av fleire av dei eldste ungane i landsbyen. Han tok det opp med presten, men han vart så fornærma over at læraren mellom anna kunne mistenkja presteungane for det som hadde skjedd, at han trua med å få sett læraren i presten. Læraren droppa det heile.

Skal me sjå. Me er i Tyskland. Landsbyen er eit veldig autoritært samfunn. Viss læraren har rett, er det altså slik at store folkemengder mishandlar dei svake i samfunnet. Og dei som kunne ha stoppa det, ser berre vekk. Mykje tyder altså på at filmen prøver å visa korleis nazismen kunne veksa fram, nokre få tiår seinare. Det er eit interessant tema, men filmen har likevel eit stort problem.

Problemet er at filmen er altfor kjedeleg. Det går altfor seint framover. Det som kunne vore ein langt meir spanande og engasjerande film, vert i staden ein film der ein kjedar seg. Kameraet står stort sett heilt i ro, og filmar flotte oversiktsbilete av landsbyen eller områda rundt, eller nærbilete av personane i filmen. Det står heilt i ro, folk går av og til ut av biletet, slik at me får ei kjensle av at me ikkje får sjå alt som skjer. Det er òg eit problem at her er altfor mange folk med i filmen, også i den siste fjerdedelen av filmen var det slik at eg var usikker på om dette var forpaktaren eller baronen, og kva ungar dette eigentleg var.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

8. mars 2012

Philippe Petit: Man On Wire (2008)

Ein dag tidleg i 1970-åra gjekk franske Philippe Petit til tannlegen. På venterommet las han ein artikkel om korleis to høge skyskraparar vart bygd i New York. Petit var linedansar, og vart med ein gong besett av tanken på å gå på line mellom dei to tårna. I denne boka fortel han om planlegginga, om gjennomføringa, og om korleis dei 45 minutta han gjekk att og fram mellom dei to tårna gjorde han til ein kjendis.

Den fyrste halvdelen av boka er seig. Det kjem dels av at det vert litt for mange detaljar, dels av at språket er dårleg, og dels av di Petit ikkje verkar altfor sympatisk. For han er det berre ein ting som gjeld - og han bruker berre tid på det eller dei som han fører han nærare draumen hans.

Det tek seg stort opp etter at han kjem til New York. Han er der fleire gonger, han tek seg inn i tårna for å finna løysingar på ulike problem, og han teiknar og planlegg. På minst eit tidspunkt gjev dei opp heile greia, men får likevel gjennomført det. Både tekst og bilete frå gjennomføringa av vandringa er glimrande.

Det er sjølvsagt uråd å lesa denne boka utan å tenkja på flya i 2001. Petit vart ein kjendis i New York, og fekk mellom anna frikort til utsiktsplattformene på dei to tårna. Han vart beden om å signera ein benk på toppen av eitt av dei, og skriv at han brukte "idelible ink, so that the inscription may remain indefinitely". Hm. I eit lite etterord skriv han om korleis han i 2001 opplevde at tårna hans vart tårna våre.

Eg såg den filmen for nokre år sidan; den er endå litt betre.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen:
Man on Wire (film, 2008)

5. mars 2012

David Guterson: East of the Mountains (1999)

Ben Givens har kreft. Dokteren hans har gjeve han nokre månader å leva. Han er 73 år, pensjonert hjartekirurg, og veit nok om kreft til at han ikkje orkar tanken på å gå gjennom noko så smertefullt. Han vil difor ta livet sitt, men vil kamuflera det som ei jaktulukke, slik at dottera, som ikkje veit noko om kreftsjukdomen, ikkje skal leva med skamma over at faren tok sjølvmord.

Det fyrste kapitlet i boka er finfint. Me får høyra om planane hans, om korleis han kamuflerer alle spor, og korleis han tek med seg dei to hundane sine og køyrer austover frå Seattle. Det meste ligg til rette for ei stemningsfull og fin bok om ein gamal mann som ser attende på livet sitt, og som ei siste gong går på jakt i områda der han vaks opp.

Slik går det ikkje. Kapitlet endar med ei bilulukke, slik at alle planane hans vert skipla. Dette er den fyrste av mange uventa hendingar i boka. Ingen av dei er så uventa at det verkar påklistra, kanskje med unntak av ei av dei aller siste. Han bur ei natt saman med nokre meksikanske fruktplukkarar. Der må han trø inn som jordmor, og greier å berga livet til ein unge som kilte seg fast på vegen ut. Givens spør seg fleire gonger om livet likevel er verdt å leva, og at han bergar livet til denne ungen vert eit litt for tydeleg påhitt om korleis boka kjem til å enda. Han har i det heile ei sterk livsvilje. Sjølv om han altså ser føre seg at livet er slutt, gjer han alt han kan for at både han og hundane hans skal overleva.

Guffen tilrår.

Meir Guterson på kulturguffebloggen:
Snow Falling On Cedars (film, 1999)