22. januar 2023

Jon Fosse: Kvitleik (2022)

Vurdert ut frå omfanget må denne boka nærmast reknast som eit kvileskjer etter Septologien. Boka har 64 tekstsider, og det går såleis rimeleg raskt å lesa ho. Ho er absolutt verdt pengane - eg las nyleg ein kommentar frå ein NRK-bokmeldar som meinte at det var feil at bøker kosta om lag det same, uavhengig av kor tjukke bøkene var. Eg har ingen problem med å betala godt for litteratur på dette nivået her.

Eg-personen keiar seg, og legg ut på ein køyretur. Reiseruta hans er rimeleg tilfeldig - kvar gong han kjem til eit kryss vekslar han mellom å svinga til høgre og til venstre. Han endar opp på ein skogsveg som vert smalare og smalare, og til sist køyrer han seg fast. Han er litt usikker på kva han skal gjera, men vel til slutt å gå lengre innover i skogen. Der er han ikkje åleine - fyrst møter han ein kvit skapning, så møter han foreldra sine, før han til sist møter ein mann i svart dress. Då han møter den dresskledde mannen er òg dei andre han har møtt der, og saman går dei vidare, til siste andedrag. 

Det er ei fin, fin forteljing. Eg-personen er ikkje den mest tiltaksrike, og han gjer rare val. For å få hjelp til å få bilen laus, burde han jo gått tilbake dit han kom frå. Men det er jo slik livet er, me gjer val som i ettertid kan verka rare. Det går framover med oss likevel, fram til det siste andedraget. 

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar