27. januar 2010

Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)

Av og til er eg inne i ein god lesestim. Eg les mykje, og har lyst til å lesa meir. For nokre år sidan kjøpte eg Skrifter i samling av Arne Garborg på Haugen bok. Dei tolv banda gjekk som ein draum, og rett etterpå las eg dagbøkene til Garborg, i seks band. Eg kjøpte inn dei to biografiane Tor Obrestad skreiv om Arne og Hulda, men Arne-biografien tok knekken på leselysta. Boka var uventa livlaus, og Hulda-biografien står framleis og ventar, 5-6 år etter at han vart kjøpt inn.

Denne boka tek opp arven etter Arne-biografien. Eg har lese mykje i det siste, og har ei rimeleg stor interesse for utvandring, så det meste låg godt til rette for at eg skulle lika denne boka. Likevel tok det ikkje lang tid før eg gjekk lei. Eg har vore gjennom heile boka, men mange stader var det rein skumlesing.

Mørkhagen har gjort eit grundig arbeid. Det skal han ha pluss for, og det er òg bra at han dreg linene heilt fram til våre dagar. Bakdelen er at han ikkje er god nok til å sortera vekk stoff. Det er grenser for kor mange båtreiser over Atlanteren som treng å skildrast detaljert. Passasjerlister, reiseruter, kor mange båtar kvart år, osb - det vert etter kvart eit slit å hengja med. Han bryt det opp med å fortelja om enkeltpersonar, korleis dei førebudde seg og korleis det gjekk under overfarten og korleis det gjekk i USA, men desse avbrota vert òg svært like. Boka har ein del bilete - altfor, altfor mange av desse er av båtar.

Han skriv ein del om Voss. Diverre finn eg fleire feil og manglar akkurat her. To gonger skriv han at Voss ligg i Hardanger. Han skriv at utvandringssoga til Knud A. Rene kom i to band, i ny utgåve i 2003. Han er usikker på om dei tre som ikkje fekk båtplass i 1836 utvandra i 1837. Og han nemner ikkje Vossing Correspondance Society, som var den fyrste norskamerikanske foreininga, heller ikkje Vossing Emigration Society, eller avisa dei gav ut, Vossingen. Han kan sjølvsagt ha valt å velja dette vekk, men for meg verkar det like truleg at han ikkje har kjent godt nok til det.

Mørkhagen lovar oss eit band til, i 2010. Det skal handla om det norskamerikanske livet i USA. Det er meir mitt interessefelt, så det er fare for at eg kjøper den boka òg. Men det vert med ein djup skepsis.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

11. januar 2010

Klassen (2008)

Til liks med andre filmklubbar startar den lokale filmklubben semesteret med ein publikumsvinnar. Eller kanskje ikkje. Denne franske filmen fekk gullpalmen i Cannes 2008, og er ein av desse filmane som leikar at dei er dokumentarfilmar. Filmen er basert på ei bok av ein lærar, og han spelar sjølv hovudrolla

Filmen handlar om ein klasse på ein svært ungdomsskule i Frankrike. Klassen er berre sånn middels motivert - nokre få elevar gjer sitt beste, medan dei andre er flinkare til å motarbeida undervisinga.

Me er med i timane, me er litt på lærarrommet, og me er med på foreldresamtalar og karaktermøte. På det siste møtet er to elevrepresentantar med, og under ein livleg debatt i klasserommet nokre dagar seinare, seier læraren at dei to oppførte seg som tisper på det møtet. Dette fører til fleire møte, men læraren greier seg godt. Det går verre med han eleven som vart så provosert av eit eller anna at han på veg ut av klasserommet slår til ei jente med sekken. Han vert overført til ein annan skule, og står, i følgje seg sjølv, i fare for å verta sendt attende til Marokko.

Filmen var ein nedtur. Det går an å sjå noko positivt i at ein slik film vert premiert i Cannes, altså ein film utan store effektar og utan den store handlinga, men det vart likevel ein seig start på dette filmklubbåret.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

5. januar 2010

Sigrid Sørumgård Botheim & Guri Sørumgård Botheim: Ramstein Pensionat (2009)

Sigurd Sørheim overvakar det meste rundt seg, og fortel historia om då systera Debbey overtok Ramstein Pensionat i Romsdal. Han gjer dette mest gjennom eigne notat, men bruker òg avisartiklar, og andre ting han kjem over.

Romanen får difor ei litt uvanleg form. Det er ikkje noko gale med det, men når forma vert meir interessant enn innhaldet, dett eg litt av. Historia som vert fortalt er for vanleg, sjølv om ho vert fortalt på ein uvanleg måte. Eg greier difor ikkje å henta fram altfor mykje entusiasme for denne boka, sjølv om det tidvis er litt å le av, og sjølv om eg kjenner ho som er kreditert som fotograf i den fyrste avisartikkelen.

Mest lo eg av ein stil Sigurd fann på skrivebordet til mor si. Stilen er ein analyse av Vinje-diktet "Ved Rondane", og er skriven av ein elev som anten har god fantasi, dårleg norsklærar, eller begge delar. Stilen sluttar presist nok med "Kva meir er det å seia? Eg føler at eg har klart å analysera songen bra, med mest vekt på form og innhald".

Guffen tilrår, under tvil.

3. januar 2010

Kjersti Rorgemoen: Purkene snudde seg (2009)

Det er slettes ikkje slik at dei tjukkaste bøkene gjev dei finaste lesestundene. Debutboka til Kjersti Rorgemoen har godt og vel sytti sider tekst, og målt i volum er boka såleis berre ti prosent av den førre boka eg las. Lesegleda var større her, av fleire grunnar.

Rorgemoen skriv knakande godt. Ho bruker orda godt, og formar fine setningar. Ho bruker kanskje litt for ofte ord ho kan ha plukka opp på eit eller anna universitetsfag, men det får heller passera.

Forteljaren i boka er den 42 år gamle Magna Bekk. Ho er berre sånn mellombels nøgd med livet sitt, og betre vert det ikkje etter at ho tok mot ein hund, som forskot på arv. Då gjekk ho mindre på festar enn før, og i iveren etter å finna noko nytt å halda på med, leita ho gjennom huset sitt for å sjå kva ho fann. I ei kiste der ho hadde gøymt "deprimerande gåver folk har gjeve meg gjennom åra" finn ho skinnboka Mine første år, og i denne skriv ho inn små hendingar ho hugsar frå livet sitt.

Det er små hendingar det handlar om; dei fleste av kapitla i boka varer berre to-tre sider. Det er gode episodar, det er gode dialogar, det er gode tankar og gode assosiasjonar, og eg koste meg med denne boka. Ein favorittepisode er frå ein fest der ein kar prøver å briljera ved å visa kva som kjenneteikna åttitalet. Bekk slår han verbalt i hel, ved å lågmælt fortelja om ein gong ho var griserøktar, og der purkene snudde seg att-fram i bingen. Sidan dette skjedde på åttitalet, meinte ho at dette i like stor grad var typisk for det tiåret.

Boka har inga eigentleg handling, så det er som det skal vera når epilogen heiter "Handling hadde aldri vore mi sterke side". Den handlar rett nok ikkje om handlinga i boka, men at Bekk ikkje greier å brenna opp skinnboka etter at ho er utskriven, men likevel.

Guffen tilrår.

Meir Rorgemoen på kulturguffebloggen
Ikke til hjemlån (2008)
Håpet og festen (2015)
Eit praktisk menneske (2020)