15. september 2019

Jann S. Wenner og Joe Levy (red.): The Rolling Stone Interviews (2007)

Av dei amerikanske musikkblada var Rolling Stone eitt av dei viktigaste. Det er det kanskje framleis, sjølv om trykte blad ikkje er så viktige lenger. Spesielt i 1970-åra var dei viktige og gode. Eitt av kjennemerka var grundige og gode intervju. I denne boka er førti slike samla. Dei fleste intervjua er med musikarar, men her er òg intervju med forfattarar, skodespelarar, regissørar og poltikarar.

Innvendingane fyrst: Nokre av intervjua er rart oppbygde. Eg veit ikkje om dei er redigerte, men det verkar merkeleg å intervjua Bono, og omtrent berre snakka om oppvekst og religion. Det verkar merkeleg å intervjua Courtney Love og snakka om Kurt Cobain i meir enn halve samtalen. Her er òg intervju med folk som er så uinteressante at eg hoppar over halve intervjuet.

Men det er òg mange godbitar. Her er til dømes eit fint intervju med Cobain, trykt tre månader før han tok livet sitt. Dei fleste av dei beste intervjua kjem tidleg i boka, intervjua står kronologisk, og intervjua med Jim Morrison, John Lennon, Pete Townshend og Neil Young er alle flotte. Alle intervjua er bygde opp på same måte - det er utelukkande spørsmål og svar, og det er eit godt format.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar