12. mars 2017

Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)

Ja, eg har lese mange bøker om The Beatles. Og ja, eg har difor ei viss innsikt i historia deira. Og endå meir ja: Dette er ei av dei suverent beste bøkene eg har lese om dei.

Når det fyrst skal skrivast eit nytt verk om The Beatles, eit som handlar om heile historia deira, må det tenkjast stort. Det må òg skrivast av den rette forfattaren. Slik er det her. Mark Lewisohn bør vera kjent for dei som har lese mykje om The Beatles - han har skrive The Complete Beatles Recording Sessions (1988) og The Complete Beatles Chronicle (1992), som begge var resultat av svært omfattande granskingar.

Slik er det også i denne boka. Det gjekk ikkje lenge mellom kvar gong eg vart imponert over kor langt han går for å finna ut kva som eigentleg skjedde. Av og til kjem han ikkje i mål, av og til sprikar kjeldene altfor mykje, men som regel får han på plass det meste. Og han går detaljert til verks - boka er på 750 sider, og når ho sluttar er han komen til utgangen av desember 1960. I alt er det planlagt seks slike bøker.

Lewisohn har altså med ei rekkje detaljar, og det tek litt tid før boka tek skikkeleg av. Han fortel inngåande om historia til Liverpool, om korleis dei harde tidene i Irland i 1840-åra førte til stor innvandring frå Irland til Liverpool. Men det tek seg opp, og etter at heltane i boka tek til med musikk er det ein fryd å lesa. I tillegg til dei fire store følgjer Lewisohn liva til Brian Epstein og George Martin relativt detaljert, slik at i boka er det bakt inn ei rekkje biografiar.

Han peikar òg på kor tilfeldig mykje er: I 1960 prøvde bandet ut fleire trommeslagarar. Ein av dei som greidde seg godt, Norman Chapman, måtte i militæret, og tenestegjorde to år i Kenya. At ingen i The Beatles måtte i militæret var reint tilfeldig - hadde Ringo Starr eller John Lennon vore nokre månader eldre, hadde dei òg vorte kalla inn (sjølv om Starr hadde vore så skrøpeleg i oppveksten at han kanskje hadde vorte friteken). At The Beatles fekk ei god læretid i Hamburg var også til dei grader tilfeldig - Lewisohn skriv at det er ein så stor tilfeldigheit at det er vanskeleg å tru på det: Derry and the Seniors, eit band frå Liverpool reiste til London for å gjera det stort der. Dei gjekk inn på ein klubb for å prøvespela, og der sat ein klubbeigar frå Hamburg, på leit etter eit London-band som kan spela på klubben hans. Dei gjorde det bra, han ville ha fleire band frå Liverpool, og ingen av dei tre fyrste banda som vart spurd kunne ta på seg dette. The Beatles var arbeidslause, utan skuleplass, og hadde foreldre som masa og masa om at dei burde få seg arbeid. Sjølvsagt takka dei ja til å reisa til Hamburg. Det einaste dei mangla var pass og ein trommeslagar, men dei fekk tak i begge delar i løpet av dei få dagane før avreise. Det var einaste grunnen til at Pete Best kom inn i bandet - sjølv om dei hadde kjent han lenge, hadde han vore heilt uaktuell som trommeslagar.

Boka vart altså betre og betre. Der verkar nærmast feil å pirka i noko her, men måten Lewisohn vekslar mellom fot- og sluttnotar er ikkje god. I sluttnotane burde han avgrensa seg til reine referansar. Notar med utfyllande informasjon vert no delt mellom fotnotar og sluttnotar, og det er sløvt. Der står så mykje i desse notane at alle burde ha vore fotnotar.

Band 2 står klart, men deretter må eg venta litt på framhaldet. Bok 3 og 4 kjem etter planen i 2020, medan dei siste banda er venta rundt 2028. Me får vona at Lewisohn held seg frisk til dess.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar