31. desember 2021

Fanny og Alexander (1982)

 

I gamle dagar kjøpte eg ein del DVD-ar, og denne var ein av dei som har lege ubrukt i hylla. Til liks med alle andre vert det mindre og mindre DVD-avspeling, men brått vart me samde om å sjå denne. Det var eit godt val. Både Marit og eg har sett filmen før (for lenge sidan), men ingen av oss hugsa spesielt mange detaljar.

Det handlar om livet i ein heller velståande storfamilie i Uppsala, tidleg på 1900-talet. Det verkar som om dei eig ein stor bygard, der dei alle har store leilegheiter, og der dei jamleg møtest i store og små høve. Ein av dei godt vaksne mennene i familien døyr, og kona giftar seg opp att med biskopen som forretta i gravferda. Ho tek med seg dei to barna, Fanny og Alexander, og den flyttinga er som å gå frå himmel til helvete. I huset til biskopen er der ingen gleder - det er strengt, det er stramt og det er alvorleg, og den nye bispefrua gjer det ho kan for å flytta tilbake.

Dei to ungane filmen er kalla opp etter får ikkje like stor plass i filmen. Det meste handlar om Alexander, ein gut med stor fantasi og store ambisjonar. Han sprudlar aldri, men ser spøkelse og diktar opp historier. Filmen er laga av Ingmar Bergman. Han omtalte filmen som dels sjølvbiografisk, og sa at mykje av Alexander var henta frå eigen oppvekst. Det heile er ein fin film, der kameraet (og sjåarane) heile tida kjem svært tett på karakterane.

Guffen tilrår. 

30. desember 2021

Curb Your Enthusiasm, sesong 11 (2021)

 

Finst det mange seriar som held koken oppe gjennom 11 sesongar? Eg kjem ikkje på nokon, men eg er jo ikkje den som ser flest seriar. Det mest imponerande med dette er jo at dei ulike sesongane av Curb Your Enthusiasm i utgangspunktet er rimeleg like, men likevel er her meir enn nok å le av.

Kvar sesong har rett nok ei gjennomgåande historie, men det er ikkje alltid den som er det løgnaste. Denne sesongen opnar med at det vert funne ein drukna person i symjebassenget til Larry David. Han møter bror til den omkomne. Han fortel David at David har brote lova som seier at det skal vera eit gjerde rundt alle symjebasseng. Han seier vidare at han burde ha saksøkt David, men han vil heller inngå ei avtale med David: Han veit at David jobbar med ein ny fjernsynsserie, og viss dotter hans kan få ei rolle i den serien, skal han leggja vekk planane om eit søksmål. David går med på det, sjølv om det viser seg at dottera er ein aldeles hjelpelaus skodespelar. For David er løysinga grei: Han innleier eit forhold med ei av dei fem i byrådet, og arbeider hardt for å få ho til å fjerna lova om gjerde rundt bassenget.

Det seier seg sjølv korleis det går til slutt, men her er det jo vegen som er målet, og den vegen er altså fornøyeleg. Det dukkar opp situasjonar og hendingar som er fabelaktige, og David spelar rolla som seg sjølv betre og betre. Han slår som vanleg i alle retningar, og det gjer òg leigebuaren hans, Leon. 

Guffen tilrår. 

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)

29. desember 2021

Team Ingebrigtsen, sesong 5 (2021)

 

Dette er visst den siste sesongen i denne serien. Det er heilt greitt, det skjer ikkje så mykje nytt. Det er heller ikkje dei store konfliktscenene mellom far og søner, og då er eit viktig komisk element vekke. 

Det skjer litt nytt, sjølvsagt. Det handlar om slutten av 2020 og det meste av 2021. Ingrid er gamal nok til å konkurrera i juniorklassen, og viser at ho er eit stort talent. For Filip og Henrik sin del er det litt som før - det vekslar mellom opp- og nedturar. Filip slit med litt udefinerte plager, medan Henrik igjen må opererast. Jakob spring i medvind heile tida, og det toppar seg med OL-gull i Tokyo.

Det er sjølvsagt rørande og fint å sjå korleis trenarfaren, Gjert, må ha litt tid for seg sjølv etter at Jakob kryssar mållina, og det er flott å sjå korleis heile familien og alle rundt tek heilt av. Denne sluttscena vert ei fin slutt på heile serien, og det er altså heilt greitt. 

Guffen er lunken. 

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2016)
Sesong 2 (2018)
Sesong 3 (2019)
Sesong 4 (2020)

28. desember 2021

Dave Grohl: The Storyteller (2021)

 

Det er rart med det. Eg har eigentleg ikkje sansen for Foo Fighters, men likevel les eg bøker og ser filmar om dei. Grunnen er vel opplagt - Dave Grohl, som er gitarist og vokalist og komponist i Foo Fighters, var trommeslagar i Nirvana, og det er eit band eg gjerne høyrer på.

Denne boka er finfin. Ein av grunnane er, paradoksalt nok for meg, at han ikkje skriv spesielt mykje om Nirvana. Grohl prøver ikkje å skriva ein komplett sjølvbiografi, han fortel i staden om episodar og hendingar som har vore viktige for han. Bolken om Nirvana sluttar omtrent då gjennombrotet kjem. Det står sjølvsagt litt om sjølvmordet til Kurt Cobain, men ikkje spesielt mykje. Courtney Love vert ikkje nemnt med eit ord.

Han skriv meir om tida i Foo Fighters. Det gjev òg meining, her har han ei sentral rolle, og dette bandet har eksistert i meir enn tjue år. Han skriv òg om oppvekst, han skriv flott om korleis han vart introdusert for punk, han skriv om tida i det fyrste verkelege bandet sitt, Scream. Han skriv om kor viktig musikken har vore for han, om korleis han møter mange av heltane sine, og mot slutten vert det litt i meste laget med namedropping. 

Og alt dette fungerer av di tittelen på boka er heilt korrekt. Grohl veit korleis han skal fortelja historier, og kvart kapittel er eksemplarisk bygd opp. Han framstår som ein triveleg person, ein som er fullt klar over at han har hatt ein god del flaks i livet sitt.

Guffen tilrår. 

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)

27. desember 2021

Barn (2019)

 

Dette har eg kanskje nemnt før, men likevel: Ein av bakdelane med å bu på Voss er at kinotilbodet ikkje er altfor stort. Her opna eit nytt kulturhus med tre kinosalar for ti år sidan, men det er feil å seia at tilbodet er tre gonger så rikt. Denne filmen vart aldri sett opp her, og det er jo dumt. Det hadde jo vore greitt om dei beste filmane, i alle fall dei beste norske, vart sett opp her.

Filmen opnar med ei tragisk scene: Ein 13 år gamal gut vert funnen død i eit friminutt. Han hadde leika med ei i klassen, og ho vedgår at dei hadde tulla litt. Utover i filmen vert ho gradvis meir open om kva som hadde hendt, men det er ikkje det som er det viktige her. Filmen handlar om korleis ein reagerer på sorg, og korleis ein taklar det. Her er mange gode konfliktliner, og det vert ikkje teke grundig tak i alle desse. Læraren som hadde vakt i det området av skuleplassen, men som nett var vekke ein tur, var bror til rektor. Far til guten er aktiv i FRP; far til jenta er aktiv i Arbeidarpartiet. Far til guten og rektor har vore kjærastar i eitt år, utan at andre enn dei to veit om det. Rektor er forresten ikkje av dei mest handlekraftige; det verkar som om assisterande rektor er den som har oversyn over skulen, og er den som tek dei viktige avgjerdene.

Det er ein roleg film, der det stort sett handlar om folk som snakkar saman (og folk som syklar heimover i gatene i Oslo). Filmen er laga av forfattaren Dag Johan Haugerud, og det kan vera med på å forklara at dialogane er svært truverdige. Ikkje berre i ordbruk, men òg av di det i mange av dialogane er nokon som kjem på noko dei nett må seia, slik at dei skiftar tema ei lita tid.

Guffen tilrår. 

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)

26. desember 2021

Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

Ei bok som vel ikkje er heilt utan lyte, men som stort sett var interessant. Det handlar om korleis ein fann ut kor høge fjella er, og noko av det mest fascinerande er korleis verbet like godt kunne vore i presens. Apparata dei bruker til å måla høgder vert betre og betre, slik at høgdene vert meir og meir nøyaktige. Ein av dei seks bolkane i boka handlar om korleis Engeland koordinerer nye målingar av dei tre høgaste fjella i Noreg, og han finn mindre avvik alle stadene. 

Gjennom 1800- og 1900-talet måtte det reknast, og det opna jo for feil. Sjølve utrekningane vart stort sett feilfrie, men utgangspunkta var usikre. Ein brukte ofte dalbotnar som utgangspunkt, og ein visste ikkje den nøyaktige høgda der. I tillegg var det fleire moglege feilkjelder, og det kan forklara kvifor t.d. Snøhetta, som er 2286 moh., fram til tidleg på 1900-talet (stort sett) var sett på som høgare. Tilbake i 1752 vart høgda estimert til 5600 moh. 

Det handlar altså om korleis ein finn fjellhøgder, både her til lands og elles i verda. Det handlar òg om korleis landmålarane arbeidde. Ein grunn til at det finst så store vardar på så mange fjelltoppar var at dei måtte ha eit punkt å sikta mot, dei stod gjerne på andre fjelltoppar som låg eit stykke unna, og utan varde var det vanskeleg å sjå nøyaktig kvar toppunktet var. På toppen av Glittertinden låg det ein stor skavl, der var det altså ikkje steinar til å byggja varde av, så der bygde dei i staden ein stor snømann.

Her er altså mykje interessant. Det som fenga meg minst var kapitlet om kart-teikning. Det hadde vel vore greitt å brukt litt meir tid på formgjeving og korrrektur - det er lenge sidan eg har lese ei bok med så mange rare orddelingar ved lineskift.

Guffen tilrår. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)

25. desember 2021

Erlend O. Nødtvedt: Mordet på Henrik Ibsen (2021)

 

Dette var artige saker. Romanen leikar med alt - med romansjangeren, med store forfattarar, med historia til Bergen, osb. Her er ei lett blanding av fleip og fakta, og det heile er altså fornøyeleg.

Utgangspunktet ser ut til å vera at ein av hovudpersonane i romanen, forfattaren Erlend O. Nødtvedt, har fått refusert eit romanmanus. Han meiner at stoffet er interessant, og kontaktar teatersjef ved Den Nationale Scene for å høyra om han er interessert. Han sender han jamleg e-postar med nye handlingar i teaterstykket, og gradvis kjem ei anna historie fram:

Den unge Henrik Ibsen kjem til Bergen i 1851, for å arbeida ved Det Norske Theater. Hermann Laading, som er instruktør ved teateret, likar dette dårleg, sidan det truar rolla hans ved teateret. Det vert raskt klart at Ibsen er den mest talentfulle dramatikaren av dei to, og det gjer det heile endå verre for Laading. Han greier, eller trur han greier, å senda Ibsen vekk på ein studietur. Ibsen kjem tilbake tidlegare enn planlagt, og som person er han heilt annleis. Laading mistenkjer at nokon har drepe den gamle Ibsen og at den nye Ibsen er ein dobbeltgjengar, og det fører til at det vert litt spetakkel under ei festframsyning på teateret.

Det svingar av dette. Det minner av og til om filmen Amadeus, der vert jo òg ein gamal ringrev utfordra av talentet til ein yngre kollega. Her er mykje å smila av, litt å le av, og det kjem nok av uventa vendingar til at romanen held interessa oppe heile vegen.

Guffen tilrår. 

Meir Nødtvedt på kulturguffebloggen
Vestlandet (2017)

21. desember 2021

Ragnar Hovland: Åleine i Alpane (1999)

Ragnar Hovland debuterte med Alltid fleire dagar i 1979. Dei neste tiåra var han svært produktiv. Han gav ut ei rekkje bøker (rundt 35, trur eg, med stort og smått), før han i 1999 markerte sitt eige 20-årsjubileum som forfattar med denne boka. Boka inneheld tjue bøker, der Hovland er innom ei rekkje sjangrar. (I føreordet skriv han at denne fysiske boka er den tjuande, men sidan det kjem ei ekstra bok mellom bok 17 og bok 18, trur eg det er rett å seia at boka inneheld tjue bøker. Det får heller vera at både den ekstra boka og den siste boka i boka har nummer 19.)

Det er fabelaktige greier. Det opnar aldeles glimrande, med den korte romanen 400 mil frå Sogndalsfjøra (Per Waglens notat), der me vert med Waglen på tur til hovudstaden. Han reiser saman med Prestesonen, og dei har ein tur det knapt finst makan til i norsk litteratur. Så går det slag i slag: Det kjem ei bok med kort-tekstar. Det kjem ei dagbok frå 1997 (der han mellom anna merkar at han ikkje er frisk). Det kjem ei bok med aforismar, der det sjølvsagt er mange blinkskot. Det kjem ei bok med draumar. Den lengste boka i boka er ei samling essay, artiklar og stubbar. Det kjem ei minnebok. Ei bok med omsette dikt. Ei teiknebok. Ein tragikomedie. Endå ei teiknebok. Nokre songtekstar. Ei bok med noveller og historier. Ei kort bygdebok. Eit filmmanus. Eit skodespel om Hardyguttene, utframført i gatene i Bergen med Hovland i rolla som Frank. Ei ekstrabok med fire dialogar. Ein fotoroman. Og til slutt ei bok der Dr. Munk intervjuar Ragnar Hovland.

Ein skal sjølvsagt passa seg for å lesa alt dette sjølvbiografisk, men det er råd å kjenna att Hovland i mange av tekstane. Det er òg lett å kjenna att skrivestilen hans, og det er eit overflodshorn av ei bok. 

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

18. desember 2021

Flannery O'Connor: Good Things Out Of Nazareth (2019)

I 1979, femten år etter at Flannery O'Connor døydde, kom brevsamlinga The Habit of Being ut. Det er ei finfin bok, der O'Connor skriv mykje om både liv og verk. Denne boka er bygd over same leisten, men er ikkje like fengande. 

Det er fleire grunnar til det. Den viktigaste grunnen står truleg med lita skrift på framsida: "The Uncollected Letters of Flannery O'Connor and Friends". And Friends? Brev som er skrivne til O'Connor kan vera interessante, spesielt brev frå forfattarar som drøftar bøkene hennar, men brev som venene hennar skriv til kvarandre, og som stort sett handlar om heilt andre ting, er ikkje interessante. I denne boka står det mykje om religion, og det er greitt at religion spelar ei viktig rolle i forfattarskapen hennar. Men igjen - det er ikkje spesielt interessant å lesa katolske prestar drøfta litteratur. Det er òg litt rart at breva ikkje kjem kronologisk - eit par stader kjem det hopp langt tilbake i tid, utan at det er lett å skjøna grunnen til det.

Så her er mange innvendingar. Hadde her berre vore brev frå O'Connor hadde eg vore langt meir nøgd. For breva hennar er jo tidvis glimrande. Ho skriv om livet, om mora og hushaldet, om sjukdomen sin, om forfattarskapen sin, om møte med lesarar, osb. Når ho er i kjempeform smittar humøret over på breva, og fleire stader er her ting å le høgt av. 

Guffen er lunken.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)
A Prayer Journal (2015)

15. desember 2021

Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)

Dette er nok ei av dei undervurderte bøkene til Vesaas. Ein grunn kan vera at ho kjem litt på feil tid i forfattarskapen. Fram til krigen var gjerne forteljingane det viktigaste i bøkene hans; seinare vart bodskap og symbolikk viktigare. 

Boka handlar om ein familie på fire som snart vert fem. Mora har fått for seg at ho kjem til å døy når femtemann vert fødd, så ho vil bruka tida ho går gravid til å reisa. Det går faren, ein ikkje altfor velståande skribent med på, og dei fire reiser rundt i Noreg. Dei ser ikkje dei store og vidgjetne attraksjonane. Det er mora som fortel kva ho vil, og dei andre følgjer etter. Dei ser på natur, dei ser på vêret og er eigentleg meir interesserte i verda.

Det heile vert fortalt frå synsvinkelen til dei to ungane, tolv år gamle Egil og elleve år gamle Margit. Dei forstår ikkje alt, men dei forstår nok til at dei let mora vera i fred når ho treng det. Sjølv om Margit er yngre forstår ho meir, spesielt når det gjeld svangerskapet, noko som ergrar Egil.

Det heile går slik mora har frykta. Det er ikkje det viktige, vegen fram til den dagen er meir spanande. Og det er ei bok som er langt meir spanande å lesa enn bøkene Vesaas hadde skrive før.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

14. desember 2021

Ben Hur (1959)

 

Klassisk aften i hushaldet. Eg såg filmen for veldig lenge sidan; Marit hadde ikkje sett han før. Det er ein fin film, sjølv om det godt kunne gått litt fortare framover, og sjølv om alt som skjer er overtydeleg.

Filmen er basert på ein roman av Lew Wallace, og den romanen skal ha vore den nest mest selde i USA på 1800-talet. Det handlar om jøden Juda Ben Hur, som veks opp i Jerusalem. Ein barndomskamerat, Messala, kjem tilbake til Jerusalem etter mange år, og han har no vorte ein romersk hotshot. Det er urolege tider i Jerusalem, og han vil gjerne ha den sterke og mektige Ben Hur med på laget. Han nektar, for han er romarane okkupantar, og dei to skiljest som uvener. Ben Hur vert teken til fange og vert roar på eit slaveskip, der han reddar den romerske sjefen og vert adoptert av han. Han kjem tilbake til Jerusalem, der han slår Messala i eit rimeleg brutalt hestekappløp. Og alt dette skjer då Jesus Kristus levde, og filmen sluttar med at han vert korsfesta. Samstundes vert syster og mor til Ben Hur, som begge har vore spedalske, friske.

Filmen er fin. Det minner litt om teater, det er lange scener, av og til med tendens til overspeling. Det er i alle fall overtydeleg kven som er gode og vonde, og det er òg rimeleg lett å sjå kva som kjem til å skje. Kulissar og slikt imponerer, og filmen hadde rundt 10 000 statistar.

Guffen tilrår. 

13. desember 2021

Jon Fosse: Eit nytt namn (2021)

Og eg ser meg sjølv lukka boka, og eg ser på boka, og eg tenkjer at dette - dette var suverent. Eg er rørt, slik eg har vore svært mange gonger under lesinga, og eg tenkjer at dette er eit verk som vert ståande i norsk litteraturhistorie. For ei leseoppleving.

I desse to siste delane av septologien handlar det framleis om kunstnaren Asle, som bur ved Sygnafjorden. Han har kontakt med naboen Åsleik, og verket sluttar med at dei to feirer jol saman med syster til Åsleik. Asle har ikkje kontakt med mange andre, men her får me vita korleis han møtte både kona Ales, som no ikkje lever meir, og kunsthandlaren Beyer, som har selt Asle-bilete heile livet. Her er òg tilbakeblikk, der me får høyra om korleis Asle vart kunstnar, og der me òg får høyra om korleis han vart kjend med den andre Asle (som altså finst), og korleis den andre Asle var den som hjalp Asle inn på målarskulen i Bjørgvin.

Det er glitrande fortalt, og dei tre banda (med sju delar) viser at Fosse ikkje berre er ein forfattar som har total kontroll over historia han fortel, han har òg ei språkkjensle og ei språkføring som er fabelaktig. I dette bandet kjem målaren Asle fram til at han ikkje vil måla meir. Eg vonar at Fosse ikkje har kome fram til det same, men viss han har det, er det vanskeleg å tenkja seg eit betre farvel enn dette.

Og eg ser meg sjølv stå ved bokhylla og sjå på dei tre bøkene, der titlane er trykt i høvesvis gull, sylv og bronse, og eg tenkjer at det er heilt rett, og eg tenkjer at dette er bøker som fortener alle pallplassar og medaljer dei kan få.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

12. desember 2021

Kevin Cummins: Joy Division. Juvenes (2021)

 

Eg har éi anna bok med Cummins-foto av Joy Division, men slo til på denne likevel. Denne boka kom opphavleg ut i eit sterkt avgrensa opplag (226 eksemplar) i 2007. Denne versjonen er utvida - her er fleire bilete, og her er (slik eg forstår) nye tekstar. Cummins har intervju dei tre attlevande bandmedlemmene, og her er i tillegg korte tekstar av sju andre, mellom anna dotter til Ian Curtis. Den mest underhaldande av desse tekstane er skriven av fotballspelaren Pat Nevin, som skriv om korleis han hadde heilt annan musikk- og boksmak enn andre fotballspelarar. Då han gjekk til Chelsea i 1983 fekk han inn i kontrakten at han berre skulle spela fyrste omgang i ein treningskamp kort tid etterpå, slik at han kunne få med seg ein konsert med New Order.

Bileta til Cummins er strålande. Nokre er tekne i friluft (som det aldeles legendariske omslagsfotoet), mange er tekne på konsertar, nokre er tekne i øvingslokalet. (Den nest mest underhaldande av gjeste-tekstane er skriven av ein som er med på nokre av bileta frå øvingane - som fjortenåring fekk han og ein kamerat ofte lov til å vera til stades.) På bileta frå øvingar og i friluft er det av og til nokon som smilar. Desse bileta vart ikkje brukte i aviser, det passa ikkje heilt inn.

Dei fleste konsertbileta er av Ian Curtis. Mange av desse er så glimrande at det gjer vondt. Det er tydeleg at dette er alvor for Curtis, han syng om verkelege demonar, noko som lyser ut av augo hans. Nokre få av bileta er i fargar, og det vert heilt feil: Joy Division gjer seg best i svart-kvitt.

Guffen tilrår. 

Meir Cummins på kulturguffebloggen
Manchester. Looking for the Light through the Pouring rain (2009)
Joy Division
 (2010)
New Order (2015)

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)

7. desember 2021

Jon Fosse: Eg er ein annan (2020)

Og eg ser meg sjølv sitja ved datamaskina for å skriva noko fornuftig om denne boka. Det er ikkje lett - same kva eg skriv vil det verta skeive sko. Det lettaste er kanskje å berre dra i gang nokre setningar om kor fabelaktig, fabelaktig dette bokverket er. 

Dette andre bandet inneheld del tre, fire og fem av septologien til Jon Fosse. Me møter igjen ein eg-forteljar, Asle, ein godt vaksen biletkunstnar som bur på Dylgja ved Sygnafjorden, eit stykke nord for Bjørgvin. Han bur åleine, og den einaste personen han snakkar ofte med er naboen Åsleik. Asle leverer bilete til galleriet til Beyer, og får kvart år ei god inntekt frå dette jolesalet. 

Ofte, gjerne midt i ein setning, flyttar me oss i tid og rom. Av og til handlar det om ein annan Asle, ein noko eldre kunstnar. I det fyrste bandet hamna han på sjukehus, og eg-Asle er den eine som held kontakt med han der. Me går òg attende i tid, slik me gjorde det i det fyrste bandet, og får høyra meir om oppveksten til Asle.

Skeive sko, indeed. Fosse skriv aldeles glimrande. Det er rørande, det er morosamt, det er spanande, det er tankevekkande, og det er bøker ingen andre kunne ha skrive. Det er bøker av ei anna verd. Eg er alt i gang med det siste bandet.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

6. desember 2021

Den 12. mann (2017)

 

Det er mykje rart i norsk film, og noko av det raraste er at filmen Ni liv frå 1957 har så høg stjerne. Filmen vart nominert til Oscar, og i 1991 vart han kåra til den beste norske filmen gjennom tidene. At han vart likt i åra etter krigen er forståeleg, kva folk tenkte på i 1991 er ikkje godt å vita.

Det er heller ikkje godt å vita kvifor nokon fann ut at det var lurt å laga ein ny versjon av filmen, eller rettare - ein ny film basert på dei same hendingane. Viss denne filmen var meint som ein parodi ville det vore eit meisterverk, men alt tyder diverre på at det er alvorleg meint. 

Handlinga er enkel: I 1943 kjem ein båt med norske soldatar frå England til Troms. Alt før dei går i land vert dei angripne av tyske soldatar. Ein vart drepen, ti vart fanga og drepne seinare, medan den siste, Jan Baalsrud, kom seg vekk. Med god hjelp frå mange langs ruta kjem han seg etter to lange månader over svenskegrensa.

Det meste er sant, medan noko er oppdikta. Det er ikkje det viktige her. Det viktige er at klisjeane står i kø. Dei tyske soldatane er slik me har sett dei mange gonger før - dei har store hundar og glatte andlet (gjerne med eit arr på kinnet). Naturen er storslegen, og mange gonger er det så vidt Baalsrud greier seg. Men han greier seg - det gjer ikkje denne filmen.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

5. desember 2021

Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)

 

I 1991 gav Tor Obrestad ein (heller ordinær) biografi om Arne Garborg. To år seinare viser det seg at far min, som då arbeidde ved Voss folkemuseum, kom over nokre brev frå Jon Line til Lars Eskeland. Breva var frå 1928, rett etter at Eskeland hadde gått av som styrar ved Voss folkehøgskule. Eskeland og Line var gamle kjende, og Line kjende òg Garborg. Line var frå Time, og sjølv om han var elleve år yngre hadde han hatt mykje kontakt med Garborg dei gongen han vitja Jæren. Far min sende kopiar av breva til Obrestad, og dette inspirerte Obrestad til å skriva dette essayet.

Til sist i boka kjem det utdrag frå breva Line skreiv til Eskeland. Han er fleire gonger inne på at grunnen til at far til Garborg tok livet sitt var at han kom i økonomiske vanskar. Det vanlege har vore å lesa Fred som eit portrett av far til Garborg. Hovudpersonen i Fred, Enok Hove, har absolutt likskapar med far til Garborg, men sleit altså med meir enn religiøse funderingar. Obrestad går vidare med dette, og konkluderer vel med at det meistarlege i romanen er ikkje berre at Garborg både lagar eit portrett av far sin, men òg at han i romanen får fram korleis samfunnet endra seg dei siste tiåra av 1800-talet. Etter å ha lese breva til Line, etter å ha lese kva andre skriv om Fred, og etter å ha lese romanen på ny, meiner han òg at romanane til Garborg saman lagar ei rekkje som fører fram til Fred, som vert den endelege analysen av det moderne mennesket si splitting.

Eg veit ikkje om eg fylgjer Obrestad heile vegen. Det er litt for lenge sidan eg har lese Fred, så det kan henda at eg bør henta den boka fram att. Det er jo ei kjempebok, som absolutt fortener å verta lest fleire gonger. Uansett - det aller beste i denne boka var utdraga frå breva til Line, der han fortel godt og grundig om Garborg, om folket rundt han, og om bøkene hans.

Guffen tilrår. 

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)