24. oktober 2021

Finn Alnæs: Koloss (1963)

 

Ein gong tidleg i 90-åra vart denne romanen filmatisert. Filmen vart slakta i avisene, og då eg såg filmen forstod eg godt at meldarane var lunkne. Slik eg hugsar det var det triste og tunge greier, der svært lite fungerte.

Utan at eg skal prøva å forsvara regissørane må det seiast at det ikkje er den enklaste romanen å laga god film av. I den siste tredelen av boka går hovudpersonen, Brage Bragesson, åleine i ein snøstorm, der han tenkjer mykje på kva han driv med, og kva som eigentleg hende i Amsterdam.

Kortversjonen: Etter å ha arbeidd på eit skip går Bragesson i land i Amsterdam. Han drikk for mykje, og det endar med at han kjem i slagsmål med sju tyskarar. Han drep ein av dei, og sjølv om han hevdar at det var i sjølvforsvar vert han dømd til fengselsstraff. Han slepp ut etter fire år, etter at det kjem fram at det faktisk var i sjølvforsvar, og at han ikkje var åleine om det som hende. Han reiser til Noreg, og dreg til fjells for å leita etter kjærasten Siv, som forsvann under ein skitur medan Bragesson sat i fengsel. Han må i staden hjelpa Bentein Dagestad, som det viser seg at var den mystiske medhjelparen hans i slagsmålet. Det bles opp til ein livsfarleg storm, og her kjem det seigaste partiet i boka: Bragesson slit seg ut, fantaserer, tenkjer tilbake på Siv, frys nesten i hel, men greier å redda Dagestad. Etter å hja amputert nokre fingrar og tær reiser Bragesson tilbake, og finn Siv ihelfrosen.

Den fyrste delen av boka er svært god, men det dabbar kraftig av mot slutten. Boka er velskriven, men det er ikkje nok.

Guffen er lunken.  

23. oktober 2021

John Cooper Clarke: I Wanna Be Yours (2020)

 

Det vesle eg veit om John Cooper Clarke er at han var ein punk-poet. Det dukka opp nokre diktlesingar på samleplater frå gamle dagar, der han las morosame dikt i eit rasande tempo. Favoritten av desse var "I Married A Monster From Outer Space".

Sjølvbiografien hans er ikkje like morosam. Han var fødd i 1949, og vaks opp i Manchester. Han ville verta diktar, men hadde lenge andre jobbar ved sida av. Då punken kom vart han, i alle fall ei stund, rimeleg vidgjeten, og turnerte i Europa, Australia og USA. Alt frå 1960-åra vart han ein ivrig rusmisbrukar, og det er etter kvart det boka handlar om. 

Han skriv godt, han er morosam ("Over the years, I have often been compared to Bob Dylan: "Compared to Bob Dylan, you're not very good".), og han har mange gode anekdotar. Det tek likevel ikkje heilt av. Kanskje han burde ha kutta ein del sider, mest frå oppveksten, kanskje historiene hans rett og slett ikkje er gode nok. Det er ei ujamn bok, med både oppturar og nedturar for lesar og forfattar.

Guffen er lunken. 

19. oktober 2021

The Beatles: Get Back (2021)

Det er femti år sidan The Beatles vart oppløyst. Eg veit ikkje om det er den einaste grunnen, men det kjem ein del jubilerande saker og ting denne hausten. Det byrja litt forsiktig med ein lang artikkel i siste Mojo, det vert avslutta med ein filmtrilogi der Peter Jackson visstnok boltrar seg i tidlegare u-viste klipp frå filmen som vart Let It Be, og midt i mellom kom denne boka.

Kortversjonen er at The Beatles ville laga ein dokumentarfilm som viste korleis dei arbeidde i studio. Det heile skulle kulminera med ei plate, og ein konsert ein spektakulær stad - det var mellom anna snakk om eit stort amfiteater i Nord-Afrika. Entusiasmen var slettes ikkje like stor for den siste delen av prosjektet, Ringo Starr var til dømes aldeles uinteressert i å reisa ein stad der han ikkje fekk britisk mat.

I alle fall: Alt vart filma, og det er dialogane i desse filmane som ligg til grunn for denne boka. Med jamne mellomrom kjem det avsnitt som fortel kva songar dei spelar på osb., men stort sett er heile boka referat frå samtalar. Det kunne vore hyper-interessant, her er det ofte livlaust. Mange av samtalane handlar om heilt daglegdagse ting, og sjølv om desse dialogane er ukjende frå før, er det ikkje akkurat slik at dei kastar nytt lys over det som skjedde. Paul McCartney vil at bandet skal gjera alt mogeleg, og er den som snakkar mest. George Harrison er den minst engasjerte, er rimeleg lunken til heile prosjektet, og ved eitt høve sluttar han i bandet. John Lennon er med på ideane til McCartney, men viser ingen entusiasme. Det heile sluttar med den vidgjetne konserten på taket.

Av og til er det stas, som oftast er det litt sånn meh. Eg trur film-trilogien vert langt betre, der får me tonefall og andletsuttrykk og ikkje minst musikk på kjøpet.

Guffen er lunken. 

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021) 
Paul McCartney 3, 2, 1 (2021)

18. oktober 2021

Turning Point (2021)

 

Ein kort og grei dokumentarserie på Netflix. Undertittelen er 9/11 and the War on Terror, og det er akkurat det serien handlar om. Det opnar med eit tilbakeblikk på dei grufulle handlingane i USA 11. september, før det går over til å handla om den amerikanske krigføringa i Irak og i Afghanistan. Timinga er såleis perfekt; serien må ha vore ferdig om lag då dei siste amerikanske soldatane drog seg ut av Afghanistan.

Det er ein fin serie. I opninga ligg all sympati med USA, men serien viser greitt korleis dei greier å rota den sympatien vekk. Alt snakket om masseøydeleggingsvåpen, den brutale valden til dei amerikanske soldatane, Guantanamo, osb. Serien vert eigentleg tristare og tristare, og det gjer inntrykk når ein amerikansk soldat fortel om korleis det var tydeleg at ingen i USA brydde seg om kva dei dreiv med, og korleis dei sjølve ikkje var heilt sikre på kva målet med krigføringa var. 

Guffen tilrår.

17. oktober 2021

Johan Wolfgang von Goethe: Valskyldskapane (1809)

 

Endå ei bok frå Skald-serien med omsette klassikarar. Boka kom rett nok i hus for eit par år sidan, men det er like stas kvar gong ei ny bok i serien kjem. Av og til er det bøker av forfattarar eg har lese frå før, av og til er det forfattarar eg ikkje har lese noko av, av og til er det heilt nye namn. Eit glimrande tiltak, med andre ord.

Goethe er ein av dei eg ikkje har lese noko av frå før, og eg er litt usikker på om boka gav meirsmak. Heile boka gjorde det i alle fall ikkje, men tidvis var dette verdt bryet. Romanen handlar om ekteparet Eduard og Charlotte. Dei bur på eit rikt og stort gods. Dei får besøk - fyrst av ein som berre vert omtala som kapteinen, deretter at den noko yngre Ottilie. Gradvis vert dei to ektefellene opptekne av dei to gjestane, Eduard tenkjer berre på Ottilie, Charlotte er litt meir forsiktig i måten ho tenkjer på kapteinen. Det går mot eit brot, men så viser det seg at Charlotte er gravid (med Eduard). 

Han treng ein pause, reiser i krigen, men kjem attende for å finna ut av alt saman. Det spissar seg til mot slutten, med fleire vendingar som nærmast er melodramatiske. På omslaget står det at nokon har lese romanen som ein parodi på samtidslitteraturen. Eg kjenner altså ikkje til forfattarskapen til Goethe og veit lite om korleis han skreiv til vanleg, men mange av dialogane og nokre av hendingane fekk meg òg til å tenkja på at dette må vera meint parodisk.

Den fyrste halvdelen av boka er grei, og slutten er òg underhaldande. Men der kjem ein lang bolk rundt midten av boka som ikkje var vidare interessant.

Guffen er lunken. 

16. oktober 2021

Ragnar Hovland: Dr. Munks testamente (1996)

 

Denne romanen kan vel kallast ein oppfølgjar til Sveve over vatna. Hovudpersonane, forteljaren, Dr. Munk og Waglen, bur på ulike stader i landet, men kjem saman att av di Munk vil at dei skal putta bandet back together. Det går alle med på, forteljaren og Waglen seier mellombels farvel til familiane sine, og dei tre legg ut på turné. Etter fleire konsertar i Noreg går vegen til Tyskland, der Munk vil vitja den ukjende sonen sin. 

Det vert altså ein road-trip, slik det gjerne er i bøkene til Hovland, og denne road-trippen er uvanleg fornøyeleg. Hovland er i kjempeslag, og spesielt dei mange dialogane i boka held høg klasse. Det vert drukke mykje, dei har alle nærkontakt med damer dei møter, og det vert banna svært mykje. Det verkar nesten som det i kvar einaste samtale vert snakka om einkvan som vert omtala som anten "fitte" eller "helvet", eller vert omtala med adjektivet "jevvla". Det toppar seg i det korte kapitlet "Vi sit og bannar og steiker og ser tenksamt ut av vindauget".

Kapittel-titlane er forresten verdt ei bok i seg sjølv, smak til dømes på "Vi diskuterer på ein sakleg måte kven som er den mest geniale i det tjuande hundreåret" eller "Eit kapittel der eg oppsummerer litt, noko som vel kan trengast" eller "Vi rangerer folkeslag på ein oversiktleg måte".

Eg må ha lese denne boka før, og hadde ei kjensle av at det heile var ein bleik kopi av Sveve over vatna. Der tok eg grundig feil - boka er finfin.

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

13. oktober 2021

William Gay: Time Done Been Won't Be No More (2009)

 

William Gay var ein stor forfattar. Denne boka er likevel heilt på det jamne, på alle måtar. Produksjonen er høgst middelmådig, med ein rar font, rare margar og rare topptekstar og sånn. Det er sjølvsagt ikkje det viktigaste med ei bok, men også formgjevinga tyder på at dette er ei halv-viktig bok. 

Her er samla nokre tekstar som ikkje er med i andre Gay-bøker. Fem artiklar om musikk, fire noveller, og tre sjølvbiografiske tekstane. Dei tre siste er finfine, halvparten av novellene er det same, medan artiklane om musikk er dei minst ujamne. Her vert han litt for ordrik. 

Dei sjølvbiografiske tekstane er vel helst eksemplariske. Han skriv litt om livet sitt, men skriv seg inn i litt andre ting. "Queen of the Haunted Dell" handlar til dømes om eit spøkelse eller ei heks eller noko liknande som skal ha skremt vitet av folk i Tennessee rundt 1820. Han snakkar med folk som kjenner huset og historia, og vitjar det sjølv. Her er han absolutt i slekt med Little Sister Death, ein av dei to posthume Gay-romanane som har kome ut.

Guffen er lunken. 

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Little Sister Death (2015)
The Lost Country (2018)

11. oktober 2021

Møster! (USF, Bergen, 10.10.2021)

 

Om lag midt i denne konserten slo det meg brått at dette var lenge sidan: Eg stod på ein konsert, der folk kunne bevega seg fritt. Dei som ville ha drikkevarer kunne gå til baren for å handla; dei som ville leita etter plassar der lyden var best kunne gå rundt i lokalet. 

Det med lyden var ikkje noko problem, forresten, i alle fall ikkje der eg stod. Møster! er eit solid lag, der saksofonisten Kjetil Møster har med seg tre andre. Dei spelte litt frå den siste plata frå 2020 - konserten var utsett eit par gonger, og var vel opphavleg kalla ein lanseringskonsert. Dei henta òg fram eldre materiale, og jamt over var det stas. 

Ein typisk Møster!-song opnar roleg, og etter kvart byggjer bassist og trommeslagar eit rytmisk hus Møster og gitaristen kan leika seg på. Når det fungerer er det aldeles suverent, og eg stod fleire gonger og smilte. Det skal ikkje stikkast under ein stol at av og til var det langt mindre engasjerande, men høgdepunkta, som det altså var mange av, er absolutt verdt å venta på.

Guffen tilrår. 

Meir Møster! på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
Østre, Bergen, 27.10.2016
Vossasalen, Voss, 8.4.17

10. oktober 2021

Bohemian Rhapsody (2018)

 

Queen - der har du eit band er eg rimeleg likesæl til. Der finst heilt sikkert ein song eller to eller tre eg kan nikka entusiastisk til, men jamt over var dei rimeleg slitsame. Men så er det dette med den litt for store musikk-interessa - dei var jo eit stort band. Og dei hadde ein imponerande frontfigur i Freddy Mercury. Denne filmen handlar mest om han.

I filmen er det Mercury som driv bandet framover, det er han som har dei store draumane og dei villaste ideane. Av og til er han sjarmerande, av og til er han ein drittsekk. Han er enormt glad i å vera stjerne, og lever eit rimeleg vilt og utsvevande liv. Filmen sluttar med Live Aid i 1985, men der kjem hint om at Mercurt alt då har brent lyset sitt i litt for mange endar. Sluttekstane fortel at han døydde av AIDS i 1991.

Filmen er vel sånn om lag heilt grei. Rami Malek imponerer som Mercury, og får godt fram dei store humørsvingingane hans. På scena kan han vera den sikraste mannen i verda; i privatlivet kan han vera ein sårbar svekling. Så Malek gjer ein god jobb, men det må vel seiast at laustennene han har fått tildelt er litt i største laget, og dei gjer at Mercury minner om ein teikneseriefigur.

Guffen er lunken. 

8. oktober 2021

Brynjulf Jung Tjønn: Kvar dag skal vi vere så modige (2021)

 

Isak bur saman med mora, ein stad litt ute på landet. Han kan vera rundt ti-tolv år, og har det ikkje spesielt godt. Han ser at mora ikkje er frisk, men han er så lojal mot henne som ho greier. På skulen har han berre éin eigentleg ven, men den venskapen skrantar litt. Isak vert kanskje mest av alt dregen mot den litt mystiske og litt skumle naboen, ein relativt ung mann som spanderer kjeks og tyggis på Isak, og som likar å lukta på håret til Isak. Naboen har òg ein kjærast som kjem innom av og til; ho er heile tida snill med Isak, sjølv om han er så sosialt usikker at han ikkje veit korleis han skal ta mot.

Det er ein flott roman Tjønn har skrive. Språket er som vanleg relativt knapt, med ein vakker og poetisk snert. Der er heile tida ei litt uhyggeleg stemning, og eg venta heile tida på at noko rimeleg uhyggeleg skulle skje. Det gjer det for så vidt òg, mot slutten vert trådane samla, og historia får ein fin, og i alle fall for meg uventa, slutt.

Guffen tilrår. 

Meir Tjønn på kulturguffebloggen
Eg kom for å elske (2002)
Lyden av noen som dør 2008)
Så vakker du er (2013)

4. oktober 2021

Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)

Den andre boka i ein trilogi (som vart ein kvadrologi) om Klas Dyregodt. Den fyrste boka, Fars reise, er eit høgdepunkt i den tidlege forfattarskapen til Vesaas. Denne boka er ikkje i same klasse.

Klas reiser til garden Stallbrokk, der Sigrid, bestemor hans, bur saman med tenestejenta Eli. Bestemora er svært alkoholisert, og er ei dominerande kvinne. Eli har lært seg å takla ho, medan det tek tid før Klas finn ut korleis han skal gjera det. Han vert gradvis meir knytt til bestemora, og i nokre situasjonar vert han sjølv litt overraska over at han tek hennar parti.

Ein slik situasjon er når dei reiser nedover dalen. Dei stoppar fyrst ved Dyregodt-dammen, før dei reiser heilt ned til sagbruket på Tun. På Dyregodt kjende Klas seg heime i Fars reise, på Tun er han like framand no som då. 

Boka sig sakte framover mot den openberre bortgangen til bestemora. Det byggjer seg opp små konfliktliner, mellom Klas og Eli, mellom Klas og bestemora, mellom Klas og Eli og bestemora, men det er ikkje konfliktliner som engasjerer. Her er mange fine naturskildringar i boka, men boka handlar mest om personane, og der er ikkje Vesaas like heldig.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

3. oktober 2021

John Steinbeck: Journal of a Novel (1969)

 

Der finst nokre forfattarar eg har lese alt skjønnlitterært av. John Steinbeck er ein av dei, og av og til les eg òg litt av det faglitterære han har skrive. Slik som denne boka.

Ein av dei aller finaste romanane til Steinbeck er East of Eden. I denne boka skildrar han korleis romanen vart til, og han gjer det i sanntid: Han har fått ei romsleg skrivebok frå redaktøren sin, Pascal Covici. Kvar skrivedag opnar med at han skriv eit slags dagboksnotat til Covici på ei venstreside i den boka, før han går over til å skriva romanen på høgresidene. Han skriv med blyant, og bruker ni månader på å skriva eit fyrsteutkast.

Det er uventa fascinerande. Han skriv litt om dagleglivet, men denne boka er klart best når han drøftar East of Eden. Han forklarar litt, han skriv om når han slit, han skriv om når det nesten går av seg sjølv. Han skriv tidleg at han veit at dette vert eitt av hovudverka hans, og han skriv om si eiga familiehistorie. Arbeidstittelen for boka var Salinas Valley, dalen der Steinbeck vaks opp, og han skriv ofte om at den og den hendinga er inspirert av noko nokon i slekta har fortalt han.

Men han ser det altså som eit hovudverk. Eit lite halvår ut i skrivinga kjem dette avsnittet: One thing I must say - I have never enjoyed my own work as I have this book. I am as excited about it now as on the day I started it. There is no letdown in my energy. I still think it is The Book, as far as I am concerned. Always before have I held something back for later. Nothing is held back here. This is not practising for a future. This is what I have practiced for. 

Det er både informativt og imponerande å fylgja Steinbeck i skriveprosessen. Han veit kva han vil, og gjer det han har tenkt å gjera. Sjølvsagt vart manuset redigert i ettertid, men det verkar som om han har laga ein plan for korleis boka skal skrivast, og så gjer han det berre. Me får altså sjansen til å vera flue på veggen når ein stor forfattar skriv ein av dei beste romanane sine. Det er opplagt at me må nytta ein slik sjanse. 

Guffen tilrår. 

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Of Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)