22. januar 2013

Sven Ove Bakke m.fl.: Norske klassikere (2012)

Dei fire forfattarane Sven Ove Bakke, Inger Merete Hobbelstad, Vidar Kvalshaug og Morten Ståle Nilsen har alle skrive om kultur, både for aviser og andre stader. Her har dei samla nær 700 viktige norske kulturprodukt, frå andre verdskrigen og fram til i dag. Det handlar altså om det kulturfeltet Hadja Tajik burde fått spørsmål om, ikkje dette visvaset om kva som gjer at svenskar visstnok oppfører seg fint i gangfelt. Samstundes viser boka òg at dei to ulike måtane å bruka ordet 'kultur' på er relaterte - desse kulturprodukta har vore med på å forma den norske kulturen.

Utvalet er sjølvsagt slik det alltid er. Mange av vala er midt i blinken, medan andre er meir uforståelege. Slik må det vera, og det er heilt greitt. Like viktig er det at boka skriv om bøker og filmer og plater eg ikkje kjenner så godt, men som eg får lyst til å prøva. Eg noterte rundt 50-60 titlar, så der er nok å ta av.

Eg har ikkje dobbelsjekka dette, men eg hadde ei kjensle av at det vart meir og meir musikk for kvart tiår som gjekk, og at talet på bøker vart færre og færre. Viss det er tilfelle, er det jo eit godt bilete på kor dominerande musikken etter kvart vert i det norske samfunnet. Dei fire forfattarane er (relativt) jamgamle, og det påverkar òg utvalet. Kanskje det gjer at boka er retta mest mot folk frå (omtrent) same generasjonen; kanskje ville langt eldre folk sett på andre verk som meir relevante.

Det er uansett gledeleg med ei bok som dreg fram fire Motorpsycho-plater, som nemner mykje god litteratur, som skriv varmt om Smørbukk (i ein artikkel der dei mellom anna siterer meg - ahem), og som omtalar Salhuskvintetten som nokon som "ser ut som de kommer rett fra statsråd i Einar Gerhardsens fjerde regjering". Så ser me heller vekk frå dei få faktafeila som finst.

Guffen tilrår.

20. januar 2013

Hugh Cornwell: A Multitude of Sins (2004)

Eg høyrde mykje på The Stranglers i gamle dagar. Eg oppdaga dei relativt tidleg, eg og bror min høyrde ofte på Radio Luxembourg. Då eg hadde klassefest i sjuande klasse ville dei andre kjøpa ei plate til meg som presang, og eg sa at eg ynskte meg No More Heroes. (At den ikkje var å få tak i på Voss, slik at eg fekk Go West med Village People i staden, er ei anna historie.) Me hadde dei fyrste platene deira, og høyrde mykje på dei. Musikken skilde seg kraftig ut frå dei andre originale punkbanda, både av di dei fire i bandet kunne spela, og av di keyboarda hadde ein romsleg plass i lydbiletet deira. I tillegg var dei langt eldre, trommeslagaren var fødd på slutten av trettiåra. Gradvis forsvann mykje av energien frå musikken deira, men dei laga glimrande musikk fram til midten av åttiåra. Dei var eit band det aldri var stille rundt, i tillegg til musikken var dei jamleg involverte i kontroversielle hendingar - som fengsling, konsertvald eller publikumsopprør.

Slik sett burde mykje liggja til rette for at sjølvbiografien til den kanskje mest sentrale i bandet er ei lesbar bok. Hugh Cornwell var gitarist, hovudvokalist og den ivrigaste komponisten, og har mange halvgode anekdotar på lur. Han hadde òg ei brokete historie før bandet tok til i 1974 - han hadde budd nokre år i Lund i Sverige, der han eigentleg heldt på med ei doktorgrad på universitetet, men der han brukte langt meir tid på bandet Johnny Sox. Ei viktig inntektskjelde for det bandet var pengane ein av medlemmane fekk frå å rana bankar.

At boka handlar om rock'n'roll seier seg sjølv, i tillegg er her mykje sex og drugs. Eg kunne tenkt meg meir om The Stranglers, det er grenser for kor lenge anekdotar om dop og damer og drikking kan halda interessa oppe. Boka kom ut fjorten år etter at han slutta i The Stranglers, og han skriv difor litt om tida etterpå, ei tid der musikken hans er heilt ukjent for meg. Boka er lagt opp tematisk, det er ei grei inndeling, men igjen, det ville vore langt meir interessant å lesa meir om korleis det bandet han framleis vert assosiert med fungerte. Det lengste kapitlet i boka handlar om dei to månadene i 1980 han sat fengsla for narkotikabruk, og sjølv om dei månadene sikkert var både traumatiske og lærerike, er det ikkje noko nytt at tidlegare innsette er kritiske til fengselstilhøva. Der har han ikkje noko nytt å koma med; det kunne han hatt andre stader.

Guffen er lunken.

Meir Stranglers på kulturguffebloggen
Robert Endeacott: Peaches. A Chronicle of The Stranglers 1974-1990 (2014)

12. januar 2013

The Lost Weekend (1945)

Det er heilt greitt at filmar har ein klar bodskap, men det får nesten vera måte på. Filmen handlar om Don Birnam, som drøymer om å verta forfattar, men som i staden vart alkoholikar. Både kjærasten og broren har gjort det dei kan for å få han til å slutta, men er i ferd med å gje opp. Då han ikkje møter opp til ein avtalt helgetur til heimgarden, gjev broren opp, men kjærasten står på. Den helga går Birnam frå bar til bar, han prøver igjen å skriva, utan å få det til, og han er innom alko-avdelinga på eit psykiatrisk sjukehus. Her vert han vekt midt på natta, av bråket dei hallusinerande med-pasientane hans lagar, og me anar at han her har eit val. Ser han at han enno er i stand til å slutta, eller nyttar han høvet til å lura seg ut den opne døra?

Han vel det siste, men angrar seg, og planlegg i staden å ta livet sitt. Men han vert stoppa av kjærasten i siste liten, og han finn ut at han skal slutta å drikka, og i staden skriva ein roman om helga som nett var over.

Det er altså omtrent rein propaganda for fråhaldsrørsla, dette. Og det er altså heilt greitt, men her vert det så tydeleg at det vert for mykje av det gode. Det hjelper ikkje stort at Ray Milland er aldeles strålande i hovudrolla; denne filmen slo ikkje spesielt godt an her.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Malteserfalken (1941)

Malteserfalken er ein ekstremt verdfull skulptur. For fleire hundre år sidan sende tempelriddarar frå Malta ein gullfalk, dekorert med edelsteinar. Nyleg har falken dukka opp att, og er på veg til San Francisco.


Slik kjem privatdetektiven Sam Spade, spelt av Humphrey Bogart, inn i biletet. Fyrst skjønar han ikkje heilt kva saka handlar om, emn han avdekkjer det gradvis. Brigid O’Shaughnessey, ei kvinne som oppsøkjer han under falsk namn, Joel Cairo, Wilmer Cook, og Kasper Gutman – alle kjem dei i kontakt med Spade. Dei fire har samarbeidd i Istanbul, der dei har spora opp falken, men O’Shaughnessey har lurt dei andre. Tilfeldigvis har Spade fått tak i pakka med falken, og desse fem vert mot slutten av filmen samla i leilegheita hans.


Filmen er full av uventa vendingar, og eit grunnleggjande spørsmål er kven ein kan stola på, og kva som eigentleg har skjedd. Ingen av dei Spade snakkar med snakkar heilt sant. Han er likevel overlegen, han slår lett ned Cairo, han tek lett revolverane frå Cook, og han les O’Shaughnessey som ei opa bok. Den einaste som er på hans nivå er Gutman, som er leiar i gjengen, og både Spade og Gutman er best med hovudet. Difor likar dei kvarande, difor respekterer dei kvarandre, og difor inngår dei ein grei avtale mot slutten av filmen.


Filmen, som er regissert av John Huston, er med rette sett på som ein av dei klassiske film noir-filmane. Ein grunn til det er sjølve forteljinga, ein annan er Sam Spade. Han er ein klassisk privatdetektiv, han snakkar mykje og godt, han tenkjer raskt, han lagar og bryt alliansar i eit heftig tempo, han røykjer, han drikk, og har eit litt tungt forhold til det lokale politiet.


Guffen tilrår.


Meir Huston på kulturguffebloggen
The African Queen (1951)
Misfits (1961)
Wise Blood (1979)

Johan Harstad: Herfra blir du bare eldre (2001)

Eg veit ikkje kvar eg var då denne boka kom ut, men eg fekk ho ikkje med meg då. Viss eg hadde lese ho då, ville eg truleg blitt endå meir imponert enn no. No veit eg jo at Harstad er god; då ville han vore ukjend. Dette er debutboka hans, og det er kanskje den beste debutboka eg har lese.

Det er ei samling kortprosa. Alle forteljingane har ein eg-person, og han vekslar mellom å vera barn og vaksen. I forteljingane er det gjerne noko som ikkje stemmer, utan at det vert klart med ein gong kva det er. Harstad skriv flytande, det er lange setningar med store mengder komma, og midt inne i desse lange setningane kan det dukka opp noko uventa, som endrar alt saman. Ein stad skriv han om ein som skal lufta hunden – han plystrar på hunden, han kler på seg, hunden kjem med halsbandet, og så tek han ein hammar ned frå hattehylla. Då er det ikkje berre ein mann som skal lufta hunden, og gradvis vert det klart kva han skal bruka hammaren til.

I mange av stykka møter me par på soverommet. Kanskje søv den andre, kanskje står begge opp, kanskje har dei det bra, oftast er det noko uroleg mellom dei. Slik er det til dømes med han som kjempar seg gjennom morgonrituala til sambuaren, før ho endeleg går ut av døra, og dagen hans kan ta til. Fleire av dei me møter har òg ei uvanleg stor interesse for krig, som han som held på å drukna då han vil finna ut korleis bestefaren eigentleg hadde det då han gjekk i land D-dagen.

Alt er likevel ikkje svart i boka, langt i frå. Fleire forteljingar har eit lystig sluttpoeng, og det er altså uråd å ikkje gle seg over denne boka.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)

10. januar 2013

Patti Smith: Woolgathering (2011)

Eg har sagt det før: Eg har ikkje noko forhold til musikken til Patti Smith, men eg likar skrivinga hennar. Just Kids, boka ho skreiv om venen Robert Mapplethorpe (og seg sjølv) er ei finfin bok. Denne boka er òg ei minnebok, men no går ho endå lengre tilbake i tid, og skriv om barndommen sin.

Det er ei kort bok, med rundt femten korte stykke. Ho opnar med å fortelja korleis ho hadde lett for å reisa inn i ei drøymeverd, og fleire av stykka ser ut til å handla om denne drøymeverda. Ein sjeldan gong er ho vaksen, men oftast fortel ho om hendingar frå oppveksten. Nokre er daglegdagse, som når ho sit barnevakt for den ti år yngre syster si, andre gonger er det meir spesielle hendingar, som då hunden hennar vert overkøyrd av ein bil.

Det er omtrent det same kva ho skriv om. Språket hennar er så presist, så varmt og poetisk, så nært og ærleg, at det er ein fryd å lesa dette. Av og til dukkar det òg opp aforismar; av og til kjem det dikt, og i boka er det òg funne plass til ti-femten foto, dei fleste tekne av Smith sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Just Kids (2010)
M Train (2015)
Devotion (2017)
Year of the Monkey (2019)

Rolf Sagen: Springfart ved fjorden (1986)

NRK kåra i fjor haust Alvdalstrilogien av Kjell Aukrust til den mest morosame norske boka som er gjeven ut. Dei valde fyrst ut ti bøker som folk kunne stemma på, og Springfart ved fjorden var ei av desse. Eg tok sjansen, men vart vel ikkje heilt overtydd at denne høyrer med på ei slik ti på topp-liste.

Forteljaren i boka er Svale Smule, professor i historier. Han har vore i den fiktive byen Moks, og prøvd å finna ut kva som skjedde den gongen byen vart oppdaga av Joran Krake. Han kjem til byen, som då er namnlaus, padlande i ein balje, og vert der ei tid. Ingen veit heilt kva han held på med, og ingen veit heilt kvar det vart av han etterpå, men med hyppige glimt til fortida fortel Smule om ei lang rekkje fargerike personar, med minst like fargerike namn. Her har skjedd mykje variert - blodskam, kannibalisme og mord verkar nærmast som daglegdagse hendingar. Moks kan vera den einaste byen der absolutt ingen er normale.

Boka er skriven i eit nøkternt og nesten akademisk språk, der Smule gjerne tek atterhald når han skildrar situasjonar som er forklart ulikt av dei som var med. Det skapar ofte ein god effekt, og her er nok av hendingar som må kallast underhaldande. Smilte gjorde eg likevel knapt, og lo gjorde eg aldri, slik at eg altså kvir meg for å nemna denne boka blant dei løgnaste som er skrivne her til lands.

Guffen er lunken.

Meir Sagen på kulturguffebloggen
Alltid likt å lese om krigen (2003)
MS Liv (2014)

8. januar 2013

Kristopher Schau: På vegne av venner (2009)

Dette er ei fin bok, som ikkje berre fortel om noko som er ukjent for dei fleste av oss, men som òg gjev eit godt bilete av korleis det norske samfunnet kan vera. Schau las ein artikkel om gravferder som måtte betalast av Oslo kommune, av di den avdøde ikkje hadde slekt. Artikkelen var illustrert med bilete frå ei gravferd der ingen hadde møtt opp. Schau vart fascinert, og bestemte seg for å gå i så mange slike gravferder som råd det komande året.

Det verkar som om han både likar og ikkje likar denne oppgåva. Han lagar nokre reglar; han allierer seg med gravferdsetaten og får melding om gravferder der det truleg kjem svært få. Av og til kjem det likevel nokre, og han vert samd med seg sjølv at om der kjem minst fire andre, reiser han heim. Når det skjer, verkar han både glad og trist.

Han har fine skildringar frå gravferdene han reiser i. Det er han, presten, organisten, ein frå gravferdsbyrået, og den avdøde. Av og til har presten samla inn stoff til ein grei tale, andre gonger er det fortare gjort. Han vert gripen, spesielt den eine gongen der ikkje er nokon seremoni å snakka om, av di ingen veit kva religion den avdøde tilhøyrde.

Etter kvar gravferd reiser han heim for å dusja. Det er nesten som om han vil reinsa seg, som om han vil vaska av seg det han har vore med på. Det greier han sikkert, men det er ikkje lett å gløyma det han skriv om. Ei rekkje menneske vert altså gravlagde utan at nokon møter opp for å ta farvel. Har dei hatt gode liv? Har dei søkt einsemda sjølv, eller fekk dei aldri nok kontakt med andre?

Guffen tilrår.

7. januar 2013

Sylfest Lomheim: Tale er gull (2011)

Sylfest Lomheim skriv i denne boka om tre ulike former for kommunikasjon - tale, skrift og skjerming, som er fellesnemnaren han bruker for all digital kommunikasjon. Alt i føreordet gjer han det klart at han rangerer dei i den same rekkjefølgja. Tale og samtale har høgast status for han. Skrifta heng òg høgt, men alt dette teknologiske visvaset kunne han stort sett greidd seg utan.

Utgangspunktet er altså greitt. Ein treng ikkje vera samd i det han meiner, sjølvsagt; men viss han argumenterer overtydande er det jo sjanse for at lesarane kan verta overtydde. Det er det liten sjanse for. Boka er rotete, overflatisk, omtrentleg, og han har ein svært lite kritisk haldning til fakta. Her finst fleire feil, her finst mykje som verkar høgst tvilsamt, men det er likevel verst at kapitla ikkje er godt komponerte. Dei verkar fleire stader som lause avsnitt som er plasserte etter kvarandre, utan noko klar plan for kvar det skal enda.

Nokre døme: Han skriv at ein fireåring kan rundt 3000 ord, noko som (i følgje Lomheim) vil seia at born lærer omtrent eitt ord i timen frå dei er eitt år til dei er fire år. Det går ikkje heilt opp, hadde dei lært eitt ord i timen desse tre åra hadde dei kunna meir enn 26 000 ord. Men i det same avsnittet skriv han like godt at ein femåring kan forstå mellom 10 000 og 15 000 ord. Når du er fire kan du 3000 ord, året etter kan du forstå inntil fem gonger så mange ord? Og einaste måten det kan gje meining at ein femåring forstår 10 000 ord er om ein reknar med alle bøyingsformer av ord. Han skriv at bruken av smilefjes i skrivne tekstar er eit dårleg teikn, og skriv at etterkomarane "kan koma til å tasta meir ikon enn bokstavar". Er det nokon som kan ta slikt på alvor? Det minner om den famøse utsegna han kom med for ti-tolv år sidan, om at norsk språk kunne vera utdøydd om hundre år. Det fekk han mykje kritikk for då, og det er jo rein svada, men han har ikkje gitt opp denne tanken: I ein fotnote skriv han at viss Unesco får rett i at ti prosent av alle språk døyr ut i løpet av det neste hundreåret, kan det henda at norsk døyr ut i løpet av nokre hundre år. Han legg eit vidgjete Dorothy Parker-sitat ("I hate writing, but I love having written") i munnen på Winston Churchill, og siterer det heller ikkje heilt rett. Han skriv at "vikingane praktiserte sms med liv og lyst", og viser til at dei gjerne forkorta ord.

Han er djupt skeptisk til korleis me bruker datamaskiner og telefonar heile tida i dag. I eit langt og pessimistisk sluttkapittel, som står i djup kontrast til det forsiktige smilet Lomheim har på omslaget, ser det ut til at verda går til Helvete. Han jamfører kommunikasjonsproblema med klimaproblema, utan at det kjem klart fram om han meiner at ikkje berre språket og kommunikasjonen, men også klimaet, ville hatt det betre viss folk snakka meir saman.

Med slik lett omgang med fakta er det vanskeleg å tru på noko av det han skriv. Og med slik haltande argumentasjon er det vanskeleg å la seg overtyda av teksten hans, sjølv om ein ser vekk frå at mykje av det som står der er feil.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

6. januar 2013

Sunset Boulevard (1950)

Sunset Boulevard er ein boulevard for tilbakeblikk, i alle fall for Norma Desmond, den fallerte filmstjerna som sit i isolert i solnedgangen. Eller solnedgangen, ho er berre rundt femti, men er heilt fortapt i si eiga fortid. Ho bur i eit enormt hus, saman med Max, ein nesten like eksentrisk tenar, og drøymer om å igjen få stå framfor eit filmkamera. Slik går det òg til slutt, om enn ikkje heilt slik ho ville.


Forteljaren i filmen er den ikkje heilt vellukka forfattaren Max Gillis. Han har møtt veggen, får ikkje napp nokon stad, og er på nippet til å gje opp draumen om å lykkast i Hollywood.


Desmond lever altså i fortida, drøymer om framtida, men si eiga samtid greier ho ikkje så godt. Michael Jackson-alarmen går tidleg i filmen. Gillis er på flykt frå nokre penge-innkrevjarar, svingar tilfeldigvis inn på eigedommen hennar, og ho trur at han er ein gravferdsagent som skal grava ned den daude apen hennar.


Han flyttar litt motviljug inn, men av og til vert det for mykje. Han må ut for å treffa meir normale folk, og helst på sin eigen alder. Ho reagerer relativt melodramatisk, omtrent som ein ville gjort i ein gamal stumfilm, og heilt gale går det då Gillis er på nippet til å innleia eit forhold til Betty Schaefer, som ein av venene hans er trulova med. Desmond vert sjalu, ringjer til Schaefer, og Gillis må velja mellom ung kjærleik og eit liv i rikdom. Det er eit vanskeleg val.


Skodespelet er fint, og spesielt Gloria Swanson, som spelar Desmond på ein glimrande måte. Dialogen er flott, filminga er flott, og det er i det heile ein flott film. Kanskje kan ein kalla det ei kjærleikserklæring til filmen; her er ein langt større skepsis til stjernedyrkinga.


Guffen tilrår.

Motforestilling (1972)

Denne filmen sprikar i alle retningar. Det er ikkje lett å finna samanhengar, det er ikkje lett å få ei grei forståing av kva som skjer. På DVD-en ligg kinoversjonen frå 1972 (som var den eg såg), ein alternativ versjon frå 1980, og ei løysing der dei fem bolkane vert spela av i vilkårleg rekkjefølgje.


Med ei slik løysing ligg det litt i korta at det ikkje er noko klar handling i filmen. Grovt sett handlar det om åtte-ti personar som lagar film. Kva filmen handlar om veit dei ikkje, dei greier i alle fall ikkje å forklara det. Manus er ikkje ferdig, finansieringa er uklar, og det går litt i rykk og napp. Av og til filmar dei, av og til er dei berre samla, medan dei ventar på at noko skal skje. Her drøftar dei storpolitikk, dei snakkar om kva folk, spesielt dei unge, trur på, og dei er alle samde om at dei er på veg inn i ei usikker framtid.


Av og til har Espen Skjønberg hovudrolla; andre gonger krinsar det om Per Theodor Haugen. Mot slutten vert Haugen (kanskje) drepen; dei fem siste minutta av filmen er i fargar. Då har han det godt, han smiler, han er langt ute i naturen, og han tenkjer tilbake på då han såg kjærasten stå framfor ein foss: «dette bilde som jeg aldri har sett, som jeg likevel husker», ei utsegn som passar godt inn i denne filmen.


Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Løchen på kulturguffebloggen
Jakten (1959)

Kon-Tiki (1950)

Det er langt mellom kvar norsk film eg set pris på, sjølv om eg ser ein del av dei. Mange av dei verkar lite truverdige, der spesielt skodespelet og dialogane er dårlege. Ein må likevel tru at dei som lagar filmane gjer så godt dei kan, og at dei kanskje til og med drøymer om at filmane skal få heider og ære. Då eg såg denne filmen, slo det meg at det kan vera akkurat her forklaringa ligg. Kon-Tiki var lenge den einaste norske filmen som hadde fenge Oscar, og då kan det jo henda at seinare filmskaparar prøvde å kopiera verkemidla her.

For denne filmen er verkeleg amatørmessig. At bileta frå sjølve overfarten er ujamne er greitt, det ligg i korta at det er filma av amatørar, og at tilhøva på ein liten flåte ikkje er slik at det lett kan finnast spanande kameravinklar. Opptaka frå turen vert ramma inn av ei opning og ei avslutning der Heyerdahl og fire andre frå turen sit i eit lite bibliotek, og fortel korleis turen og filmen vart til. Dei scenene er noko av det stivaste eg har sett. Og når Heyerdahl er forteljar under resten av filmen, med si litt hakkete stemme og eit stivt og formelt språk, vert det vanskeleg å sjå korleis filmen kunne få Oscar. Kanskje det var svært få påmelde i dokumentarklassen det året; kanskje juryen var farga av den fantastiske ferda.

For ferda var jo fantastisk. Seks mann på ein flåte over halve Stillehavet. Det dumme er at filmen ikkje får godt nok fram kor farleg dette var. Det vert sjølvsagt nemnt at ingen hadde tru på at det skulle gå bra, men Heyerdahl er oppteken av å tona ned dette, han verkar heile tida sikker på at dette gjekk etter planen. Filmen viser møta med mange store fiskar og kvalar, men utan opplysningar frå Heyerdahl hadde det ikkje kome fram kor store desse var. Filmen er i svart-kvitt, slik at det oftast er slik at me berre skimtar noko nede i vatnet. Dessutan måtte mannskapet sjølvsagt prioritera annleis både då veret var dårleg, og då dei skulle over dei farlege korallreva heilt på slutten av turen, slik at det ikkje var filma frå desse meir dramatiske hendingane. Filmen vert difor heller kjedeleg, men han har ei stor føremon jamført med den ferske spelefilmen: Denne filmen varer berre litt over ein time.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Kon-tiki (spelefilm, 2012)