Om kulturguffebloggen

500 innlegg så langt, og på tide med ei oppsummering.

Eg tok til som bloggar i 2005, med Bloggen til Guffen. Guffen, forteljaren på bloggen, var nokre veker gamal då det fyrste blogginnlegget vart skrive, og dei neste åra kunne nokre få lesarar følgja utviklinga hans. Han var laust basert på livet til den eldste son min. Delar av den bloggen er framleis verdt å lesa, ikkje minst av di tre-fire faste lesarar kom med gode innspel i kommentarfeltet. Det er lenge sidan noko skjedde på den bloggen, og det kan òg verta lenge til neste gong.

Eg flytta tilbake til Voss sommaren 2008. Eg arbeidde som frilans-skribent, og laga meg eit lite kontor i gamlahuset. Der stod det hundrevis av bøker i hyller i stova, bøker som besteforeldra mine truleg hadde lese. Av og til gjekk eg frå hylle til hylle, tok ut bøker, bladde litt i dei, funderte på kven som hadde lese bøkene før, og på om dei hadde likt dei. Eg kjende aldri besteforeldra mine - kva bøker og forfattarar sette dei høgast?

Eg fann ut at eg ville prøva meg som bokbloggar. Me har vel nokre tusen bøker ståande, og ein gong i framtida vil kanskje ungane i huset stilla seg same spørsmåla eg stilte meg: Kven las desse bøkene? Kva bøker likte dei best? I staden for ein rein bokblogg skriv eg òg om film, musikk, og anna som kan falla inn under kulturaktivitetar. Det har eg gjort no, i godt og vel tre år, og det held eg gjerne fram med ei stund til.

Den viktigaste grunnen til at eg bloggar her er altså at eg vil at Aslak og Ivar og Halldis skal vita kva bøker eg las og kva filmar eg såg, osb. Men det er jo òg kjekt å sjå at andre les det eg skriv. Talet på besøkande stig jamt, og dei siste månadene har det lege på over tusen i månaden. Det er ikkje spesielt høgt, men høgt nok til at det er stas. Alt dette er sjølvsagt ikkje reelle vitjarar, på listene over dei best besøkte innlegga er der nokre som heilt tydeleg er sendt til topps av maskiner som har hengt seg opp. Eg skreiv om dokumentarfilmen Kon-tiki i januar, og den hadde mellom tjue og tretti besøkande kvar dag i nesten to veker. Også andre innlegg gjer av og til så store besøkshopp at det må vera noko tull ein stad.

Men dei fleste som er høgt oppe er der av di mange vil lesa om dei. Eg skriv altså ikkje berre om bøker, men det er innlegg om bøker, og stort sett bøker av norske forfattarar, som vert best besøkt. På topp 25 er det 20 norske bøker - dei resterande er to norske filmar, og tre Motorpsycho-konsertar. Grunnen til at konsertane kjem høgt opp, er at alle Motorpsycho-konsertomtalar på nettet rimeleg raskt vert plukka opp av den halvoffisielle Motorpsycho-sida, og eg tippar dei fleste av dei som har lese dei innlegga kjem den vegen. Det er ikkje overraskande at det blant dei mest besøkte innlegga er mykje Ragnar Hovland (4 på topp 27), mykje Frode Grytten (3 på topp 25), og altså mykje Motorpsycho (3 på topp 18). Heilt på topp er Når ein først skal skyte nokon av Arnfinn Kolerud. Kvar månad vert rundt halvparten av innlegga besøkt minst ein gong. Eitt einaste innlegg har aldri hatt besøkande. Alle innlegg har hatt besøk.

Litt statistikk? OK. Av dei 500 innlegga er 291 bøker, 170 filmar, 12 fjernsynsseriar, 8 konsertar og 8 plater, og 11 i samlekategorien "ymse".

Kanskje det kan passa med nokre best of-lister, så langt?

Beste bøker, skjønnlitteratur
Kjetil Brottveit: Nattradioen (2003)
Thomas Espedal: Imot kunsten (2009)
David Guterson: East of the Mountains (1999)
Ragnar Hovland: Stille natt (2011)
Merethe Lindstrøm: Dager i stillhetens historie (2011)
Cormac McCarthy: The Road (2006)
Jørgen Norheim: Liten svein i bærskog ut (1994)
Kjersti Rorgemoen: Purkene snudde seg (2009)
Stig Sæterbakken: Gjennom natten (2011)
Carl Frode Tiller: Innsirkling (2007)

Beste bøker, sakprosa
Stephen Ambrose: Undaunted Courage (2005). Om ekspedisjonen til Lewis og Clark.
Oddleiv Apneseth: Jølster 2008 (2010). Fotobok, med bilete av folk frå Jølster.
Michael Azerrad: Our Band could be your Life (2001). Biografiar om tretten amerikanske band.
Roy Blount jr: Hail, Hail Euphoria! (2010). Nærstudie av Duck Soup, den aller løgnaste filmen.
Ghiglieri og Myers: Over the Top (2001). Om alle dødsulukkene i Grand Canyon
James Loewen: Lies Across America (1999). Om monument og minnesmerke i USA.
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961). Sjølvbiografien til sjølvaste Harpo Marx.
Agnes Ravatn: Stillstand (2009). Om stader der ingenting skjer.
Giles Smith: Lost in Music (1995). Om kvifor musikk er så viktig.
Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009). Om ei reise gjennom USA, frå aust til vest.
Aasmund Olavsson Vinje: Ferdaminne fraa sumaren 1860 (1861). Den beste norske reiseskildringa.

Beste filmar
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of Smile (2004)
Duck Soup (1933). Som sagt, den aller løgnaste filmen.
Fuglane (1968). Polsk filmatisering av Vesaas-romanen.
Into the Wild (2007)
Jakten (1959). Kanskje den beste norske filmen eg nokon gong har sett.
Kes (1969)
Som du ser meg (2012)
The Straight Story (1999)
The Tree of Life (2011). Kanskje den beste filmen eg nokon gong har sett.
Toy Story 3 (2010)
Who's Afraid of Virginia Woolf (1966)

Og elles
John Adams (fjernsynsserie, 2008)
The Beste: En sang for åtte kroner ... (plate, 1985)
Stein Torleif Bjella (konsert Voss, juli 2012)
Motorpsycho, Øyafestivalen august 2010. Den beste konserten nokon gong.
Chris Ware: Jimmy Corrigan. The smartest Kid on Earth (teikneserie, 2000)

Og endå meir elles
Viss du har noko på hjarta, finn du meg på jymbre¤gmail.com. Omtrent.

3 kommentarer:

  1. For ein kjedeleg blogg.

    SvarSlett
  2. Har du sett filmene til Hal Hartley? Tror kanskje du kan være en som liker han. Begynne med Simple men. La meg få vite hva du synes hvis du ser noe av ham!

    Fin blogg!

    SvarSlett
  3. dette smakte ikke godt. 10/x53+7

    SvarSlett