27. mars 2020

Flannery O'Connor: A Prayer Journal (2015)

Ein skal ikkje lesa mykje av Flannery O'Connor før ein ser at ho var oppteken av religion. Ho var katolikk, sterkt truande, og der er spor av denne trua i både noveller og romanar. I intervju vart ho ofte spurt om dette, og der framstår ho som sikker og fast i trua.

O'Connor studerte ved University of Iowa i 1946-47, og i ei notatbok skreiv ho nokre tekstar, forma som brev til Gud. Dei tekstane er samla i denne boka, og her er ho langt meir tvilande. Ho vender seg til ein Gud ho ikkje er heilt sikker på, i alle fall ikkje i opninga av boka. Ho tek opp spørsmål knytt til livet og til trua, men ho skriv òg mykje om forfattarskapen sin. Ho vil verta forfattar, ho vil skriva, og bed om styrke til å skriva god litteratur.

Ho debuterte ikkje før fem år seinare, i 1952, og det er ikkje nokon ferdig utlært forfattar som skriv desse tekstane. Dei er likevel absolutt skrivne av ein svært lovande forfattar. Her aular av flotte setningar, og tekstane må ha vore like mykje skrivetrening som bøner.

Dei som ikkje har lese noko av O'Connor før bør ta til ein annan stad, men dei som kjenner og set pris på bøkene hennar kan trygt prøva seg på denne.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

23. mars 2020

Einar Mar Gudmundsson: Beatlesmanifestet (2004)

Oppvekstroman frå Reykjavik, stort sett 1960-åra. Hovudpersonen, Johannes, veit ikkje heilt kva han vil. Han vil spela i band, men korkje han eller dei andre i bandet bryr seg noko større om å øva. På skulen går det meste gale, han er meir interessert i å tøya grensene enn å ta til seg kunnskap (bortsett frå den eine gongen han må ha ein toppkarakter for at faren skal kjøpa gitar til han). Han er litt interessert i jenter, men ikkje heilt nok.

Bandet er meir som eit tulleband. Ingen av dei kan eigentleg spela, trommeslagaren har berre ei tromme, og bassisten har berre ei fjøl. Dei lagar til konsert i garasjen heime hjå ein av dei, men publikum avslører bløffen fort, og det vert ikkje betre av at to i bandet stikk av med alle billettinntektene.

Det er ei bok som er heilt midt på treet, med unntak av dei gongen ho er irriterande. Eg er ikkje altfor glad i humor som fell daud til jorda, og slik er det altfor ofte, anten det handlar om forteljarblikket eller hendingar forteljaren fortel om.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

20. mars 2020

Alice Walker: Possessing the Secret Of Joy (1992)

Denne boka las eg midt i 90-åra, og det var (som vanleg) ei litt anna oppleving denne gongen. Boka greip meg ikkje like mykje no.

Walker skriv om kvinneleg omskjæring, som jo er eit grufullt tema. Hovudpersonen, Tashi, veks opp i Olinka, eit oppdikta afrikansk land. Ho giftar seg med ein amerikansk mann, flyttar til Amerika, men vel å reisa tilbake til Olinka for å verta omskoren, ho òg. Det er eit rart val - systera hennar blødde i hel då ho vart omskoren - men må vel forklarast med at ho vil knyta seg til heimkulturen på eit konkret vis. Ho er både nøgd og misnøgd, og ho reiser, viss ein skal tru på det ho fortel, tilbake for å ta livet av kvinna som omskar ho.

Eg tek det atterhaldet av di det verkar som om Tashi gradvis vert gal. Boka har mange forteljarar, som mannen hennar, elskarinna hans, eller sonen til mannen og elskarinna, og Tashi sjølv. Av dei mange forteljarane er det Tashi som snakkar mest, også under det amerikanske namnet Evelyn, og det er ikkje alt ho seier som heng like godt saman.

Guffen er lunken. 

15. mars 2020

Gillian G. Gaar: World Domination (2018)

Kort oppfrisking: Frå 1990 og nokre år framover snakka og skreiv alle om musikkscena i Seattle. Det var mykje opphausing, men nokre av banda var like bra som det vart hevda. Ein fellesnemnar var plateselskapet Sub Pop Records, som gav ut mange av banda før dei slo gjennom, og som òg hadde gjeve ut plater med eldre band frå området.

Denne boka kom ut til trettiårs-jubileet til Sub Pop, og fortel om opp- og nedturar. Dei fyrste åra var det flest nedturar, mest av di vegen vart til medan dei gjekk. Dei to grunnleggjarane, Bruce Pavitt og Jonathan Poneman, prøvde alt for å skapa merksemd - av og til trefte dei blinken, av og til bomma dei heilt. Dei hadde ikkje røynsle med business på dette nivået, og fleire gonger var det på nippet at dei gjekk konkurs. Det som redda dei var Nirvana. Den fyrste plata deira, Bleach, kom ut på Sub Pop. Då dei gjekk over til Geffen vart det kontraktfesta at Sub Pop skulle ha to prosent royalty. Både Nevermind og In Utero selde millionar, og salet av Bleach tok seg òg opp.

Boka fortel historien heilt greitt, men eg sit att med ei kjensle av at Gaar godt kunne vore meir kritisk. Det verkar som eit tingingsverk. Alt løyser seg til slutt, og det som måtte vera av konfliktar vert tona kraftig ned.

Guffen er lunken.

14. mars 2020

Mads Rage: Og skipet siglar vidare (2018)

Denne boka har ei handling som er (rimeleg) lett å referera, men som likevel kanskje ikkje er så lett å referera. Me prøver: Alt som skjer skjer om bord på eit skip. Det siglar vidare på ein sjø eller ein fjord, og ingen av dei som er på skipet veit om noko anna verd. Dei snakkar i alle fall ikkje med hovudpersonen, Poll, om det. Han gjer dei oppgåvene han får tildelt, men har òg kome over ein løyndom: Under senga til den sjuke kapteinen ligg det ei låst kasse med bøker. Poll veit kva ei bok er, men han kan ikkje lesa, og han vågar heller ikkje spørja andre om kva som står i bøkene. Kvar gong nokon døyr, vert dei sydde inn i fiskeskinn saman med ei av bøkene og dumpa i havet.

Og dei døyr, ein etter ein. Ebba, mor til Poll, var den som kunne tolka vind og vêr slik at dei fann dei rette farvatna. Dokteren, som dagleg kokte saman medisinar alle trudde var til hjelp. Og så bortetter, til sist er Poll den einaste som lever.

Det er ei underleg og fin bok. Rage skriv verkeleg bra, både språk og ordtilfang er langt over snittet. Dette er debutboka hans, og alt her viser han at han har kontroll på stoffet sitt.

Guffen tilrår.

Meir Rage på kulturguffebloggen
Miklastaur (2019)

11. mars 2020

Kenne Fant: Alfred Nobel (1991)

Eg visste ikkje så veldig mykje om Alfred Nobel før eg las denne boka, bortsett frå det alle veit: Han fann opp noko sprengstoffgreier, tente ekstremt med pengar, fekk litt dårleg samvit for at sprengstoffet vart brukt i krig, og testamenterte difor bort store delar av rikdommen sin for at rentene skulle brukast til å dela ut nokre prisar.

Etter å ha lese denne boka veit eg litt meir, men ikkje veldig mykje meir. Han vaks opp i ein familie med fleire oppfinnarar og forretningsmenn. Faren var lenge i St. Petersburg, der han prøvde å selja oppfinningar til russarane, utan altfor stor suksess. Alfred prøvde litt her og litt der, før han endeleg fekk suksess. Han er på reisefot heile tida, han knyter kontaktar og sel patentar. Han fekk aldri familie, han verkar så oppteken av å finna opp ting at han knapt hadde tid til anna.

I alle fall nesten. Han hadde eit forhold til Sofija Hess, ei kvinne frå Slovenia. Dei budde aldri i lag, og han var klar over at ho hadde forhold til andre menn når han var på reise (og det var han jo heile tida), men dei heldt saman, på og av i atten år.

Det er ikkje mange spor etter privatlivet til Nobel. Å lesa om forretningslivet hans er eigentleg heller keisamt, så det er ikkje rart å tenkja seg at Fant var glad då han fann ei mengd brev Nobel skreiv til Hess. Diverre greier han ikkje å avgrensa seg, og fleire kapittel, spreidd utover i boka, er berre sitat frå dess breva - sitat der Nobel ikkje seier spesielt mykje av interesse.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

8. mars 2020

Bergljot Hobæk Haff: Den evige jøde (2002)

Me er i Amsterdam, 1559. Ein mann kjem til byen saman med dotter si, som gjennom det meste av boka er kledd ut som ein gut, og som kallar seg Juan. Dei oppsøkjer systera, som driv eit glasverk, og mannen, som kallar seg Johannes Cartophilus, får arbeid der. Nokre år seinare leiger ein kunstmålar seg inn på glasverket, og før han reiser ei tid seinare er alle samla på rommet hans. Han fortel om eitt av bileta sine, før Cartophilus fortel om livet sitt.

Han har levd eit innhaldsrikt liv. Han har vore boktrykkjar, og har laga mange ulovlege og kjettarske bøker. Han har vore lækjar. Han har vore på flukt. Han har fått to born med to kvinner, men dottera er den einaste han har att. Han var fødd jøde, men har vorte døypt som kristen, og vekslar mellom dei to trusretningane.

Kunstmålaren reiser; Cartophilus vert sjuk og døyr, og etter kvart vert Juana/Juan hovudpersonen. At ho er ei ung kvinne vert avslørt av ein av lærarane på skulen ho går i. Dei finn ut at dei vil flykta og slå seg i lag ein annan stad, men læraren angrar og fortel i staden at Juan er ei jente.

Det er ei finfin bok. Eg har berre lese éi bok av Haff før, for veldig lenge sidan, men eg trur eg må lesa meir av ho. Romanen er flott komponert, skriven i eit godt og poetisk språk, og det var tidvis ein fryd å lesa dette.

Guffen tilrår.

Meir Haff på kulturguffebloggen
Skammen (1996)

7. mars 2020

Martin A. Hansen: Løgneren (1950)

Eg les ikkje altfor mange danske bøker. Det var litt tilfeldig at det var denne, eg er med i ei vinterles-tevling på biblioteket, og ei av bøkene som skulle lesast var ein dansk roman. Eg kika litt i hyllene i kjellaren, og dette var vel den fyrste danske eg fann.

Boka er fin. Forteljaren er Johannes Vig, ein rundt førti år gamal lærar som bur på Sandø, ei lita øy i Danmark. Boka er ei samling tekstar han har skrive sjølv. Tekstane er stila til Natanael, som truleg er ein oppdikta person, men som òg kan vera ein person frå fortida til Vig.

I tekstane fortel han om det som skjer rundt han. Det er om vinteren, sjøen eller havet rundt øya har vore frose lenge, men isen er i ferd med å gå opp. Folk ventar på post, nokre ventar på besøk, nokre ventar på å reisa. Vig fortel at mange opnar seg for han, han skapar òg inntrykk av at han forstår alt og alle på øya. Av og til hintar han om noko frå fortida si, rett som det er hintar han om at han er hakket betre enn dei som bur der. Han har merkelege forhold til to av kvinnene på øya. Han er tiltrekt av begge, men det er uklart kor interesserte dei to er i han. Den eine er trulova, den andre er gift (utan at det stoppar ho gifte frå å ta med seg Vig til sengs, i alle fall hevdar han det.)

Mot slutten fortel Vig at mykje av det han har skrive er løgn, og at det er grunnen til at han har skrive "Løgneren" utanpå den fyrste boka. Tittelen på romanen viser for så vidt at her er ein løgnar, men viss eg les boka ein gong til kan det henda at eg les ho noko annleis, i og med at Vig sjølv omtalar seg sjølv som ein.

Guffen tilrår.

5. mars 2020

Brynjulf Jung Tjønn: Så vakker du er (2013)

Ei fin og enkel bok. Hovudpersonen, Henrik, er i dei tidlege tenåra. Den sommaren boka (i hovudsak) handlar om opplever han både det verste og det beste han har vore gjennom.

Han bur saman med mora, og den siste tida har òg onkelen hans, Simon, budd saman med dei. Simon har vore som ein far for Henrik, dei har gjort mykje kjekt i lag, men no er det slutt på det: Simon er kreftsjuk, og har ikkje lenge igjen. Den beste veninna til Henrik, Kjersti, er på ferie i Danmark, og han fortel Simon at dei er litt kjærastar, og at dei så vidt har kyssa kvarandre. Når Kjersti kjem heim frå ferien skjer alt han drøymt om (og litt til), og han har det betre enn nokon gong. Bortsett frå at Simon døyr.

Boka er skriven for ungdom. Tjønn har full kontroll over språket, med enkle setningar får han fram mange kjensler, både hjå dei han skriv om og dei han skriv for. Det er ei fin bok, som Tjønn fekk Brageprisen for.

Guffen tilrår.

Meir Tjønn på kulturguffebloggen
Eg kom for å elske (2002)
Lyden av noen som dør 2008)
Kvar dag skal vi vere så modige (2021)

4. mars 2020

Thomas Pynchon: The Crying of Lot 49 (1965)

Ein gong funderte eg på om Pynchon heilt medvite gav ut ein litt mindre omfattande roman medan han arbeidde med noko langt større. Han debuterte med V. i 1963, og denne kom to år etter. Det er den suverent tynnaste romanen hans, målt i sidetal. Åtte år etter kom meisterverket Gravity's Rainbow. Etter sytten lange år kom Vineland i 1990, ein langt lettare roman enn både boka som kom før og den som kom etter (Mason & Dixon, 1997).

Det er kanskje noko i ei slik hypotese, men eg gjer samstundes denne romanen urett. Det er ei finfin bok, som har det meste av det som kjenneteiknar Pynchon-romanar. Artige namn, paranoia, dop og sex, konspirasjonsteoriar, popkultur, osb.

Det er som vanleg vanskeleg å gje eit kort resyme av handlinga, men likevel: Hovudpersonen, Oedipa Maas, vert vikla inn i eit eller anna. Ho vert oppnemnt som asnvarleg for dødsbuet til ein tidlegare elskar/kjæraste, Pierce Inverarity,  og kjem etter kvart på sporet av Thurn and Taxis, eit undergrunn-postvesen i USA som er oppkalla etter eit verkeleg postvesen i sentral-Europa. Symbolet deira, eit posthorn med ein propp i tuten, dukkar brått overalt, og via psykologen sin vert tipsa om ein auksjon der nokre av eignelutane til Inverarity skal seljast, mellom anna frimerkesamlinga hans. Og der sluttar boka.

Det er altså mykje som er stas her, og det er som alltid mykje å le av. Og eg tenkjer som vanleg at eg snart må prøva meg på Gravity's Rainbow igjen.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)
Inherent Vice (film, 2014)